Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Knutson skulehaldar - fødd i Luster 1728 - til Kyrkjebø og sidan til Foss i Hyllestad - siste kjende adresse «Sulelandet» - kvar vart det eigentleg av denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Knutson, son av Knut Findson (1685-1749) og Martha Hansdotter (1699-1785), husmannsfolk på Vinjane under garden Hauge i  Luster, var fødd i Luster kring 1728 og reiste i ung alder som skulemeistar til Kyrkjebø i dåverande Vik prestegjeld.  Han gifte seg med ei jente derifrå, og dei flytte til Foss i Hyllestad, men so er det at denne huslyden tilsynelatande gjer «alt» for å gøyma seg for ettertidi.

 

Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Knutson {Vinjene}, f. {i Luster} kring 1728,

Hans Knutson flytte liksom fleire av søskeni også til ytre Sogn og gifte seg i Kyrkjebø, Vik 27.6.1762 med Guri Olsdotter frå Sande i Kyrkjebø.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Gunderson på Sande og kona Gjørond Østensdotter frå Hjetland og vart døypt i Kyrkjebø, Vik 2.8.1732.  Hans var skulemeistar, men han og Guri vart sidan gardbrukarar på Foss i Hyllestad der Guri d.

 

##### (truleg gravlagd Bø sokn, Gulen – finn ikkje? – skifte halde 9.5.1776! https://media.digitalarkivet.no/view/24167/370?indexing=

 

1776.  Hans Knutson flytte til

 

##### (budde 1794 på Sulelandet – gravl. frå Kjellevoll 25.4.1799, 70½ år – ell. frå Risen 22.2.1800, 78¾ år?)

 

Hans og Guri fekk fem born i lag:

a. Britha Hansdotter, døypt i Kyrkjebø, Vik 8.8.1762,

 

     ##### (d. barnlaus før 1816!?)

 

b. Martha Hansdotter, døypt i Kyrkjebø, Vik 8.7.1764, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1825!)

 

     Martha gifte seg i Kyrkjebø, Vik 20.9.1807 med Elling Gregoriusson frå Merket under Kyrkjebø i Kyrkjebø, f. i Kyrkjebø 1.6.1771.  Han d. som kårmann i Kalvebotten 12.5.1849.  Elling var ei tid skulehaldar i Vik, men han og Martha budde elles som husmannsfolk på ein plass

 

     ##### (kva plass? – bygdeboki for Hyllestad seier under husmannsplassen Gulen: «ein Elling Gregoriusson og sonen brukte truleg plassen ei tid»)

 

     under Kalvebotten (Skorpen indre) i Hyllestad.  Dei var truleg barnlause.

 

     ##### (sjekka dette?)

c. Ole Hansson, døypt i Hyllestad, Gulen 19.10.1766,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – før 1776!)

 

d. Knut Hansson, døypt i Hyllestad, Gulen 8.12.1769,

 

     ##### (d. barnlaus før 1816!?)

 

e. Gjørond Hansdotter, døypt i Hyllestad, Gulen 10.11.1774,

 

     ##### (d. barnlaus før 1816!?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Opplysningane som eg har, er alle «innfletta» i dette manuskriptet.  Særleg er eg oppteken av:

 

** Finst dødsfallet/gravferdi til Guri Olsdotter og/eller sonen Ole Hansson innført i Gulen?  Eg har ikkje greidd å finna nokon av dei...!

 

** Hans budde i 1794 på «Sulelandet» (kjem fram av skiftet etter søsteri Maria Knuitsdotter Kjøtnes, som døydde barnlaus i Luster dette året!).  Han er vel ein av dei to «kandidatane» eg har finne gravlagde i Gulen 1799/1800?

 

** Men so var det borni deira, då.  Fire av dei fem borni levde då mori døydde i 1776, men er sidan borte som «dogg for soli».  Eit skifte frå 1816, som eg i farten ikkje kan finna att, nemner berre dotteri Martha gift med Elling Gregoriusson, og sjølv om dette parfolket er bygdeboki for Hyllestad ekstrem sparsam med opplysningar...!

 

No vonar eg at nokon kanskje dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg med fleire detaljar.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg meiner å hugse at Bø i Hyllestad høyrde til Eivindvik (Gulen) fram til 1807 (?), deretter Lavik (oppretta i 1807 (?) ), og at soknet blei ein del av Hyllestad ved opprettinga av prestegjeldet på 1860-talet.

 

I dialekten her i Fjaler seier ein "ute i Sulinnje" om Solund. Gammal skrivemåte er vel "Sulen". Så med "Sulelandet" forstår eg Solund, som den gongen høyrde til Eivindvik. (Litt av dagens Solund kommune har vel i periodar høyrt til Askvoll prestegjeld).

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Når det gjeld sokna Hyllestad og Øn høyrde desse til Askvoll fram til Hyllestad vart oppretta som prestegjeld på 1860-talet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for kommentarane om Hyllestad, som vel stemmer bra med kva eg òg har bragt i erfaring.

 

Det som for ein «utlending» gjer dette so komplisert, er at ein ikkje har fullt oversyn over geografien i dette området, at til dømes Vik, Gulen og Askvoll var tre naboprestegjeld like fram til 1807, og so denne «fram og attende» flyttingi av Kvamsøy, Kyrkjebø, Lavik, Bø og Øn sokner...  I tillegg kjem utfordringi med at ein del av Gulen høyrde til Nordhordland...

 

Difor er det ofte òg so vanskeleg å vita kvar ein skal leita etter dei ulike datoane...

 

Men med omsyn til Hans Knutson og huslyden hans, so bør vel normalt alle dødsfalli her etter 1765 vera registrerte i gamle Eivindvik prestegjeld, ja bortsett ifrå Martha Hansdotter og Elling Gregoriusson, som vil vera i Askvoll(!).  Dødsåret til Elling må vel forresten vera 1848 i staden for 1849.  Jordfestingi var rett nok 10.3.1849, men ser me på døds- og gravferdsdatoane, ligg desse i mai, so då må dei jo skriva seg frå året før:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1974/74

 

Elles har eg no i dag blatt meg igjennom dødsfalli i Askvoll frå 1825 til 1865.  Det næraste eg kjem Martha Hansdotter er denne som er kalla kårkone i Yttrefjorden og som døydde 20.11.1860, men ho var «berre» 88 år - skulle ha vore 96!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1974/111

 

Men ved oppslag i bygdeboki under Yttrefjorden ser eg at ho var gift med ein brukar der!

 

So me er like langt...

 

Men kva med dei to «kandidatane» for Hans Knutson som eg fann avlidne i Gulen?  Kan ein av dei vera han som i 1794 er omskriven slm busett på «Sulelandet»?

 

Ved oppslag i Gulen-bøkene ser eg at Hans Knutson Kjellevoll var derifrå og budde der heile livet, so han kan det ikkje vera.  Derimot finn eg ingen Hans Knutson under Rise (Risen) i Gulen, so kanskje er det «vår» Hans som har tilbragt «livskvelden» sin der?

 

Eg takkar å ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.