Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2018 #12 - Johannes Torbjørnson Forthun i Luster (1699-177?) - husmann i Luster med born og barneborn som berre «forsvinn» - kan henda til Lom eller til Bergen eller til Fredrikshald? - ei skikkeleg kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Årets siste påskenøtt frå mi side dreier seg om ein heller «merkeleg» huslyd frå Luster der me veit at born voks opp og forsvann, men me kan ikkje finna sikre spor etter dei!

 

Eg attgjev frå eit revidert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Torbjørnson Forthun, frå Fortun ( bnr. 3), var f. kring 1699 og d. e. 1770, truleg på Lovolden.  Han gifte seg kring 1725 med Sophia Andersdotter frå Åsen i Jostedalen, f. i Jostedalen kring 1704.  Men på eitt eller anna tidspunkt rauk dei visstnok uklare med kvarandre, og Sophia flytte heimatt til Jostedalen.  Ho tente 1760 heime i Åsen og vart gravlagd som legdelem i Jostedalen 15.12.1789.  Johannes og Sophia dreiv først heimebruket hans på Fortun, men Johannes selde garden i 1829 og flytte då som husmann eller kårmann til Lovolden der han framleis levde i 1770.  Me kjenner til fem born etter Johannes og Sophia:

 1. Britha Johannesdotter (1727‑    ), vart gift med husmann og enkjemann Torbjørn Pederson på Lovold under Fortun (1716-1768); dei fekk ta over heimeplassen hennar (sjå under).

 2. Torbjørn Johannesson, f. kring 1730,

 

 

     ##### (Torbjørn lyste i 1749 odelsrett til Fortun (bnr. 3 og 4), men vart ikkje konfirmert i Luster og var tydeleg ikkje busett i Luster på den tidi – seinare lagnad?)

 

 

 3. Anna Johannesdotter (1732‑1780), vart gift med husmann Anders Henrikson på Furehaugen under Bergset i Jostedalen (1739‑1800).

 4. Sophia Johannesdotter (1735-1810), vart gift med husmann Lars Pederson på Kyrkjeteigen under Bollingberg (1737‑1791).

 5. Anders Johannesson, døypt 5.10.1738,

 

 

     ##### (vart konfirmert i Luster 1756 og budde då i Vigdalen – på hans vegne lyste faren i 1753 odelsrett til Fortun (bnr. 3 og 4) – må vera flytt frå bygdi før 1762 – seinare lagnad?)

 

 

Torbjørn Pederson Forthun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. kring 1716 og vart gravlagd frå Fortun 15.9.1768.  Han gifte seg første gongen 13.10.1743 med Britha Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge, f. kring 1718.  Ho vart gravlagd frå Stein 9.5.1756, og Torbjørn gifte seg 7.11.1756 att med Britha Johannesdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå plassen, f. kring 1727.  Torbjørn Pederson var i mange år husmann i Stein under Skagen, men i 1757 flytte han til Fortun (bnr. 3) som han kjøpte same året.  Den garden dreiv han til 1762 då han selde til ein svoger og flytte hit til Lovolden.  

 

 

     ##### (Britha budde i 1784 som enkje på Øyene i Luster, men ser ut til å vera flytt frå bygdi kort tid etter – kan henda i lag med ein av sønene? – seinare lagnad?)

 

 

Torbjørn Pederson fekk i alt ti born, sju frå første ekteskapet og tre frå det andre.  Dessutan hadde visstnok andre kona eit barn frå før:

 1. Britha Torbjørnsdotter (1743-1744).

 2. Britha Torbjørnsdotter, d.e. (1745‑1817), vart gift med husmann Asbjørn Larsson på Volden under Holmestad (1746‑e. 1801).

 3. Elisabeth Torbjørnsdotter (1747‑1748).

 4. Peder Torbjørnson, døypt 17.10.1749,

 

 

     ##### (ser ut til å vera flytt frå Luster i ung alder – lagnaden hans?)

 

 5. Torbjørn Torbjørnson, døypt 19.9.1751,

 

 

     ##### (ser òg ut til å vera flytt frå Luster i ung alder – lagnaden hans?)

 

 6. Elisabeth Torbjørnsdotter, døypt 23.12.1753, vart gravlagd frå Flikki 28.11.1807.  Ho flytte på 1780-talet til Dalesokni og tente i mange år på Flikki.  Ho var ugift, men fekk to born:

a. Eitt barn, son eller dotter av Elisabeth og husmannen Gjert Sølfestson på Øygarden under Yttri (1758‑1829), var f. kring 1783,

 

 

     ##### (lagnad? – truleg d. kort etter fødsli!)

 

 

b. Cecilia Pedersdotter (1790-1852), dotter av Elisabeth og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri under Kvale (1752‑1811), vart gift med husmann Johannes Pederson på Tuftene under Molland i Hafslo (1791‑1848).

 7. Britha Torbjørnsdotter, d.y. (1756‑1814), d. som legdelem på Holmestad der ho budden i mange år, ugift.

 8. Kirsti Nilsdotter (1749-1750), var dotter av Britha Johannesdotter og gardbrukar Nils Knutson på Bolstad (1716‑1761).

 9. Johannes Torbjørnson, døypt 28.8.1757,

 

 

     ##### (vart konfirmert i Luster 1776 – levde med mor si på Øyene i Luster i 1784, men må vera flytt frå bygdi – seinare lagnad?)

 

 

10. Sophia Torbjørnsdotter (1760‑1806), vart gift med strandsitjar Johannes Olson i Årstu under Dale (1767‑1834).

11. Anders Torbjørnson, døypt 5.8.1764,

 

 

     ##### (vart konfirmert i Luster i 1781, men flytte sidan frå bygdi – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld dei to sønene etter Johannes Torbjørnson som lyste odel i garden Fortun, so er det vel ikkje so lett å leita etter Anders, men Torbjørn Johannesson er ein namnekombinasjon som er heller uvanleg!  Lom ville ha vore førstevalet mitt, men der finn eg ingen som høver.  Neste valet ville vera Bergen der me veit det var ein del flytting nettopp frå Fortun midt på 1700-talet, og der finn eg faktisk ein som eg tykkjer ser svært so «spennande» ut:

 

Torbjørn Johannessen og Anna Malene Marcusdotter - vigde i Nykyrkja i Bergen 26.4.1761: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000199840

 

Eg ser fire born etter dei:

 

* Gurine Cecilie 1762: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006062740

 

* Marcus 1764: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005893449

 

* Agathe Christine 1766: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005896168

 

* Johanna 1767: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005897984

 

men diverre ingen fadrar som tyder på søsken av Torbjørn og heller ikkje oppkallingar som peiker mot mori Sophia...!

 

So truleg er dette eit «skòt i blinde»...

 

Men når det gjeld dei to «odelsgutane», er kan henda òg eit anna alternativ aktuelt som flyttemål:  Faren Johannes Torbjørnson var bror av denne Britha «Birgitte» Torbjørnsdotter som budde i Fredrikshald:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/208803-britha-«birgitte»-torbjørnsdotter-fødd-i-luster-kring-1696-gift-i-fredrikstad-1730-med-skreddar-morten-olsen-budde-framleis-der-i-1740-men-kvar-vart-det-av-dei-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1755845

 

 

Når det gjeld dei to brørne Johannes og Anders Torbjørnssøner, som forsvinn på 1780-talet, ser eg heller ikkje noko til dei, bortsett ifrå denne soldaten Anders Torbjørnson som vart gravlagd i Stavern 23.5.1789, 28 år gamal av 4. divisjon

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001920179

https://media.digitalarkivet.no/view/8255/35

 

Elles ser eg ein Torbjørn Torbjørnson i Bergen i 1801 som høver godt med «vår» Torbjørn Torbjørnson: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390008423

 

men kan henda er han identisk med denne frå Gloppen nemnd i undersøkjingskommisjonen 1804/1805: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=2672&merk=2672#ovre

 

Ikkje so enkelt dette, men eg vonar at andre ser noko som eg har oversett, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.