Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ivar og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Jau, denne karen kjenner eg godt!  Han var søskenbarn til tiptipoldefar min og son av Ludvig Nitter Andersson (1780-1854) og Martha Ellingsdotter (1783-1854), gardbrukarar i Hotlen, Sandvik i Gaupne.  Her er avsnittet mitt om Peder og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #238 under:

 

Kanskje greier nokon å fylla ut dei manglande detaljane?  Det ville eg setja stor pris på!

 

Ei anna utfordring i samband med denne huslyden er følgjande:

 

Peder hadde mange søsken, og eldste dotteri hans forsvinn for meg:

 

 1. Britha Ludvigsdotter, døypt i Luster 22.1.1804, fekk ein uekte son Hermund Torgerson i Luster i 1826 som døydde kort etter fødsli.  Deretter forsvinn Britha frå Luster, og eg har aldri greidd å finna ut kvar det vart av ho!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand nær det gjeld denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Ludvig Marselius Pederson Sandvik, f. i Vågan 15.3.1846, d. på Værøy i Lofoten 19.12.1927.  Ludvig gifte seg kring 1870

 

##### (dato og stad for denne vigsli?)

 

med Emilie Olsdotter Grøttem frå Værøy.  Ho var f. på Sørland på Værøy 18.3.1845 og d. på Værøy 16.3.1932.  Ludvig Sandvik var fiskar og arbeidar, og han og Emilie budde på Sørland på Værøy levetidi ut.  Dei fekk visstnok fire born i lag.

 

De giftet seg først 2.9.1883 i Værøy: https://www.digitalarkivet.no/kb20060613060343

 

I 1877 skulle Emilie Olsdatter egentlig ha giftet seg med Nicolai Olausen, men i kirkeboken står det at "gutten har rømt herfra": https://www.digitalarkivet.no/kb20061121010232

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ludvig og Emilie i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/ft11214091709177

 

Det ser ut til at Emilie hadde tre barn fra før, og i 1891 hadde hun og Ludvik tre barn sammen.

 

Nikolai Mathias Johansen, f. 26.1.1867: https://www.digitalarkivet.no/kb20061121010153

Petra Mathilde Oluffa Nicolaisdatter, f. 19.9.1877: https://www.digitalarkivet.no/kb20061121010177

Anna Cecilia Paulsdatter, f. 6.6.1880: https://www.digitalarkivet.no/kb20060613060244

 

Ingvald Marselius, f. 14.1.1884: https://www.digitalarkivet.no/kb20060613060255

Johan Hammon Wulf, f. 13.7.1885: https://www.digitalarkivet.no/kb20060613060258

Maren Erikke Petrine, f. 7.10.1887: https://www.digitalarkivet.no/kb20060613060266

 

Ludvig og Emilie i FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037535000345

Ludvig og Emilie i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036933000297

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Hansina Christine, kjend som Christine Pedersdotter Sandvik, f. i Vågan 3.1.1850, d. i Kabelvåg 8.1.1894.  Christine gifte seg i Vågan 29.12.1874 med Tobias Pederson Bye.  Han var f. på Brekke i Tysvær, Rogaland 24.11.1850 og d. visstnok i Vågan kring 1925. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Tobias og Christine Bye var husmannsfolk i Kabelvåg, Vågan og fekk fire born.

 

Tobias Pedersen døde allerede 22.1.1881 (nr. 8): https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030534

 

Hansine Christine giftet seg andre gang med Lars Andersen Bye 12.2.1883: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030513

 

Lars Andersen Bye var født 22.12.1835 i Orkdal (nr. 22): https://www.digitalarkivet.no/kb20070906650343

Han døde 3.8.1898: https://www.digitalarkivet.no/kb20070109350047

 

Jeg finner tre barn med Tobias Pedersen (jeg kan ha oversett noen):

Petra Nikoline, f. 5.5.1875: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030107

Per Erling, f. 29.9.1877: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030315

Thorvald Halfdan, f. 28.9.1879: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030354

 

Hansine Christine fikk et barn utenfor ekteskap:

Borghild Laurine, f. 17.3.1872: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030068

 

Tobias og Hansine Kristine i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052437000760

 

Lars og Hansine Kristine i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/ft11214091606563

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Ann-Mary Engum skrev:

Finner ikke vielsen 29.12.1856 i Vågan.  🙂

 

 

Vielse nr. 27. Det er en feil i kirkeboken hvor bruden fra vielse nr. 26 også er oppført i nr. 27. Men etter henne står Erikka Hansdatter oppført: 

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 874/L1072: Klokkerbok nr. 874C01, 1843-1859, s. 487-488
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050420030752
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Lars W. og Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Når eg no ser dei mange feili som har «snike seg inn» i det opphavlkege manuskriptet mitt om huslyden til Peder Ludvigson i Vågan, lurer eg på om ikkje dette er ein huslyd som eg i si tid (for over 30 år sidan) mottok opplysningar om frå ein etterkommar etter yngste sonen Kristian Sandvik i Honningsvåg.  Eg set svært stor pris på å få «reinska opp» denne biografien, og med hjelp av innleggi ovanfor, særleg dei frå Lars W., har eg no førebutt ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt - erstatning for manuskriptet i innlegg #230:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 7. Peder Ludvigson {Hotlen}, f. {i Luster} 10.3.1816,

Peder Ludvigsen flytte i ung alder til Nordland, og 29.12.1856 gifte han seg i Vågan med Erikka Hansdotter frå Børsøren i Børsa, Sør-Trøndelag.  Erikka var dotter av Hans Christianson frå Trondheim

 

##### (detaljar om han?)

 

og Kirsten Arentzdotter frå Børsøren i Børsa

 

##### (detaljar om ho?)

 

og f. der 6.3.1817.  Peder Ludvigsen var steinarbeidar og sidan postbod i Vågan der han og Erikka busette seg på Ørsvågeidet.  Peder d. som husmann på Ørsvågeidet 28.3.1891, medan Erikka d. som legdelem same staden 31.3.1895.  Dei fekk tre born i lag:

a. Ludvig Marselius Pederson Sandvik, f. i Vågan 15.3.1846, d. på Værøy i Lofoten 19.12.1927.  Ludvig gifte seg på Værøy 2.9.1883 med Emilie Olsdotter Grøttem frå Værøy.  Ho var f. på Sørland på Værøy 18.3.1845 og d. på Værøy 16.3.1932.  Ludvig Sandvik var fiskar og arbeidar, og han og Emilie budde på Sørland på Værøy levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag, men Emilie hadde òg tre born frå før.

b. Hansina Christine, kjend som Christine Pedersdotter Sandvik, f. i Vågan 3.1.1850, d. i Kabelvåg 8.1.1894.  Christine gifte seg første gongen i Vågan 29.12.1874 med Tobias Pederson Bye, f. på Brekke i Tysvær, Rogaland 24.11.1850.  Han d. som strandsitjar i Kabelvåg alt 22.1.1881, og Christine gifte seg 12.2.1883 att i Vågan med Lars Andersson Bye, f. på By i Orkdal 22.12.1835.  Han d. som vognmann og enkjemann i Kabelvåg 3.8.1898.  Tobias var strandsitjar, medan Lars var vognmann.  Med båe ektemakane budde Christine i Kabelvåg i Vågan, og ho fekk i alt fire born, eitt før første ekteskapet og tre frå første ekteskapet med Tobias.

c. Bernt Christian, kjend som Kristian Pederson Sandvik, f. i Vågan 23.6.1853, d. i Honningsvåg i Finnmark 6.12.1924.  Han gifte seg i Måsøy 12.8.1899 med Rebekka Antonette Marie Jørgensen frå Storskånland i Trondenes.  Ho var f. i Trondenes 10.6.1863 og d. i Honningsvåg 16.6.1918.  Kristian Sandvik var fiskar, og han og Rebekka budde i Sørvågen, Honningsvåg i Finnmark.  Dei fekk to søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

So vidt eg kan sjå, er det no faktisk berre detaljane om foreldri til Erikka Hansdotter frå Børsa som manglar, men kan henda er det opplysningar som vert svært vanskelege å finna...(?)...

 

Forøvrig vil eg gjerne få minna om søsteri til Peder Ludvigson, nemnd i innlegg #230 over, som ingen so langt har kommentert...

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Britha Ludvigsdotter, døypt i Luster 22.1.1804, fekk ein uekte son Hermund Torgerson i Luster i 1826 som døydde kort etter fødsli.  Deretter forsvinn Britha frå Luster, og eg har aldri greidd å finna ut kvar det vart av ho!

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elles er eg svært glad for at du, Ivar, har henta fram Anna Sophie Pedersdotter (Hjermann), som det vart halde skifte etter på Joranger i Hafslo i 1798.  Denne huslyden har vore oppe til drøfting før:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/208255-hjermannsætti-frå-lærdal-ei-grein-via-luster-til-bergen-på-1700-talet-men-kva-lagnad-fekk-dei/?tab=comments#comment-1753071

 

 

Som du ser, manglar det framleis ein del detaljar her, og eg tek med òpne armar imot alt som måtte dukka opp!

 

Ein ny kjempetakk til Ivar og andre for kjempeflotte opplysningar og spennande «saker» som dukkar opp gjennom dette emnet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Vet du har kontroll på de fleste her , men har du alle ?

Vigde i Askøy

image.thumb.png.15f887b0788092a7618eef0420e2163c.png

 

image.thumb.png.76b9f2979efb774b316ba4b0ad7ddbfc.png

 

Med forbehold om rett Jostedal

image.thumb.png.fb9d40777ffaa43824e3b579b3a34d56.png

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg.

 

Eg har nok i si tid «pløya» vigselsprotokollane for Askøy, den gongen me laut lesa originalprotokollane frå side til side..., men ikkje alle huslydane har eg greidd å følgja opp.  Hans Andersson frå Lunden er ein av dei, som eg i kveld har lagt ut som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225510-hans-andersson-fødd-1801-lunden-i-luster-gift-på-laksevåg-i-1827-med-enkja-ingeborg-cecilie-engelsdotter-frå-alvøen-men-kvar-vart-det-av-dette-parfolket/

 

Elles har eg bra kontroll på dei fleste andre, men det er ein eller to andre eg òg vil komma attende til...

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg ogso teke opp att eit anna tema som eg vart minnt om av deg, Ivar, og som omfattar to av dei andre vigslene på Laksevåg, søskeni Ole Sjurson i 1867 og Anna Sjursdotter i 1875:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/202913-ole-sjurson-fossen-1839-1886-frå-jostedalen-til-laksevåg-gift-med-martha-olsdotter-frå-askvik-på-os-1835-son-i-haugesund-lagnad/?tab=comments#comment-1712070

 

Det hadde vore kjempebra om i alle fall nokre av dei detaljane som her framleiks står òpne, kunne vore tilføydde, og eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg var innom desse sjømannslistene for Stavanger for ein del år sidan, men du minte meg om Hans Andersson Rønnei, fødd i 1836, som er ein person somn eg veit svært løite om lagnaden til.  Eg har difor lagt Hans ut som eige tema i Brukarforum med von om at nokon kan hjelpa meg med å supplera fleire detaljar...:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/225562-hans-andersson-lunden-dy-fødd-i-luster-1835-matros-i-stavanger-gift-med-maria-halvorsdotter-forsvinn-1866-lagnaden-til-denne-huslyden/

 

Dei andre sjøfolki som du nemner, har eg god kontroll på!

 

Ein ny kjempetakk til deg, Ivar, for å henta fram slike spennande utfordringar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen gamle stamtavler- mest for moro skyld- selv om det nok ikke var så kjekt for de som er beskrevet her da noen i familien var spedalske. En forferdelig sykdom,

men kanskje det er noen opplysninger du kan ha bruk for.

 

Norsk magasin for legevitenskapen utgitt 1860

 

image.png.d0e3cbf17788c10b4ab27b972e65dc59.png

 

image.png.bba9d53509afaf093a79f10879c98491.png

image.thumb.png.e060c3df61d37d2f008618ca1f0a185f.png

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante meldingar!

 

Dette med den spedalske sjuka har vel alltid vore som ein «plettflekk» i mange bygder.  Eg kjenner til mange huslydar i Luster der ein eller fleire var spedalske, so òg dei som du nemner i innlegg #245.  Som regel skreiv presten dette i kyrkjeboki, men ikkje alltid, og nokre av dei eldre visste eg ikkje at dei hadde vore spedalske...  Eg har gjort meg nokre notatar om dette for seinare bruk...

 

Når det gjeld dei to etterlysningane etter ervingar i innlegg #247, har eg full kontroll på dei.

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for at du hentar fram spennande saker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang innlegget ditt, Ivar, i nr 246:

Vangsnes, Feios og Fresvik et no alle ein del av Vik Kommune. Samt Arnafjorden, som og hadde mange spedalske (innkl ein for-far av meg, Anders Olsen Finden).

 

No er det igjenn problem/utfordringar hos desse 4 (Arnafjord, Vangsnes, Feios og Fresvik).

No er det IKKJE spedalsk, men skolestrukturen. Fjerning av barneskolene på desse fredfulle plassane og til Sentrum, dvs til Vik.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars og Jon

 

Har dere vært innom denne boka til Leif Midthaug ? Voldsomt hvor mange soldater fra Sogn som som ble begravet i Vinger 1780 - 1814.

image.png.11f71935fe03c7352f0a6a5f836b5d52.png

 

Her er ett par stk

image.png.312e5065acd6a9ddd5605bc7635985d9.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.