Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt #6: Mons Torstenson (1723-1814) - frå Luster via Vik til Sørebø i Hyllestad - kvar vart det av borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dagens nøtt frå mi side er ei utfordring frå siste helfti av 1700-talet og tek oss til Sogn - frå indre til ytre.  Eg har strevd tidlegare med denne huslyden, men utan digitaliserte kjelder var det vanskeleg å komma nokon veg.  Det ser ikkje ut til å vera so mykje enklare i dag, men kanskje felles innsats kan til ei betre kartleggjing av denne huslyden?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er erstatta av eit nytt i innlegg #8 nedanfor!

 

Når det gjeld Tollef Monsson, kan me vel vera nokolunde trygge på at det er denne Tollef Monsson på Tyvevig i Gulen som er den me søker etter, særleg på bakgrunn av at Mons Torstenson dukkar opp som fadder for eitt av borni hans, men kvifor faren òg heitte Tyvevig, kan eg ikkje fortså!?  Han skal jo ha butt på Sørebø i Hyllestad på den tidi...

 

Huslyden til Tollef Monsson i Gulen vart elles drøfta i tema #38280 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/123781-38280-gulen-tolleif-monsson-gm-berte-jakobsdtr-kven-var-dei-han-fraa-luster/?hl=%2Bmons+%2Btorstenson#entry1010332), men eg finn ikkje noko oversyn over borni etter Tollef og Britha.  Foreldri døydde jo tidleg, og i FT1801 finn eg berre Henrik og denne Kari, som ifølgje Gisle Hersvik (knf. det gamle emnet) er del av denne huslyden!

 

Elles hadde det vore kjempebra å oppspora dei «manglande» borni i denne huslyden, Anna, Synneva og Lucia, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 6. Lucia Monsdotter, døypt 5.3.1756,


Lucia Monsdotter flytte sikkert òg med foreldri til Vikøyri i Vik,


 


##### (lagnaden hennar?)


????


http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390004542


 


Samme damen?


 


http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000780424


 


http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000795735


 


 


Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

  * Henrik Tollefson, døypt Oddekalv i Gulen 21.12.1778 – n. 1801 som tenestedreng på Sognefest – lagnad?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000447458

 

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Døde og begravede 1804, side 118-119. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8639&idx_id=8639&uid=ny&idx_side=-62
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660418.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Denne Lucie Monsdotter i Bergen er ein svært interessant «kandidat»!  Ho har heilt rett alder, og eg ser av undersøkjingskommisjonen 1804 at Mons Torbjørnson var fødd i Sogndal, døypt der 3.7.1756

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=825&merk=825#ovre

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Norum, Kaupanger i Sogndal, Ministerialbok nr. A 4 (1747-1782), Kronologisk liste 1756, side 47.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11654&idx_id=11654&uid=ny&idx_side=-47
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515650721.jpg

 

Første ekteskapet til Mons Torbjørnson med Karen Christensdotter i Domkyrkja 12.5.1788; dei får to born:

 

* Rachel Johanne - fødd 14.12.1789 - Nykyrkja

 

* Martinus - fødd 11.5.1794 - Nykyrkja

 

Dødsmeldingi etter Lucie seier berre «myndige arvinger»!

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 1 , 1821-1847, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27883/249/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615340251.jpg

 

MEN - denne Lucie Monsdotter var i 1801 enkje etter andre ekteskapet, og her får me eit problem.  «Vår» Lucie Monsdotter har nemlig ein farlig «konkurrent»:

 

Lucie Monsdotter Slinde, døypt i Sogndal 18.5.1753:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Norum, Kaupanger i Sogndal, Ministerialbok nr. A 4 (1747-1782), Kronologisk liste 1753, side 30.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11654&idx_id=11654&uid=ny&idx_side=-30
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515650704.jpg

 

Og denne Lucie gifte seg i Sogndal 23.10.1783 med Erik Jensson Slinde

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 7 (1782-1795), Kronologisk liste 1783, side 21.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-21
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515660542.jpg

 

og dei fekk i alle fall fire eller fem born i Sogndal fram til 1798.

 

MEN, dei budde framleis på Slinde i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058394001698

 

og Lucie Monsdotter Slinde døydde i Sogndal i 1813!

 

AHA!  Då må det likevel vera «vår» Lucie Monsdotter som hamna i Bergen!

 

Men kven var so dei myndige ervingane hennar?

 

Mons Torbjørnson døydde i Bergen 1.6.1834.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=32635&merk=32635#ovre

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 1 , 1821-1847, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27883/152/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615340153.jpg

 

Då veit me noko meir om lagnaden til denne yngste dotteri av Mons Torstenson, men kvar vart det av dei hine?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nok eit spennande innlegg, som kom, medan eg arbeidde med mitt føregåande!

 

Her er Henrik Tollefson i Undersøkjingskommisjonen 1804:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=1458&merk=1458#ovre

 

so det er ingen tvil om at dette er «vår» Henrik!

 

Nok ein gong takkar eg for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Jeg finner en Lucie Monsdtr, som er gift med Halvor Andersen Hanekam, de får en datter Britha i 1787 i Vik Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1787, side 4-5.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4660&idx_id=4660&uid=ny&idx_side=-3
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523640601.jpg

En av fadrene er fra Vollevik (Mads Joensen).

 

.... men i 1801 står hun som Lucie ENDRESDTR. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392002310

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette er sikkert et skudd i blinde:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000191107

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/hending/hg00000000158204

 

Bergen fylke, St. Martini gravplass i Korskirken, Ministerialbok nr. A 12 / 2 (1786-1832), Døde og begravede 1795, side 30. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8679&idx_id=8679&uid=ny&idx_side=-33
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321620379.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. og Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg oppdaga òg at Lucie på Hanekam i Vik heitter Endresdotter, so ho er ikkje aktuell for oss...

 

Elles fann eg litt opplysningar om denne Synneva Monsdotter som døydde i Sandviken i 1794, men dette namnet Wilde kan eg ikkje heilt «plassera»...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Torstenson (Dulsvig), opphavleg frå Lomheim i Hafslo, vart døypt i Hafslo 18.3.1723 og gifte seg første gongen i Hafslo 22.11.1744 med Kari Tollefsdotter frå Ongelsneset under Nes.  Ho var f. i Luster kring 1718.  Mons og Kari var i fleire år plassfolk på Bøen under Stokkanes, men kring 1751 flytte dei hit til Dulsviki, og dei hadde visstnok denne plassen fram til kring 1760.

Kring 1760 flytte Mons og Kari til Vikøyri i Vik, og der d. Kari kring 1765. 

 

##### (nøyaktig gravferdsdato i Vik?)

 

Mons gifte seg att i Vik 1.6.1771 med enkja Britha Pedersdotter som då budde på Vollevik i Vik.  Ho var truleg dotter av gardbrukar Peder Wilhelmson på Sørebø i Hyllestad og f. der kring 1730. 

 

##### (sjekka opphavet hennar? – kven var mori?)

 

Mons og Britha vart buande på Vikøyri nokre år, men flytte i 1774

 

##### (sjekka om dette stemmer? – synest ha butt i Tjuviki under Eivindvik prestegard i 1782!)

 

attende til heimgarden hennar på Sørebø i Hyllestad.  Der vart dei so buande levetidi ut.  Ei Britha Pedersdotter vart gravlagd i Hyllestad 12.1.1812, 78 år gamal, og me trur det var «vår» Britha. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Mons vart gravlagd frå Sørebø i Hyllestad 8.4.1814.

Me kjenner til seks born etter Mons og første kona Kari, og dei var alle fødde og dels oppvaksne i Luster:

 1. Anna Monsdotter, døypt 27.3.1744,

Anna Monsdotter er truleg flytt med foreldri til Vikøyri i Vik

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 2. Lucia Monsdotter (1746-1746).

 3. Torsten Monsson (1747-1747).

 4. Tollef Monsson, døypt 21.9.1749,

Tollef Monsson flytte med foreldri til Vikøyri i Vik og sidan vidare til Gulen der han 20.10.1778 gifte seg med Britha Jacobsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Oddekalv 1778 – bygdeboki for Gulen har Kjellevold!)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og vart døypt

 

##### (dato og stad for dåpen hennar?)

 

Tollef fekk i 1780 feste på Tjuviki under Eivindvik prestegard i Gulen, og han dreiv plassen til han vart gravlagd derifrå 14.1.1790.  Britha gifte seg 2.8.1790 att i Gulen med Iver Hansson frå Nevedal i Gulen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans med opphav? – finn ikkje desse under Nevedal i bygdeboki for Gulen!)

 

og vart døypt i Gulen 6.2.1754.  Iver tok alt i 1790 over som festar av Tjuviki under Eivindvik prestegard og budde der levetidi ut.  Britha vart gravlagd frå Tjuviki 21.1.1794, medan Iver, som òg gifte seg att, d. som kårmann same staden 3.3.1823.  Han fekk tre born, men dei var alle frå andre ekteskapet hans.  Tollef og Britha fekk desse fem borni lag:

a. Henrik Tollefson, døypt i Solund, Gulen 21.12.1778, var i 1801 tenestedreng på Sognefest i Gulen, men flytte snart etter til Bergen der han vart gravlagd frå sjukehuset 28.8.1804, ugift.

b. Jacob Tollefson, døypt i Gulen 29.9.1782, vart gravlagd frå Tjuviki 18.5.1799.

c. Kari Tollefsdotter, f. i Gulen kring 1785, d. som kårenkje på Henriksbø i Gulen 24.5.1860.  Kari vart oppfostra på Eivindvik prestegard, men gifte seg i Gulen 10.7.1810 med Iver Andersson frå Henriksbø i Gulen, døypt i Gulen 15.6.1784.  Han d. som kårmann på Henriksbø 3.3.1860.  Iver og Kari tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Henriksbø i Gulen og budde der levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

d. Jannicke Tollefsdotter, døypt i Gulen 28.11.1787, vart gravlagd frå Tjuviki 23.3.1792.

e. Anna Tollefsdotter, døypt i Gulen 15.4.1790, d. som ugift legdelem på Bjørknes i Gulen 8.9.1863.

 5. Synneva Monsdotter, døypt 16.6.1753,

Synneva Monsdotter flytte visstnok òg til Vik med foreldri

 

##### (lagnaden hennar? – budde ho på Vollevik i Vik? – eller kan ho vera gravlagd frå Sandviken i Bergen 6.12.1794 – 40 år – Søren Berges kone? – Søren Olson Berge og Synneva Monsdotter får tre born i Bergen:

       * Knud Olai, f. Bergen 21.12.1784

       * Mons Andreas, f. i Bergen 27.11.1786

       * Anna Karine, f. i DK, Bergen 5.1.1791

       ved vigsli 1.2.1784 heiter paret: Søren Olson Wevring og Synneva Wilde!)

 

 6. Lucia Monsdotter, døypt 5.3.1756,

Lucia Monsdotter flytte òg med foreldri til Vikøyri i Vik, men fór sidan til Bergen.  Ho er i 1801 nemnd som tenestejente i Bergen og enkje etter to ekteskap,

 

##### (opplysningar om tidlegare ekteskap?)

 

men 7.6.1802 gifte ho seg på ny i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Mons Torbjørnson, opphavleg frå Hagen

 

##### (konkret opphav i Sogndal?)

 

i Bergen kjend som Mons Torbjørnsen.  Han var son av

 

##### (Torbjørn Pederson Hagen og Ragnhild Paulsdotter Kubben – vigde Sogndal 9.4.1741)

 

og vart døypt i Sogndal 3.7.1756.  Mons gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.5.1788 med ei Karen Christensdotter

 

##### (opplysningar om ho?)

 

Mons var skolappar og budde i Ytre Markeveien i Bergen levetidi ut.  Han d. i Bergen 1.6.1834, medan Lucie Torbjørnsen d. som enkje same stad 15.11.1839.  Det vert sagt ho let etter seg myndige ervingar, men me kjenner ikkje til born etter ho.  Derimot hadde Mons to born frå første ekteskapet sitt.

 

##### (eventuelle born etter Lucie? -  borni etter Mons:

            * Rachel Johanne, f. NK, Bergen 14.12.789

            * Martinus, f. NK, Bergen 11.5.1794)

 

Dette var altså borni som Mons fekk med første kona si.

I andre ekteskapet med Britha Pedersdotter fekk Mons Torstenson so ein son til:

g. Johannes Monsson, døypt i Vik 21.6.1772, d. på Sørebø i Hyllestad 26.9.1836.  Han gifte seg første gongen i Hyllestad 14.6.1791 med syskenbarnet Synneva Christensdotter frå Dale ytre i Hylle­stad.  Ho var f. i Hyllestad kring 1757 og vart gravlagd frå Sørebø 27.12.1820.  Johannes gifte seg so att i Hyllestad 11.7.1821 med Fredrikka Bergitte Halvorsdotter Skarnagel frå Salbu i Hyllestad.  Ho vart døypt i Hyllestad 20.7.1784 og d. som kårkone på Sørebø i Hyllestad 17.3.1859.  Johannes tok over som gardbrukar på Sørebø i Hyllestad etter foreldri og vart buande der levetidi ut.  Han fekk fire born, som alle var frå andre ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny få takka so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå påsken i fjor, som framleis har mange «blanke» felt!

 

Eg har diverre ikkje noko meir å by på enn manuskriptutdraget frå innlegg #8 ovanfor, men vonar at kanskje nokon er i stand til å hjelpa meg fylla ut ein del av dei opne rommi?

 

Eg er særleg oppteken av å finna lagnadane til døtrene Anna, Synneva og Lucia samt om kona til Tollef.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til løysing av denne påskenøtten!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.