Lars E. Øyane Posted June 10, 2018 Share Posted June 10, 2018 (edited) Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen. Me har i eit tidlegare emne debattert det norske opphavet til ein annan Christopher Andersson, som framstod som mordar i Kansas i 1863: https://forum.arkivverket.no/topic/222370-christopher-anderson-alias-chris-hanson-ein-norsk-mordar-i-missouri-døydde-i-1876-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1880376 I samband med den debatten hadde me framme fleire «aktuelle kandidatar» til kven mordaren kunne vera, og ein av desse andre «kandidatane» kan gøyma seg attom denne soldaten frå Colorado! Og særleg er eg svært oppteken av denne unge mannen frå Hafslo: Christopher Andersson Kjørlaug (Nitter), fødd i Hafslo 5.5.1831, utvandra til Amerika i 1851! Er det nokon som eventuelt kan bidra med hjelp til å finna ut meir om denne soldaten frå Colorado? Eg takkar so mykje på førehand for alje gode tips! Christopher Anders0n of Colorado.pdf Edited June 10, 2018 by Lars E. Øyane Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Egil Johannessen Posted June 10, 2018 Share Posted June 10, 2018 (edited) 2 timer siden, Lars E. Øyane skrev: Eg har frå Amerika motteke dette dokumentet, tydeleg kopiert frå Fold3, som nemner ein Christopher Anderson, 30 år gamal, som i september 1861 gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen. Hvis de som har kopiert dette fra Fold3 hadde bladd litt videre i dokumentene til denne Christopher Anderson så hadde de funnet ut at han døde i 1862. Edited June 10, 2018 by Egil Johannessen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted June 10, 2018 Author Share Posted June 10, 2018 Hjarteleg takk til Egil for eit interessant innlegg! Då kan me slå fast at denne Christopher Anderson miste livet ved slaget ved Pigeon Ranch, NM 28.3.1862. Dette er eit slag som eg so langt ikkje hadde høyrt om... Men diverre vert det vel so godt som umogeleg å finna ut kva for ein Christopher Anderson dette kan ha vore, med mindre me kan lokalisera mannen i FT1860? Eller me kan finna norske militærlister som fortel om ein rekrutt med dette namnet som var 5 feet 5 1/4 inches (kring 167 cm) høg, hadde blå auge og blondt hår? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å finna ut kven denne soldaten kan ha vore! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.