Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Torleiv Imingen

Hei. Ja det stemmer. Finner ingen Johan døpt i 1881 kirkebøkene for Solum. Er jeg på villspor når det gjelder geografien? Torleiv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Åse Emilie Øy

86. Jon Halvorsson NYLAND ble født den 1875 i/på Kyrkjevollen, Brunkeberg, Kviteseid, Telemark, Norge og døde den 1935 i/på Nyland. Han ektet Aase Olavsdotter MEINSTAD Datter av Olav Halvorsson MEINSTAD og Birgit Olavsdotter BRATTERUD den 1896. Hun ble født den 1866 i/på Kyrkjebø, Kviteseid, Kviteseid, Telemark, Norge og døde den 1943 i/på Nyland. Barn av Jon Halvorsson NYLAND og Aase Olavsdotter MEINSTAD: 119. i Halvor Jonsson NYLAND B:1897 Meinstad 120. ii Birgit Jonsdotter NYLAND B:1898 Lårdal, Tokke, Telemark, Norge iii Olav Jonsson NYLAND B:1903 Solberg, Midtsund, Kviteseid, Kviteseid, Telemark, Norge D: 1931Kan dette vere familien til Johan? Han er i tilfelle eldre enn dei, men det stemmer med namna på søskena. Dette eg har funne her står om Kosi i bygdeboka for Kviteseid, som ligg på heimesida til Kviteseid kommune og er digitalisert. Kan mora ha vore ganske ung då ho fekk Johan?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Flaten

Jeg tror ikke dette er familien til Johan.Jon og Aase ble gift 6/11-1896 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5629&uid=ny&idx_side=-158>Lenke og det ville jo være rart om de først fikk Johan mens hun var 14,5 år gammel for så å vente i 15 år med å gifte seg og skaffe seg flere barn.Det ville også være underlig om de kalte sønnen Johan mens faren het Jon (John).I FT1900 står det at Aase ble født i 1868, men det er vel riktig at hun ble født 2/10-1866.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Åse Emilie Øy

Johan var veldig god på ski. Han deltok i lokale skirenn. Heime hadde dei vore av garde og sett på han fleire gonger. Alltid var det Johan som stakk av med 1. premien.Han hadde ein spesiell måte å gjere det på. Han var veldig sterk i motbakke, og det visste han å utnytte. Først i løpet låg Johan bak i feltet og lurte. Så snart det kom ein bratt motbakke, sette han inn støytet, for som ei kule opp bakken og strauk forbi alle saman. Deretter leia han inn til mål. Dette gjentok seg kvar gong. Når dei fortalde dette heime, så avslutta dei alltid med å seie at det kom vel godt med at han var liten og lett, når han skulle opp bakkane.Men det må nå ha vore andre ting også, som gjorde at han var så god. Han må ha vore ein spreking.Foto: Min bestefar, Tellef H. Øi.

bilete9636.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Dette biletet er tatt i tidsrommet 1910 - 1926.Johan gjekk med svart hatt. Han hadde mørkt hår og bart. Han hadde heilt lyseblå, nordiske augo, og lys hud.Når temperaturen begynte å stige, knepte han opp skjorta, slik biletet syner. Vi fekk då sett at han hadde mykje hår på brystet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Han står i alle fall i folkeregisteret med namnet Johan Kåsa og med fødselsdato 27.05.1881 og dødsdato 31.05.1971, men det står ikkje så mykje meir enn det. Berre personnummeret, at han var ugift og at bustadkommune var Åmli når han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Den mest sannsynlege kandidaten for å vere søstra hans er Birgit Kåsa, f. 20.10.1884 og d. 28.08.1970. Siste bustadskommune Tokke. Enkje når ho døydde. Ingen opplysningar om born.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Ja, sikkert. Logisk kortslutning hos meg etter å ha konkludert med at Olav og Halvor er det altfor mange av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Bjørn Darrud

Hei,iflg kirkrbok for Skafså i Mo for perioden 1870 - 1890 er navnene Halvor, Olav, Birgit og Johna relativt vanlige.Det er en Karl Johan som er født 24.5. 1881, sønn til Verksarbeider Niels Christian Olsen og Anne Marie Andersdtr. LenkeDet er 2 andre 'Johan' som er skrevet inn bare på disse to sidene.Jeg har funnet mange Birgit/Halvor døpt i 10 års perioden før og etter, men de har ikke samme far og/eller mor.Mvh Ole Bjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

HeiDet ville vere logisk at Karl Johan, f. 24.05.1881, var ei feilskriving, då 4-tal og 7-tal lett kan bli forveksla.Men held du fram i boka, så vil du finne at Karl Johan får søsken som ikkje stemmer med vår Johan.Det er ikkje alltid lett å vere slektsforskar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan er funnen registrert som Johan O. Kåsa. Far er kanskje Olav Kåsa?Johan snakka dialekt, og det gjorde han på ein trygg måte, det vil seie at han er 'innfødt' der han har lært å snakke.Eg har hatt konsulent på dialekten, og vedkomande garanterer at Johan er frå Vest-Telemark. Men det er berre litt skriftleg materiale som er grunnlaget for denne konklusjonen. Dialekt er også veldig mykje tonefallet, eller musikken i språket, om du vil. Eg er ikkje særleg god i dialektar frå Telemark, men er det nokon som veit ein stad der ein kan høyre eksempel frå div. bygder?Eg hadde ei venninne i Vinje, og det er lite truleg at han er derifrå. Så gjekk eg på skulen saman med ei frå Høydalsmo, og det trur eg faktisk kunne likne på Johan sin dialekt. Nå er dette så lenge sidan, at eg føler meg på djupt vatn.Men Johan hadde ein karakteristisk måte å snakke på, han gjekk gjerne opp i tonefallet der vi går ned, så han skilde seg ut frå oss på ein måte som var lett å legge merke til. Kanskje vi kunne finne ut kvar han hadde dialekten sin frå?Skafså og området rundt Bandak er heilt ukjent for meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Du skriv at det 'finst litt skriftleg materiale', kan du skrive det av her?helsing Gro Berit (utflytta seljording)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Samuel Halvorsen

Tilgi meg for at jeg bryter inn. På 60 tallet bodde jeg inærheten av en som het Knut Langvannskåsa,og jeg mener bestemt at han sa at far hans het Johan Kåsa.Knut mener jeg også å huske vokste opp inærheten av Drangedal. Mvh.Jan S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Samuel Halvorsen

Bdato Bår F R Gnr B Gravsted Kommune Kirkesogn Korr 1863756 Knut Langvannskåsa 1008 1978 001 09 3 Tanum Larvik Tanum Mvh.Jan S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei Gro Berit!Dette med 'skriftleg materiale' er berre nokre småstubbar eg har laga sjølv. Eg gjorde det for å ha som døme på språket hans. Det var ikkje meininga at det skulle vere offentleg. Men her kjem ei historie, den må vel kunne bli offentleg:Ein gong var Johan og veda i skogen like ovanfor jordskanten. Han fekk lov å ta den veden han ville ha. Onkel Halvor Fiskvatn møtte han på den indre gardsvegen med trillebår. Og bikkja sat veldig stram og fornøyd i trillebåra, med ein svart sokk på den eine foten, og vart køyrd heim. Onkelen min stoppa og snakka med Johan. Då ville Johan forklare han kvifor han køyrde rundt med bikkja i trillebåra. 'Ho heve højje seg!' sa han.Onkel Halvor lo godt når han fortalde dette. Ein kan vel ikkje heilt tru at bikkja hadde vore på hogst og svinga med øksa så ho hadde hogge seg. Det måtte vel vere Johan som hadde sneia inntil henne. Og så med ein svart sokk på labben. Vi hadde vel helst høyrt at det skulle vere noko sterilt over eit sår, og at det her hadde vore betre med ingenting.Men bikkja var snart like god.Med denne setninga 'Ho heve højje seg!' er det munnleg ganske stor skilnad på vårt 'Ho he hogge seg'. Når vi seier setninga, så held vi tonefallet først nokså jamt og går ned på seg på slutten. Johan legg tonefallt høgare og går opp på seg på slutten. Det kjem ganske kontant!Når det var Johan som sa det på sitt mål - så blei det for oss ei mykje meir artig historie enn det elles hadde blitt - og dette kjem ikkje fram skriftleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Samuel Halvorsen

Beklager.Ble sendt tilbake i tid,og når du nevner det med og fortelle historier,så var denne Knut jeg kjente helt utrolig. Mvh.Jan S

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Når det var ein person Johan hadde fått nok av, sa han: 'Han æ som hestelurten, han æ alle stader.'I gamle dagar brukte dei mykje hest, og hesten stoppa og gjorde ifrå seg der det passa, så det var hestelort over alt.Dette er eit gammalt uttrykk som vart brukt mykje heime også, men vi sa lort med o, Johan sa lurt med u.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Samuel Halvorsen

Når noen spørte Knut om hvordan det gikk,sa han alltid: Det e ikkje anten fred og få:) Han hadde mange artige uttrykk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Værnes

Det er (kanskje) verdt å nevne at en John Hansen ble født 27/5 1871 i Tinn. Han har ihvertfall en søster Birgit f. 1864 og en bror Ole f. 1873. Finner ingen Halvor, men navnet er mye brukt i området.I Tinn/Atrå finnes ellers både Høgekås, Låvekås og Storekås.Men det er vel nokså usannsynlig at Johan var 10 år eldre enn det du har informasjon om. Da måtte noen ha regna feil en gang.Tinndøl (fra Wikipedia): «Ho gamle Anne budeie ha siti på stauln i åver førrogtjuge samra. Ho gløå seg gvar vår, te o fekk bukjøyre te stauls mæ kreture. Som regel so hadde o kring tjuge naut og nokon fønåskrotta. Jeita vilde o kje ha, fe dæ æ noko forskrekjele tyras, sa o. Dæ æ narle mykjy å hengje fingan i når n sit på stauln. Har n månge vårbæru, so bli dæ mykjy mjolking og da æ ålaje å fæle se mæ forsakte. Når n ha fæla sem æ dæ æ dæ værste jort, sa o. Me kom no i slik ei kryssju her i såmår da julingen blei so krimsjuk at n måtte vørå inne nokon dågå. Dæ ha vorte reine vesole viss e ikkje ha hatt noko kamfærbrennevin ståndån på våråstyre. Dæ æ umåtele godt te å kurere krimsjukdom mæ måtru.»

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei!Det måtte vel ha vore John Olsen, for vår Johan er også registrert som Johan O. Kåsa. Men dette var eit godt forsøk.Dialektprøva syns eg nok er vanskeleg å klare! Men eg skal prøve å sjå litt nærare på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Har funne lydopptak på internett 'Nordavinden og sola', dialekt frå Fyresdal og Bø i Telemark. Det er ingen av desse. Bø er langt unna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

92. 'Ho heve højje seg!', det blir akkurat som eg sjølv ville sagt. (me brukar og 'hee' el. he).94. Men 'lurt' istaden for 'lort' er ukjent. Har hatt kontakt med 4 andre, ukjent for dei og. Men fekk oppl. om at i dette området (Bandaksli, Mo)så kan det ha snike seg inn svenske ord. Kan sjekke med ei frå Sverige om nokre veker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Dersom det ser ut til å vere dialekt frå Skafså eller ved Bandak ein stad, så er alt Ok.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.