Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Aamundson (f. 1814) og Anders Thomasson (f. 1818) - halvbrør frå Luster som berre «forsvinn» i vaksen alder - kvar kan dei ha gjort av deg? - kanskje til Nord-Noreg? - ei skikkeleg kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Stundom kjem ein borti einskildlagnadar som det berre synest heilt uråd å hanskas med, og følgjande sak er eit godt døme på nettopp det:

 

Mari Nilsdotter frå Bøen under Berge i Luster (1789-1821) busette seg på husmannsplassen Sage under garden Fuhr i Luster.  Ho fekk tre born:

 

** Nils Aamundson, døypt i Luster 21.8.1814 - barnefaren Aamund Einerson (1790-1836) flytte sidan til Bergen og vart gift der, men Nils voks opp i Luster og levde framleis her i 1832.  Då forsvinn alle spor!!

 

** Anders Thomasson, fødd i Luster 31.3.1818 - barnefaren Thomas Findson (1792-1829) hadde gift seg med Mari i 1817, so Anders var «ektefødd».  Anders levde framleis i Luster i 1843, for då laut han stå til rette som far i ei farskapssak!  Men deretter forsvinn alle spor ogso etter han!

 

** Ingeborg Thomasdotter, fødd i Luster 10.12.1820, fullsøster av Anders, gifte seg i Luster i 1841 med Østen Ellefson, døypt i Luster 13.11.1814, og dei var husmannsfolk i Langeteigen under Dalsøyri i Luster til dei i 1854 utvandra til Amerika.  Dei budde første åri i Dane Co., WI men flytte 1861 til Fillmore Co., MN der dei framleis levde i 1900.  Dei hadde då vore gifte i 59 år, og seks av dei sju borni deira var avlidne.  Kvar dei då hamna til sist, er førebels uklart...

 

Men utfordringi i dette emnet gjeld i første rekke dei to halvbrørne Nils Aamundson og Anders Thomasson.  Kvar i all verdi kan dei ha gjort av seg?  Dei KAN sjølvsagt ha hamna i Amerika, men eg trur meir på at dei er flytte tilo ein annan landsdel, kan henda til Nord-Noreg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg!

 

Jau, det er mogeleg å følgja Østen og Ingeborg gjennom ulike folketeljingar heilt fram til og med 1900; berre i FT1860 finn eg dei IKKJE - då KAN dei ha vore på flyttefot mellom Wisconsin og Minnesota...  Sonen Thomas skal vera fødd i Dane Co., WI(?) 4.2.1860, men ved konfirmasjonen hans i Fillmore Co., MN ser eg han er sagt vera fødd i Filllmore Co., MN... https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001391158

 

Her er dei i FT1870 i Carrolton township, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XSQ-5NJ

 

Her er dei i FT1900 same stad i lag med ein soneson Austin Austinson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-4M1

 

Og no ser eg faktisk at Ingeborg Austen i 1905 var komi til Stewartville, Olmsted Co., MN (flytt dit i 1901) der ho budde i lag med sonedotteri Louise Austen og ei anna sonedotter Clara Hall: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY4-GM5

 

og her er dødsfallet hennar i Stewartville, Olmsted Co., MN:

 

Name Ingeber Austin
Gender Female
Death Date 09 Dec 1911
Death Place Stewartville, Olmsted, Minnesota
Age 93
Birth Date 1818

 

Men dødsfallet til mann hennar, Osten Ellefson, ser eg ikkje noko til...  Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Eg ser at eg manglar ein del detaljar i dei neste generasjonane av denne ætti, men ønskjer i dette emnet å halda «fokus» på dei to halvbrørne som forsvinn frå Luster og eventuelt på desse to detaljane om Østen og Ingeborg:

 

** Kvar var dei i FT1860?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Østen Ellefson - mellom 1900 og 1905?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne «forsvinningsutfordringi»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Jeg fant to avisartikler om Austin Ellefson:

 

The Lanesboro journal. Pub. Date 2. mai 1901

152084898_Skjermbilde2018-05-24kl_22_45_01.png.8a5be9015f141454c031d818211f6e85.png

 

The Minneapolis journal., February 22, 1904

1693838894_Skjermbilde2018-05-24kl_22_49_36.png.adb9061799a3c58a719cafd35ad3e9b9.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempeflott innlegg!

 

Du fann dødsfallet til Østen «Austin» og soleis er det siste spørsmålet i innlegg #3 løyst!  Eg er imponert!

 

Som eg alt sa ovanfor, ser i alle fall ikkje eg noko til denne huslyden i FT1860, men kanskje andre ser noko eg har oversett?

 

Elles slit me framleis med lagnadane til dei to halvbrørne, Nils Aamundson og Anders Thomasson.  Om me ser på folketeljingane for USA mellom 1850 og 1900, ser me faktisk fleire Andrew Thompsons som utifrå alder godt kunne høva med «vår» Anders, mellom anna i San Francisco, CA og i Chicago, IL, men so var det å prova opphavi deira, då...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av desse søskeni!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.