Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Rasmusson Berdal (1735-1815) og huslyden hans - sonen Rasmus og lagnaden hans? - kan henda til Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utgongspunktet for dette emnet er følgjande tema oppstarta i 2011: https://forum.arkivverket.no/topic/171724-rasmus-andersson-berdal-feios-fødd-1760-kvar-vart-det-av-han35-1815/?tab=comments#comment-1727154

 

Dette følgjer her i ein «oppdatert» versjon med følgjande manuskriptutsnitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Rasmusson (Berdal), døypt i Hafslo 11.4.1735,

Anders Rasmusson var tambur og gifte seg i Leikanger 3.1.1757 med Gjøa Andersdotter frå Helland i Feios, Leikanger.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Olson på Helland og kona Magdeli Nilsdotter frå Husabø og vart døypt i Leikanger 11.2.1720.  Anders og Gjøa budde visstnok ei tid i Bergen,

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om dei var i Leikanger ved ekstraskatten i 1762??)

 

men var elles husmannsfolk på Stenegjerde under Berdal i Feios, Leikanger der dei budde levetidi ut.  Gjøa vart gravlagd frå Berdal 7.6.1812, medan Anders vart gravlagd same staden 5.3.1815.  Dei fekk tre søner i lag:

a. Anders Andersson, døypt i Leikanger 28.1.1757, d. som husmann under Berdal 5.11.1831.  Han gifte seg i Leikanger 9.6.1783 med Kari Johnsdotter frå Åfet i Leikanger, døypt i Leikanger 28.3.1754.  Ho d. truleg under Berdal kring 1825. 

 

   ¤¤¤¤¤ (nøyaktig dødsdato?)

 

   Anders og Kari tok over som husmannsfolk på heimeplassen hans på Stenegjerde under Berdal i Feios, Leikanger og fekk fem born i lag.

b. Rasmus Andersson, døypt i Leikanger 13.12.1760, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – kort etter fødsli!)

 

c. Rasmus Andersson, døypt i Bergen 11.7.1762,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Leikanger 1779 – lagnaden hans??)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her ligg det fleire utfordringar som ventar på handsaming:

 

** Kvar budde Anders og Gjøa ved ekstraskatten 1762/1763? - Eg finn ei Gjøa Andersdotter rekna som husmann på Stenegjerde, men ho er åleine.  Kanskje Anders framleis var i Bergen på den tidi? https://media.digitalarkivet.no/view/47516/237

 

** Kvar er dødsfallet til svigerdotteri Kari Johnsdotter?

 

** Kvar er dødsfallet til den eldste sonen Rasmus Andersson - kan henda i Nykyrkja i Bergen?

 

** Og endeleg er det spørsmål om lagnaden til yngste sonen Rasmus Andersson, fødd i Bergen i 1762?  Kan det vera han som i 1801 var vertshushaldar i Bergen? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390014707

 

Om nokon kan hjelpa meg løysa desse kjempeutfordringane ville det vera beste julegåva eg kunne tenkja meg!

 

Eg takkar so mykje på førehand og ønskjer God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande innlegg!

 

Ser me på FT1801 for Leikanger, er det berre EI Kari Johnsdotter som høver med omsyn til alder, og når me veit at «vår» Kari var fødd på Åfet, der denne Kari døydde, trur eg at du, Jon, endå ein gong har treft spikaren på hovudet!  Kjempebra!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11569/318

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand med denne huslyden og fortsatt God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette er et skudd helt i blinde, og det er sikkert ikke riktig person, men i 1801 finner jeg en Rasmus Andersen, født (beregnet) 1761, som er gift og bosatt i Dverberg:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058489000825

 

Den yngste i barneflokken heter Gjøe Maria, født (beregnet) 1799:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058489000825

 

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1799, Side 58-59
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/31

 

I 1804 døpes sønnen Rasmus i Bjørnskinn:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012114844

 

I 1806 datteren Elen Edia

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012115009

 

Antakelig har de også sønnen Johannes, døpt 1801:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012114696

 

Karen, 1792

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1792, Side 28-29
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/16

 

Maren Kirstina, 1790

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1790, Side 18-19
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/11

 

Mens, 1795

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1795, Side 40-41
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/22

 

I dette tilfellet tror jeg at jeg ganske på bærtur....!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit superspennande juleinnlegg!  Eg er ikkje so sikker på om du er på bærtur..., i so fall ser det for meg ut som ein bærtur med godt resultat!

 

Særleg kombinasjonen med Gjøa og Rasmus har eg verkeleg sansen for, sjølv om Rasmus og Ane Martha har tre døtrer som er eldre enn Gjøa...

 

Ser me på FamilySearch, finn me tre Rasmus Andersson i Nordland på om lag same alder:

 

** Rasmus Andersson, døypt i Hadsel 20.3.1762 av far Anders Andersson

 

** Rasmus Andersson, døypt i Nord-Rana 30.10.1763 av far Anders Larsson

 

** Rasmus Andersson Holdrmand, fødd 1763, døydde i «Nordland» 26.1.1845

 

Ser me so på FT1801, finn me i grunnen berre ein som høver i alder innanfor Nordland fylke, utanom Rasmus Andersson på Buxnes i Dverberg:

 

** Rasmus Andersson, 38 år, gardbrukar på Horvnes i Alstahaug: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f1801&gardpostnr=53642&personpostnr=810872&merk=810872#ovre

 

Kanskje er denne siste identisk med Rasmus Andersson døypt i Nord-Rana i 1763?  Rasmus i Alstahaug gifte seg i alle fall (jmf. FamilySearch) 27.9.1789.

 

Elles finn me ein Rasmus Andersson Nacling som 17.8.1792 gifte seg i Hadsel med ei Ingeborg Margrethe Eriksdotter Moen - rimelegvis han som vart døypt i Hadsel i 1762!?

 

Etter desse funni ser vegen ut til å liggja «open» for Rasmus Andersson på Buxnes i Dverberg, at han verkeleg kom sørante og var oppvaksen på Berdal i Leikanger, men er det mogeleg å finna ut noko meir om denne mannen og lagnaden hans?

 

Eg kan ikkje finna noki vigsle for Rasmus og Ane Martha, men ein Christen Rasmusson og ei Anna Mensdotter gifte seg i Dverberg 26.7.1790.  Tidspunktet høver bra, men namni...?

 

Kanskje er det nokon med lokalkunnskap i Dverberg som kan bidra med hjelp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden.  Eg har ei kjensle av at Grethe har finne den beste julegåva til meg på svært lenge...!

 

God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no blatt lite vetta i kyrkjebøkene for Dverberg, og eg fann mellom anna følgjande:

 

* Rasmus Andersson Haugnæs, gardbrukar, 60 år, døydde i Dverberg 26.6.1820: https://media.digitalarkivet.no/view/9627/94

 

* Anna Martha Mentsdotter Haugnæs, enkje, 80 år, døydde i Dverberg 16.4.1843: https://media.digitalarkivet.no/view/2653/184

 

Huslyden flytte med andre ord frå garden Buksnes til garden Haugnes i Dverberg.

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Dverberg der denne huslyden er omskriven?  Kanskje står det der noko om opphavi deira...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!  No kan snart juli komma...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Rasmus Andersson Holdrmand, fødd 1763, døydde i «Nordland» 26.1.1845

 

Ser me so på FT1801, finn me i grunnen berre ein som høver i alder innanfor Nordland fylke, utanom Rasmus Andersson på Buxnes i Dverberg:

 

** Rasmus Andersson, 38 år, gardbrukar på Horvnes i Alstahaug: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f1801&gardpostnr=53642&personpostnr=810872&merk=810872#ovre

 

Kanskje er denne siste identisk med Rasmus Andersson døypt i Nord-Rana i 1763?  Rasmus i Alstahaug gifte seg i alle fall (jmf. FamilySearch) 27.9.1789.

 

Denne Rasmus Andersen ble gravlagt i Sandnessjøen (Stamnes) sokn i Alstahaug prgj. Det står Horvnes på oppholdsstedet: https://media.digitalarkivet.no/view/2579/197

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk tl Lars W. for siste innlegg!

 

Då er ogso Rasmus Andersson frå dødsregisteret 1845 identifisert, og «kandidaten» til Grethe framstår som endå meir sannsynleg...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med identisering av denne utflyttaren til Nordland, som eg har meir og meir tru på er «rett» mann!

 

God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erlend E. Mæhlum
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har no blatt lite vetta i kyrkjebøkene for Dverberg, og eg fann mellom anna følgjande:

 

* Rasmus Andersson Haugnæs, gardbrukar, 60 år, døydde i Dverberg 26.6.1820: https://media.digitalarkivet.no/view/9627/94

 

* Anna Martha Mentsdotter Haugnæs, enkje, 80 år, døydde i Dverberg 16.4.1843: https://media.digitalarkivet.no/view/2653/184

 

Huslyden flytte med andre ord frå garden Buksnes til garden Haugnes i Dverberg.

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Dverberg der denne huslyden er omskriven?  Kanskje står det der noko om opphavi deira...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!  No kan snart juli komma...

I følge de militære rullene (avskrift av DIS-Salten): 1806, Myhre fjerding på Buxsnæs: Rasmus Andersen 45 år gl og født i Bergen

1814, Andenes fjerding på Haunes er han 59 år gl og født i Bergen.

I 1806 er han registrert med sønnen Anders 18 år gl. og i 1814 med sønnen Rasmus 8 år gl. I rullen for 1820 er enken bruker av gården.

Skifte i 1821 (avskift av DIS-Salten) (fallit) viser kona Martha Nielsdatter med barna Rasmus 14 år, Karen 28 år, Anne Martha 20 år, Jøe Maria 19 år og Elen Edia 13 år.

 

Han på Horvnes var født i "Rannen".

Endret av Erlend E. Mæhlum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erlend og Grethe for kjempeflotte julegåver!  Rasmus Andersson frå Berdal var fødd medan foreldri budde i Bergen, so alt stemmer.  Dette er VÅR Rasmus, og problemet synest langt på veg løyst!

 

Diverre børjar ikkje kyrkjebøkene for Dverberg før hausten 1788, truleg nokre veker for seint til at dåpen til eldste sonen Anders er medkomen, og heller ikkje vigsli til foreldri Rasmus og Anne Martha er medkommi, men det er vel ikkje urimeleg å tenkja seg at Anne Martha kan ha opphavet sitt frå garden Buksnes i Dverberg?  Kanskje finst det skifte eller andre kjelder som kan stadfesta dette?  Ments-namnet er jo ganske so «typisk» for landsdelen...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fantastiske opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16!

 

Ein ny kjempejuletakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden.  Eg er heilt overvelda, men vonar sjølvsagt på fleire detaljar om Anne Martha og opphavet hennar.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

På Buksnes i 1801 er det en tjenestedreng Ole Mensen, født (beregnet) 1773:

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058489000834

 

Det er skifte etter en Mentz Olsen Buxnes i 1781, men jeg kan ikke se at det nevnt noen barn:

Nordland fylke, Lofoten og Vesterålen, Skifteprotokoll nr. 3A 03 (1779-1782), Skifteprotokollside, Side 182b-183a
https://media.digitalarkivet.no/view/25000/184

 

Enken ser ut til å hete Kirstine Nilsdatter. På Börje Jonssons nettsider finner jeg Mens Olsen og Kirstina NIlsdatter bosatt på Buksnes i Dverberg ved ekstraskatten 1762. De bor der også i 1768, men jeg ser ingen barn. Her i 1762:

 

Nordland fylke, Vesterålen, Andenes og Lofoten, Ekstraskatt nr. 4747 (1762-1766), Dokumentside, Side 91
https://media.digitalarkivet.no/view/48845/91

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Karen Rasmusdatter Hougnæs gifter seg i 1815

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002401599

 

Maren Kirstina Rasmusdatter gifter seg i 1813:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002401589

 

Maren Kirstina døde i 1814

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002069125

 

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1815, Side 162-163
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/83

 

Broren Anders Rasmussen døde i 1811:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002068989

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Name:    Peter Andreas Olsen  
Birth Date:    02 Feb 1819  
Christening Date:    14 Mar 1819
Christening Place:    , DVERBERG, NORDLAND, NORWAY
Father's Name:    Ole Rasmussen  
Mother's Name:    Karen Rasmusdr

 

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1819, Side 188-189
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/96

 

Name:    Olena Maria Olsen
Birth Date:    24 Jan 1817   
Christening Date:    06 Apr 1817
Christening Place:    , DVERBERG, NORDLAND, NORWAY 
Father's Name:    Ole Rasmusen 
Mother's Name:    Karen Rasmusdr

 

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1817, Side 178-179 - Rasmus Andersen og Anne Martha Mentzdatter er faddere: 
https://media.digitalarkivet.no/view/16740/91

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste kjempeflotte juleinnleggi.  Du er berre heilt fantastisk!  Har du nokon gong tenkt å ta jobb som julenisse?

 

Utifrå desse nye opplysningane om Ments Olson på Buksnes kan det ikkje vera mykje tvil om at dei var svigerforeldri til Rasmus Andersson, og då er problemet etter kvart heilt løyst?  Her er eit oppdatert manuskript som erstattar utdraget frå innlegg #12 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Anders Rasmusson (Berdal), døypt i Hafslo 11.4.1735,

Anders Rasmusson var tambur og gifte seg i Leikanger 3.1.1757 med Gjøa Andersdotter frå Helland i Feios, Leikanger.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Olson på Helland og kona Magdeli Nilsdotter frå Husabø og vart døypt i Leikanger 11.2.1720.  Anders og Gjøa budde visstnok ei tid i Bergen, men var elles husmannsfolk på Stenegjerde under Berdal i Feios, Leikanger der dei budde levetidi ut.  Gjøa vart gravlagd frå Berdal 7.6.1812, medan Anders vart gravlagd same staden 5.3.1815.  Dei fekk tre søner i lag:

a. Anders Andersson, døypt i Leikanger 28.1.1757, d. som husmann under Berdal 5.11.1831.  Han gifte seg i Leikanger 9.6.1783 med Kari Johnsdotter frå Åfet i Leikanger, døypt i Leikanger 28.3.1754.  Ho d. visstnok som kårkone på Åfet i Leikanger 11.4.1827.  Anders og Kari tok over som husmannsfolk på heimeplassen hans på Stenegjerde under Berdal i Feios, Leikanger og fekk fem born i lag.

b. Rasmus Andersson, døypt i Leikanger 13.12.1760, d. kort etter fødsli.

c. Rasmus Andersson, døypt i Bergen 11.7.1762, voks opp på Berdal, men flytte i ung alder til Nordland og gifte seg truleg i Dverberg kring 1787 med Anne Martha Mentzdotter frå Buksnes i Dverberg, f. i Dverberg kring 1765.  Rasmus var fiskar, og han og Anne Martha var gardbrukarar, først på Buksnes i Dverberg og sidan på Haugnes i Dverberg der Rasmus d. 26.6.1820.  Anne Martha d. som enkje same staden 16.4.1843.  Dei fekk ni born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det endelege provet finst truleg i denne boki som eg er vorten gjort merksam på gjennom ei direkte melding og som skal famna om gardane på Andøya der Buksnes og Haugnes ligg:

 

Johan Borgos: Andøy bygdebok. B. 5 : Gård og slekt : del IV

 

Kanskje ein eller annan har tilgjenge til denne boki?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å løysa denne kjempeutfordringi!  Bærturen til Grethe har bòre fantastiske julebær!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Andøy bygdebok bind 5 er digitalisert og finnes på www.nb.no - Nasjonalbibliotekets nettbibliotek. Men den er ikke tilgjengelig for publikum på nettet. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!

 

Eg har sendt ei julehelsing til forfattar Johan Borgos og vonar på ei attendemelding...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi og endå ein gong God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×