Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'wincke'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 2 results

  1. Band I av Gards- og Ættesogeserien for Luster frå 1984 har mellom anna ein omtale av huslyden til sorenskrivar Mons Antoniusson (1590-1648): ~~~~~~~~~~~~~~ Mons Antoniusson Eide, frå Oslo, var f. i Oslo kring 1590 og d. på Eide kring 1648. Han var son av borgermeisteren i Oslo, Antonius Knudsen og kona Ingrid Monsdotter (Gyldenaar) frå Jämtland. Mons vart gift kring 1621 med Karen Johansdotter frå Iden som var f., truleg på Iden i Herdla, kring 1600 og som d. på Eide kring 1663. Ho var dotter av rådmannen i Bergen, Johan Andersson og Maren Jørgensdotter, busette på Iden i Herdla. Mori til Johan, Karen Johans‑ dotter f. Teiste, var kommi frå Kroken i Hafslo og høyrde til Kruckow‑ætti på Sørheim. Mons Antoniusson vart sorenskrivar i Indre Sogn og busette seg på Eide kring 1629. Her vart han buande fram til han gjekk bort i 1648, og han dreiv nok delvis og garden, men truleg var det helst Karen som hadde mest med drifti å gjera, og ho heldt fram til sonen Peder tok over kring 1662. Mons og Karen på Eide fekk tre born: 1. Antonius Monsson, truleg f. kring 1625, skal ha vorte gift med Johanna Johannesdotter frå Fortun som me trur var f. kring 1635. Me kan ikkje sjå noko meir til dette parfolket i Luster, så truleg fôr dei frå bygdi, men me kan ikkje seia noko om kvar dei reiste. Antonius d. før 1673. Om Johanna veit me at ho enno levde i 1679. Me veit ikkje om born etter dei. 2. Peder Monsson (1632‑1694), fekk garden på Eide etter foreldri. 3. Bertel Monsson, truleg f. kring 1636, budde hjå broren på Eide i 1665. So må også Bertel vera faren frå bygdi, men me har ikkje opplysningar om kvar han kan vera reist. Faren til desse brørne, Mons Antoniusson, kom som me har sett, austfrå, og kanskje fôr Antonius og Bertel dit? Noko som kan peika i den leii, er at systerdotteri til Johanna Johannesdotter, Britha Torbjørnsdotter, av ei eller anna uforklarleg årsak, reiste og busette seg i Fredrikstad tidleg på 1700‑talet! Kanskje mosteri budde der? ~~~~~~~~~~~~~~ I ettertid oppdaga me ei kjelde frå 1903 (Personalhistorisk tidsskrift) der E. A. Thomle hevder at Mons og Karen ogso hadde ein son Johan Monsson Teiste som var sokneprest til Fet. Denne artikkelen har eg ein gong lese, men her ved Middelhavet har eg ikkje tilgjenge til. No vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Eller er det nokon som har oversyn over denne ætti? Det vert ein annan stad hevda at Mons og Johanna òg skal ha hatt ei dotter Ingrid som var gift og budde i Luster. Og kanskje finst det fleire opplysningar om Antonius og Bertel? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Øyvind Gjervik

    Hans Arildsen Winckes frfedre

    Jeg leter troverdige kilder til Hans Arildsen Winckes foreldre og ellers forfedre tilbake i tid. Han er kanskje født rundt 1490, og kommer kanskje fra Pommern. Han var morfar til Antonius Knudsen Wincke (borgermester i Oslo 1611-1614. På nettet får jeg opplyst om at Hans Arildsens foreldre skal være En Arild Wincke og Gertrude Jacobsdater Kannengeter (født kanskje rundt 1456 i Greifswald i Pommern ( Tyskland)). Også andre slektsnavn dukker opp som hans stamfedre, som slektene Stevelin, von Tessin, Wyk og Edeler. Er det noen som vet om det er gjort grundig forskning på hans forfedres slekter? I så fall, kan det bekreftes at han slekter fra disse personene og slektene?
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.