Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hattemakarmeistar (1795) Tørris Johan Schnell i Bergen - gift med Kirstine Malene «Stine» Watlov - kven var han, og kvar vart det av han og Stine?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgongspunkt i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/

der denne problemstillingi har vore oppe, men utan at det er komme noko resultat:

 

Tørres J. Schnell, fødd i Bergen, løyste 21.7.1795 borgarskap i Bergen som hattemakarmeistar:

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=88&innhaldid=5&storleik=

 

Den same Tørris Johan Schnell gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.8.1793: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000994734

med Kirstine Malene, kjend som Stine Christansdotter Watlov frå Bergen, døypt i Bergen 22.5.1744.

 

Som det kjem fram av hovudemnet, var det to søskenborn med same namn:

 

* Tørris Johan Schnell, døypt i Bergen 10.1.1759 som son av bakarmeistar Hans Henrik Christianson Schnell og Ellen Tørrisdotter

 

* Tørris Johan Schnell, døypt i Bergen 22.6.1766 som son av vektar Dominicus Christianson Schnell og Inga Pedersdotter

 

Den første av desse vart konfirmert i Domkyrkja i 1774: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000437732

 

No var Stine so pass «vaksi» ved vigsli (49 år), so me kan vel ikkje venta at ho fekk born, men i Domkyrkja er ein son av Tørris Schnell gravlagd 12.7.1799, 2 år gamal, utan at eg finn noko namn på guten eller dåpshandlingi hans: https://media.digitalarkivet.no/view/8639/159

 

Uansett kven av dei to søskenborni som vart hattemakareistar, so er han borte frå Bergen før 1801, og eg har so langt ikkje greidd å finna dei att i andre kjelder.

 

Er eg vorten heilt blind, eller...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for nytt innlegg!

 

Jau so sanneleg ser eg at originalen har ein annan dato enn den som er registrert hjå Digitalarkivet!  Kva kan no òrsaki vera til det?

 

Vel, uansett endrar det ikkje problemstillingi vår...  Tørris og Stine er og vert borte...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om kvar dette parfolket kan ha gjort av seg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for eit kjempeflott innlegg!

 

Det var litt av ein stavemåte av Schnell-namnet!  Men det er heilt sikkert rette folki!

 

No ser eg forresten at eg har forveksla to kusiner når det gjeld kona.  Rett skal vera Kirstina Malene Johannesdotter Watlov, døypt i Bergen 28.1.1750:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=23707&personpostnr=69367&merk=69367#ovre

 

Og dette gjer det so absolutt mogeleg at ho var mor til det barnet som døydde i Bergen 1799 i ein alder av 2 år!

 

Samstundes er det heilt klart at det var den eldste av fettrane, Tørris Johan fødd 1759, som var hattemakarmeistaren!  Kvar det vart av hin Tørris, vert ei ny «gåte»...

 

No vert den neste utfordringi å finna dødsfalli i Kristiansand for Tørrid og Stine, med mindre dei flytte på seg endå ein gong...?  Kanskje finst det sogar eit skifte etter Tørris, som ville ha stor interesse for å finna ut av søskeni hans...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.