Gå til innhold
Arkivverket

[#57287] Ole Fartegnson Tveit, kalt 'Ole Bagge'


Gjest Leif Erik Otterå
 Del

Recommended Posts

Gjest Ole Gilje Dale

Christian. I 53 nemner du at Samson Lodinsson er bestefar til Herborg og Gusskalk. Viser grensetvistesaka dette? Elles nemner Lars Kindem at Gusskalk først er nemnt i 1580 og at det først i forliksak i 1612 og i ei tingsak i 1690 er nemnt at Gusskalk og Herborg var syskin. Elles trur eg at Lars Løberg og Tore Vigerust får store vanskar med å kvitta seg med Samson Fartegnsson d.y. på Linga, sidan han er medeigar i Amla gard og aktiv i rettsakene om Amla t.d i 1599.helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Gjerstad

Til innlegg(101)Ole G.D.Eg har følgt med i denne deb. ei stund, og vil koma med ein merknad til dette siste innlegg, der du nemner at L.Kindem seier at Godtskalk først er nemd i 1580. L.K. gav ut sine bøker på 30-talet, og viste såleis ikkje om dokumentet frå Øyarhamn 1564. Olav Kolltveit skriv i Hardanger historielags tidsskrift 1940, side 139-140 m.a. 'Ein har lengje vore samde om at Godskalk Samsonson på Sundal og Herborg Samsonsdtr. på Linga, kona til Samson Fartegnson, var syskjen og arva Øyarhavn etter far sin. Men då ein ikkje har visst meir om far deira enn at han heitte Samson, har eldre slektsgranskarar kalla han og for Samson Fartegnson og fått til den merkelege konstruksjonen med ein eldre Samson Fartegnson Ænes som vart verfar til den yngre Samson Fartegnson Linga. Det er sume som har hatt vanskeleg for å gi avkall på denne fiksjonen, men det dokumentet(Øyarhamn 1564,min merkn.)som ovanfor er sitert syner oss at den eldre Samson heiter Ludvigson. Dette gir også løysinga på korleis Ludvig-namnet er kome inn i Linga-slekta.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Arne Gjerstad. Fint, du forklarar dette bra, men du vil sikkert skjøna kvifor eg er så påtrengjande her. Samson Lodinsson har ikkje Øyarhavn etter 1563 og oppgjeret etter far til Gusskalk og Herborg kjem først etter 1600.Ænesgodset går att i desse slektene. Kanskje du kunne rekna opp eigarar av Ænes?. Finna feil i opplysinga nedanfor?.Ca 1430 -åra ser det ut til at Brynhild Josefsdotter og Kristine Toraldedotter åtte Ænes med ein halvpart kvar. I 1563 var ein Haldor Samsonsson oppført som eigar, ikkje Samson Lodinsson. Før 1563 budde ein Fartegn Masson på Ænes. Irriterande er det også at Kristoffer Trondsen åtte Ænes og også Spildo i Granvin. Men det nyttar liksom ikkje utan vidare å ta livet av desse heller. helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Gjerstad

Til (103)Eg kan ikkje sei at eg sit med tilgang over orginalkjelder, men i følgje Kvinnherad bd.2. under Ænes står følgjande som eigarar.1.'Hustru' Brynhild Josefsdotter og Holte Jonson med 1/2 part kvar.2.Aslak Bolt kjøpte dette av dei i 1430-åra.3.100 år seinare er det i Olav Engelbrektson si eige (så vert det vel konfiskert av Kongen 1537)4.I 1556 fekk Kristoffer Tronds Ænes m.fl. gardar for sine bragder på sjøen.5.Dottera Anna (skottefrua) hadde så Ænes som sin setegard til systersonen Axel Mowat overtok.Eg kan ikkje finna Haldor Samsonson som korkje eigar eller brukar av Ænes.Samson Lodinson har 'sjølvsakt' ikkje Øyarhamn etter 1563, for han vart slegen i hel det året, eller året etter. Det er difor Godskalk tek opp til tings eigedomsgrensene til Øyarhamn i 1564, for å gjera klart kva faren eigde.Det 'skifte' som skjedde etter 1600, var ikkje etter Samson Lodinson, men etter etterkomarane til Godskalk og systera Herborg.(1612 om eg ikkje hugsar feil)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Leif Erik. Det vart liksom så merkbart stille ei stund. Men etter siste innlegget her(104) har eg lese oppatt ein god del, og vågar meg med fylgjande: 'Chr. Trondsson hadde Spildo i 1556. Lars Nilsson Nes fekk Spildo i 1660 og fekk yttarlegare deler av godset seinare. Kven åtte Spildo i tida mellom 1556 og 1660?.Lars Nilsson si bestemor, Magdalena Samsonsdotter Linga, fekk Spildo i 1634. Ho var dotter til Herborg Samsonsdotter og Samson Fartegnsson d.y Linga.Så er spørsmålet: Hadde Samson Lodinsson noko med Spildo å gjera? og kunne han i det heile vera far til Gusskalk(n. 1580) og Herborg?.'Førebels held eg meg til Sollied(Losna) og Kindem. Venleg helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Handeland

Hei OleSnodig at du nevner dette.Jeg tenkte nettop på hvorfor Fartegnsætten satt med Spildo Øvre.Spildo var tidligere eid av Finne ætten.b.I s.294 Sammendrag: Jon Throndssön, Provst paa Vangen paa Voss, og tre Andre vidne, at Botolf Endridssön og hans Hustru Elin toge igjen den Del af Gaarden Spildar i Anger, som Steingrim paa Mo havde kjöbt af Elin i hendes umyndige Aar. (jfr. No. 254. 385). Kilde: Efter Orig. p. Perg. i norske Rigsarkiv. De 4 Segl mangle. Nummer: 383. Dato: 26 Februar 1364. Sted: Finnen.b.I s.377 Sammendrag: To Mænd vidne, atOlaf Gunnarssön og Holrod Halsteinssön gaveAsa Havardsdatter et Vidnesbyrd om Gaarden Spildar.(jfr. No. 254. 383. 385.) Kilde: Efter Orig. p. Perg. i norske Rigsarkiv. 2det Segl vedhænger.Nummer: 514. Dato: 27 Mai 1389. Sted: Finnen.Hele Spildo var vel opprinnelig eid av Eirik Bokke men deler av gården havnet på Linga så en kan undre om Samson navnet skriver seg fra Finne ætten ?Kanskje Samson Bottolvsson Finne er mannen som er stamfar til Spildo folket ? Han var sønn av Elin Villiamsdatter og Bottolv Eindresson trolig fra Kvam.Hafslo.Lærdal(Bottolv ble 2 gang gift med Åsa Håvardsdatter som er ei trolig datter av Håvard Halldorsson Vinsand-Leidal og ei datter av Arne Jørundsson Rev (Foss i Hjelmeland) og Sigrid Hallsteinsdatter Ringheim.)Så på godt norsk ser det ut til at Stjørdalingen Lodin Hallsteinsson ble gift med ei datter av en Samson fra Spildo og da er det fristende å plassere Samson Bottolvsson fra Finne nettop der.Men dette er jo sålangt bare ett fristende luftslott å forholde seg til.Det var forresten en Arnfinn Samsonsson tilstede ved Torsnes skifte i 1497.Kanskje var han Lodins svoger ?(Utdrag fra skiftet.) thesser dande men Endrider haffuardzsson Anfinnur sampsonsson gunnar haffuardzsson lodhen halsteinssonMvh Knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Knut. Finne-Spildo-Ænes.I 1338 makeskifter Erlend Karlshovedsson på Voss Spildo mot 'løn' med Erik på Finne.Åsa Håvardsdotter fekk'vitnesbyrd' om Spildo i 1389(ditt siste innl.Brynhild Josefsdotter åtte 1/2 Ænes i 1430. Brynhild var dotter til Josef Karlshovedsson.Ta ein titt på 51153. helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Knut. I 'Hardanger' 1933 skriv Olav Kolltveit 'Norheimsætti 1250-1600'. Les det og kanskje kjem du noko nærare spørsmålet ditt om Fartegnsætta.Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Knut. Det er utruleg at så mykje er uklart her. Så langt held eg meg til Lars Kindem når han viser til sakspapir o.a. Lars Nilsson Nes fekk Øvre Spildo etter bestemor si. Ho heitte Magdalena Samsonsdotter. Foreldra hennar, oldeforeldra til Lars Nilsson Nes, var Herborg Samsonsdotter og Samson Fartegnsson d.y. på Linga. Dersom far til Herborg og Gusskalk, bror hennar, var Samson Lodinsson, er det umogeleg at dei kunne ha rett til Spildo. Spildo kom frå Seim-folket?, ikkje frå Samson Lodinsson?. Gusskalk kunne kanskje det, med gifte, men ikkje Herborg.Elles bør ein kunna forklara kven Gusskalk Samsonsson trettar med om beiteretten.Har du feri,tru, og sit kånena i skuggen under plommetrena?. venleg helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Arne Gjerstad. Dersom Gusskalk Samsonsson ville ha godkjent grensene for beiteretten,så var det vel fordi det fanst grenser og at han hadde ein motpart? Elles er det fleire meiningar om kven Herborg Petersdotter Torsnes var gift med. helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Gjerstad

Til 110.Når personar som O.Kolltveit vert forkasta til fordel for Kindem, så er det vel lite mine meiningar som 'novise' har å bety i denne samanheng.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Arne Gjerstad

Til 110Er du vorten noko visare når det gjeld dette temaet?Det står mykje om Spildo-eigedomane i Hardanger,1948,1950,1951 og 1952.Arne:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ole Gilje Dale

Fint Arne. Du kan sikkert då finna ut om oldemora til Lars Nes på Spildo. Kanskje er det gjennom henne at Spildo er komen inn.Altså, ikkje med Samson Fartegnsson.Sjå under innlegg nr. 5, seglet til Samson Fartegnsson på Linga. Samson Fartegnsson på Linga døydde i 1630- åra? Han hadde odelsrett i Amla gard i Kaupanger. Sjå Semelengætta sitt engasjement i Amla gard. Samson deltok i kongehyllinga 1591. Men eg kan ikkje finna at han direkte høyrer til Matssønene si slekt. Sjå elles første innlegget her.helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Lars Nilsson Nes fekk noko av Spildo frå bestemor si på Linga. Han flytte då til Spildo. Seinare var han eigar av både øvre og nedre Spildo. Eg går ut frå at du finn dette i skrifta du nemnde under 112. Christoffer Tronds var eigar av deler av Spildo og andre gardar, som også Fartegn Matsson på Ænes var eigar av. Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Gjerstad

Hei.Til 113,114.Mykje av det Lars N.Nes-Spildo eigde av Spildo gardane, var kjøpegods.Den 4.mars 1648, sel Giermund Laurssøn på Houyen (Haugen) i Graffuen på vegne av si mor, Gertrud Tostens datter hennes odels jordepart i 'Øffre Spylde' med skuld ETT PUND SALT. Kjøpar er Niells Brønnylldssøn.Den 17.mars 1675, sel Caren Søffrensdatter Sahl Mag. Arnolør De Fine`s effterlefuersche, EN HALF LØB SMØR i Øffre Spielde, til Laurits Nielssen.Den 8.juli 1675, sel Ranveig Brynilds datter på Frøssuig i Ullensuang, ein odelspart på 3 MARK SMØR i Needre Spilden, til Laurids Nielsen.Den 3.oktober 1668 sel Axel Wrop Till Belteberg R, og RR. til Laurits Nelsen, EN HALFF LØB SMØR i Øffre Spilde.(Denne gardpart, m.fl. hadde han fått av kongen).I 1688 handlar Lars N. Spildo m.a. 1 laup smør, 3 laupar salt i Nedre Spildo.I si rekneskapsbok, har L.N.Spildo omlag 1688 notert følgjande, paa Mit Odelsgods i Øffre Spilde 3 LØBER SMØR. I Nedre Spilde første tun 2 LØBER SMØR, i Andet tun 1 LØB SMØR, 3 LØBER SALT.Dette er ein så lang og detajfyld artikkel om jordegodset til L.N.Spildo, at eg anbefalar å lesa den.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Godt arbeid ,Arne. Det første kjøpet du nemner, er til Nils Brønnylldssøn(Brynjulfsson). Nils er far til Lars Nilsson Nes. Lars kom til Spildo i 1660.helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Arne. Etter bestemor si, Magdalena Samsonsdotter (Linga-Nes), overtok Lars Nilsson Nes, Spildo, 2 1/2 laup smør i Øvre Spildo. Dette må vera det Seimsfolka overtok etter Christoffer Tronds. Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Christian Arentz

Ole,iflg. 116 kjøpte Lars 1/2 løb smør i Øffre Spilde 3. okt. 1668 av Axel Urup, og 1/2 løb smør i Øffre Spilde 17. mars 1675 av Caren Søffrensdatter, Sahl Mag. Arnoldus De Fine`s effterlefuersche. Dermed kjøpte han tils. 1 løb smør, og må siden han selv ca. 1688 sier 'Mit Odelsgods i Øffre Spilde 3 løber smør' ha hatt 2 løper smør fra før, ikke 2 1/2.Hvordan vet vi at han overtok 2 1/2 løp smør i Øvre Spildo fra bestemora, og ikke bare 2, og hvor skal isåfall det resterende 1/2 løpet ha blitt av før 1688?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Gilje Dale

Ja, datta va` morro(min dial.) Eg held meg til mine tidlegare notatar: I 1695 er Lars eigar av 2 1/2 laup smør,13/19 hud, 1/2 laup salt i øvre Spildo.Ved skifte i 1716 etter Lars var notert: 1 1/2laup, 21 3/4mrk. smør i øvre Spildo.(Som tillegg er notert at 1 laup og 3 mrk smør av øvre Spildo var selde til sonen.)Nærmare kjem ikkje eg, men min ane, Kristi d.e., fekk Norheim, Øystese.venleg helsing Ole

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Nils Brynjulvsson Nes er oppført med 2 lp. 1/2 pund sm.1 hud i øvre Spildo i 1653, mens Peder 'Giede' , regner med det er P.Gjerde Strandebarm, far til Engel er ført med 1/2 pd.sm.1gsk.Ved skifte etter Lars Nilson i 1717 hadde boet 1 1/2 lp. 21 3/4 sk. i Øvre Spildo. Sønnen Nils hadde fått 1 lp. 12 sk. Det var 7 barn. Ref. O. Olafsson. Granvin.Jeg kan legge inn en forespørsel om skiftet på arkivforum.Noen av barna finnes i kirkebøkene for Ulvik, feks Marita Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Boet etter Lars Nilsen eide også 1 laup smør, 3 laupar salt i Nedre Spildo. Her eide Saksbjørn Oma 3 spd.sm.1 gsk.i 1653. Samme ref. dvs. O.Olafsen. Granvin i fortid og nutid, udgivet av en dertil nedsat komite.Det finnes selvfølgelig andre eier i både Ø. og N. Spildo, herunder kirkeparter, og den delen som inngikk i Finnegodset/Giske godset som kom i Hannibal Sehesteds besittelse i 1648.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Christian Arentz

Takk for info, Karin. Jeg har tidl. notert bare 3 døtre: Madli og Kristi g.m. h.h.vis Johannes og Sjur Larson Erdla (brøder), og Guro g.m. Åmund Karsson Aga-Bu. Har dessverre ikke tilgang til O. Olafsson, Granvin. Har du flere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Jeg har lagt inn forespørsel på arkivforum, slik at vi forhåpentligvis får de rette navnene på barna.Forøvrig kan det ikke være tvil om at at den ene parten i Spildo må ha kommet gjennom Magdalena Samsonsdatter,dvs. datter av Samson Fartegnson g.m. Nils. Brynjulvson Nes.iom diplom som dokumenterer at hennes søsken selger henne sine parter i Spildo.På den annen side kan Lars også ha fått en part gjennom sine kone. Såvidt jeg husker giftet Peder Sigurdson Øyerhavn seg med en enke Guri Gotskalksdatter fra Mauranger, som hadde flere barn med sin første ektefelle Gudmund, bl.a.en datter g.til. TveitDet som er interessant er at Velkenhornet som stammer fra Island, kan ha tilhørt Hans Eggert Nordbagge, mulig sønn av Eggert Eggertson , lagmann i Viken. Dette pga. at det er inngravert en enhjørning på hornet. På dette hornet finnes innrisset følgende navn, Anders Engelson, Gunhilda Olsdatter 1619, Peder Sjursen (Øyerhavn?)Guro Andersdatter. Det er vel ikke utenkelig at Peder Sjursen kan ha vært g. 2 ganger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.