Jump to content
Arkivverket

Christopher Anderson - fødd 1831 - gjekk inn i den amerikanske borgarkrigen frå Colorado i 1861. Kven kan han ha vore?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen.

 

Me har i eit tidlegare emne debattert det norske opphavet til ein annan Christopher Andersson, som framstod som mordar i Kansas i 1863: https://forum.arkivverket.no/topic/222370-christopher-anderson-alias-chris-hanson-ein-norsk-mordar-i-missouri-døydde-i-1876-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1880376

 

I samband med den debatten hadde me framme fleire «aktuelle kandidatar» til kven mordaren kunne vera, og ein av desse andre «kandidatane» kan gøyma seg attom denne soldaten frå Colorado!  Og særleg er eg svært oppteken av denne unge mannen frå Hafslo:

 

Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831, utvandra til Amerika i 1851!

 

Er det nokon som eventuelt kan bidra med hjelp til å finna ut meir om denne soldaten frå Colorado?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alje gode tips!

Christopher Anders0n of Colorado.pdf

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen.

 

Hvis de som har kopiert dette fra Fold3 hadde bladd litt videre i dokumentene til denne Christopher Anderson så hadde de funnet ut at han døde i 1862.

1862_CA.jpg

 

 

 

1862_CA_II.jpg

Edited by Egil Johannessen
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Egil for eit interessant innlegg!

 

Då kan me slå fast at denne Christopher Anderson miste livet ved slaget ved Pigeon Ranch, NM 28.3.1862.  Dette er eit slag som eg so langt ikkje hadde høyrt om...

 

Men diverre vert det vel so godt som umogeleg å finna ut kva for ein Christopher Anderson dette kan ha vore, med mindre me kan lokalisera mannen i FT1860?

 

Eller me kan finna norske militærlister som fortel om ein rekrutt med dette namnet som var 5 feet 5 1/4 inches (kring 167 cm) høg, hadde blå auge og blondt hår?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å finna ut kven denne soldaten kan ha vore!

Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.