Gå til innhold
Arkivverket

[#43592] Gjertrud Hagerup i Fuglvåg, var ho av same slekt som Gjertud Søfrensdtr. Remmem?


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Takk til Torgeir for innspell, men eg er redd for at det er lite eg kan bidra med for å svara på spørsmålet ditt. Det finst sikkert aktuell litteratur som kan vera til hjelp, kanskje helst som omhandlar dei geistlege i Danmark. John nemnde vel ei slik bok i eit tidlegare innlegg. Du bor kanskje såpass nær eit av dei større biblioteka, slik at du har høve til å låna? Elles har du sikkert oppfatta at eg er rimeleg skeptisk til Finne-Grønn sin teori om at Richert Petersson (Falch) skal ha vore gift med ei Anne Hansdotter Hagerup og som skal ha vore opphavet til Hagerup-namnet. Førebels har eg meir tru på det andre alternativet til Finne-Grønn, men har dessverre lite høve til å gjennomføra ein grundig gjennomgang av dei danske kjeldene for tida.I og med at eg starta på ein nærare gjennomgang av skiftet etter Kvernespresten Hans Hansson Hagerup i går, så skal eg prøva å fullføra dette i kveld.Hans åtte ganske mykje jord då han døydde. Noko var sikkert arva, medan noko kanskje også var kjøpegods. Her kjem ein oversikt:Meek (på Averøya): 2 sp. 1 øre. Dette tilsvarar det same som det Ouden Ågesson i Molde eig i 1661. Bygdeboka for Averøy seier ikkje noko om korleis denne gardparten kom frå Aspa-ætta over til Hagerupane.Katvigen 14 m.l. (Ligg vel ved Angvika i Gjemnes, Tidlegare Tingvoll?). Caspar Christophersson Schøller er eigar av desse 14 marklaga i 1661, og det står da også at garden; ”følger Eilert Hagerup (den seinare biskopen i Trondheim) så som den er foræret av hans kiære morfader, Eilert Casparsen Schøller. Eilert Schøller er, som vi skjønar son til Caspar Christophersson Schøller.Gjestad med bøxel 1 øre. Denne gardparten eig brukaren, Svein Gjestad i 1661. I følgje Anders Todal og Gardtales i Valsøyfjord, så selde denne Svein Håkonsson Gjestadgarden til futen, Christian Jensson Rasbech i 1688. Han var som vi veit, gift med søster til enka etter Hans Hagerup. Christian døydde barnlaus i 1692 og m.a. p.g.a. ein husbrann i 1691, hadde det vorte mykje rot med rekneskapen til futen og buet var insolvent. Enka, Karen Nilsdotter (Helkand) var då nøydd til, både å pantsetja sølv og selja gardar til svogeren på Kvernes. Slik fekk han hand om part av Geistad og fleire gardar i området elles. Son til Svein Geistad, Lars, ville kjøpa att garden og dette lukkast i 1702. Seljaren var Bendix (Absalonsson) Friis, kapellan på Støren i Sør-Trøndelag. Kan hende presteenka, Karen Hansdotter Hagerup hadde gifta seg med kapellanen etter at mannen, Jon Erichsson Jämt døydde i 1698?Ålmo med bøxel 1 øre 10 ½ m.l. Også denne gardparten, som ligg i Foldfjorden i Aure kom frå futen i Arasvika.Melland med bøxel 1 sp. Denne garden ligg på Skardsøya i Aure og høyrde opphavleg til kongen, men kom etter kvart i hendene på Tønder og Krabbe i Aure. Seinare vart det Christian Rasbech som vart eigar, og slik hamna den vel hos Hans Hagerup. (Det meste etter Todal)Øvre- og Nedre Sæter med bøxel 14 m.l. Garden ligg i Foldfjorden på Ertvågsøya i Aure. Slik som den forrige garden, så kom også denne frå Rasbech til Hagerup.Hognes 2 øre i Romsdal. Skal truleg vera Hungnes på Fannestranda i Romsdal. I 1647 var dette ein gard som høyrde Milde Audunsdotter i Hemne til. Ho var mormor til Ellen Schøller, andre kona til Hans Hagerup, så det var nok gjennom henne denne garden var komen til Hagerupane.Kierum udi Bjørnør uden bøxel 1 øre 12 m.l. Denne garden tilhøyrde prestebolet i Åfjord i 1661, så korleis den kom i hendene på Hagerup veit eg ikkje.Tangvig med bøxel 12 m.l. Denne garden låg i Snillfjorden og ein liknande part var bortpanta av Merseli til Eilert Scøller i 1661.Blant dei som var buet skyldig kan nemnast; Barbara. sl. Nils Lem, Karen sl. Rasbech og Rasmus Røevig (som etter det vi no veit var stefar til den avdøde).Blant dei som hadde fordringar kan nemnast; Richert Hagerup, Jens Hansson Juel (Som vel var son til Hans Eriksson på Sogn i Tingvoll som igjen truleg var son til Ane Søfrensdotter og Erik Pedersson Gyl. Ane Søfrensdotter var da truleg morsøster til Hans Hagerup og den siste var søskenborn til Hans i Sogn). Også kapellanen på Grip, Nokolaus Tostrup (svogeren til Ludvig Holberg) hadde ganske mykje å fordra i boet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Gløymde å få med at det også var ei Beret Søfrensdotter som var kreditor i buet. Ho måtte vera ei brordotter til Hans som han var formyndar for. Berete, som det står, fekk m.a. utlagd sølv merka D.H. Bul el. Buc, og ei kiste merka B.H.D.K. Desse siste initialane må bety Berete (Bergitte) Hansdotter Krabbe. Denne Bergitte må vera mor til Ingeborg Andersdotter Belter som då vidare må vera dotter til Fogd Anders Rasmusson (Belter) i Fosen (Bodde på Fjellvær, Hitra). I Fuglsøy si bok om Hitra, Øya og Folket B. II s. 28 står det m.a. om Fjellvær; 'Gammelfogden stod fremdeles som eier av Fjellvæt til 1673, da Birgithe Krabbe overtok gården. I 1678 eies Fjellvær av magister Søren Hansen og året etter av hans arvinger'.Det som hende var da truleg at Anders Rasmusson Belter døydde ca 1673 og at enka Birgitte Hansdotter Krabbe overtok Fjellvær. Eine dotter hennar, Ingeborg, var gift med Kvernespresten Søren Hansson Hagerup og då Bergitte døyr overtek Søfren, gjennom kona, Fjellvær. I 1679 er det altså arvingane til Søfren som eig Fjellvær, noko som ikkje høver særleg godt med at Søfren døydde først i 1681 (Dahl 2000). Men no er heller ikkje Fuglsøy særleg å lita på, så nokon betre forklaring på dette kan eg ikkje sjå. No er riktignok ikkkje Beret nemnd som dotter til Søfren Hansson i Dahl (2000), men eg trur nok samanhengen likvel er slik som her skiddert. Eit anna moment er at Hr. Johan Mentzson i Stangvik var gift med ei Gjertrud Hansdotter. Ho er rehkna å vera dotter til Hr. Hans Christensson Holm, også prest i Stangvik, men kunne ho likså godt vera dotter til Hr. Hans Larsson Krabbe, far til Birgitte Hansdotter på Fjellvær. Ein slik samnheng ville i det minste forklara kvifor Hr. Johan Mentzson møtte på Kvernes ved skiftet etter Hans Hagerup. Det kunne altså vera for å taka vare på interessene til dotterdotter til kona si syster. Denne dotterdotra hugsar vi heitte Berete Søfrensdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Broli

Takk til John for interessant stoff (123). Jeg fant mer av samme forfatter på hjemmesiden. Sogneprestens beklagelser over Henrik Pedersens fordringsfullhet var riktig fornøyelig å lese. Henrik Pedersen var altså huskapellan i 1664. Veøy hadde i tillegg til sognepresten også en residerende kapellan.Jeg får bare komme med noen betraktninger. Hvis jeg forstår forfatteren rett ser han ut til å foreslå at Henrik Pedersen ble ansatt som kapellan direkte fra en høyere skole, men vi må vel gå ut fra at han hadde eksamen fra et universitet og var presteviet.Alternativt foreslår han at Henrik Pedersen kan være identisk med Henricus Petri Findius som er student i København i 1662. Jeg tror ikke dette kan stemme. Det var en Henrik Finde som ble prest i Førde, og denne var visstnok sønn av sogneprest Peder Jørgensen Finde samme sted. Denne Henrik skal være født 1643, og dette passer godt med at han var student i 1662. Og vi vet nå at Henrik Pedersen i Veøy ble nevnt allerede i 1657.Forfatteren foreslår at Henrik Pedersen ble gift med enka etter Rasmus Paulsen Års [fra Aars på Jylland?] i Flovikholm. Hun kan da ihvertfall ikke være mor til Henrik Pedersens evt døtre født rundt 1670 hvis hun var mor til Jakob Rasmussen som var 25 år i 1664.Med hensyn til Henrik Pedersens opprinnelse har han tro på at han var av den gamle Nesjeslekta. Dette har jeg ingen forutsetninger for å vurdere. Han foreslår at Henrik kan være sønn av trelasthandleren Peder Holst hvis festemø i 1613 het Maren Jensdatter. Han sier at Holst betyr skog. Kanskje han tenker på Holz (ved, trelast osv). Jeg trodde ellers at Holst var betegnelse på en person fra Holstein, og etterhvert gikk over til å bli slektsnavn.Forfatteren sier at Henrik Pedersen i 1678 betaler koppskatt for seg og sin hustru + tjenestefolk. Altså ingen barn nevnt her heller. Jeg har lest et sted at koppskatten dette året omfattet både store og små. Det kan jo være en liten mulighet for at kapellanens evt døtre allerede var kommet til slektninger i 1678.Forøvrig kan det kanskje virke som om det var en nedre aldersgrense for beskatning av barn ved familieskatten 1676. Hr Søren Hansen Hagerup i Kvernes er oppført uten barn i 1676 til tross for at han hadde barn på dette tidspunktet, Hans født ca 1672 og Richard født 27/11 1674 (Dahl).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Finn Oldervik

I ein annan debatt (Lenke) her vedrørande Hagerup er det kome følgjande spørsmål:'Til Finn (9) Jeg har studert den lange debatten som du startet i des. 2006 og som du oppga lenken til. Det hersker øyensynlig tvil om hvorvidt Hans Frantzen Stochberg og Anne Hansdatter Hagerup hadde barn. Med referanse til Holtermann, O.: 'Slægtsbog for familien Holtermann', Trondheim 1902 mener jeg å vite at Hasn og Anne hadde datteren Meine Hansdatter Stokberg f. 1689 og g.m. Henrich Henrichsen Holtermann (1603-1708) Henrich var uteliggerborger i Borgund.Om du kunne avkrefte eller bekrefte denne påstanden ville jeg være meget takknemlig om du kunne sende meg en E-mail (olav.aasmundrud@c2i.net)'Det er nok i fleire innlegg nemnd at Hans Franzson Stochberg og Anne Hansdotter Hagerup hadde ein son som heitte Nils, m.a. dette:'Etter dette kan det kanskje ikkje vera for dristig å tru at sagbrukaren Hans Rotgersson g.m. Anne Søfrensdotter (Hagerup?) i Romsdal hadde minst følgjande born:1. Søfren Hansson Hagerup f. ca 1642 (død 24.01.1681). Prest i Kvernes på Nordmøre. G.m. Ingeborg Andersdotter Belter. 4 born.2. Hans Hansson Hagerup f. ca 1644 (døde i 1696). Prest i Kvernes slik som den eldre broren. 6 born i 2 ekteskap.3. Karen Hansdotter Hagerup f. ca 1650. Gift 13.07.1678 på Støren med Jon Erichson Jämt, sogneprest på Støren i Sør-Trøndelag. 1 sønn.4. Anne Hansdotter Hagerup f. ca 1654 (døde 1719). Først gift med Nils Andersson Selnes i Vestnes, Romsdal (Noe usikkert). Gift 2. gang med Hans Frantzson Stochberg på Vågnesholmen (Fransholmen). på Sunnmøre. 1 kjent sønn; Nils Frantzson (skal vera Hansson) Hagerup, sorenskrivar i Moss i følgje Dale.'Dessverre er patronymet vorte feil i innlegget, slik at det har vorte Nils Franzson i staden for Nils Hansson Hagerup.At Hans Stochberg og Anne Hagerup også hadde ei dotter som heitte Meine var ukjend for meg, men kanskje andre kan stadfesta dette.Det høyres forresten lite sannsynleg ut at ho gifta seg med ein person som var f. i 1603. Han måtte i så fall ha vore nærare 100 år gamal når Meine var 14-15 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I følgje denne kjelda av Bjørn Jonson Dale Lenke så er Mein(e) Hansdotter Stochberg ei dotter av Hans i første ekteskapet, og slik ikkje dotter til Anne Hagerup.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Alle opplysningane i stykket mitt om borgarsetet Vågnesholmen i Borgund bygg på skifte, kirkebøker og andre dokumentariske kilder. Ein kunne ellers skrive ei heil bok om denne interessante slekta. Ellers er det heilt visst at Anne Hansdatter Hagerup først var gift med Nils Andersson på Selnes. Eg skulle ha likt å vite meir om den karen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(129:) Mein(e) Hansdatter Stochberg's ektemann Henrich Henrichsen Holtermann (handelsmann på Gamlem) levde såvidt jeg vet 1683-1728. Hvem levde 1603-1708 ? Eller er det (bare) snakk om to skrivefeil i samme slengen ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Henrik Henriksen Holtermann var borgar av Bergen med bustad på borgarsetet Brunholmen i Ålesund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Jens Kr. Morken

Hei alle som strever med slekten Hagerup. Det gjør også jeg, men forvirringen er stor etter å ha lest alle innleggene om slekta.Jeg har kommet over en bok om slekten Hagerup hvor jeg dessverre bare har kopi av sidene frem til side 7, men det holder for min egen del. Boken ble gitt ut i Kjøbenhavn av H. Hagerups forlag i 1902 og heter Familien Hagerup i Danmark og Norge og er ved Sofus Elvius.Etter at det i forordet er redegjort for hvordan boken er blitt til, bl.a. bygger den på arbeider av Pastor Eiler Hagerup og den norske genealog Byråsjef Wilh. Lassen. Bl.a. heter det 'En anden Afskrift af Pastor Hagerups Bearbeidelse kom til Kaptajn Sev. Ræder i Throndhjem, der i 1885 henvendte seg til Boghandler Eiler H. Hagerup i Kjøbenhavn, og disse arbejdede saa sammen; medens den sidste væsentlig beskæftigede sig med den danske Linie, samlede Kaptajn Ræder med overordentlig Flid et meget stort og rigt Materiale om den norske Linie, og dette har dannet et fortrinnligt Grundlag for nærværende Arbejde.'Jeg kan ikke sitere alt, men i forordet er det poengtert at mange slekter og personer som ikke sto i noe som helst forhold til slekten Hagerup hadde tilegnet seg navnet. lassen skriver om en slekt hagerup som man ikke kan finne ut av hva egentlig heter på grunn av den eiendommelige måte vi i Norge betrakter og behandler familienavn på.Slekten Hagerup har i allminnelighet funnet seg i dette, men i et tilfelle stoppået de navnebruken ved å få dom for dette. Det var en 'murer Hagerup' som i 1894 i Trondhjem ble valgt til Stortinget. Det viste saeg at han hadde en tukthusdom på 6 år på seg, og hans egentlige navn kom for en dag da han søkte 'Æresoprejsning'. Han het Hans Sivert Christian Lyngvar. Han var født på Lyngvar 28. april 1856 og var sønn av Anderes Knudsen og Karen Johnsdatter.Han hadde tilegnet seg navnet Hagerup som han syntes var finere enn sitt eget da han tjente hos en Adolf Hagerup i Fronen prestegjeld, Adolf hadde forøvrig heller ikke rett til navnet Hagerup.I forordet er det videre gjort opmerksom på at de mange navn Hagerup somk ikke hører til slekten ikke er tatt med , men med ett unntak for den familie Hagerup som stammer fra biskop Eiler Eilersen(Hagerup) i Kristiansand.Så til saken: Hagerup, en liten landsby i Hjørlunde sogn, Fredriksborg Amt, ikke langt fra Frederikssund, har gitt navn til slekten.Det fremgår av boken at det er to familier Hagerup, den eldre linje som kalles den danske slekt (selv om de fleste og anseeligste medlemmene levde i Norge) og den andre familien som nedstammer fra Eiler Eilertsen Kongel (1718 - 1789) - senere biskop i Kristiansand, som enten i erkjendtlighet overfor biskop i Trondheim Dr. Eiler Hagerup (1685 - 1743) eller fordi 'det var praktisk at bære en anset Families Navn' tok navnet Hagerup.Så kommer det:Stamfaren til den danske slekt Hagerup antas å ha vært en Søren ????. Han hadde to sønner Hans Hagerup og Richard Hagerup.Hans Hagerup levde visstnok i Helsingør i begynnelsen av det 17. århundre og han hadde to sønner.1. Søren var født i 1642 og ble kapellan i Kværnes i Trondhjems stift 18. februar 1669 og sogneprest der i 1675. Han døde 24. nov. 1681.2. Hans Hansen Hagerup f. 1644. Han avsluttet i 1664 latinskolen i Fredriksborg og ble 12. mai 1676 res. kap. i Kværnes og bestyrte som sådan Grip som eget sogn. Da broren sluttet overtok han som sogneprest i Kværnes 8. sept. 1694.Han var gift første gang med Ellen Schøller og fikk 4 barn med henne. (Hun døde i barselseng - uforløst).Som det fremgår kom Hans Hansen Hagerup fra Danmark. Jeg fostår derfor ikke hvordan mange av dere kan operere med hans foreldre til å være norske (far Hans Rickertsen Hagerup og mor Anne Gjertrud Sørensdatter og bestefar Rochert Petersen Falkner og bestemor Margrethe Rotgert Petersons??)Hans Hansen Hagerup 1644 - 1697 var tipp- tippoldefar til Edvard Hagerup Grieg, men det visste dere vel alle sammen.Han var dessuten min tip- tip -tip -tip -tip -tipoldefar, men det visste dere ikke!Kommentarer? Oppklaringer?Jens Kr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Dette er vel ikkje så mykje å oppklara, anna enn at også genealogien gjer sine små framsteg.Også den boka du har kopiert frå må vera bygd på skriftlege kjelder, og kjeldene som desse første granskarane har klart å få tak i gjev forfattarane grunn til konkludera slik dei gjer. Om du les denne tråden her grundig, så vil du sjå at i hovudsak så rimar det med det som den første Hagerup-boka fortel. Men her er granskinga ført vidare, både bakover i tid, samt at ein har funne fram til fleire greiner av slekta. Er det noko særskild du undrast på, så får du stilla konkrete spørsmål, så er det sikkert nokon som vil hjelpa deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jens Kr. Morken

Takk for reaksjon. Da står det til liv her skjønner jeg. Det jeg helt konkret har problemer med er opplysningene i boken av Sofus Elvius om at faren til Hans Hansen Hagerup (f.1644 -ikke 1650 som jeg ser noen bruker)het Hans Hagerrup og vistnok bodde i Helsingør i begynnelsen av det 17. århundrede. Hans far igjen het Søren.Hans og broren Søren (f. 1642) avsluttet latinskolen i Frederiksborg da de begge var 20 år gamle. Dette tyder på at familien bodde i Danmark og ikke i Romsdal hvor de to brødrene senere flyttet til og ble prester der.Nå kan muligens faren til Hans Hansen Hagerup godt ha het Hans Rickertsen Hagerup, men det er rart at han i tilfelle var sagbrukseier i Romsdal når han samtidig skal ha bodd i Helsingør.Hva skal jeg gi slipp på, Danmark eller Romsdal?Jens Kr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Christian Arentz

Iflg Norsk prestehistorie, NST Lenke etterfulgte Hans sin bror først som kapellan, deretter som sogneprest i samme kall, men ikke som sogneprest 8. sept. 1694. Broren Søren skal ifølge mine opptegnelser ha dødd på Kvernes allerede 24 Nov 1681, 17 år tidligere. Dette passer jo også med lenken over. Hvilke datoer er de rette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Som ein start trur eg at eg vil tilrå Jens Morken å lese dei tre innlegga under denne tråden; LenkeEg kan heller ikkje sjå at det er naudsynt å gje avkall verken på Danmark eller Romsdalen. Om den samanhengen som eg skisserer opp i den tråden eg viser til er rett, så har jo Hagerupslekta truleg framleis nære frendar i Danmark. Og kanskje det er nett i Fredriksborg at desse frendane bur? No er det ikkje gjort nokon skikkeleg undersøking av eventuelt nyare kjeldemateriale frå Danmark, så vidt eg veit. Kanskje kan det vera muleg å få nokre svar frå det haldet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jens Kr. Morken

Hallo Christian Arentz.I boken står det om Hans Hansen Hagerup:'født 1644, dimitteret 1664 fra Frederiksborg Latinskole (Johannes Joh. Helsingorensis), blev 12. Maj 1676 residerende Kapellan i Kværnæs og berstyrede som saadan Grip som et eget Sogn; ved Broderens Afstaaelse blev han 8. Sept. 1694 Sogneprest i Kværnæs og bekostede her Prædikestolen med Træværk og Maling samt en Del af Altertavlen forgyldt og malet.'Han døde 3. april 1697 i Kværnes.Dette fant jeg forøpvrig som en kommentar på en annen slektstråd for familien Hagerup Grieg;'Rickert Petersen. I 1569 var han umyndig. Ble handelsmann i Trondhjem, og i 1610 rådmann.'Han slo seg ned i Trondheim som handelsmann. Han var i 1608 byfogd i Trondheim og fra 1610 rådmann. Han var gift og er visstnok stamfar til den velkjente slekten Hagerup. 'Åsvang viser til kjeldene GJ Høibo 'Slekten Falkener - Falch - Falck', Carl Nielsen 'Falch' og oppl. gitt av Alf Kiil.Den eldste sønnen Hans f. 1589 vart så stamfar til Hagerupane på Kvernes, medan Richert vart stamfar til Romsdal-Hagerupane.FamilySearch derimot sier at Richard Rickertsen Hagerup IKKE er sønn av byfogden, men av Richard Richardsen HAGERUP fra Danmark. Det er en liten artikkel om Hagerup i NST bind XXV.'Personlig må jeg tilstå at jeg heller til teorien i FamilySearch og mener at slekten Hagerup kom til Norge med brødrene Søren Hansen Hagerup f. 1642 og Hans Hansen Hagerup f. 1644. Deres far het som tidligere nevnt Hans Hagerup og bodde i Helsingør.Han hadde en bror som het Richard Hagerup. Deres far het Søren,men jeg kan ikke tyde resten. Må få tak i originalen.Men, man skal aldri si aldri. Kan du eller noen andre gi en annen forklaring på at navnet Hagerup ellers dukker opp? Jens Kr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Jens Morken må gjerne tru mest på de minst pålitelige kildene for meg, men han burde kanskje i det minste koste på seg å lese en artikkel om Hagerup i Norsk tidsskrift for Genealogi, personalhistorie, biografi og litterærhistorie Bind III (1926) av S. H. Finne - Grønn. Om denne ikke er fullt så gammel som den litteraturen han helst holder seg til, så kan det kanskje være noen nyttige tips der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Jens Kr. Morken

Hei Finn Oldervik. Dette kan du mye om skjønner jeg. Jeg har selvsagt ikke tatt stilling til noe som helst enda i dette spørsmålet. Jeg stiller bare spørsmål foreløpig og håper på de riktige svarene.Når det gjelder Sofus Elvius starter han forordet i sin bok fra 1902 slik (jeg skriver på norsk):' I det store genealogiske verk 'Danske, Norske og Islandske Jubel-Lærere' som Christopher Giessing utga i slutten av det 18. århundre, finnes en liten stamtavle over slekten Hagerup'Så videre: 'I året 1841 begynte daværende Cand.theol, senere Lic.theol. pastor Eiler Hagerup, mens han lå som Almunus på Borchs Kollegium å bearbeide Giessings stamtavle.'Elvius bygger altså på arbeider fra en god stund før 1902.Slik jegt forstår deg mener du at slekten ser slik ut fra starten av:I Rochert van Valckenier f. 1465 HollandHans sønn: Adrian Rochertsen Falkener. Gift med Margrethe Pedersdatter FosnesDeres sønn: Peder (Petter?)Adriansen Falkener. Gift med Gunhild Sigurdsdatter.Deres sønn: Rochert Petersen Falkener.F. ca. 1560. Gift første gang med Margrethe Rotgert Petters(datter?) Gift andre gang med Anne Margrethe Hansdatter Hagerup.(Datter av Hans Hagerup f.ca. 1545)Rochert hadde ikke barn med Anne.Rochert og Margrethe fikk sønnen: Hans Rickertsen Hagerup (Noen steder finner jeg f. 1589 og noen steder f. 1605)Jeg regner med at 1605 er riktig siden han fikk sønnene Søren og Hans i henholdsvis 1642 og 1644.Han var gift med Anne Gjertrud Sørensdatter Remmen.Mitt problem er hvorfor barn av Rochert Petersen Falkener og Margrethe pluttselig dukker opp med etternavnet Hagerup som var etternavnet til Rocherts andre kone som han iukke fikk barn med?Det synes jeg ikke å finne noen forklaringer på.Da stemmer det bedre, iflg. Elvius, at Søren og Hans var sønner av Hans Hagerup som levde i Helsingør. Dette forklarer vel også hvorfor de begge gikk på latinskolen der.Det er der jeg nå står og håper noen kan forklare dette for meg og gjerne bekrefte forståelsen av den anførte linje beskrevet ovenfor dersom Elvius stamtavle ikke er den rette. Jens Kr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg har mest tru på reserveløysinga til Finne-Grønn, dvs. at det er konene til dei to Richart-sonane, Richart og Hans, som kjem med Hagerup-namnet. Konene var ganske sikkert døtre til presten, Søfren Andersson i Bud i Romsdal og denne karen skulle så vera frå Hagerup.Eg vil difor rå deg til å lesa denne tråden Lenke grundig først, så får du spørja etterpå

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...
Gjest John H. Aarønes

Hei!Dette er vel noko på sidan av debatten, men då det er gått nesten eit år sidan siste innlegg så tek eg sjansen ..Den Ole Danielsen som er nemnd i Hornemanns tavler - innlegg 65 - må helst vere den same som Olle Danielsen Storholmen (Hustad) gift med Karen Bendixdatter (Male)?Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har sett litt på dette og truleg har du rett i at Ole Danielsson i Hornemanns tavler er identisk med Ole Danielsson på Storholmen. Noko prov kan eg ikkje leggja fram, men Isak Danielsson, gjestgjevar og uteliggjarborgar på Korness i Halsa hadde ein son Arne (Arnt) Isaksson som eg ikkje har funne ut kvar held til. Det er mykje sannsynleg at det er han som er nemnd som ein arving etter Ole Danielsson på Storholmen. Han vart i tilfelle brorsonen til Ole. Arnt hadde m.a. ei syster, Lisbeth som var gift med Frantz Augustus Krøger i Bergen og det finst også ein tråd her på forumet som omhandlar denne Frantz og den næraste etterslekta til han og kona.At andre mannen til Karen Bendixdotter Male, Anders Hansson Juul f. ca 1658 (skifte 20.03.1710 i Romsdal skifteprotokoll) var son til Hans Eriksson Juul på Sogn i Tingvoll har du truleg fått med deg. Farfar til Hans var som kjend Aukrapresten Peder Andersson, medan mora (eine kona til Erik Pedersson Juul på Gyl) helst var dotter til presten i Bud, Søfren Andersson (Hagerup?). I tilfelle var denne mora truleg syster til lensmann i Halsa, Christen Søfrensson Halse som igjen var stefar til Ole Danielsson på Storholmen. Dette under føresetnad om at samanhengen er slik som vi trur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Av Hornemann (innlegg #65) framgår at Isak Danielsen Hals (død 1687) ble gift for 2. gang med Anne Henriksdtr sal[?] Jens Laurensen (f. ca 1651, 50 aar i 1701).Såvidt jeg skjønner fikk Isak (3 ?) barn (Arnt, Lisbeth og Barbara) med sin 1. kone Anna Catharina Arntsdatter Hals (c1645?-1678) i perioden c1671-1677, og senere (5 ?) barn (Daniel, Anna Sophie, Henrik, Augustinus og Anna Cathrine) med sin 2. kone Anna Henriksdatter Aksetvik (1647-1716) i perioden c1681-c1687(?).Anna Henriksdatter's tidligere (?) mann Jens Laurensen/Larssen/Lauritzen (Krabbe) skal altså ha vært 50 år i 1701, og døde såvidt jeg vet på Tustna i 1710.Hvis årstallene (tidsperiodene) angitt ovenfor stemmer, kan altså ikke Jens Laurensen ha vært 'salig' da Anna Henriksdatter ble gift med Isak Danielsen Hals.Enten er det altså noe feil her, ev. noe jeg har misforstått alvorlig, eller så var Jens Laurensen skilt fra Anna Henriksdatter, eller han var gift med Anna ETTER Isak, og ikke FØR ! (Kronologien skulle egntlig tilsi det siste; Jens er tilsynelatende ca. 10 år yngre enn Isak, eller kanskje enda mer !).Hvem var egentlig denne Jens Laurensen, og hva slags yrke hadde han ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Av Hornemann (innlegg #65) framgår at Isak Danielsen Hals (død 1687) ble gift for 2. gang med Anne Henriksdtr sal[?] Jens Laurensen (f. ca 1651, 50 aar i 1701).Såvidt jeg skjønner fikk Isak (3 ?) barn (Arnt, Lisbeth og Barbara) med sin 1. kone Anna Catharina Arntsdatter Hals (c1645?-1678) i perioden c1671-1677, og senere (5 ?) barn (Daniel, Anna Sophie, Henrik, Augustinus og Anna Cathrine) med sin 2. kone Anna Henriksdatter Aksetvik (1647-1716) i perioden c1681-c1687(?).Anna Henriksdatter's tidligere (?) mann Jens Laurensen/Larssen/Lauritzen (Krabbe) skal altså ha vært 50 år i 1701, og døde såvidt jeg vet på Tustna i 1710.Hvis årstallene (tidsperiodene) angitt ovenfor stemmer, kan altså ikke Jens Laurensen ha vært 'salig' da Anna Henriksdatter ble gift med Isak Danielsen Hals.Enten er det altså noe feil her, ev. noe jeg har misforstått alvorlig, eller så var Jens Laurensen skilt fra Anna Henriksdatter, eller han var gift med Anna ETTER Isak, og ikke FØR ! (Kronologien skulle egntlig tilsi det siste; Jens er tilsynelatende ca. 10 år yngre enn Isak, eller kanskje enda mer !).Hvem var egentlig denne Jens Laurensen, og hva slags yrke hadde han ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(Finn/144:) Du omtaler Anders Hansson Juul som ''andre mannen til Karen Bendixdotter Male'', men kronologisk var han vel den første ?Jeg har tidligere notert at Anders døde 20 Mars 1719, men du skriver at skiftet var 20 Mars 1710. Er det du eller jeg som har notert feil ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Jeg har notert at Ole Danielsen må ha vært død før Januar 1688 da han ikke skal ha vært nevnt i skiftet etter broren Isak.Nå leser jeg (i debatten det henvises til i innlegg #143) at skiftet etter Ole fant sted den 26 August 1695. Når døde egentlig Ola ? Stemmer det at han ikke er nevnt i Isak's skifte ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Fredly

Hei! Ole Danielsen var formynder for flere av barna til Isak ved skiftet etter ham, så han var nok i live ja:-) Ellers så har John Aarønes lagt ut spørsmål etter Arent Isachsen (Hals?) på dis, under Halsa på Nordmøre. Det skulle vel egentlig vært opprettet et eget tema for Hals-slekta her på digitalarkivet.Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Kjell, i den debatten du henviser til på DIS Slektsforum (Lenke) besvarer du faktisk spørsmålet mitt i innleg #145-146 om rekkefølgen på ektemennene til Anna Henriksdatter Aksetvik (1647-1716).Dette skulle tilsi at det hvis Hornemann har skrevet 'sal' om Jens Laurensen da Anna ble g. med Isak Danielsen Hals så må vel dette være feil (ref. inlegg #65), da det tvert om vel var Isak som var 'salig' da Anne giftet seg for 2. g. m. Jens Laurensen (Krabbe).Ellers er det ganske forvirrende at Isak Danielsen Halse (død 1687) (som har navnet sitt fra Halsa gård (på eidet mellom Skålvikfjorden og Halsanaustan, ferjeleiet mot Kanestraum) blir boende og dør på gården Hals på Tustna (tvers over for Korsnseset på Halsa(!)-halvøya), som altså sønnen Daniel Isakson Hals (!) (fra 2. ekteskap) overtok. Altså to helt adskilte og ikke-relaterte Hals/Halsa/Halse like i nærheten av hverandre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.