Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hei

 

Ser du leter etter en Lavold

 

Har en Lavold i Storvassbotn , Trondenes

 

Nils Olsen Lavold        1840-1924   fra Voss  ,foreldre bor i Straumen , Kvæfjord

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skulle gjerne vist om det finnes en gård eller plass i Luster med navn Bustem, eller om det er noe tilsvarende. 

 

Mons, sønn av Anders Bustem skal være født der i 1873.

Søn (Almisselem) Mons Anders. Bustem Sygehuset 9 Aar 1864 M fra Lyster Arbeidsmand Anders Bustem

 

Enn så lenge ha en fin og slektsfri ferie i "mediterranean" - "Mittelmeer"

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd, Ivar og Richard for many spennande nye innegg, og takk til Ivar for feriehelsingi!  Eg er framkomen til Antibes og hadde alt i ettermiddag den første symjeøkti - kring 30 gradar i lufti og herlege 26 gradar i eit bølgjefritt Middelhav!  Kva vil ein meir?

 

Til Odd:

 

Nils Olson Lavold var tydeleg frå Voss, som du seier, og er ukjend hjå meg...

 

Til Richard:

 

Desse settlarane på West Prairie i Vernon/Crawford Cos., WI kjenner eg godt til.  Dei budde i det største setllementområdet for emigrantar frå Luster, men Didrick O. White og Ole Rosenwater kom båe frå Flekkefjord-området...

 

Til Ivar:

 

For å ta den siste saki først:  Mons Andersson var son av ein sjømann frå Fransauri under Feigum i Luster, men hadde mor si frå plassen Bustein under Høyeim i Luster.  Kanskje budde Anders i unge år ei tid i Bustein?  Uansett er han del av ei svært utfordrande ætt, og eg har nettopp lagt ut denne huslyden som eige tema, der eg vonar på hjelp...:

https://forum.arkivverket.no/topic/224822-ole-andersson-«frans-olen»-1808-1859-husmann-i-fransa-uri-under-feigum-i-luster-fleire-born-som-berre-«forsvinn»-kvar-vart-det-av-dei/

 

Når det gjeld Jacob Hansson, so er han referert til Flahammar fordi sorenskrivaren budde der på den tidi.  Eg trur ikkje Jacob var frå Luster.  Han kan ha vore frå kva bygd som helst i indre Sogn...

 

Men den store utfordringi er gardkona Malena Olsdotter på Li i Hafslo.  Det finst nemlig ikkje nokon slik person i Hafslo etter det eg kan sjå!  So anten må namnet vera feilskrive, eller bustaden hennar er feil!?  Eg lyt spekulera vidare på, kven ho kan ha vore...  Eller kanskje nokon har forslag å komma med?

 

Ein ny kjempetak for interessante innlegg under dette emnet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

I hvilke bok og under hvilken gård finner jeg Anne Svensdtr. fra Lyster som gifter seg på Strusshavn på Askøy med Johannes Aslachsen  Berg i 1816 ?

(Hvis det står Svendsdatter i kirkeboka da, jeg synes det står Johnsdatter) ??

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000327110

 

Nr. 12 nederst til høyre

https://media.digitalarkivet.no/view/8603/122

 

Haster ikke med svar om du fremdeles oppholder deg i sydligere strøk.

 

 

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget som eg finn svært spennande!

 

Denne Anna liknar svært på ei av dei to Anna Svendsdøtrene som er «hovudpersonar» i dette emnet!

 

https://forum.arkivverket.no/topic/205743-anna-svendsdotter-x-2-på-slottet-i-luster-fødde-1781-og-1784-den-eine-tanta-til-hi-og-lagnadane-deira/?tab=comments#comment-1742029

 

Men eg vil ta Johannes Aslakson Berg og kona Anna opp til drøfting i eit eige tema, for å kunna studera den huslyden meir i detalj!

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for framifrå bistand,

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

35 minutter siden, Ann-Mary Engum skrev:

 

Ser ut til at klokkerboken viser Ane Svensdtr.

Brudgommen var 33 år,og bruden 36 år.

(Født ca 1783 og 1780)

Nr 12

https://media.digitalarkivet.no/view/8606/185

 

Supert Ann- Mary. Her fant du alder og også andre opplysninger. Jeg synes fremdeles det står Johnsdtr. men nå er jeg ingen ekspert på lesing av disse kirkebøkene.

 

Legger du klokkerboka over i det nye temaet til Lars om denne familien ?

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 minutter siden, Ivar Moe skrev:

 

Supert Ann- Mary. Her fant du alder og også andre opplysninger. Jeg synes fremdeles det står Johnsdtr. men nå er jeg ingen ekspert på lesing av disse kirkebøkene.

 

Legger du klokkerboka over i det nye temaet til Lars om denne familien ?

 

Mvh

Ivar

 

Tror du har rett i at det står Johnsdtr.

Har redigert innlegget mitt.

Slettet navnet.🙂

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Fantefølge

 

fra Morgenbladet 24 sep. 1846

 

image.png.db615a1da086d1bfd8790de821de2925.png

 

dette virket litt kjent så da kan det være at du har fått det tidligere.

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante innlegg!

 

Elsebe Ørjasdatter og «fantefølgjet hennar» frå 1840-åri er velkjende opplysningar, som ikkje treng nærare omtale her.

 

Når det gjeld dei truulukkeshendi frå Rønnei i Luster, var det alle tragiske hendingar, men kan du, Ivar, fortelja meg kva dato og kvar denne artikkelen vart prenta?

 

Same spørsmålet har eg òg med omsyn til Nils Jørgenson Flathun.  Han vart døypt i Luster 21.5.1786 og utvandra med kona Christi Ellingsdotter, døypt i Luster 16.9.1787, til Amerika i 1854 med fleire born, mellom anna den blinde sonen Jørgen, fødd 8.6.1826.

 

Eg har før finne at Nels og Christi med sonen Jørgen budde i 1860 i lag i Sterling township, Vernon Co., WI, men finn dei ikkje att nett no.

 

Derimot finn eg Nels og Christine Fluting(!) i FT1870 i Sterling township, Vernon Co., WI, då busette hjå dotteri Gunnhild Johnson:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-PYX

 

Utifrå opplysningane i dødsmeldingi må han vera avliden i oktober 1876, men eg har aldri finne gravstøtta hans!!  Heller ikkje støtta til kona Christi eller sonen Jørgen.

 

Ein ny kjempetakk for nyttige og vakne innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

men kan du, Ivar, fortelja meg kva dato og kvar denne artikkelen vart prenta?

 

Avis navn og dato satt inn over utklippene # 191 og # 193

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande innlegg!  Her er det endå ein gong litt av kvart å bita seg fast i...

 

For å ta den siste saki først:

 

Eg er ikkje 100% sikker, men eg trur at Ingeborg Rasmusdotter må vera ei som var fødd på plassen Grøt under garden Nes i Sogndal og døypt der 20.9.1789.  Ho var dotter av husmann Rasmus Andersson og kona Ingeborg Jørgensdotter, båe barnefødde på Hafslo, men utflytte til Sogndal i 1785.  Denne Ingeborg gifte seg første gongen i Bergen med Peder Olson frå plassen Stegen under Bøtun i Leikanger (1779-1834) og sidan med Mikkel Iverson frå Fosse i Hamre (1793-1866).  Ingeborg døydde i 1866.

 

Men denne delen av manuskriptet mitt har eg ikkje med meg der eg er no, so eg lyt få komma attende til denne saki når eg er heime att...

 

Sølfest Erikson Søvde var haugianar og leikpredikant og er vel kjend frå før.

 

Søskenflokken Lind som er nemnd i Tromsø i 1882, må vera denne huslyden som me i 1875 finn på Andenes: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052442002311

 

Me dreg kjensel på fleire av namni, og jenta som i 1882 budde i Hafslo, må ha vore der til oppfostring...  Eg ser ikkje noko meir til ho i Hafslo...

 

Elles var det greitt å få på plass datoane for dei andre artiklane...

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for interessante og utfordrande innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no lagt ut som eigne tema i Brukarforum to av sakene som du Ivar er komen med i det siste:

 

* innlegg #177 om Malena Olsdotter Lie: https://forum.arkivverket.no/topic/225232-malena-olsdotter-lie-kone-som-forsvann-i-hafslo-1802-ei-kjempeutfordring/

 

* innlegg #198 om Ingeborg Rasmusdotter og sonen Anders Pederson: https://forum.arkivverket.no/topic/225230-ingeborg-rasmusdotter-frå-hafslo-barnemor-i-gulen-1823-flytte-ho-til-bergen/

 

So får me vona at einskildfokusering på desse utfordringane kan bringa oss fleire svar...

 

Ein ny kjempetakk til deg, Ivar, for framifrå bistand med å henta fram desse sakene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.