Jump to content
Arkivverket

[#43592] Gjertrud Hagerup i Fuglvåg, var ho av same slekt som Gjertud Søfrensdtr. Remmem?


Guest Finn Oldervik

Recommended Posts

Guest Per Nermo

(15:) Jeg har f.år 1712 på Christen Richardsson, sønn til lensmann i Halsa, Richart Christensen Halse (1667-1717) (g. ca.1698?) som bodde på Karlsvik og døde på Tustna. Dersom dette er rett kan ikke Christen ha vært tilstede på noe skifte i 1697. Hva er det jeg har misforstått her ?

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(18:) 'Rasmus Rasmussen' (1709 10/3 Skifte i Røvigen i Fanne Ott., Romsdal) kan kanskje være RR (ca.1650-1700) som døde på Rausand i Tingvoll (på Nesset) og var g. (1685) m. Aleth Hansdatter Juul. Disse hadde minst 7 barn, som alle tok navnet Borch etter sin mormor Magdalene Nielsdatter Borch. Aleth ble 2.g. g.m. Jacob Zachariasson Holck, også bosatt på Rausand.Kan Aleth ha vært enke da Rasmus giftet seg med henne, og hatt en datter som var g. (før 1709) m. Hans Frantzen Stockberg ? I så fall må vel dette ekteskapet ha vært mellom Hans' koner Anne Nielsdatter og Anne Hansdatter Hagerup.Eller var det som antydet i (19) at Rasmus var gift med enka (Anne Søfrensdotter) etter Hans Rickertesen og at stedatteren altså var Anne Hansdatter Hagerup ?

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(19.4.:) Ekteskapet mellom Hans Frantsen Stockberg og Anne Hansdatter Hagerup skal etter det jeg vet ha vært barnløst. Ekteparet opprettet testamente den 8 Nov 1684. I så fall er altså sorenskriveren i Moss ikke deres sønn. (Rart navn forresten ... 'Nils Frantzson Hagerup').

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(22:) Kan ''Stedsøn Anders Hansen 19 år'' av Rasmus Rasmussen i Røvik (1665) være en hittil ikke omtalt sønn (f. ca.1646) av Anne Sørensdatter i hennes ekteskap med Hans Rickertsen ? (Navnet Anders kunne stamme fra far til Hr. Søfren Andersøn til Bud).

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Først takk til John for nok eit fyldig innlegg, denne gongen om Hr. Johan Menzson i Stangvik. Dette er for så vidt opplysningar som også kan finnast i Dahls prestesoge. Det interessante her er først og fremst om det finnest prov for at Gjertrud Hansdotter, kona til Johan var dotter til Hans Christensson Holm, eller om ho kunne vera ei søster til Hr. Hans på Kvernes. Svaret på dette er kanskje ikkje så lett å finna, men Dahl nemner at i ei sak om husa på prestegarden i Stangvik (Trondheims lagtingprotokoll 1704), vert Hans og Gjertrud omtala som born til Hans Christensson. Det kjem også fram at Gjertrud var gift med dei to etterfølgjarane til faren, Johan Hansson Kaaby og Johan Mentzson (Darre?). Om dette er rett, så kan vi sjå bort frå svært nært slektskap mellom Hagerup og prosten i Stangvik. Det var kanskje i kraft av si stilling at Johan var til stades som verge for Hans Hansson d.y.Kva gjeld Rasmus Røvik, og at han har ein steson med namnet Anders Hansson 19 år i 1665 er ei interessant opplysning, og det kan vel tyda på det er rett slik eg antyda tidlegare, at Rasmus var gift med enka etter Hans Rickartsson Hagerup (sagbrukaren), og at Anders er son til Hans d.e. og Anne Søfrensdotter (Hagerup). Anders vert i så fall ein tredje son til Hans og Anne, og bror til Kvernesprestane. Dette kan berre rima om Hans Hagerup d.e. er død før 1665. Dette har vel du greie på John?Til Anne Lise innlegg 21 og 23.Sjølv om innlegga dine delvis omhandlar dei same slektene som denne tråden drøftar, så vert det litt på sida likevel. Diskusjonen om slekta Darre som du legg opp til fortener nok å få ein eigen tråd. Dette er ei vidgreina og interessant slekt, der det truleg er mange som vil ha eit ord med i laget. Truleg er det også fleire som vil setja eit spørjeteikn ved den anetavla du presenterer i innlegg 23.Til Per nr. 24.I følgje Dahls prestesoge, så var det Søren som var gift med dotra til kyrkjeskrivaren på Alstadhaug, og Dahl gjev opp Schønning som kjelde både for kona og dei tre borna, Anders, Ane og Dorthe.I innlegg nr. 25 spør du om opphavet til Navnet Remmen og Søren Madsson som far til de to søstrene (i det minste til den ene) Anne og Gjertrud. Her har eg ikkje noko svar og eg kjenner ikkje eventuelle primærkjelder til denne påstanden. Eg kan berre vise til Per Gjendems heimeside. Kanskje andre kan vera til hjelp her?Også spørsmålet i siste del av dette innlegget er det andre som kan svare betre enn eg, til dømes John Aarønes. Eg går ut frå at John har brukbar oversikt over livet til desse to Hagerup-brørne?Når det gjeld spørsmålet ditt i innlegg nr. 26 vedrørande lensmennene i Halsa, så har du ikkje misforstått noko etter det eg kan sjå, du har berre vore litt meir vaken enn eg. Eg har berre eit handskrive utdrag frå skiftet etter Hr. Hans Hansson Hagerup på Kvernes og i den avskrifta står Mon. Christen Richartsen Halse. Dette må sjølvsagt vera feil, då Christen ikkje var født før 1712 i følgje Vågland, slik som du skriv. Gamlelensmannen, Christen Søfrensson var død i 1693, så han kan det heller ikkje vera meint på. Det rette skal nok vera Richard Christensson Halse, som etter mine teoriar då må vera søskenbornet til den avdøde. Far til Richard var altså morbror til Hr. Hans Hagerup. Enten må eg ha bytta om då eg skreiv av, eller så var det vedkomande som førte skiftet som gjorde ein feil. Dette kan jo enkelt kontrollerast ved å sjå i geistleg skifteprotokoll for Nordmøre.Når det gjeld spørsmålet ditt i innlegg 27, så tvilar eg på at Rasmus Rausand kan vera identisk med Rasmus Røvik, men eg har ikkje undersøkt dette grundig. Sjå elles kva eg skriv om dette i svaret til John.I siste spørsmålet ditt, nr. 28 nemner du at ekteskapet mellom Hans Franzson og Anne Hansdotter Hagerup var barnlaust. Sonen Nils har eg funne i ein artikkel av Bjørn Jonson Dale, som John Aarønes viser til i innlegg 18.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Til Per, innlegg 29.Siste innlegget ditt var ikkje kome på plass då eg byrja på det forrige, litt lange innlegget mitt. Men som du ser av forrige innlegget mitt, så har vi konkludert likt kva gjeld Anders Hansson 19 år i 1665.

Link to comment
Share on other sites

Guest Anne Lise Hovdal

Til Finn. Et ble jo skrevet om Johan Mentzen Darre i innlegg 20, så jeg mente da at det var naturlig å skrive mer ut fra det lille jeg hadde. Jeg beklager at jeg la ut anerekka før jeg har lest skikkelig om dem.Den kan sikkert diskuteres, og noen er sikkert uenige i den. Har flere bøker på lån som jeg skal lese i julen, og blant annet 2 av Svein Tore Dahls bøker og Hornemanns Stamtavler i tillegg til de hjemmesidene jeg har nevnt. Det er mulig jeg tar opp slekten Darre som egen tråd på et senere tidspunkt, men før det skal jeg sette meg litt mer inn i det som skrives om denne slekten. Jeg har ikke grunnlag for å diskutere den nå.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Til Anne Lise, innlegg 32.Svein Tore Dahl sine bøker vert primære når det gjeld å setja seg inn i det som vi kan kalla den Nordenfjeldske Darre-slekta. Svært mange frå denne slekta vart prestar eller inngifte i prestefamiliar og ofte var desse familiane samanfløkte med trådar i alle retningar, ikkje minst på Møre og i Trøndelag, men også Nord-Norge var involvert i dette. Hr. Johan Mentzson i Stangvik døydde elles utan born og arvingane vert difor søskena hans, som du finn opperekna i kapitlet om Stangvik i Svein Tore Dahl si bok.

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Ein kommentar til innlegg 22 - kven Rasmus Rasmussen Røvigen er. Per Gjendem har truleg opplysninga om at han er av Brandal-ætta frå M. Rogne 'Sunnmørsfylket i framfarne tider'. Etter Rogne var Rasmus Paulson Brandal sorenskrivar i Romsdal, seinare prest i Ulstein og Hareid. Dette må vere feil.Rett nok var det ei kort tid (åra kring 1618 -22) ein sorenskrivar i Romsdal som bar namnet Rasmus Paulson. Han budde på Flovikholm Men i eit dokument frå 9/10 1619 skriv han under med sitt fulle namn - Rasmus Povelsen Aars.Eg kan ikkje prove at Rasmus Rasmussen Røvik, stefar til Anne Hansdotter Hagerup og Anders Hansson, er son til Rasmus Povelsen, men han høver geografisk og kronologisk. Etter mi vurdering er han ein betre kandidat enn hr. Rasmus Povelsen Brandal.Når det gjeld Bolsøybokas opplysning 'Rasmus Røvig oppføres så med 2 vog 10 mrk. odelsgods i Sør-Nesje.' så er vel det ein annan Rasmus Rasmussen som eig (son av Store-Rasmus Ingebriktson?).Opphavet til Remmen namnet har eg trudd var garden i Vestnes. Richert var bruker av Ytre Remmen i 1661 - eigar Peder Vibes arvingar.

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Eg er redd for at Gjendem har bomma svært mykje med det han skriv om Brandalætta på heimesida si. Det er synd, for dermed kan konstruksjonar som at Rasmus Povelsen Brandal hadde ein son Rasmus i Røvika føre andre på avvegar.Brandalætta er elles temmelig godt framstilt av Aagaat Daae: 'Sunnmørsslekter I. Brandalslekten' i Tidsskrift for Sunnmøre Historiske Lag 1925-26. Det er heilt utenkelig at Gjendem har lese dette stykket.

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Eg finn ikkje Hans Rickertsen Hagerup i folketelling 1664, så han er nok ikkje i live då.Når deg gjeld Anne Hansdatter Hagerup så var det med Nils Andersen Selnes ho ikkje fekk barn. Det var dei som 21/8 1684 oppretta testamente, stadfesta av hennes fetter Rickert Rickertsen Hagerup,, Kgl. stadfesting 8/11 1684.Nils kan ha vore ein bror av futen Iver Andersen til Gjermundnes. (Dette er teke frå Norsk tidsskrift for Genealogi, personalhistorie, biografi og literærhistorie Bind III (1926)S. H. Finne - Grønn.)

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Takk til Bjørn og John for nye opplysningar som vedkjem Hagerup. Ekteskapet mellom Nils Andersson (Selnes) og Anne Hansdotter Hagerup skulle vera dokumentert godt nok, sidan dei oppretta gjensidig testamente. I og med at Richart Richardtsson (Hagerup) vert omtala som fetter til Anne, så skulle det også vera greitt at ho var dotter til Hans Richartsson Hagerup (sagbrukaren). At Nils Frantzson Hagerup var son til Frantz Hansson Stochberg og Anne Hansdotter skulle det vel heller ikkje vera tvil om. Vi ser at denne sonen tek slektsnamnet til mora, ikkje faren, slik som halvsøskena sine som alle kalla seg Stochberg. Er det forresten nokon som veit om Nils fekk etterslekt i Austfold.Eg trur også at vi må gå ut frå som temmeleg sikkert at Anne Søfrensdotter (Hagerup), som enkje etter Hans Richardtsson, vart gift med ein Rasmus Rasmusson Røvik(som kanskje var son til ein sorenskrivar i Romsdalen, Rasmus Povelsson Aars?). Eg går ut frå at Anne og Rasmus ikkje hadde born.I så fall skulle vel desse ha kome fram ved skiftet etter han i 1709 (Sjå innlegg 18). Elles kan det jo vera ein liten link i at oberst Reinholdt von Hoven står som eigar av Røvik der Rasmus og Anne held til, samtidig som dotter til Anne, Karen (g.m. Hr. Jon Erichsson Jämt) i eit notat vert kalla 'general von Hovens pige' då ho vert gift med Jon. Det er vel ikkje utenkjeleg at obersten (seinare generalen) har vore verge for Karen Hansdotter Hagerup, og at ho slik har vore i teneste hos han.I tillegg til dei 4 søskena som er opplista i innlegg 19, kan vi temmeleg sikkert også tilføya ein 5 son, nemleg Anders Hansson (Hagerup) f. ca 1646. Vi kan vel heller ikkje utelukka at det kunne vera fleire?Korleis er det forresten med borna til tollaren (Richardt Richartsson), kor mange av dei er kjende og dokumenterte?

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

Nils Frantzson Hagerup var son til Hans Frantzson Stochberg (ikke 'Frantz Hansson') og Anne Hansdotter, hvis jeg har oppfattet det rett. Han tok altså etternavnet til mora og patronymikonet til faren !

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Er lei for at eg har rota med patronymikonet til Nils Hagerup. Det rette skal sjølvsagt vera Nils Hansson Hagerup, ikkje Nils Frantzson. Det er også rett som Per skriv at faren heitte Hans Frantzson Stockberg, ikkje Frantz Hansson, slik eg kom i skade for å skriva. Dette let seg elles enkelt kontrollera ved å bruka lenka som Aarønes har lagt inn i innlegg nr. 18.

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Kjelde Norsk tidsskrift for Genealogi, personalhistorie, biografi og literærhistorie Bind III (1926)S. H. Finne - Grønn:Hvorfra stammer slægten Hagerup? Borgermeeister Adrian Rockertsens slægt af Trondhjem (Noko avkorta)Barn av Rickert Rickertsen (Remmen)a. Karen Rickertsdtr. levet endnu i 1708 i Bjørnsund som enke efter borger til Trondhjem og handelsmand paa Molde i Bolsø Thomas Jørgensen, f. 1628 og død inden 1689, søn av resid. kapellan til Bud under Akerø hr. Jørgen Jensen og Birgitte Svendsdtr.b. Cornelius Rickertsen, f. ca. 1634, var i 1664 30 aar gl. og i tjeneste hos svogeren Thomas Jørgensen i Bolsø; han levet i 1689 som strandsidder i Bud fiskevær, men er død inden thinget i Vaagø 11/10 1707. Han efterlot enke og et barn i fattige kaar.c. Hr. Mads Rickertsen, f. ca. 1635, blev student fra Trondhjems skole 1659, var i 1664 29 aar gl. og hjemme, men er formentlig ikke længe efter blit kapellan i Akerø og er som saadan død ugift efter 17/7 1688 og inden thinget 17/4 1689 for Fanne otting, ved hvilket søstersønnen Peter Thomasen krævet arveutlæg efter ham hos morbroren Rickert Rickertsen.d. Rickert Rickertsen Hagerup «d. yngre», f. ca. 1642, var 21 aar i 1664 og da tilsjøs fra Vestnes. Han for som skipper paa England, thi da der ved Fanne otting. Telling-1701 Molde Ladested: Richert Richertsen, 59 år. Han var gift med Kirsten Laugesdtr., datter av foged i Romsdalen Lauge Nielsen og Karen Jons/Jens-datter. I et skjøte vedk. Moldegaard, thl. Vi 1697, underskriver Rickert til vitterlighet sit fulde navn «Rickert Rickertsen Hagerup». — Av hans (5) barn kjendes døtrene Karen Hagerup ilive 1708, og Gjertrud Hagerup, som var gift med Daniel Jonsen i Bjørnsund og efter hvem skifte holdtes 26/3 1702, men der har utvilsomt været fiere, og den Rickcrt Hagerup, som mellem 1705 og 1729 optræder som fordringshaver i diverse boer i distriktet, er formentlig en søn.e. Peiter Rickertsen Hagerup blev bergskriver paa Røros, hvor skifte efter ham holdtes 17/7 1693. Med sin tidligere avdøde hustru Elisabetk Sophie Irgens, datter av bergdirektør dr. med. Johannes Irgens og Elisabeth Arnisæus hadde han flg. fire efterlevende barn.f. Hr. Søren Rickertsen Hagerup, f. ca. 1647, blev student 1667, derefter hører i Trondhjem, fik 29/8 1681 bestall. som resid. kapellan til Frosten og i sin tid at sukcedere hr. Jacob Olsen i sogneprestembedet; saa langt kom han dog ikke, idet han pludselig avgik ved døden nov. 1702. I 1682 ægtet han sin forgjænger i kapellanembedet hr. Hans Thorstensen Withes enke Lucie Stensdtr. Meldal.g. Anders Rickertsen Hagerup, f. ca. 1652, hytteskriver ved Tolgen, blev gift 29/1 1679 med Anne Jensdtr. Parelius.Såvidt eg har forstått er det etterslekta etter Rickert Petersen som tar slektsnamnet Hagerup. Det vil seie etterkomarane etter dei to romsdølingane sagbrukar Hans og tollar Rickert Rickertsen. Finne-Grønn nemner vel tre (2?) teoriar som kan fortelje kvar Hagerup-slekta stammer frå. Eg set opp i tavleform ein av dei:

bilete1841.jpg

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Takk igjen til John for fyldig omtale av borna til tollaren Richert Richertsson.Av dette kan det sjå ut som om dei fleste borna til dei to brørne, Hans og Richert Richertsoner nyttar slektsnamnet Hagerup. No er eg noko usikker på om dei to brørne nokon gong har nytta Hagerup, men eg tvilar sterkt på det. No må ein ha i tankane at mødrene til Hagerupborna godt kunne vera systre (begge var Søfrendøtre) og at det var dei som hadde med seg Hagerupnamnet inn i denne slektskrinsen. Dette var altså Finne-Grønn sin andre teori. Som eg har skrive tidlegare, så trur eg også at lensmann, Christen Søfrensson Halse på Nordmøre var av same søskenflokken som dei to Hagerupsystrene (?). Sistnemnde kallar som sagt einaste son sin for Richart, dette typiske mannsnamnet for Falch-ætta, medan sonen Richart, på sin side kallar eine dotter si for Gjertrud Hagerup. Samla skulle dette vera med å understøtta den første teorien som F-G lanserte, nemleg at kapellanen i Bud og Hustad, Søren Andersson var son til Hr. Anders Christensson, sogneprest til Hjørlunde på Sjælland, der landsbyen Hagerup ligg. At Christen og Anders går igjen i etterslekta, skulle vel også vera med å understøtta dette. Kven den opphavlege Gjertrud Hagerup var, er vel ikkje så lett å tenkja seg, men kona til dansken Hr.Anders Christensson kunne jo ha bore dette namnet? Kanskje John kunne laga ei tavle som tek utgangspunkt i Hr. Anders Christensson til Hjørlunde og ei eventuell kone Gjertrud Hagerup? Der årstal manglar kan du jo etter beste evne stipulera eit høveleg tal.

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Til Finn!Har prøvd å følgje oppmodinga di, men tavla må takast for det det er - eit oppsett som byggjer på det eg har funne hos Dahl og Schønning - og så litt her og der. T.d. uviss på kva for ekteskap barna etter Anders Eriksen høyrer til.Det kunne jo vere interesant å få vite meir om Hr. Anders Christensson, sogneprest til Hjørlunde på Sjælland. Har diverre ikkje tilgong til Wibergs prestebok for Danmark - kanskje andre har

bilete1847.jpg

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Kjempeflott John!Så vidt eg kan sjå så stemmer tavla di til punkt og prikke med det ein kan finna i Dahls prestesoge s. 120. (Dahl 2000). Eg ser då bort frå siste rekka der 5 av borna til Søfren Andersson og kona er tekne med. Eg kan ikkje skjøna anna enn at også lensmann Christen Søfrenson Halse f. ca 1619 og d. 1693 var son til Hr. Søfren Andersson på Bud. Grunngjevinga for dette har eg vel gått gjennom tidlegare, men kan kort repetera;1. Lensmann Christen Halse hadde to kjente born, nemleg dotra Marit f. ca 1663 og sonen Richardt f. ca 1667. Mannsnamnet Richardt er uvanleg og teorien min er at det er svogeren i Romsdal, tollar Richert Richertson g.m. Christen si søster, Gjertrud som er oppkalt. Kanskje døydde Richard rett før Richardt Halse vart døypt.2. Richardt Christensson Halse hadde ei dotter han kalla Gjertrud Hagerup f. ca 1695. Denne dotra kan vera oppkalla etter farsøster til Richardt (Ho som var gift med tollaren Richarsd Richardson), men ho kan og vera oppkalla etter ei eldre Gjertrud Hagerup, til dømes kona til Hr. Anders Christensson til Hjørlunde på Sjælland, der ein finn landsbyen Hagerup.3. Lensmann Richard Christensson Halse var formyndar for yngste sonen til Hr. Hans Hansson Hagerup til Kvernes, Christian. Ein kan ikkje sjå bort frå at denne Christian var attkalla etter lensmann Christen Halse, som vel døydde omlag på same tid som Christian Hanssson Hagerup vart født. Om samanhengen er slik eg har skissert så var altså lensmann Richart Christensson Halse søskenborn til den avdøde, Hr. Hans Hansson Hagerup.4. Av dei tre første punkta går det fram at lensmannsfolket på Halsa har nære relasjonar, både til tollar Richarts famile og til sagbrukseigar Hans sin familie. Det finst neppe nokon anna forklaring på dette enn at Gjertrud g.m. Richardt og Anne g.m. Hans er systre og at lensmann Christen Søfrensson Halse er bror til dei to systrene. Ut frå dette synest eg ikkje det er for dristig å påstå at Hagerupnamnet kom med kapellanen til Bud, Hr. Søfren Andersson.Eit usikkert moment er likevel påstanden til Gjendem om at Gjertrud Søfrensdotter Hagerup er dotter til ein Søfren Madsson Remmen. Det store spørsmålet som enda står att å klårleggja vert då å kontrollera eksistensen av denne Søfren Remmen? Har han eksistert og kven var han i så fall?

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Har sjekket med Per G. om kjelda for Søfren Matzen Remmen, men han hadde ikkje notert kjelda. Meinte han hadde lese det i samband med Vestnesgodset.Ellers kan det jo vere eit anna samband mellom lensmannslekta på Halse og Hagerup. Men tavla som eg legg ved er gissingar og 'spekulativ'.Diverre får eg ikkje så mykje ut av det som er skrive om lensmannslekta på garden Halse i Halsabøkene. Synd at det ikkje vart gått grundigare til verks når det gjaldt den eldre historia. Eg ser at gamlelensmannen står oppført med 6 barn, men eg fann berre 3 i teksten. Men eg kan jo sjølvsagt ha oversett noko då ei lånte bøkene for nokre år sidan.Eg veit ikkje om eit spørsmål om stesonen på Røvika kan stillast i denne tråden. Går det greitt Finn?

bilete1860.jpg

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(43:) Hva er holdepunktet for at den Andersdatteren som ble g.m. Søfren Andersen til Bud er fra Anders Erikssøn Alstadhaug's 1. ekteskap med Gunhild Roaldsdatter ? Hvis hun får barn i 1608 (da lensmann Christen Søfrensen Halse sies å være født) og i 1615 (1612?) (Hr. Anders) er det rimelig å anta at hun er født rundt 1580 eller kanskje litt senere. Gunhild døde i 1577. Her blir det 'close race'.

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(44:) Var ikke lensmann Christen Sørenson Halse (ca.1608/1619-1696/1693) selv gift med en Gjertrud, nemlig Gjertrud Henriksdatter Strøm (1619-1697) fra Hitra, som vel var en like sannsynlig 'kilde' til oppkallingen av sønnedatteren ?

Link to comment
Share on other sites

Guest Per Nermo

(45:) I etterslekta til Jon Augustinussen i Bjørnsund (f. ca.1604) og Daniel Joensen ser jeg ut til å ha feil-plassert (i mitt register) en Anne Marthe (Johnsdatter ?) (død 1728), som hadde 6 barn (bl.a. Daniel, død 1768) med Steffen Eriksen, som eide jord i Bjørnsund. Hvem er Anna Martha's foreldre ?

Link to comment
Share on other sites

Guest John H. Aarønes

Skifte etter Anne Marthe Danielsdatter i Bjørnsund 28.02.1729. Ho er frå Daniel Joensens 1. ekteskap med ei hustru som eg ikkje veit namnet på.Så attende til Hagerup!I eit skifte etter skipper Jonas Larsen nemnes ein halvbror Hans Andersen Hagerup. Jonas si enke heiter Anne Sølfestersdatter Møller.Det har seg visstnok slik:Ei Sofie Joensdatter var gift 1/m Anders Hagerup og 2/m Lars Jensen i Lillefosen..Sofie og Anders hadde sonen Hans Andersen Hagerup. Kan dette vere den same som er nemnt som Rasmus Rasmussen Røvigs steson?

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.