Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#43592] Gjertrud Hagerup i Fuglvåg, var ho av same slekt som Gjertud Søfrensdtr. Remmem?

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Eg har inntrykk av at det enda ikkje er nokon som sikkert kan seia kven som først nytta Hagerup som slektsnamn i Norge. Det kan sjå ut som om dei fleste meiner det må vera tollar i Romsdal, Richert Richertsen busett på Remmem i Vestnes. Ein eller annan staden har eg og lese at det helst må vera kona til Richert, Gjertrud Søfrendotter som hadde opphavet sitt i Hagerup og som dermed nytta namnet først. I ymse trådar her på forumet har eg sett Gjertrud fått tilnamnet Ramm el. Remmem (Sjå m.a. tråd nr. 21030). Det er vel allminneleg godteke at tollaren er av Falchætta og son til rådmann i Trondheim, Richert Petersson.I fleire trådar er kvinnenamnet Gjertud Hagerup (med ymse patronym) trekt fram, og det er tydeleg at Gjertrud den eldre er mykje attkalla i etterslekta. Eg skal no introdusera enda ei Gjertrud Hagerup som ikkje har vore nemnd her på forumet tidlegare etter det eg kan sjå. Denne Gjertrud var dotter til Halsalensmannen Richart Christensson Halse og kone Anne Augustinusdotter Rognskog. Korkje far eller mor til denne Gjertud nytta namnet Hagerup, så ho hadde vel helst fått namnet som ”døypenamn”. Far til Richart var også lensmann i Halsa og bar namnet Christen Søfrensson Halse. Christen hadde i sin tid gifta seg med enka etter uteliggarborgar Isak Danielsson Hals på Korsnes, Gjertrud Henriksdotter Wulff.Gjertrud Richertsdtr. Hals el. Karlsvik vart gift med Romsdalingen Kristen Setnes (som hadde slekt både i Romsdalen og på Lesja). Kristen var løytnant, og saman med kona, Gjertrud Hagerup, busette han seg i ”Garn”, Indre Fuglvåg på Ertvågsøya i Aure (Etter Tage Søfrenson Borch). Ekteparet var barnlaust og det vart halde skifte etter dei begge i 1762. Her får vi greie på den næraste slekta til dei to.Så attende til Christen Søfrensson Halse. Han var m.a. til stades på skifte etter ein av dei to Kvernesprestane med slektsnamn Hagerup, tydeleg som nær pårørande. Teorien min er at han var bror til Gjertrud Søfrensdotter gift med tollar Richert Richertsson på Vestnes. Eg meiner å ha sett ein teori om at Gjertrud skulle ha vore dotter til ein prest i Romsdal, men hugsar ikkje meir om dette no.Er det andre som veit meir om dette, eller som har synspunkt på teorien om at Gjertrud på Vestnes (Remmem) og Christen Halse er søsken? Alt som kan vera med å kasta lys over dette er sjølvsagt av interesse. Eg kan jo tilføya til slutt at Christen berre hadde ein son som er kjend, nemleg Richard. Han kan da vera oppkalla etter den eventuelle svogeren på Vestnes. I følgje Vaagland N.M. Halsaboka B I 1954 hadde Christen også ei dotter. Ho heitte Marit i følgje same kjelda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Beyer

En liten korreksjon Finn; Gjertrud er Søfrensdtr. Remmen, datter til Søfren Madsen Remmen. Jeg henviser forøvrig til Per Gjendems omfattende hjemmesider, som også omtaler disse personer. MVH Olav Beyer

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Nesvold

Det er første gang jeg har sett en antatt far til Gjertrud Søfrensdtr Remmem. Kjennes hans bakgrunn og foreldre? (Finner ikke noe om dette på den omtalte hjemmesiden.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Olav Beyer for å gjera meg merksam på Gjendems hjemmeside der det finst ein omfattande oversiktstabell over Falch-ætta. Takkar også for korreksjonen av Remmem. Det rette skal sjølvsagt vera Remmen.Gjendem viser m.a. til Kåre Hasselberg og Erik Lie i NST som kjelder. Elles verkar det ikkje å vera oppgjeven ei einaste kjelde i det store oppsettet til Gjendem. Etter det eg kan sjå så går han også langt vidare enn det Lie og Hasselberg gjer i artiklane sine.Får vona at Gjendem tilgjev at eg saksar litt frå heimesida hans som omhandlar Hagerup:'B. Rotgert Pettersen Hagerup, f. ca 1570. Han giftet seg med (1) Margrethe Rotgert Pettersøns, gift bef 1609 i Trondheim, Sør-Trøndelag. Han giftet seg med (2) Anne Hansdtr. Hagerup, f. ca 1570. Rotgert døde bef 1620 i Trondheim, Sør-Trondelag.1. Hans Rotgertsen (1) Hagerup, f. 1589. Han giftet seg med Anne Gjertrud Sørensdtr.. Hans døde bef 1664.a. Søfren Hansen Hagerup, f. 1642. Han giftet seg med Ingeborg Andersdtr. Belter, d. 12 mar 1687 i Strand, Kvernes, Møre og Romsdal. Søfren døde 24 nov 1681 i Kvernes, Møre og romsdal.b. Hans Hansen Hagerup, f. 1650 i Trondheim, Sør-Trøndelag. Han giftet seg med (1) Ellen Eylersdtr. Schøller, gift 1683 i Hemne, Sør-Trøndelag, f. 31 oct 1657 i Kirkseter, Hemne. Sør-Trøndelag, (datter av Eyler Casparsen Schøller og Gunille Melchiorsdtr. Falch) d. 7 des 1689 i Kvernes, Møre og romsdal. Han giftet seg med (2) Bodil Nielsdtr. Helkand. Hans døde 3 apr 1696 i Kvernes, Møre og romsdal.2. Peter Richert Rotgertsen, f. ca 1590. Han giftet seg med Sara von Wiven.3. Richert Rotgertsen t.o. (1) Hagerup, f. 1604 i Trondheim, Sør-Trøndelag. Han giftet seg med Gjertrud Søfrensdtr. Remmen, gift i Vestnes, Møre og Romsdal, f. 1622 i Remmen, Vestnes, Møre og Romsdal, (datter av Søfren Madsen Remmen). Richert døde 1674 i Vestnes, Møre og Romsdal.'Eg har vald å ta bort det meste av etterslekta her for at ikkje innlegget skal verta for uoversiktleg. Som vi ser meiner Gjendem at Rotgert Petterson Hagerup (?) f. 1570 først var gift med ei Margrethe (før 1609). Så vart han etterpå (etter 1609 for Margrethe levde enda i følgje Lie (NST 2002 s. 173. min note). Etterpå vart Rotgert gift med Anna Hansdotter Hagerup om vi skal tru Gjendem.Rotgert Pettersen får i følgje Gjendem to søner som begge nyttar slektsnamnet Hagerup, nemleg Hans Rotgertsen f. 1589 og Richert Rotgertsen f. 1604. Begge måtte i så fall vera søner til Margrethe og ingen av dei til Anna Hansdotter Hagerup om ein skal ta Gjendem alvorleg. Dette må i så fall bety at begge dei to brørne tok Hagerupnamnet etter ei stemor. Den eldste, Hans f. 1589 vart så stamfar til Hagerupane på Kvernes, medan Richert vart stamfar til Romsdal-Hagerupane.Både Hans Rotgertsson og Richert Rotgertsson vert gift med ei Sørens (Søfrens-) dotter i følgje Gjendem. No deltek vel neppe Gjendem her på forumet, slik at det er lite å oppnå ved å stilla spørsmål om kva som er kjeldene hans. Kanskje andre kan vera til hjelp når det gjeld kvar Gjendem har desse opplysningane sine?Vidare lurar eg på kven Søfren Madsson Remmen er for nokon?Christen Søfrenson Halse sin einaste kjende son fekk namnet Richert, som er typisk for Falch-ætta. Denne Richert kallar den eine dotter si for Gjertrud Hagerup. Kvifor? Kunne Christen Søfrenson Halse, Gjertrud Søfrensdotter Remmen og Anna Gjertrud Søfrensdotter. (g.m. Hans) vera søsken og born til ein Søfren Hagerup? (Eg legg her til grunn at denne delen av opplysningane om Hans f. 1589 og Richert f. 1604 er rette).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til MagneStoffet om Falch - Hagerup finn du under denne adressen: http://home.no.net/pgjendem/ . Her finn du til venstre m.a. Titler. Når du trykker på den vil det komme fram ei mengd med titlar på artiklar i alfabetisk orden. Blant dei første finn du så ein artikkel om Adrian Rotgertsson. Lykke til!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Hadde lensmann i Halsa, Christen Sørenson Halse (ca.1608/1619-1696) (far til lensmann Richart Christensen Halse 1667-1717 på Karlsvik) en bror Arnt Sørenson (død 1703) som bosatte seg 'tversover fjorden' på Hals (ved Solheimsundet), Tustna, og ble far til Anna Cathrine Arntsdatter Halse (1645-1678), g.m. Isak Danielsen Halse (ca.1640-ca.1687) ? (Isak var gjestegiver på 'denne' sida av fjorden igjen, på Korsneset).Det var ukjent for meg at Isak skulle ha vært gift med en Gjertrud Henriksdotter Wulff (innlegg 1). Jeg har notert at han var g.m. Anna Cathrine Arntsdatter Halse (Hals ?) og Anna Henriksdatter Aksetvik (fra Hitra).Hvem er foreldrene til den omtalte Gjertrud Henriksdotter Wulff ?En Henrik Pedersen Wulf var gjestegiver på Korsneset rundt 1675(?). Såvidt jeg har oppfattet overtok Henrik som gjestegiver på Korsnes da han (2.g.) giftet seg med Barbara (1677-1760), datter av Isak Danielsen Halse og hans 1. kone.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til nr. 6, Per Nermo.Eg kjenner ikkje til at Christen Søfrenson Halse hadde nokon bror, Arnt som budde på Hals på Tustna og som vart far til Anna Catrine Arntsdotter g.m. Isak Danielson Hals. Nokon Arnt Søfrenson er heller ikkje nemnd i Tustna Bygdebok B. II (Roaldset, O. 1986). No er eg klar over at bygdeboka helst er noko ufullstendig, så eg vil heller ikkje påstå at du tek feil.Du har rett i at eg rotar når det gjeld konene til Isak Danielsson Hals i første innlegget mitt. Her har eg misforstått mine eigne notatar. Isak kunne sjølvsagt ikkje gifta seg med noko enke etter Henrik Wulf. Wulff overlevde nemleg Isak Hals med mange år og var nok, som du skriv, gift med dotter til Isak av første ekteskap, Barbro (Dette måtte då vera Wulfs andre ekteskap). Du har også rett når du skriv at Isak først var gift med Anna Catrine Arntsdotter. (Eg kjenner ikkje opphavet hennar) og andre gongen med Anna Henriksdotter Aksetvik frå Hitra.Eg har ikkje arbeidd med desse spørsmåla på mange år og i høve hovedtemaet så vert desse opplysningane litt perifere. Eg er likevel glad for at Per gjorde meg merksam på lapsusen og at eg fekk høve til å korrigera feila.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hetland

Finn Har du noen data på Henrik Wulff? Mvh Bjørg Hetland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hetland

Finn Har du noen data på Henrik Wulff? Mvh Bjørg Hetland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Henrik skal ha vært skredder før han ble gjestegiver på Korsnes. Han døde i 1719. Han er antakelig av tysk herkomst, men opphavet er usikkert. Jeg har sett nevnt både skredder Peder Pedersen/Anne Johansdatter fra Fosen (mulig søster av Bernt Johansen som i 1676 bodde i Krøppervika, Møst, Frei) og alternativet Peder Olsson Wulf (1648-1714) som døde i Halsa. Han skal være sønn av Ole Pedersen Wulf (1616-1693) fra Oslo , som døde i Trondheim.Henrik var første gang (før Barbara) g.m. en Maren, som skal ha blitt mor til Peder (på Solskjær), Hans (på Korsnes, død (som sagfogd) i Overhalla, Namdalen) og Johan (handelsmann på Strømsholmen, Kvernes).Med Barbara hadde han barna Karen (kanskje fra 1. ekteskap ?) (g.m. Mathias Lorentz, handelsmann på Refsnes, Bjørnør) , Jacob (tollbetjent i Trondheim) og Anna Catharina (g.m. bonde på Settem, Michel Bastiansen With).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Du vil finne litt under tidligere tema: LenkeDå ein eventuell debatt om Wulf (Wulff) ikkje høyrer til under dette temaet, så bør du kanskje opprette ein ny tråd det du spør om det du lurer på.Til spørsmålet ditt. Ja, eg har nokre opplysningar om Wulff, men det er ikkje sikkert eg har svar på det du lurar på. Dessutan er det heller ikkje så sikkert eg finn att notatane mine frå den gongen eg arbeidde med Wulff-slekta.Medan eg held på å laga dette innlegget ser eg at Per Nermo har lagd inn opplysningar om Wulff. Eg vil gjera framlegg om at også Nermos innlegg vert kopiert over til ein ny tråd som omhandlar Wulff-slekta på Nordmøre og der Wulff/Wulf er søkeord. Utan at det vert gjort slik vil opplysningane verta umuleg i finna att seinare om ein søkjer på Wulff.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg viser til innlegg 4 der eg gjev att eit lite utdrag som eg har saksa frå ei heimeside til Per Gjendem. Eg startar med Rotgert Pettersson f. før 1570 (Rotgerts far ble drept i Bergen i aug. 1569 (Lie, E. NST 2002). Gjendem tillegg både Rotgert og dei to sønene?, Hans f. 1589 og Richert f. 1604 slektsnavnet Hagerup. Er det nokon som veit kvar Gjendem event. har denne dokumentasjonen frå, eller skal vi gå ut frå at dette er rein fantasi? Kjenner andre til at disse tre har brukt Hagerup som slektsnavn, eller er det Gjendem som har tillagt disse personene dette navnet ut frå seinare bruk i slekta? Den Anna Hansdotter Hagerup som Gjendem operer med, er det andre som kjenner til henne?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Presten du ikkje hugsar namnet på Finn kan vere Søren Andersen til Bud/Hustad.Det eg har notert om ham er (utan at eg hugsar kjelda no)Søren Andersen var kapellan i Bud og Hustad anneks fra 1601 til sin død i 1621. (Erlandsen). I følge Schønning var han gift med en datter av kirkeskriver Anders Eriksen på Alstadhaug.Barn:Anders - kapellan i VefsnAne - Gift med Erik Pedersen JuulDorthe - gift med en Borger av Trondhjem.Fra norsk tidsskrift for Genealogi, personalhistorie, biografi og literærhistorie Bind III (1926)saksar eg frå S. H. Finne - Grønn:Spørsmaalet er nu hvorfra tilnavnet Hagerup, navnet paa e sjællandsk landsby, er kommet ind i denne slekt. Det maa selvsagt være kommet ad kognatisk vei og det kunde da tænkest at tolderen i Romsdalen Rickert rickertsen hustru Gjertrud Sørensdatter og hans bror sagbrukeren i Bolsø Hans Rickertsens hustru Anne Sørensdatter har været søstre og at det er disse, som har medført ”Hagerup”, siden begges barn optar dette tilnavn. At saa har været tilfælde er nok neppe sandsynlig. Gjertrud og Anne har nok været søstre og rimeligvis døtre av hr. Søren Andersen, som var sogneprest til Bud i Romsdalen frå 1601 til sin død 1621, og det er jo en mulighet for at denne igjen kan ha været søn av hr. Anders Christensen, sogneprest til Hjørlunde pa Sjælland, i hvilket landsbyen Hagerup ligger, men denne sidste kombination er vel sterkt vovet. Spørsmålet maa visstnok derfor søkes løst paa andet vis og her foreligger forhold som likefrem indbyr, til dette.I Trondhjem levet nemlig en nordlandshandler Hans Hansen Hagerup, som var født ca. 1600 – 1610 og ved sin død i 1664 efterlot stor familie. Han staar som det synes fuldstændig isolert frå den i det foregaend omhandlede Hagerup-slegt og kan verken sjølv eller gjennom sine barn sees at ha hat forbindelse med medlemmer av denne. Det kan imidlertid ikkje vel tænkes at en mand i Trondhjem med dette den gang elles i Noreg ikkje forekomende tilnavn skulde være ganske utan slegtsforbindelse med den fra same by Trondhjem utgaaende slegt med selvsamme namn Hagerup. Da Hans Hansen Hagerup er født saa tidlig som i det første decennium av 1600-tallet, blir han jevngammel med raadmand Rickert Petersens tre sønner Peter, Hans og Rrickert, og da den ene av raadmandens sønner har fornavnet Hans, hvilket tidligere ikke kjendes i hans slekt, vil det være naturlig at søke forbindelse her, ved at anta at raadmanden har været gift med en [Anne] Hansdatter Hagerup, som har skrevet sig fra den sjællandske landsby av dette navn, og at Hans Hansen Hagerup har været hendes brorsøn. For et saadant forhold passer alle data og altsaa ogsaa navnefølgen. Og forholder det sig saaledes, vil alle personer som her i landet har baaret familienavnet Hagerup kunne føres tilbake til et fælles navneutspring. Nordlandshandler Hans Hansen Hagerup var gift med Anne Esche [Eske], datter av den i 1649 avdøde nordlandshandler i Trondhjem Carsten Eske og Alhed Ottesdtr. Ved skiftet i Trondhjem 19/11 1664 nævnes flg. Barn:1. Alhed Hagerup, f. ca. 1642, blev gift ca. 1664 med handelsmand Jørgen Reiersen paa Risøen (Risvær) i Lekø, Nerø, som endnu levet i 1701, 75 år gl., og hadde mange barn, som alle kaldte sig Hagerup: Hans Hagerup, f. 1665, døde 1734 paa Risvær uten barn med Barbara Hansdtr. Reiner, som aaret efter ægtet Rasmus Pedersen Greger; Peder Hagerup efterlot barn i Baatjord i Lekø; Nils Hagerup hadde en søn Jørgen Hagerup, som blev bergskriver paa Fredriksgave; Henning Hagerup døde uten barn og Else Hagerup blev gift med Hans Pedersen Leth i Vegø.2. Carsten Hagerup, f. 1647, døde 1726 som handelsmand paa Huseby i Lekø og hadde mange barn.3. Hans Hagerup, f. 1650, blev velstaaende handelsmand paa Gibostad med borgerskap 1684 til Bergen, døde 1698 og hadde barn med to hustruer; den sidste, Karen Paulsdtr. Birch (Bjerk) ægtet han i Trondhjem 2/10 1695.4. Anne Hagerup, f. 1654, blev gift med sukkerbaker i Trondhjem Oluf Hansen, ved hvis skifte 19/5 1690 i Fiskerosen i Namdalen levet tre døtre.5. Christen Hagerup, f. 1657, døde 1713 som handelsmand paa Fjelviken i Nærø; gift først 1682 i Trondhjems domkirke med Else Aarhus, datter av Peder Nielsen Aarhus og Eline Olsdtr., og derpaa 1711 med Elisabeth Manzin. Efterlot to barn: Hans Hagerup, f. 21/7 1685 og død 10/11753 som borgermester i Trondhjem, og Anne Hagerup, gift med foged Melchior Meyer.6. Maria Hagerup, f. 1660, blev gift med John Staffensen Kiil, efter hvem skifte holdtes 12/11 1689 i Trondhjem. — Muligvls har der endnu været et barn:7. Else Hagerup, gift med lensmand i Lekø Salomon Blix, der var 70 aar gl. i 1701.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Tusen takk til John for å ha funne fram desse viktige kjeldene kva vedkjem slekta Hagerup.Eg har lese artikkelen til Finne - Grønn i sin tid, men mykje har gått i gløymeboka dessverre. Likevel har det viktigaste festa seg, at han hadde ein teori om at Hagerupnamnet kunne koma frå dei to døtrene til kapellanen i Bud og Hustad, Søren Andersson. Riktignok forkastar Finne - Grønn denne teorien sjølv og lanserer ein annan, nemleg at Rotgert Pettersson (Falck) f. ca 1570 (Helst noko før), skulle ha til kone ei Anna Hansdotter Hagerup som var mor til dei to Hagerupbrørne i Romsdal, Richert (tollaren) og Hans (sagbrukaren). På den tida visste ikkje Finne - Grønn at kona til Rotgert Pettersson heitte Margrethe og at ho var nemnd i live så seint som i 1610. Hadde han visst det er det vel vore tvilsamt om den siste teorien hadde vorte lansert. Teorien min bygger på den første teorien til F-G, altså at Anne og Gjertrud Sørensdøtre var søstre og begge døtre til kapellanen Søren Andersson i Bud og Hustad. I tillegg er det også svært truleg at den eine av dei 4 konene til Erik Pedersson Gyl (Juul) var dotter til Søren Andersson. Erik var jo son til presten i Aukra på same tid, Peder Andersson. Det vil da seia at Søren hadde 2 døtre som heitte Anne (Ane, Anna). Eg trur også at lensmann, Christen Søfrensson Halse på Nordmøre var av same søskenflokken. Sistnemnde kallar einaste son sin for Richart, dette typiske mannsnamnet for Falch-ætta, medan Richart på sin side kallar eine dotter si for Gjertrud Hagerup. Berre namnebruken skulle her vera godt nok som prov på slektsskap. Samla skulle dette vera med å understøtta den første teorien som F-G lanserte, nemleg at kapellanen i Bud og Hustad, Søren Andersson var son til Hr. Anders Christensson, sogneprest til Hjørlunde på Sjælland, der landsbyen Hagerup ligg. At namnet Christen går igjen i etterslekta, skulle vel også vera med å understøtta dette. Kven den opphavlege Gjertrud Hagerup var, er vel ikkje så lett å tenkja seg, men kona til dansken Hr.Anders Christensson kunne jo ha bore dette namnet?Denne teorien forklarar naturlegvis ikkje korleis det samtidig opptrer ei anna Hagerupslekt i Trondheim, men også denne kan ha sitt utspring i den danske landsbyen Hagerup, og slektskap kan også vera tenkeleg på ein eller annan måte, men neppe slik som F-G skisserer og seinare Per Gjendem adopterer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I innleiingsinnlegget mitt til denne tråden skriv eg at Christen Søfrensson Halse var til stades ved skiftet etter ein av Hagerupprestane på Kvernes. Dette er nok ikkje rett og eg er lei for at eg også her har mishugsa meg. Det rette er at soneson til Christen, nemleg Christen Richardsson Halse var til stades ved skiftet etter Hans Hansson Hagerup f. 1650 i Trondheim og død 1697 som prest på Kvernes.Det vart halde skifte etter Hans 28.07.1697 og ein ekstrakt av skiftet fortel følgjande: Boel Nilsdotter Helkand var enke, medan Elene Eilertsdotter Scøller var 1. hustru. I første ekteskapet hadde Hans hatt følgjande born, 1. Søfren Hansson, 2. Eilert Hansson, 3. Hans Hansson, 4. Gunille Susanna Hansdotter.Med Boel Nilsdotter Helkand hadde Hans 2 born, nemleg 5. Christian, 6. Ane Helena Hansdotter Hagerup.Tilstades ved skiftet var lensmann Niels Madsson (Skovik), Elling Nedal. Enka sin lagverge var Erik Mosberg i Lille-Fosen.Verger for borna var;1. Hr. Joen Eriksson, Pastor til Støren (Kven var han?)2. Hr. Assessor Eilert Schøller3. Sr. Hans Franzson ?4. Mag. Johan Mentzson (Stangvik)5. Mon. Christen Richartsson Halse6. Hos moren inntil videre.Christen Halse var altså formynder for den yngste sonen, nemlig Christian. (Kanskje pga. namnelikskapen?). Ved dette skiftet var det ei mengd med sølv som var merka, ofte både med årstal og initialar, men dette skal eg koma attende til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Nesvold

Finn (innlegg 15):Hr. Joen Eriksson, pastor til Støren er nok den Jon Erichson Jamt som nevnes i denne debatten: Lenke . Han var gift med Karen Hansdt Hagerup. Var hun søsteren til Hans Hansson Hagerup tro?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Magne (innlegg 17)Takk for den opplysninga. Hadde eg fått den glupe ideen å slå opp i Dahl (2000), så hadde vel også eg funne ut dette. Jon Eriksson er jo nemnd først av vergene, så truleg var han nære i slekt med den døde. At Kona til Jon, Karen Hansdotter var søster til Hans og Søfren Hanssoner Hagerup, begge prestar på Kvernes, er difor svært truleg. Verge nr. 2 er vel morfar til borna av første ekteskapet. Men kva med dei to neste, Hans Franzson på Sunnmøre og Mag. Johan Mentzson i Stangvik. Korleis kunne dei vera i slekt med den avdøde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

HANS FRANTZEN STOCHBERG (c1649-1727)NK Bergen 1673 gm Anne Nilsdt (sk1690) fn.Gm Anne Hansdt Hagerup (c1654-1719) datter av Hans Rickertsen (Hagerup), borgar i Romsdal, og Anne Sørensdt; Anne Hansdt visstnok før gm Nils Anderssen, Selnes i Vestnes, Romsdal.Kjelde: Bjørn Jonson Dale LenkeHer er ein annan interessant kombinasjon:Romsdals Skifteprot. 5 p. 102 : 1709 10/3 Skifte i Røvigen i Fanne Ott. efter Rasmus Rasmussen, hvis stifdatter havde tilægte Sr. Hans Frandssøn paa Søndmøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk igjen til John for viktige opplysningar.Etter dette kan det kanskje ikkje vera for dristig å tru at sagbrukaren Hans Rotgersson g.m. Anne Søfrensdotter (Hagerup?) i Romsdal hadde minst følgjande born:1. Søfren Hansson Hagerup f. ca 1642 (død 24.01.1681). Prest i Kvernes på Nordmøre. G.m. Ingeborg Andersdotter Belter. 4 born.2. Hans Hansson Hagerup f. ca 1644 (døde i 1696). Prest i Kvernes slik som den eldre broren. 6 born i 2 ekteskap.3. Karen Hansdotter Hagerup f. ca 1650. Gift 13.07.1678 på Støren ed Jon Erichson Jämt, sogneprest på Støren i Sør-Trøndelag. 1 sønn.4. Anne Hansdotter Hagerup f. ca 1654 (døde 1719). Først gift med Nils Andersson Selnes i Vestnes, Romsdal (Noe usikkert). Gift 2. gang med Hans Frantzson Stochberg på Vågnesholmen (Fransholmen). på Sunnmøre. 1 kjent sønn; Nils Frantzson Hagerup, sorenskrivar i Moss i følgje Dale.Så står det berre att å identifisera mag. Johan Mentzson i Stangvik sitt slektskap med Hans Hagerup i Kvernes. Kona til Johan er kalla Gjertrud Hansdotter, men ho skal visst vera dotter til Hr. Hans Christensson Holm, ein tidlegare prest i Stangvik.Elles er det også interessant å sjå at Rasmus Rasmusson i Røvika har ei stedotter som 'havde til egte' Sr. Hans Frandsson på Sundmøre. Skal vi da tolka dette slik at Rasmus hadde vorte gift med enka etter Hans Rotgersson. Han var som kjent gift med Anne Søfrensdotter (Hagerup). Er det nokon som kan kasta meir lys over dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Johan Mentzen f. 21/7 1641. Sønn av Hr. Mentz Christophersen i Trondheim. Døde i oktober 1704 og skifte etter ham 25/2 1705 (N-Møre og og Romsdal geistlige skifteprotokoll) Gift Dom. 6. post Trin. med Gjertrud Hansdatter, enke etter Hr. Johan Hansen Kaaby i Stangvik. Ingen barn med Johan Mentzen og arvinger hans søsken og deres barn.Gjertrud hadde barn frå første ekteskap som fekk innestående farsarv. Barna etter skiftet i 1705:Hans. Budde i Edø og var gift med ei sønnedatter av Peder Stadell.Ellen: sl. Hr. Daniel i Sunndal.Dorothea Margrete g. m. Hans Henrik Irgens.Jonas: Død i 1705Birgitte: innestående farsarvi 1705 gårdparter i Løvigen 1 sp., Ingervåglund 1/2 sp., Hauge 8 mkl. og Øysett 10 mkl.Gjertrud ikkje nemnt i skiftene. Gift med Peder Krabbe, sokneprest i Aure.Kjelde: S. T. Dahl:Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536 - 1700: s. 236-39S. T. Dahl meiner Gjertrud Hansdatter kan vere ei datter av Hr. Hans Christensen Holm til Stangvik som vert nemnt som son av Christen Andersen Holm.Sidan Per Gjendems heimesider er nemnt tidlegare, kan eg ta med at han har ei liste over familien Leganger der Rasmus Rasmusen Røvik er ført med slektsnamnet Brandal d. 1709, og skal vere son av Rasmus Povelsen Brandal og Gjertrud Iversdatter Leganger. Kjeldetilvisingar manglar, så det er vanskeleg å kontrollere. Men andre oppføringar i same liste ser eg inneheld feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Det er kanskje den Rickert Adriansen Falch som ble født i ca 1542 og var sønn av Adrian Rockertsen Falkner og NN Corneliusdatter det her er snakk om? Han er halvbror av min ane Peder Adriansen Falkner født ca 1538, men jeg har vært litt usikker på om denne Rickert var sønn av Adrian i hans første eller 2. ekteskap på grunn av tidspunktet han ble født på. Så moren til Rikcert kan da være Gunhild Sevaldsdatter. Så Rickert kan da være helbror av min ane Peder?Jeg mener det skal stå en del om Mentz Christophersen(Darre?) på Frode Holthens hjemmeside. Jeg har plutselig muligens fått en søster av Mentz som ane, men dette er så nytt for meg at jeg ikke har fått skrevet noe særlig. Har fått lånt noen av Svein Tore Dahls bøker på biblioteket her, og Hornemans Stamtavler har jeg på fjernlån. Blir alene her i julen, og har tenkt å bruke julen til dette, og siden det er mye å sette seg inn i regner jeg med at jeg nå har arbeid for en stund. Har også planer om å fjernlåne noen skifter på mikrofilm senere. Kanskje kan jeg komme med noen mer fornuftige svar her angående Mentz Christophersen når jeg har fått satt meg inn i litteraturen. Simon Ellefsen har også hjemmeside om disse. Jeg kan dessverre ikke legge ut link til disse sidene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Litt meir om Rasmus Rasmussen Røvig.1661 er Peder Vibe eier av Røvig, bruker er Rasmus Rasmussen med 4 1/2 vogog Joest Rasmussen med 1 vog. Rasmus Røvig oppføres så med 2 vog 10 mrk. odelsgods i Sør-Nesje.Folketall 1665: Skylden 6 1/2 vog, ops. Rasmus 40 år bruker 15 mrk. Stedsøn Anders Hansen 19 år, bruker Jost 46 år 1 vog.1669: Just Justsen bruker 2 pd. 15 m. bruker av hovedparten Rasmus Rasmussen 4 vog, oberst v. Howen eigar.Jost-namnet går att på Røvik, truleg heilt sidan 1611, då synes Jens Jostsøn å vere leiglending.Folketall 1701: opsitter Rasmus 83 år.Kjelde: Bolsøy-boka Annen Del s. 93f. av Jørgen Olafsen Holm.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Legger ut foreløbig anerekke på Mentz Christophersen Darre, men jeg har enda ikke fått satt meg inn i noe særlig om dem:1)Mentz Christophersen Darre Foreldre:2)Christopher Bjørnsen Darre3)Sophie Mentzdatter Ravensburg Besteforeldre:4)Bjørn Rolvsen Darre5)Ursula Trondsdatter6)Mentz von Ravensburg7)Margrethe Gamhardt Oldeforeldre:8)Rolv Olufsen Darre9)Maren BjørnsdatterTippoldeforeldre:16)Oluf Bjørnsen Darre18)Bjørn Gunnarsen19)Johanne Mathiasdatter2 ganger tippoldeforeldre:32)Bjørn Jonsen Darre38)Mathis Pedersen39)Margrethe Johansdatter Kruckow64)Jon Reidarsen Darre65)Ingerid KarlsdatterRegner med at noen har mer utfyllende opplysninger her enn det jeg foreløbig har. Jeg skal forøvrig videre på Mentz sin søster Ursula som var gift med Ole Jensen Schriver.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(13:) Var det ikke FAREN til Hr. Søfren Andersen til Bud som var gift med en datter av kirkeskriver Anders Eriksen på Alstadhaug ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(14:) Hvor stammer det fra, etternavnet 'Remmen', som er tillagt konene (søstrene ?) Gjertrud og Anne Sørensd. til brødrene Richard (toller) og Hans (sagbruker) Rickertsen Hagerup ? Det er i denne sammenheng sagt at disse er døtre av Søren Madsen Remmen (Vestnes, Romsdal).Hvor levde og virket Hans og hans eldre bror Peter ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.