Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg er NESTEN sikker på at denne Ole Olson Forthun var frå Fortun på Lærdalsøyri i Lærdal.  Namnet finst ogso i Luster, men alderen høver dårleg, og dessutan ser me at «kameratane» til Ole Olson Forthun kom frå Lærdal...

 

Men kanskje kan dette innlegget komma andre til nytte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt spennande innlegg!

 

Denna jenta kjenner eg godt.  Ho var fødd på Mørkrid i Luster 14.5.1817.  Eg har ikkje sett noko i kyrkjebøkene i Luster om at ho fødde i dølgsmål, men ho kom i alle fall attende frå straffen, for 25.11.1846 gifte ho seg i Luster med Lars Østenson frå Bolstad, og dei vart eter kvart husmannsfolk på Bjørkeneset under Kroken i Hafslo.  Lars døydde i 1874, og i 1880 utvandra Gjertrud som enkje med dei yngste borni sine til Amerika, truleg til Vernon Co., WI, men eg har førebels ikkje greidd å finna dødsfallet hennar der borte...!  Kanskje skulle eg leggja det spørsmålet ut i Brukarforum...?

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Først ein augneblink attende til Gjertrud Christensdotter Mørkrid (jmf. innlegg #127 og #128).  Det ser ut til at ho har følgd dotteri Sophia til Chicago, IL, for eg er nesten sikker på at dette er dødsmeldingi hennar derifrå (fleire av borni hennar skreiv seg for Larson!)

 

Name Gertrude Larson
Event Type Death
Event Date 31 Mar 1898
Event Place , Cook, Illinois, United States
Event Place (Original) Chicago, Cook, Illinois
Gender Female
Age 81
Marital Status Widowed
Ethnicity American
Race White
Birth Year (Estimated) 1817
Birthplace Norway
Burial Date 31 Mar 1898
Cemetery Oakwood
Record Number 10

 

So til Johannes Ellefson.  Eg er overraska over at han vart etterlyst, sidan dette skiftet hadde svært liten arv å by på, men då kan eg fortelja at eg har jobba mykje med denne slekti, og eg syner til følgjande tema som eg i kveld har henta fram att frå «gløymsli»:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201566-johannes-ellefson-1737-1803-frå-luster-til-alvdal-og-vidare-til-åfjord-huslyden-hans/?tab=comments#comment-1701600

 

Ein ny kjempetakk til deg, Ivar, som finn det mest utrulege!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Etterkommer etter en av mine favoritt slektninger Hermund Sjursen.

hermund.PNG.1b178ffcdf04930c8897ea115a24687a.PNG

 

Sønn Mons Hermundsen blir født 1838 og flytter til Bø i Vesterålen.

Der får han i 1897 sønnen Fritjof Bang Hermundsen som flytter sørover.

 

Kan det være denne karen ? og har du i tilfelle opplysninger å dele om hans vider liv ?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000759099

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser av en base at Fridtjof ble gift i 1919 med Josefine Marie Jensdtr f 1898.

Hun var datter av Jens Andersson Nesse og Johanna Kristine Øysteinsdtr.

Josefine hadde 11 søsken.

 

Jens var født 1868,Tysnes.

Johanna født 1874,Hovland i Tysnes.

https://www.myheritage.no/names/josefine_bang

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Supert Ann-Mary :)

Da er slekta til Josefine her

johanna.PNG.80ab8be48003237e3283888fe88b4e73.PNG

 

Og så får vi håpe at det er rett Fritjov Bang jeg har funnet.

 

Og de var ikke lenge i USA

josef.PNG.1c806d50a0a82ab6fd2ba928d333fa1c.PNG

 

Mvh

ivar

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar som har henta fram emnet om Fridtjof Bang, og takki til Ann-Mary for supplerande opplysningar!

 

Det kan ikkje vera mykje tvil om at denne Fridtjof Bang verkeleg kjem frå Bø i Vesterålen og at han var son av Mons Hermandsen på Straumsjøen med opphav i Luster i Sogn.  Då eg sjekka ut denne delen av det gamle manuskriptet mitt i førre veke, oppdaga eg at manuskripti for to av mostrene til Mons Hermandsen òg var ganske so mangelfulle, og i dag har eg lagt ut tre nye tema som handlar om denne ætti, mellom anna dette emnet som går konkret på Mons og huslyden hans:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223558-mons-hermandsen-1838-1908-frå-sande-i-luster-til-bø-i-vesterålen-huslyden-hans-med-spreiing-til-tysnes-amerika-og-haugesund/

 

Det ville gle meg mykje om eg kunne få hjelp til å fylla i alle fall nokre av dei hòli som framleis finst her, og eg takkar på ny so mukje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Typisk

 

Glemte å si at datteren Sofie Otilie Andreassen ? 23.2.1871-1.2.1921  Drag i Tysfjord

 

ble gift på Stangnes , Trondenes med Albert Johnsen Stangnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd for siste innleggi om ein huslyd som eg kjenner SVÆRT GODT til, men som det er på tide å henta fram att.  Sjå desse debattane i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/200347-anders-kristensen-1826-1899-frå-hafslo-til-tysfjord-og-hamarøy-huslyden-hans/

 

og særleg denne der siste oppdaterte manuskript finst i innlegg #60 på side #3:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/203028-jordskjelvoffer-i-san-francisco-ca-1906-via-new-zealand-og-alaska-brørne-ole-christian-ingemann-andersen-1868-og-jacob-sophus-andersen-1866/

 

Som du vil sjå, er eg særleg oppteken av to store utfordringar:

 

* Dødsfallet til Lars Larsson Kjær i Tysfjord, fødd 1855

 

* Lagnaden til Jacob Sofus Andersen, fødd 1866

 

Greier du gjera noko med dei, er du kjempegod!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager Lars , når ingen andre av de flinke folkene har funnet noe så klarer garantert ikke jeg det.Er bare en lykkelig amatør.

 

Har bare opplysninger om Albert og Sofie og deres etterkommere frem til ca.1990.

 

Hvis du trenger noe der så kauk ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd for siste kommentar!

 

For mitt føremål treng eg ikkje fleire opplysningar om etterslekti til Albert og Sofie.

 

Elles skal du vera varsam med å «undervurdera» eigne evner.  Det kan ofte vera tale om å vera «på rett stad til rett tid».  Brått kan du sitja med ei kjempeopplysning framfor augi dine som ingen andre har sett!  Det er det mange av oss som har opplevd, både ein og fleire gongar!  Det er berre å stå på, Odd!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 23.6.2018 den 19.13, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!

 

Først ein augneblink attende til Gjertrud Christensdotter Mørkrid (jmf. innlegg #127 og #128).  Det ser ut til at ho har følgd dotteri Sophia til Chicago, IL, for eg er nesten sikker på at dette er dødsmeldingi hennar derifrå (fleire av borni hennar skreiv seg for Larson!)

 

Name Gertrude Larson
Event Type Death
Event Date 31 Mar 1898
Event Place , Cook, Illinois, United States
Event Place (Original) Chicago, Cook, Illinois
Gender Female
Age 81
Marital Status Widowed
Ethnicity American
Race White
Birth Year (Estimated) 1817
Birthplace Norway
Burial Date 31 Mar 1898
Cemetery Oakwood
Record Number 10

 

So til Johannes Ellefson.  Eg er overraska over at han vart etterlyst, sidan dette skiftet hadde svært liten arv å by på, men då kan eg fortelja at eg har jobba mykje med denne slekti, og eg syner til følgjande tema som eg i kveld har henta fram att frå «gløymsli»:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/201566-johannes-ellefson-1737-1803-frå-luster-til-alvdal-og-vidare-til-åfjord-huslyden-hans/?tab=comments#comment-1701600

 

Ein ny kjempetakk til deg, Ivar, som finn det mest utrulege!

 

 

Berre ei kort melding, Ivar, om at eg i ettermiddag tok ein telefon til Oakwood cemetery i Chicago, IL, og eg fekk opplyst at Gertrude Larson vart gravlagd av dotteri Sophie Connell, so då er identiteten stadfesta, og dette problemet er løyst!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for å henta fram dokument frå heimstavnsregisteret i Bergen.  Dette er ei kjelde som eg ikkje hadde tilgjenge til den gongen eg arbeidde med bygdebøkene for Luster på 1980-talet, og eg veit at mange av dei kan ha viktige opplysningar.

 

No er det ganske tidkrevjande å setja seg ned og lesa gjennom alle desse meldingane, men det som hadde vore svært kjekt, var om ein eller annan kunne utarbeida ein DATABASE som helt konkret går på dette heimstavnsregisteret og som tek med fulle namn, aldrar og fødestadar til dei som er nemnde der, og ikkje minst ein direkte «link» til sida der vedkommande er omskriven!  Eller kanskje finst det alt ein slik base?  I «jungelen» av basar er det ikkje alltid so godt å halda overblikk...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Renathe-Johanne Wågenes - Arkivverket locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.