Jump to content
Arkivverket

Johannes Tollefson, fødd i Årdal kring 1704, men oppvaksen i Luster - nemnd soldat i 1727, men forsvinn sidan frå bygdi - kvar kan han ha gjort av seg?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Johannes Tollefson var fødd i Årdal i Sogn kring 1704 som eldste son av Tollef Henrikson og kona Lucia Aslaksdotter, plassfolk under Seim i Årdal til dei kring 1712 busette seg som plassfolk på Ongelsneset under Nes i Luster.  Tollef var opphavleg frå Nes i Luster, men kona Lucia må han ha henta annanstads ifrå.  Lucia er uvanleg i indre Sogn, og Aslak finst omtrent ikkje!

 

Johannes Tollefson er nemnd som soldat i ei rulle frå 1727, og han tente truleg på Høyeim i Luster i 1731, men forsvinn deretter frå bygdi!

 

Ein Johannes Tollefson gifte seg på Kongsberg 2.11.1737 med ei Ingeborg Knutsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8569/242

 

Dei ser ut til å ha fått i alle fall to søner på Kongsberg:

 

* Mikkel, døypt på Kongsberg 7.9.1738

 

* Tollef, døypt på Kongsberg 25.2.1741

 

Kan det vera Johannes Tollefson, fødd og dels oppvaksen i gruvesamfunnet i Årdal, som flytte til Kongsberg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001540244 Konfirmasjonen til Michel Johansen Fierdingstad

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001540474 Konfirmasjonen til Tollef Johansen Fierdingstad

https://www.digitalarkivet.no/view/6/pc00000001135892  Johannes Tollefsen Fierdingstad var 51 år ved manntallet i 1765, dvs. født ca. 1714 og fødested Kongsberg

Edited by Sven Hjortland
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven for eit spoennande, men samstundes eit for meg avklarande innlegg!

 

Med namnet Fierdingstad er nok denne Johannes Tollefson ein heilt annan person enn han som eg leiter etter frå Årdal/Luster, so for meg er dette «back to square #one».

 

Men eg er takksam for at Johannes på Kongsberg er identifisert som den han var!

Link to comment
Share on other sites

Lars, jeg kan bekrefte at du har trukket rett konklusjon i #3, noe dette skiftet etter faren til Johannes viser: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000531187 

 

Etter at moren hans giftet seg på nytt, ble for øvrig Johannes stebror til en av de tre konene (ikke hun jeg slekter fra) til en av mine aner. Jeg har derfor god "kontroll" på ham.

 

Du var imidlertid litt for rask med å bruke etternavnet Fjerdingstad som et avgjørende argument for at det dreier seg om to ulike personer. Navnet Fjerdingstad kan to ulike opphav, enten av gårdsnavnet Fjerdingstad på Eiker eller etter Fjerdingstadgrenda på Kongsberg. For Johannes er det det siste som gjelder, og navnet kan da ikke tolkes videre enn som adressenavn. Dermed kunne det - i det minste teoretisk - vært mulig at han kom utenfra på 1730-tallet og så i løpet av noen år tok opp adressen som etternavn.

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Dag for siste «velsignande» innlegg.

 

Leitingi etter Johannes Tollefson frå Årdal/Luster går vidare, men det er ikkje godt å vita kvar ein skal leita...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.