Gå til innhold
Arkivverket

Nyttårsnøtt frå St. Croix Co., WI - Thompson/Peterson family - kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år.  No er Brukarforum mi siste von:

 

Ole Fredrik THOMPSON, fødd i Tranøy i Troms 21.2.1855, utvandra i 1867 til St. Croix Co., WI der han 26.1.1894 gifte seg med Martha AMUNDSON (Kinserdal), fødd i Årdal i Sogn 16.12.1874.  Desse farma i Cylon township, St. Croix Co., WI:

 

1900 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NNS?cc=1325221

 

1905 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899

 

men Ole var òg skogsarbeidar («logger») og skal ifølgje ætti ha mist livet ved eit ulukkeshende, uvisst kvar, i 1905 (jmf. gravstøtta) eller i 1909 (jmf. slekti hans).  Han ligg gravlagd nær heimen sin!

 

** Er det mogeleg å finna dødsfallet til Ole F. Thompson, kan henda gjennom eit avisoppslag?

 

Martha gifte seg att i St. Croix Co., WI 4.1.1910 med Ole S. EVENSON, fødd i Støren 31.5.1863 og utvandra i 1867, og dei vart buande på farmen hennar i Cylon township, St. Croix Co., WI

 

1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW5?i=1&cc=1727033

 

1920 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV4-NRW?i=1&cc=1488411

 

der Ole døydde 20.12.1940.  Martha Evenson døydde same staden 4.1.1941.

 

Av borni i denne huslyden vil eg i dag innskrenka meg til eldste dotteri, som er den største utfordringi:

 

Pauline Henriette THOMPSON, fødd i St. Croix Co., WI 4.7.1894.  Ho skal ha gift seg i St. Croix Co., WI 6.2.1912 med Johannes «John» PETERSON, fødd i Brookings Co., SD 2.5.1890.  Ifølgje slekti skal John ha vore smed («blacksmith»), og dei budde i Cylon township, St. Croix Co., WI, men Pauline døydde etter barselseng same stad 16.4.1914, og ifølgje slekti skal John Peterson vera avliden om lag på same tid!?  Dei fekk to døtrer som vart oppalne hjå bestemori Martha:

* Viola Pearl, fødd i St. Croix Co., WI 20.3.1912

* Jeannette Pauline, fødd i St. Croix Co., WI 9.4.1914

 

** Er det mogeleg å identifisera lagnaden til John Peterson, dødsfallet eventuelt lagnaden hans, kan henda gjennom eit avisoppslag?

 

Her er John Peterson i 1905 med foreldri sine i Cylon township, St. Croix Co., WI:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-9R9?i=7&cc=1443899

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899

 

Her er fødsli hans i Brookings Co., SD 2.5.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314922-00174/4892547?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/86131673/person/36534988647/facts/citation/840366906196/edit/record

 

Men eg finn han ikkje i FT1910!

 

So vidt eg har forstått, var denne huslyden medlem av ein lokal metodistkyrkjelyd, so kyrkjebøker ligg for å hjelpa oss vidare...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullaldaren» ikkje enno er over...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siri for nytt innlegg!

 

Eg er i dag ikkje i stand til å hugsa alle dei «mogelege» alternativi for Ole Thompson som er sjekka ut, men eg vil tru denne er blant dei.  Uansett so var dødsdatoen til denne Ole Thompson 14.12.1904, og FT1905, som vart oppteken i juni 1905, syner at «vår» Ole Thompson då framleis levde...  Soleis kan ikkje Ole frå 1904 vera mannen me leiter etter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Johannes «John» Peterson, so ser eg at far hans var Peder Olson «Peter Peterson», fødd på Ringsaker 20.10.1854 av foreldri Ole Pederson og Siri Andersdotter Tjerneeiget:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8843/39

 

Peder gifte seg i Christiana township, Vernon Co., WI 16.12.1876 med Bertha Marie Larsdotter, som truleg var fødd i Søndre Land 17.1.1855 av foreldri Lars Larsson og Dortha Nilsdotter Ringstadeiget:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8975/41

 

Bertha Peterson døydde som enkje i Deer Park, St. Croix Co., WI 30.4.1920!

 

Men desse opplysningane hjelper oss vel ikkje i leitingi etter lagnaden til John Peterson...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege urøyrd dei siste to vekene.

 

Det er truleg ikkje so lett å finna svari her utan tilgjenge til lokale aviser i St. Croix Co., WI...?

 

Men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.