Gå til innhold
Arkivverket

Nils (1832) og Ole (1847) Anderssøner - husmannssøner frå Drevdal i Luster til Amerika mot slutten av 1860-åri - kvar kan dei ha gøymt seg der borte? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi kjempa eg med alt på 1980-talet, men eg greidde aldri å komma i mål.  No vonar eg at ein presentasjon i Brukarforum kan bidra til å løysa gåta...

 

Anders Nilsson (1804-1855) og Britha Pedersdotter (1804-1857), plassfolk på Hagale under garden Drevdal i Luster, fekk seks born i lag, to eller tre av dei forlet aldri Noreg, medan sonen Anders (= Andrew A. Drevdahl) (1837-1896) utvandra i 1866 til Dane Co., WI der han har stor etterslekt.  Han nytta Drevdahl som slektsnamn.  So har me desse to brørne, eldste og yngst i søskenflokken:

 

~~~~~

 

Nils Andersson (Drevdahl). fødd i Luster 1.2.1832, gifte seg i Luster 30.6.1862 med Rønnaug Hansdotter frå Bolstad i Skjolden, men fødd i Skjåk 8.6.1834.  Nils og Rønnaug utvandra til Amerika med S/S Fido i 1866: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=3387&merk=3387#ovre

og bør vel i prinsipet òg ha «landa» i Dane Co., WI liksom broren Anders, men eg har tross intens leiting enno ikkje greidd finna spor etter Nils og Rønnaug.  Dei hadde ingen born fødde før dei reiste frå Luster!

 

~~~~~

 

Ole Andersson (Drevdahl), fødd i Luster 27.7.1847, skal etter kva dei seier ha utvandra til Amerika kring 1870, og nokre slektningar TRUR han busette seg i Chicago, heller ikkje han har det til nore mogeleg å finna att der borte.  Eg har heller ikkje greidd å finna utvandringsåret!?

 

MEN eg har finne ein ganske so god «kandidat» for Ole i Amerika gjennom denne farmaren busett i Alba township, Jackson Co., MN, presentert gjennom eit ancestry «family tree»: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/72106412/person/34270538123/facts?_phsrc=Nzx10633&_phstart=successSource

 

Om denne Ole Anderson står det rett nok at han var fødd i Telemark i juni 1847, men han utvandra til Amerika i 1869, og ikkje minst dette:  Foreldri hans er namngjevne som Anders og Bessie!  Kanskje er det mogeleg å finna ein OBITUARY som fortel oss litt meir om opphavet og slekti hans?

 

~~~~~

 

Eg ville vorte svært so takknemlig om nokon greier løysa i alle fall noko av denne utfordringi og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har oppdaga at desse to brørne, Nils og Ole Anderssøner, hadde ei søster Martha Bertelsen (1844-1918), som utvandra i 1871 (eller 1870?) og som etter korte stopp i Wisconsin og Michigan hamna i Florida.  Huslyden hennar er i kveld utlagd som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223172-martha-andersdotter-1844-og-ole-andreas-«otto-august»-bertelson-1839-frå-bergen-via-wisconsin-og-michigan-til-før-1880-«appelsinbyen»-sanford-florida-detaljar-om-denne-utfordrande-huslyden/

 

Kan Nils og/eller Ole ha følgt søsteri til Florida?  Kanskje utvandra Ole Andersson i lag med søsteri og mann hennar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dei to brørne og lagnadane deira!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.