Gå til innhold
Arkivverket

Balchen-slekten. De eldste slektsledd hva vet vi om dem og opphavet til Balchen navnet?


Rune Thorstensen
 Del

Recommended Posts

Dersom vi holder oss til de barna vi i alle fall vet er Berents og den første konas barn, nemlig Absalon, Jørgen, Abel og Malene/Magdalene kan en jo lure litt på om det her KAN være en link til prestefamiliene i Gloppen i denne tiden, nemlig Absalon Absalonsen Beyer og ettermannen Jørgen Abelsen, gift med Lisbeth Absalonsdatter Beyer. Men dette er bare tanker jeg får når jeg ser disse navnene, ikke noe annet. Jørgen Abelsen var vel igjen en sønn av sogneprest Abel Olufsen på Eid (sønn av Oluf Mogensen og bror til sogneprest Mogens Abelsen på Eid) og kona Else Didriksdatter. MEN: Jørgen Abelsen fikk nok ikke barn før rundt 1625 og da blir i alle fall ingen av hans event. døtre aktuelle som ektefelle for Berent Jansen.

 

Vel....dette er bare tanker jeg har, og her tenker jeg altså høyt!

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Sjølve krimgåtehøgtida står for døra, og eg kan avsløre at eit par av gåtene kring desse folka kanskje kjem litt nærare ei løysing i løpet av den stille veka. Som i ein god Agatha Christie-roman har leietrådane vore tilgjengelege heile tida, i dette tilfellet i Norske innlegg på Riksarkivet. Og no er dei fotograferte. Følg med!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da var det sannelig bra jeg kom hjem i tide til å følge med på påske krimmen. Blir det en ny episode hver dag, eller hvordan blir opplegget? Det hadde vært greit med en tidstabell slik at vi kan få handlet inn de rette ingrediensene i rett tid.;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje nokon skal stemmast ut - ? Velkomen tilbake, Rune, som du ser har vi ikkje løyst så mange gåter mens du har vore borte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase og takk for hilsen. Ja, kanskje det er som Idol i samarbeid med TV-2. Det koster 5 kr pr sms og pengene går til et svært godt formål.,,,,,,,,, oss. :-) Her er det bare å følge med.

 

Nei, jeg ser jo at dere har holdt dere stort sett i ro mens jeg var borte, og jeg som trodde dere satt alt inn på å løse gåtene uten min hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God påske, godtfolk!

 

Som de har sett, kunne eg ikkje dy meg for å kome med ein liten teaser på dei filene og innlegget/-a som kjem her no etter kvart. Eg skal med ein gong seie at de ikkje får særleg med svar eller biletfiler i dette innlegget heller, men dei kjem! (Eg jobbar store delar av påska, så litt tålmod må de ha.) Først tenkte eg at eg for eiga oversikts skuld berre skulle lese gjennom heile debatten hittil ein gong til, for å sjå kva for spørsmål som har samla seg opp. Og det har eg no gjort. Korriger meg om eg har utegløymt noko!

 

Det er ikkje kvardagskost at samtidskjelder med eitt dukkar opp og dreg nokre av sløra til sides kring 1600-talsslekter som har vore debattert og omskrive relativt mykje. Det hadde sjølvsagt skjedd før eller seinare i dette tilfellet utan mi medverking, og eg må streke under at eg sjølv ikkje har arbeidd med denne slekta eller regionen før. Derfor har eg ikkje lokalkunnskap utover nokre dagar hos kjentfolk i fagre Gloppen for eit par somrar sidan, – men eg såg tilfeldigvis denne interessante debatten på Digitalarkivet, og kjende att nokre av namna frå gjennomgangen min av Norske Kongebrev. Derfor legg eg meg borti, jf. mitt vesle bidrag med tilvisingar til kongebreva og Norske Innlegg tidlegare i år. Sidan eg bur nære Riksarkivet, kjenner kjeldeserien Norske Innlegg godt og likevel er på Sognsvann med jamne mellomrom i samband med eit bokprosjekt, tenkte eg – kvifor ikkje! Ei spennande og fagleg utfordrande gåte kunne finne si løysing.

 

Så langt eg kan sjå, er dette dei mest sentrale spørsmåla i denne debatten om Balchen-slekta:

  • Brukte Berent Jansen sjølv namnet Balchen? (normeringsfagleg sett er nok det mest korrekte å bruke forma Bernt Janssøn, jf. norma til NST)
  • Kvar kom han frå, og kven var foreldra? I innlegg #4 blir det føreslått hollandsk opphav. I innlegg #5 nemner Rune Thorstensen ein teori om at faren var ein Jan eller Jon Mogenssøn og farfaren ein Mogens Olssøn (evt. Jon Monsson og Mons Olsson, eg har ikkje gått inn i dei lokale kjeldene og veit ikkje om desse var bondefolk eller borgarfolk). Fleire innlegg nemner personar som kan vere identiske med vår mann, men som det ikkje er kjeldefesta at er det. Dette har eg sett bort frå i denne samanheng – det får de som jobbar med denne slekta ta hand om :)
  • Kven var mor/mødrer til barna hans?
  • Kor mange barn kan vi dokumentere?
  • Når døydde han?
  • På kva måte var han (eller mor til barna hans) i slekt med Lisbet Christophersdatter Balchen i Bergen?
  • Kvifor gav Bernt avkall på arv (også) på vegner av barn og ”svograr” (som kan vere det vi forstår med svograr, men like gjerne svigersøner!), dersom det var han sjølv og ikkje kona som var i slekt med Lisbet Christophersdatter?
  • Kva var skyldskapen mellom Bernt Janssøn og/eller Lisbet Balchen til syskena Oluf Mogenssøn og Karen Mogensdatter i Sunnfjord, og mellom ein eller fleire av desse og Karen Cortsdatter?

 

Dokumenta i Norske innlegg kan ikkje gje svar på alle desse spørsmåla, men ganske mange! Slektstilhøva kring Lisbet Balchen var tilstrekkeleg kompliserte til at det vart uro kring arven då ho døydde. Denne uroa kan ho ha føresett, ho kjende kanskje sine pappenheimarar. Både utkjøpet av Bernt Janssøns familie og sjølve opprettinga og den kongelege konfirmasjonen av testamentet er indisium i den retninga. Men ho kunne neppe førestille seg at folk hundrevis av år etterpå skulle diskutere det som skjedde kring ho og slektningane!

 

Meir kjem!

 

 

Lars

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Som du selv er inne på, så er dette et tema som har vært diskutert ofte og lenge. Og det er ofte slik at når man strever med et problem, så ser man til slutt ikke skogen for bare trær. Og her har det vært, ikke bare ett problem, men mange. Og om vi ikke får svar på alle spørsmålene, som du forøvrig på en grei og oversiktlig måte ramser opp, så vil kanskje et svar være tilstrekkelig til at man finner svar på ett eller flere av de andre spørsmålene. Vi er derfor svært takknemlig og ikke minst spent på vilke av de før nevnte spørsmålene du kan gi oss svaret på.

 

Vi kommer garantert ikke til å glemme Digitalforumet i påsken heller. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Øverst på mi ønskeliste står fru Berent nr 1 eller eventuelt 2. Utanfor forum har Rune m fl lansert fleire spenstige kandidatar, og eit svar på dette hadde vore heilt topp. Men vi får berre vente og sjå -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det hadde vært kjekt å få vite navnet på kona, event. navnene på konene denne typen hadde. Vi har vel etter hvert dannet oss et bilde av en mann som ikke kunne ha vært enkel å leve med (mildt sagt), så det hadde vært en liten oppreisning post mortem at navnet/navnene på hans kone® hadde kommet for dagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kjem i alle fall første resultat av pløyinga:

 

 

Desse dokumenta fanst i Norske Innlegg, i eit legg merkt N. 83 Lisbeth Christophersd. Balchen Sal. Hr. Thomas Gilbertsens, Arfebr. Confir. d:n 4 Aug. [1683] . (NRA, Danske kanselli, Norske innlegg 1572–1799, pakke 36)

  1. Avskrift (København, 6. april 1683) av testamentet til Lisabet Christophers datter Sl: Herr: Thomaß Gilbertßenß Eftterlefuersche, dagsett i Bergen 23. januar 1677, med påteikning (Bergen 19. januar 1680) av Elße Jacobs daater på vegner av syskena og morbroren Ole Mogensen, dessutan stadfesting (Bergen, 20. januar 1680) av prestane Jens Hoffman og Jens Jonassøn.
  2. Erindring anlangende Magnus Jacobsens begierte Testamente, utan dato.
  3. Avskrift (København, 6. april 1683) av avtalen mellom soknepresten Thomas Gilbertsen Thamson og Bernt Jansen Balchen Residerende udj Nordfiord i Gloppen fordum borger i Bergen, dagsett i Bergen 17. mai 1670
  4. Innstilling, dagsett i Kanseliet [i København] 16. mai 1683, om Capitain Magnus Jacobßøns førespurnad (Pacquet =innkomen?? 4. mai) om kongeleg konfirmasjon på ett Lisbeth Christophers Daatter Balchen Sl. Hr. Thomas Gilbertßøns Eftterleverske i Bergen hendes egen frivillig udgivne Arvebrev
  5. Søknad frå Magnus Jacobs:, dagsett i København 3. april 1683, om kongeleg konfirmasjon på Lisbet Christophersdatter Balchens egen frjvilig Vdgifuene Arffuebref

 

 

Brukte Bernt Janssøn sjølv namnet Balchen?

 

I (1) avskrifta av testamentet frå 1677 er korkje Lisbet Christophersdatter eller Bernt Janssøn omtalt med slektsnamn. Lisbet har ikkje skrive dette sjølv, det går fram at ho ey kand skrifue. Tru om ho var gamal og skrøpeleg, eller om ho aldri hadde lært å skrive? Det siste verkar lite sannsynleg for ei prestefrue frå Bergen, som neppe kom fra kva fattigmannsheim som helst.

 

I (2) erindringa om søknaden frå Magnus Jacobssøn blir det vist til contract mellem her Thomas gilbertsøn oe sin hustrues Lisabeth Christophersdaatter Balchens eeniste Arfving Bernt Jansen Balchen. Seinare i dokumentet er han nemnt to gonger, ein gong med og ein utan slektsnamnet.

 

Kjelda for denne erindringa er utan tvil (3) avskrifta av avtalen frå 1670. Her kallar den eine av partane seg for Jeg Bernt Jansen Balchen Residerende udj Nordfiord, og dette blir gjenteke fleire gonger. Også dei attgjevne underskriftene lyd Bernt Jansøn Balchen, Jens Berentsen Balchen og Absalon Berentson Balchen, alle med Egen haand.

 

Sjølv om dette er ei avskrift, bør det ikkje vere tvil om at Bernt Janssøn sjølv brukte slektsnamnet Balchen. I dette tilfellet var Bernt Janssøn ikkje berre omtalt i dokumentet, men var truleg sjølv med på å skrive og diktere, dessutan signerte han. Det liten grunn til å tru at ein avskrivar ville føydd til slektsnamnet i ettertid, særleg ikkje om ”oppdraget” var å markere at Bernt og familien ikkje hadde rettmessige krav i buet etter Lisbet Balchen.

 

Det hadde elles vore interessant å sjå ein systematisk gjennomgang av bruken av slektsnamn på 1600-talet. Brukte folk slektsnamnet når dei skreiv sjølve, i større grad enn andre brukte det når dei skreiv om dei?

 

This will be continued...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utrolig interessant!!! Da vet vi altså at Berent Jansøn brukte etternavnet Balchen, og at det var han som var i slekt med Lisbeth, altså hennes eneste arving! Der fikk vi svar på dette som vi har grunnet på opp og ned vegger og tak. I de dokumentene vi har hatt for oss, har det i over 90 % av tilfellene stått kun Berent Jansøn uten slektsnavnet Balchen, noe som vi, i alle fall jeg, tolket som at han selv ikke var en Balchen, og at navnet kunne ha kommet fra konas slekt, noe som vi har sett i mange andre tilfeller fra denne tiden.

 

Tusen takk skal du ha, vi venter spent på fortsettelsen!

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da vet vi altså at Berent Jansøn brukte etternavnet Balchen, og at det var han som var i slekt med Lisbeth, altså hennes eneste arving!

 

Ja, riktig på dei to første - men når det gjeld "eeniste" har nok den ukjende forfattaren av erindringa vore litt i raskaste laget ;) Det vart slurva i byråkratiet også på 1600-talet, og her handla det jo ikkje om statens pengar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm...akkurat! Det forteller meg at du sitter inne med opplysninger om andre arvinger, trolig disse i Sunnfjord som er nevnt i det dokumentet vi har hatt for oss tidligere. Og da vet du gjerne også hvordan disse var i slekt med Lisbeth?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ad innlegg 113 punkt 1. Elise Jacobsdtr. er nok identisk med Elisabeth Jacobsdtr., søster til Magnus Jacobsen og Oluf Jacobsen. Disse tre er de til nå eneste kjente barn etter presten Jacob Olsen Morsing og kona Karen Mogensdtr. De bodde på Gjelsvik i Vefring.

Karen var igjen søster til Olaf Mogensson som bodde på gården Årset i Førde. Han hadde igjen sønnen Mons Olsen som har vært nevnt i forbindelse med disse arvebrevene. Han opptrådte da på vegne av sin far.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, riktig på dei to første - men når det gjeld "eeniste" har nok den ukjende forfattaren av erindringa vore litt i raskaste laget ;) Det vart slurva i byråkratiet også på 1600-talet, og her handla det jo ikkje om statens pengar...

 

Eg må rette meg sjølv her - og gje byråkraten bak "erindringa" ei orsaking. Denne har nok brukt avtalen mellom Bernt Janssøn Balchen og Lisbet Christophersdatter Balchens mann som kjelde. Avtalen er frå 1670, og då galdt framleis Kristian 4.s norske lov - ikkje Kristian 5.s (1687) ! Med andre ord var det meir kompliserte arvereglar, med elleve arvegangsklassar. Så det kan mykje vel vere rett at Bernt Janssøn Balchen var den einaste slektningen i næraste arvegangsklasse, og såleis einaste arving så lenge han sjølv var i live. Eg er ingen ekspert på arvegangsklassene i dette lovverket, men med ein del arbeid vil ein indirekte kunne seie noko om kva for slektningar av Bernt som ikkje eksisterte i 1670. Sjølv nøyer eg meg med å utelukke at han i 1670 hadde heilbrør i live.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har alle med Balchen-navnet samme utgangspunkt. Jeg har en slektning som i en annen grein er av Balchen-slekt, og sikkert interessert i denne diskusjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel ikke helt enkelt å svare kategorisk ja på spørsmålet ditt, all den tid vi vel ikke vet med sikkerhet hvor eller hva navnet kommer av. Det kunne derfor vært greit å få litt flere opplysninger fra deg om din Balchen grein, før vi kan avgjøre om dette er en egen del eller en del av den Balchen slekten vi kjenner til. Jeg kan imidlertid si at en av etterkommerne slo seg ned på sørlandet. Og fra denne grenen ble det utvandring til USA.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var svært interessant. Det er altså ei endring i lovene som kan forklare kvifor det blir usemje om Lisbeth sin arv. Berent er dermed sannsynlegvis nærare i slekt - eller "rettare" i slekt på ein eller annan måte - enn desse frå Sunnfjord. Og svært greit å få slått fast at han skriv seg Balchen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel ikke helt enkelt å svare kategorisk ja på spørsmålet ditt, all den tid vi vel ikke vet med sikkerhet hvor eller hva navnet kommer av. Det kunne derfor vært greit å få litt flere opplysninger fra deg om din Balchen grein, før vi kan avgjøre om dette er en egen del eller en del av den Balchen slekten vi kjenner til. Jeg kan imidlertid si at en av etterkommerne slo seg ned på sørlandet. Og fra denne grenen ble det utvandring til USA.

Dette er som sagt ikke min slekt, men slekten til en fetter. Han lever ikke lenger, men hans sønn har nylig fattet interesse for slekta si. Min fetters far var sønn av Elinor Balchen og Fritz Hoxmark. De bodde på Slemdal i Oslo. Jeg vet ellers ikke så mye om disse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har så langt ikke registrert noen Elinor Balchen, men det høres ut som om dette er av relativt nyere tid. Det er derfor vanskelig kun på bakgrunn av navnet å si om der er en sammenheng. Men om du fremskaffer litt mere opplysninger eller om du ber din fetters sønn om å ta kontakt, så kan jeg se nærmere på det. Min e-post adresse er : rthors@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har så langt ikke registrert noen Elinor Balchen, men det høres ut som om dette er av relativt nyere tid. Det er derfor vanskelig kun på bakgrunn av navnet å si om der er en sammenheng. Men om du fremskaffer litt mere opplysninger eller om du ber din fetters sønn om å ta kontakt, så kan jeg se nærmere på det. Min e-post adresse er : rthors@online.no

Jeg snubler i generasjonene av og til. Det er Fritz sin mor som var Elinor Balchen. Hva faren, het husker jeg ikke. Fritz var gift med min tante.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der var en Elinor Frederike Balchen som var født rundt 1870 i Kristiania. Foreldrene var Lauritz August Balchen født ca 1835 i Kristiansand og mora Pauline Kathrine født ca 1846 på Kongsvinger. Denne Lauritz Balchen tror jeg på en eller annen måte er knyttet til "vår" del av Balchen slekten, muligens gjennom Hans Berent Jensen Balchen f. 1762 på Korsvik i Gloppen og død 1838 på Vennesla. Han var gift minst 3 ganger og hadde i alle fall 16 barn som jeg vet om. Om du kan gi meg noen ca. årstall så blir det lettere å fastslå om dette er rett eller om det er en annen Elinor som jeg pr. øyeblikk ikke kan plassere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.