Eg har sete ganske so mange timer i dag og «kava» med huslyden til Johannes Johannesson Ottum «John Johnson» frå Luster. Eg var svært lite nøgd med resultati av dei undersøkjingane som eg gjorde kring 1980 då eg vitja Amerika og rekna med det i dag med forbetra hjelpemiddel skulle vera mogeleg å komma lite vetta lenger!?
Vel, ein del har eg finne, men andre detaljar «glimrar» med sitt fråvêr!
Johannes sette livet til då han drukna i ei elv i Buffalo Co., WI, og Martha gifte seg att med Anders Olson (Eide) frå Luster, men det ekteskapet varte ikkje so lenge. Anders flytte ut(!), og Martha vart buande på Johnson-farmen til ho på eitt eller anna tidspunkt skal ha flytt til Wabasha Co., MN der fleire av borni tidvis skal ha butt. Eg fekk for 40 år sidan opplyst at ho skulle vera avlidi der kring 1903, om lag på same tid som sonen Christian Johnson, som visstnok hadde teke over styringi av heimefarmen alt i 1880.
Det finst fleire family trees som nemner denne huslyden, og eg har finne ulike variantar av dødsfallet hennar Martha, men ingen av desse har det vore mogeleg å stadfesta.
Elles er eg særleg oppteken av å skaffa eit oversyn over desse døtrene til Johannes og Martha:
* Anna Olson Reed
* Carrie McDawn Lyons Scott
* Ellen Gile
* Mary Blake
Eg hadde vorte svært so takksam dersom nokon kunne sjå på denne huslyden, og utifrå prinsipet om at fleire par auge ser meir enn berre mitt eige, har eg stor von om at ein og annan detalj kan dukka opp!?
Her følgjer eit oppdatert manuskript:
~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no oppdatert i Innlegg #4 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!