Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Anderson alias Chris Hanson - ein norsk mordar i Missouri - døydde i 1876 - fleire opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Stine for siste meldingi om alderen til Christopher Anderson/Hanson.

 

Alderen frå fengselet stemmer godt med alderen me fann i FT1860, og me skal ikkje sjå bort ifrå at mannen KAN ha vore nokre år eldre enn det me før har trudd.  Då lyt me i tilfelle ut for å søkja etter nye «kandidatar», men eg har ei kjensle av at aldrane frå FT1865 er ganske nøyaktige (ser eg for fleire personar på den lista).

 

Men eg vil ikkje påstå noko som helst...!  Hadde me berre visst sikkert kvar det vart av Christopher Andersson frå Fossum i Gjerpen...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaringi av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ein liten «replikk» til # 1, Lars: At far til Christopher døydde i fengselet i Bergen i 1848. 

 

Far døydde på Bergenhus straffeannstalt 28 nov 1845. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Innlegg #28:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon for siste kommentaren, som eg, grunna strykingi av emneabonnement hjå Digitalarkivet, ikkje hadde fått med meg før!

 

Rett skal vera rett.  Då eg sendte inn denne saki i 2018 kom eg i skade for å nytta feil dødsår for faren Anders Christophersom.  Som du seier, døydde faren i slaveriet på Bergenhus 28.11.1845.  Det var mori Torborg som døydde 27.3.1848, so etter den tid var unge Christopher «heilt åleine»...

 

Medan denne mordaren frå Kansas i 1863 mest truleg må ha vore Christopher Andersson frå Gjerpen, er det framleis ei kjempeutfordring å finna ut kvar det vart av «vår» Christopher Andersson frå Kjørlaug i Hafslo..., fødd i Hafslo 5.5.1831 og utvandra i 1851!?

 

Kan det vera denne karen som verva seg som soldat i 1861 og som miste livet alt året etter? https://forum.arkivverket.no/topic/223016-christopher-anderson-fødd-1831-gjekk-inn-i-den-amerikanske-borgarkrigen-frå-colorado-i-1861-kven-kan-han-ha-vore/?tab=comments#comment-1887352

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.