Eg er på leiting etter opphav og lagnad til ei Gjertrud Pedersdotter som i 1801 var busett på Hovland i Årdal, ugift tenestejente på 30 år med ei dotter: 
 
	 
 
	* Kari Andersdotter på 12 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396002162
 
	 
 
	Det einaste «treffet» eg får ved søk i fødselsbasane er:
 
	 
 
	* Kari Andersdotter, døypt i Balestrand 2.10.1788 - «uekte» dotter av Anders Larsson Mæland og Gjertrud Pedersdotter Mæland!
 
	 
 
	Eg trur at Gjertrud Pedersdotter KAN vera identisk med Gjertrud Pedersdotter, døypt på Tingestad i Fresvik 29.9.1767 som dotter av Peder Andersson og Kari Nilsdotter.
 
	 
 
	Ho gifte seg i Årdal 10.5.1812 med husmann Johannes Johannesson på Steinhaugen under Jevnaker i Årdal (1778-1836), men dei fekk ikkje born i lag, og dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Årdal!
 
	 
 
	** Kven var Gjertrud Pedersdotter - var ho frå Tingestad i Fresvik?
 
	 
 
	** Kvar vart det av Gjertrud Pedersdotter - flytte ho utover fjorden att?
 
	 
 
	Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!