Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Paulson alias Hans P. Olson - fødd i Vågå 22.11.1856 - utvandra 1880 til Iowa Co., WI - forsvinn derifrå kring 1889 - kvar kan han ha vorte av?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek jutgongspunkt i tidlegare tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201212-paul-olson-1826-1888-luster-vågå-wisconsin-huslyden-hans-særleg-borni-anna-og-hans/?tab=comments#comment-1699540

men er avgrensa til den siste «blanke ruta» i denne ættetavla:

 

Paul Olson (1826-1888) og første kona Gunnhild Hansdotter (1821-1870), plassfolk på Høyberget i Nordheradsalmenningen i Vågå, fekk mellom anna denne sonen:

 

Hans Paulson, rimelegvis kjend i Amerika som Hans P. OLSON, fødd i Vågå 22.11.1856, utvandra i 1880 og budde dei første åri hjå faren og stemori i Arena township, Iowa Co., WI.  Han opptrer i dei lokale kyrkjebøkene fleire gongar som faddar, siste gong i 1889.  Etter den tid er det ikkje meir å sjå til denne guten!

 

Han kan sjølvsagt vera avliden kort tid etter.  Soleis veit me at søsteri Anna døydde alt i 1890, truleg av «folkesjukdomen» tuberkulose, men kyrkjebøkene for dette området synest ganske so fullstendige, og nokon Hans kan eg ikkje sjå mellom dei avlidne!

 

Eg trur difor han må vera flytt derifrå, kan henda vestover, men, som sagt, eg sit heilt utan spor!

 

Me skal ikkje sjå bort ifrå at Hans kan dukka opp i ein eller annan OBITUARY, og då er det i første rekke to som er aktuelle;

 

* Liva Olson, stemori, døydde i Brigham township, Iowa Co., WI 2.1.1922

 

* Olina «Lena» (Mrs. Elif) Arneson, fullsøsteri, døydde i Brigham township, Iowa Co., WI 6.3.1932

 

«Hovudstaden» i Iowa Co., WI er Dodgeville, WI, so eventuelle obituaries vil kan henda vera å finna der(?), men Mt. Horeb, Dane Co., WI ligg nærare, so kanskje det er eit anna alternativ...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Hans Paulson/Hans P. Olson i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.