Gå til innhold
Arkivverket

Hans Andersson Lunden d.y. - fødd i Luster 1835 - matros i Stavanger - gift med Maria Halvorsdotter - forsvinn 1866 - lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

So har Ivar Moe på ny gjort meg merksam på ein utflyttar frå Luster som påmønstra som sjømann i Stavanger i 1860, som eg rett nok har registrert før, men som eg veit svært so lite om.  Kanskje er det mogeleg å gjera noko med dette:

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under!

 

Her er huslyden i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038196016178

 

og her er dei i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052234021114

 

Det hadde vore kjempebra om denne biografien kunne kompletterast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

kona Jorina Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Årstad i Klepp?

konfirmasjon 1825. Bustad er Aarstad:

https://www.digitalarkivet.no/pk00000000372645

SAST, Klepp sokneprestkontor, 30BA/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1816-1833, s. 256
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070621620097
 

dåp 1810. Bustad er Aarstad:

https://www.digitalarkivet.no/pd00000000951490

SAST, Klepp sokneprestkontor, 30BA/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1793-1819, s. 72-73
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070621610576
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard og Carsten for nye spennande innlegg!  Eg er nok ein gong imponert over kva de finn!

 

Utifrå dei nye opplysningane har eg sjekka ut fødsli til Vilhelm Vilhelmsen og foreldri hans, og eg leitte òg fram dødsmeldingi etter Marie Vilhelmsen i 1912, men der var det lite å henta sidan ho var «fattiglem»...: https://media.digitalarkivet.no/view/62822/57

 

Då er det altså klart at Hans Andersen miste livet då briggen Rauma totalhavarerte i januar 1866, men då lurer eg på:  Vart det ikkje halde sjøforklaring?  Er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen (og staden) for dette havariet?

 

Elles er eg sjølvsagt svært nysgjerrig på lagnadane til dei tre borni hennar Marie...  Men dei vert vel ikkje so lett å finna att med slike namn...

 

Her fann eg forresten konfirmasjonen til Martine i 1877 - då kalla Martine Ommundsen(?): https://media.digitalarkivet.no/view/1687/74

 

I farten kunne eg ikkje finna konfirmasjonen til Anna, og Hans Andreas er vel avliden før 1875..., eller?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Maria hadde òg ei dotter frå før:

 

##### (kan dei ha hatt fleire?)

 

a. Martine Larsdotter, dotter av Maria og gardbrukarsonen Lars Johannesson Wigrest,

 

     ##### (kven var han?)

 

     var f. i Stavanger 8.4.1863,

 

OBS-OBS:

Kyrkjeboka: "Efter Moderens Tilstaaelse den 20-9-77 er Faderen Ungkarl Hans Ommundsen"

SAST, St. Petri sokneprestkontor, 30/30BA/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1861-1868, s. 88
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050923020096
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Då er det altså klart at Hans Andersen miste livet då briggen Rauma totalhavarerte i januar 1866, men då lurer eg på:  Vart det ikkje halde sjøforklaring?  Er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen (og staden) for dette havariet?

usikker, men det er kanskje denne skuta:

https://digitaltmuseum.no/011025161581/maleri

 

sjå også her:

http://kulturnav.org/b02e4515-47af-4c33-a6ab-aa36e5514209

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for nye oppklarande innlegg!

 

No børjar jo dette å verta skikkeleg spennande...  Kanskje Hans Andersson var den rette faren ogso til Martine?  Eg har blatt kjapt igjennom dødsmeldingslistene for Stavanger ut august 1866, men finn ikkje nokon Hans der...

 

Elles var det kjekt i alle fall å få på plass staden for dette havariet i 1866.  So får me heller lata datoen liggja...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nye imponerande innlegg!

 

Detaljane børjar å komma «på plass» om denne huslyden, og manuskriptet mitt, oppdatert frå manuskriptet i innlegg #7, ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fantastiske innlegg av Carsten er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt og nesten komplett manuskript i innlegg #17 under!

 

Dei største attverande utfordringane no er å finna lagnadane til dei to jentene, Martine og Anna, men let det seg gjera?  Kva ættenamn kan dei ha nytta...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for fantastiske innlegg.  Du imponerer stadig vekk med kva du finn!

 

Då har me dødsfalli på alle dei tre borni som Marie fekk, og bortsett ifrå ein nøyaktig havaridato for briggen Rauma i 1866 er denne biografoien no heilt komplett!

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet, som erstattar manuskriptet i innlegg #14 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andersson {Lunden}, f. {i Luster} 24.5.1836,

Hans Andersen flytte i ung alder til Stavanger der han 26.3.1860 mønstra på som sjømann, og 8.9.1864 gifte han seg i Stavanger med Marie Halvorsdotter frå Kirkesole i Håland (Sola).  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Johnson på Kirkesole og kona Jorina Johannesdotter frå Årstad i Klepp og f. i Håland 1.9.1835.  Hans Andersen heldt fram som matros, og han og Marie vart buande i Stavanger, men Hans miste livet då briggen Rauma totalhavarerte ved Nexø, Bornholm, Danmark i januar 1866. 

 

##### (finst det nærare opplysningar om dato for denne hendingi??)

 

Marie livnærte seg sidan som vevar, men gifte seg 23.12.1883 att i Stavanger med enkjemannen Vilhelm Theodor Vilhelmson Dahl, opphavleg frå Farsund, kjend som Vilhelm Vilhelmsen.  Han var son av smed Vilhelm Jacobi Johannesson Dahl i Farsund og kona Tobine Gurine Torkildsdotter frå Kristiansand og f. i Farsund 5.7.1828.  Vilhelm var sjømann og sidan dokkarbeidar, og han og Marie vart buande i Stavanger der Vilhelm d. 3.7.1900.  Marie Vilhelmsen d. som enkje same staden 10.7.1912.  Marie fekk i alt tre born, to frå ekteskapet med Hans og eitt frå før:

a. Martine Hansdotter Ommundsen, dotter av Marie og, som mori oppgav i 1877, ein Hans Ommundsen, var f. i Stavanger 8.4.1863, men d. ugift i Stavanger 10.8.1883.

b. Anna Hansdotter Andersen, f. i Stavanger 25.12.1864, d. i Stavanger 14.10.1876.

c. Hans Andreas Hansson Andersen, f. i Stavanger 12.2.1866, d. i Stavanger 20.12.1874.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

RAUMA    http://kulturnav.org/b02e4515-47af-4c33-a6ab-aa36e5514209

 

Beskrivelse

RAUMA (muligens to skip av dette navn)
Nasjon: Norsk
Type: Brigg
Byggeår: 1852
Byggested: Molde, Norge
Ombygging: Ombygget 1866. Forandret til skonnertskip.
Endelig skjebne: Strandet 1866 ved Nexø, Bornholm / Strandet, vrak 1887 på Øland.

 

Her er ho:

https://digitaltmuseum.no/021027239597/maleri

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein for siste innlegget!

 

Eg er takksam for alle freistnadar på å finna ein nøyaktig dato for dette forliset i januar 1866, men det kjem vel ikkje fram noko nytt enn kva Richard alt har teke med i innlegg #2 og #10 over, so truleg lyt me akseptera at den nøyaktige dødsdatoen til Hans Andersson Lunden forsvann då Hans drukna i januar 1866...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har hatt kontakt med Bornholms Museum ved museumsinspektør, ph.d. Jakob Seerup som har undersøkt grundig. Han skriv:

Tak for din forespørgsel vedr. det norske skib RAUMA, der skulle være strandet ved Nexø i 1866. Vi har desværre ingen oplysninger om denne stranding. Den burde være omtalt i værket Bornholmske Strandinger 1830-1986 af Erik Pedersen (Bornholmerens Forlag, 1987), som har stort set samtlige strandinger omtalt. Jeg kan se, at der i 1861 strandede et skib, der hed RAUKA syd for Allinge, som var på vej fra Rauma til London. Men det er nok ikke det skib, du har i tankerne.

 

Jeg har forsøgt at slå op i samtidige aviser, men ikke fundet noget. Jeg kan derfor nok desværre ikke hjælpe dig meget videre i sagen.

Lars - du får trekkja dei konklusjonar du vil.

Mvh Jostein

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dessverre, ikkje noe meir konkret om dato og stad:

 

image.png.bf3274fd4771de6559e62b630284f527.png

image.png.98642730e25561638271f066580a9d50.png

Michaelsen, M. L. Stavanger sjøfarts historie  1927 Dreyer, s. 308 &  246.

 

Skipper N. Nielsen = truleg Niels Nielsen, 1865-tellinga:  https://www.digitalarkivet.no/pf01038196000255

i 1875 er kona enke og har kun dei to borna som er talde i 1865: https://www.digitalarkivet.no/pf01052234003354

 

Niels Nielsen i skipparrull:

SAST, Stavanger sjømannskontor*, 1860, s. 160
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10041101171165

 

Her står nett det same: drukna  januar 1866 ved Raumas totalforlis, altså er vi like langt.

 

Januar 1866 må ha vore stormfull:

Morgenbladet 25.1.1866:

image.png.9fd125e3924a780941d3566e76caba29.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 9/13/2018 at 7:12 PM, Jostein Stokke said:

RAUMA (muligens to skip av dette navn)
Nasjon: Norsk
Type: Brigg
Byggeår: 1852
Byggested: Molde, Norge
Ombygging: Ombygget 1866. Forandret til skonnertskip.
Endelig skjebne: Strandet 1866 ved Nexø, Bornholm / Strandet, vrak 1887 på Øland.

 

Dersom RAUMA blei ombygd til skonnert i 1866 og forliste ved Bornholm i januar same år, så har dei hatt det travelt?

Og kva betyr "vrak 1887 på Øland"?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein og Richard for nye spennande innlegg!

 

Eg kan ikkje føya til so mykje, men eg har òg forundra meg over at ombyggingi av skipet fann stad i 1866, når skipet forliste i januar same år!

 

Og denne merknaden om Øland har eg òg spekulert på, men eg trur at det var so, at vraket av Rauma vart skylt i land på Øland i 1887...?

 

Elles ser me at Nexø er ein hamneby heilt aust på øya Bornholm, og det er vel ikkje urimeleg å tenkja seg at vraket har drive mot Øland...

 

Eg leitte i si tid etter ei dødsmelding/skifte i Stavanger etter Hans Andersen, men fann ikkje noko spor etter det.  Kanskje finst det ei melding eller eit skifte etter skippar Niels Nielsen som inneheld ein dødsdato?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

men eg har òg forundra meg over at ombyggingi av skipet fann stad i 1866, når skipet forliste i januar same år!

 

Forklaringa er (har eg i alle fall tenkt) at det var to skip med same namn, det som Niels Nielsen førte og som var bygt i Molde, og innkjøpt til Stavanger i 1864, og eit som blei ført av ein skippar Gundersen, eg meiner å huska at det høyrte heime i Bergen, og det er vel det skipet som blei ombygt? I avisene finn eg Rauma ført av Nielsen fram til i 1865, Rauma ført av Gundersen frå 1866 - eg har altså  (likevel) rekna med at det er to ulike skip.

 

Den skuta Rauma som stranda i 1887 skal ha vore eit barkskip og dersom det stemmer er det neppe den same skuta som ein gong var brigg, for stor ombygging vil eg tru?

image.png.a19714bc2a2943083fba36567e792ac2.png

(Dagbladet 22/3-1887

 

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg leitte i si tid etter ei dødsmelding/skifte i Stavanger etter Hans Andersen, men fann ikkje noko spor etter det.  Kanskje finst det ei melding eller eit skifte etter skippar Niels Nielsen som inneheld ein dødsdato?

 

Eg har som du Lars leita etter Hans Andersen utan resultat, og også etter Niels Nielsen utan resultat i dødsfallprotokoll og skifteregisteringsprotokoll. 

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.