Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lucia Monsdotter (1756-1839) - frå Luster via Vik til Bergen

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utgongspunktet for dette emnet er følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644

der eg konkret går inn på biografien til ei av døtrene i denne huslyden, Lucia Monsdotter:

 

Frå det gamle emnet sit me med følgjande biografi, og førebels «status», for Lucia Monsdotter:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Lucia Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 5.3.1756,

Lucia Monsdotter flytte òg med foreldri til Vikøyri i Vik, men fór sidan til Bergen.  Ho er i 1801 nemnd som tenestejente i Bergen og enkje etter to ekteskap,

 

##### (opplysningar om tidlegare ekteskap?)

 

men 7.6.1802 gifte ho seg på ny i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Mons Torbjørnson, opphavleg frå Hagen

 

##### (konkret opphav i Sogndal?)

 

i Bergen kjend som Mons Torbjørnsen.  Han var son av

 

##### (Torbjørn Pederson Hagen og Ragnhild Paulsdotter Kubben – vigde Sogndal 9.4.1741)

 

og vart døypt i Sogndal 3.7.1756.  Mons gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.5.1788 med ei Karen Christensdotter

 

##### (opplysningar om ho?)

 

Mons var skolappar og budde i Ytre Markeveien i Bergen levetidi ut.  Han d. i Bergen 1.6.1834, medan Lucie Torbjørnsen d. som enkje same stad 15.11.1839.  Det vert sagt ho let etter seg myndige ervingar, men me kjenner ikkje til born etter ho.  Derimot hadde Mons to born frå første ekteskapet sitt.

 

##### (eventuelle born etter Lucie? -  borni etter Mons:

            * Rachel Johanne, f. NK, Bergen 14.12.789

            * Martinus, f. NK, Bergen 11.5.1794)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Den store utfordringi her ligg i perioden 1760 til 1801.  Lucia skulle vera enkje etter to ekteskap i 1801!

 

Me var i det gamle emnet innom ei Lucia Monsdotter som med mann Halvor Andersson på Hanekam i Vik fekk ei dotter Britha i 1787, men det synte seg at ho ved denne barnefødsli hadde feil farsnamn, og ho heitte Lucia Endresdotter.

 

No har eg oppdaga ein ny «kandidat» til det som kan henda var første ekteskapet hennar Lucia Monsdotter frå Luster:

 

Anders Simonson Dyrdal og Lucia Monsdotter Finden gifte seg i Vik 10.6.1781: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=11339&merk=11339#ovre

https://media.digitalarkivet.no/view/11755/98

 

Mannen Anders Simonson er truleg døypt i Vik 8.7.1744 av far Simon Dyrdal ytre: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18600&merk=18600#ovre

 

Eg finn ingen born etter Anders Simonson, og eg ser i det heile ikkje noko meir til denne mannen, men me skal ikkje gløyma at kyrkjebøkene for Vik manglar for perioden 1783-1787, so her kunne Anders Simonson vera avliden etter kort tid, og Lucia kunne hatt tid til å gifta seg ein 2x før ho kom til Bergen!  Og for alt me veit, ho flytte kanskje til Bergen med denne andre mann sin...?

 

Kanskje er det nokon som kan seia noko meir om denne Anders Simonson.  Er eg kan henda fullstendig på «bærtur»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Etter at det no synest klart (jmf. kommentar frå Jon Sværen under emnet om Anna Monsdotter i Vik), at det verkeleg var «vår» Lucia som gifte seg i Arnafjorden med Anders Simonson, har eg oppdatert manuskriptet mitt for Lucia slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar er komne til om Mons Torbjørnson, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg vonar at bygdeboki for Vik eller andre kjelder kan ha fleire opplysningar om denne huslyden og takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Død 15.11.1839, 84 år, som kone til skoflikkar Mons Torbjørnsen av Alderdom.

 Gravlagt: 23.11.1839  i Nykirken, Bergen.  Busett då ho døydde:  Rode 5-45

kjelde: Døde i Bergen 1816-86 i Gamle DA, nr 37.196

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg har i mellomtidi fått sjekka opp Mons Torbjørnson frå Hagen i Sogndal og kan etter dette leggan ut ein oppdatert versjon av biografien om Lucia, til erstatning for manuskriptet i innlegg #2 over:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar frå Jon og ein del «hjarnevriding» hjå meg, har eg no oppattnya dette manuskriptet som vert presentert i innlegg #6 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

På s. 377, Husmenn i Finden,  i Ættabokji for Vik, utg 2008, står det om Lussi, konformert i 1773 m/ stadnavnet: Finden.

Gift m/ Anders Simonsen i 1781.

2 ongar: Simon f 1781

            Og Anders f 1784,til Kyrkjteig L.nr 55.

ikkje noko om når mannen døyr, eller at Lussi flytta.

 —-

Lars: På side 382, L.nr 55, Kyrkjteig:  Bror til Anders, Lasse Simonsen Dyrdal (1743-1809) gift 1775 m/ Sigrid Knutsdtr Hauge (1742-1811) FRÅ LUSTER !!!!  Dei var barnlause.  Lasse var husmannsfolk.

I 1804 vart Kyrkjeteig ein eigar m/ gård, då Daae-ætta selde til Anders Anderson Finden (1784-1854) gift m/ Eli Sjursdtr Valsvik (1778-1858). 

A) Simon 1804-04

B) Lussi 1805-05

C) Lussi f 1806. Til Sande i Ortnevik. Så til Amerika.

D) Lasse 1810-19

E) Simon f 1816. Til Vollevik L.nr 54. Gift i 1852 m/ Brita Tollefsdtr Geithus (1823-67). Simon d 1892. Fleire ongar.

F) Lassina 1820-37

G) Sjurina f 1824. Til Svolsvik, L.nr 11 (mellom Svardal og Røyrvik).Gift 1859 m/ Hans Olason Nokken frå Kvamsøy (1819-83).

       1. Anders f 1858. Til Amerika i 93.

        2. Ola. f. 1860. Til Hyllestad

        3. Karl f 1864 d 1942, ugift

        4. Eli f 1866. Til Bruhjelle, Balestrand

        5. Olina f. 1868 d 1936, ugift

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

Det er berre so synd at kyrkjebøkene frå Vik mellom 1783 og 1787 manglar.  For der trur eg me kunne fått svar på fleire av utfordringane i denne huslyden, men med dei siste opplysningane frå bygdeboki attgjevne av Jon og ein god del spekulasjonar frå eigi side, har eg no erstatta manuskriptutdraget frå innlegg #4 med eit nytt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lucia Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 5.3.1756,

Lucia Monsdotter flytte òg med foreldri til Vik og gifte seg første gongen i Arnafjorden, Vik 10.6.1781 med Anders Simonson frå Dyrdal ytre i Kyrkjebø, Vik.  Han var son av gardbrukar Simon Andersson på Dyrdal ytre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og første kona Britha Lassesdotter frå Austreim i Kyrkjebø og vart døypt i Kyrkjebø, Vik 8.7.1744.  Anders og Lucia busette seg som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Finden i Arnafjorden, Vik der Anders d. alt kring 1784. 

 

##### (men skal ifølgje skiftet etter Lasse Simonson i 1809 òg delvis ha butt på garden Øvre Berge i Gulen der han ifølgje nemnde skifte skal vera avliden!?)

 

##### (vart kan henda Lucia gift på ny med ein Ole?)

 

Men i 1801 var Lucia kommi til Bergen der ho livnærte seg som tenestejente.  Ho gifte seg tredje gongen 7.6.1802 i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Mons Torbjørnson, opphavleg frå Nornes i Sogndal, i Bergen kjend som Mons Torbjørnsen.  Han var son av husmann og kippar Torbjørn Pederson i Hagen under Nornes og kona Ragnhild Paulsdotter frå Klubben under Nornes og vart døypt i Sogndal 3.7.1756.  Mons gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.5.1788 med ei Karen Christensdotter

 

##### (opplysningar om ho?)

 

Mons var skolappar og budde i Ytre Markeveien i Bergen levetidi ut.  Han d. i Bergen 1.6.1834, medan Lucie Torbjørnsen d. som enkje same stad 15.11.1839. 

 

##### (det vert sagt Lucia let etter seg myndige ervingar - Mons hadde to born frå første ekteskapet sitt:

       * Rachel Johanne, f. NK, Bergen 14.12.1789

       * Martinus, f. NK, Bergen 11.5.1794)

 

Lucia fekk truleg tre born, to frå første ekteskapet og ett frå det andre:

a. Simon Andersson, døypt i Arnafjorden 24.9.1781,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. barnlaus før 1809!)

 

b. Anders Andersson, f. i Arnafjorden kring 1784, d. som kårmann på Kyrkjeteigen 11.11.1854.  Anders gifte seg truleg i Arnafjorden kring 1803

 

     ##### (vigsli er ikkje innført i Vik prestegjeld!)

 

     med Eli Sjursdotter, f. på ein plass

 

     ##### (kva plass?)

 

     under Valsvik i Arnafjorden og døypt der 27.9.1778.  Ho d. som kårkone på Vollevik 5.11.1858.  Anders og Eli var gardbrukarar på Kyrkjeteigen, Vollevik i Arnafjorden, Vik og fekk åtte born i lag.

c. Johannes Olson, f. kring 1790

 

     ##### (budde 1801 hjå mosteri Synneva i Vik!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det faktum at Anders Simonson og Lucia i 1784 fekk ein son med namn Anders, meiner eg er ein god indikasjon på at barnefaren døydde før sonen var fødd, d.v.s. i 1784.  Elles er det merkeleg at ikkje vigsli til Anders Andersson og Eli Sjursdotter er skrivi nokon stad!  I 1801 tente Eli på Stavedal, medan Anders budde på Solvernes.

 

Når det gjeld kona til Lasse Simonson på Kyrkjeteigen under Vollevik, Siri Knutsdotter, følgjer her eit manuskriptutdrag frå gnr. 26, Hauge, husmannsplassen Vinjane:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Siri Knutsdotter {Vinjene}, døypt {i Luster} 17.5.1737,

Siri Knutsdotter flytte òg til ytre Sogn og gifte seg i Kyrkjebø, Vik 24.4.1775 med Lasse Simonson frå Dyrdal ytre i Kyrkjebø, Vik.  Han var son av gardbrukar Simon Andersson på Dyrdal ytre, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og første kona Britha Lassesdotter frå Austreim i Kyrkjebø og vart døypt i Kyrkjebø, Vik 9.10.1740.  Siri og Lasse vart plassfolk på Kyrkjeteigen under Vollevik i Arnafiorden, Vik der Lasse d. våren 1809.  Siri vart visstnok gravlagd frå Vikøyri i Vik 19.5.1811, 69 år gamal(?).  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kor mykje det no er mogeleg å føya til av opplysningar om Lucia og huslyden hennar, veit eg ikje, men eg er ein evig optimist og lever i trui...!  Og kan henda er dette ein viktig merknad som kan hjelpa oss på veg:

 

Då det i april 1809 vart halde skifte etter Lasse Simonson på Kyrkjeteigen i Arnafjorden, får me vita følgjande: https://media.digitalarkivet.no/view/24173/441?indexing=

 

«Afdød Fuldbroder Anders Sjumundsen der deels boede paa Gden Finden her i Skibr. og deels boede og døde paa Gden Øvre Berge i Guulen Skibr. der nu er lagt øde og var gift med igienlevende Lucie Monsdatter i Bergen med hvem han avlede og efterlot sig en eneste Søn...»

 

Her får me for det første ei stadfesting av at Lucia var flytt til Bergen, at sonen Simon Andersson var avliden og til sist ei tiknytting til garden ØVRE BERGE, men då får eg ei ny utfordring: Øvre Berge er nemnd under Gnr. 43 i Gulen som ein fråflytt gard, men i 1801 budde det ein Iver Mikkelson der med huslyden sin: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391000460

MEN, bygdeboki for Gulen nemner rett nok Iver Mikkelson, men seier ikkje noko om at Anders Simonson skal ha butt der...!?

 

Kanskje einkvan kan forstå samanhangen her??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.