Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2018 #2 - Asbjørnsfolket på Lingjerde i Luster som delvis forsvinn i Amerika - kan henda nokon av dei døydde av kolera? - ei kjempeutfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dagens påskenøtt gjeld ein huslyd på garden Lingjerde i Luster som eg vil kalla for «Asbjørnsfolket».

 

Asbjørn Andersson Lindgjerde (1785-1849) var gardbrukar på Lingjerde nedre i Luster.  Han gifte seg i Luster 16.7.1812 med Anna Marie Davidsdotter Svabo frå Kroken i Luster, døypt i Luster 25.8.1793.  I 1854 utvandra Anna Marie som enkje til Amerika i lag med to av borni sine, John og Gjertrud, samt ei svigerdotter og ein dotterson (sjå #18): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220

 

Born i denne huslyden var:

 

* Andrea Asbjørnsdotter (1813-1900), utvandra til Amerika i 1849 og gifte seg i Dane Co., WI 1852 med Thomas Torstenson Seim frå Årdal alias Thomas Tosten (1827-1911).  Dei farma mange år i Iowa Co., WI, men flytte på 1870-talet til Broadwater Co., MT.  Denne ætti har eg so nokolunde oversyn over frå før.

 

* Zakarias Asbjørnson (1815-1841) tok over heimebruket på Lingjerde, men døydde tidleg, og i 1849 utvandra enkja med tre søner til Amerika.  Dei budde først i Wisconsin og frå 1860-åri i Fillmore Co., MN og skreiv seg for Zackariason eller Sachariason.  Denne ætti har eg òg bra oversyn over, men lagnaden til ein av sønene hans vil eg ta opp som eige emne!

 

 

* Anders Asbjørnson, fødd i Luster 23.5.1818, fekk i 1850 attest for å flytta til «Nordland», men kom nok attende derifrå, for i 1861 fekk han som ungkar ny attest for å utvandra til Amerika (sjå #258): https://media.digitalarkivet.no/view/8402/220

 

* Gjertrud Asbjørnsdotter, fødd i Luster 21.11.1821, utvandra med mor si (og rimelegvis ogso sonen) til Amerika i 1854 (sjå #19): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220

 

** Andreas Knutson, son av Gjertrud og Knut Olson Lahd, var fødd i Hafslo 27.2.1852 og utvandra truleg òg med mor si i 1854(?).

 

* John Asbjørnson, fødd i Luster 7.8.1824, gifte seg i Luster 10.4.1854 med Kari Thomasdotter, fødd i Luster 28.2.1835.  Desse to utvandra òg i lag med mori hans i 1854 (sjå #17): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/220

 

* Maren Asbjørnsdotter (1827-1914) var gift med gardbrukar Gulbrand Olson Bolstad (1818-1886) og budde på Bolstad i Luster.

 

* David Asbjørnson (1830-1909), kan ha utvandra til Amerika i 1853, men busette seg sidan i Tromsø, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/203058-david-asbjørnsen-lingjerde-1830-1909-luster-amerika-tromsø-huslyden-hans/

 

Frå eit skifte i Luster frå 1860 veit me at Kari Thomasdotter, kona til John Asbjørnson, døydde i Amerika før 1860 utan å etterlata seg born, og ein grandnevø av Kari i Amerika er overtydd om at Kari døydde i ein kolera-epidemi som herja det nordlege Wisconsin sommaren eller hausten i 1854, men noko sikkert prov på dette har me ikkje greidd å finna!  Dersom so er tilfelle, kan også mann hennar og mori samt svigerinna Gjertrud Asbjørnsdotter og son hennar ha sett livet til på same tid...?  MEN, om ein slik epidemi råka denne landsdelen i 1854, vil vel det òg vera nemnd i lokale AVISER frå den tidi??

 

Uansett, det som er den kjempestore utfordringi her, er å finna:

 

** Lagnadane i Amerika til Anna Marie Davidsdotter (utv. 1854), Anders Asbjørnson (utv. 1861), Gjertrud Asbjørnsdotter (med son) (utv. 1854) og John Asbjørnson (med kone) (utv. 1854)!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer framleis God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.