Gå til innhold
Arkivverket

Elling Johannesson Drevdal (1819-1872) - politibetjent, vertshushaldar og «tukthus-stamgjest» i Bergen - kvar vart det av den danske kona hans og borni deira? - ein son i Paris!? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe og Richard for nye spennande innlegg!

 

Då er opphavet til Berggren-ætti godt dekt, og eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #70 slik:

 

~~~~~~~~~~~

 

Elling Johannesson {Drevdal}, f. {i Luster} 8.1.1819,

Elling Drevdal flytte òg til Bergen i ung alder og gifte seg der i Domkyrkja 19.3.1843 med Johanne Jacobine Johannesdotter Erichsen frå Sorø på Sjælland, Danmark.  Ho var dotter av jordbrukar Johannes Erichsen i Sorø, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Marie f. Egeroth frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Sorø, Danmark 25.7.1817, men voks opp hjå pleieforeldre i Sorø.  Elling Drevdal var ei tid politibetjent i Bergen, men fekk 4.4.1843 borgarskap i Bergen som vertshushaldar.  Han og Johanne busette seg snart etter i Hollændergaten i Bergen.  Hausten 1848 kjøpte Elling garden Foss nedre i Hyllestad hjå Johannes Torgerson frå Sandviki (1804-1879), men det ser ikkje ut til at han og Johanne nokon gong flytte dit.  Derimot ser det ut til at det gjekk noko på tverke for Elling; i 1850 gjekk nemleg eigedomen i Bergen på tvangsauksjon, og året etter vart også Foss nedre i Hyllestad seld på auksjon.  Elling livnærte seg sidan som dagarbeidar, og han og Johanne vart buande i Bergen i lag til huset deira gjekk på tvangsauksjon i 1862.  Elling kom sidan på arbeidsanstalten i Bergen der han d. som almisselem (legdelem) 7.1.1872.  Johanne Drevdal flytte i 1863 attende til Danmark og busette seg i København der ho d. 7.12.1899.  Elling og Johanne fekk fire born i lag, men Johanne hadde òg ei dotter frå før:

a. Laura Mathilde Caroline Carlsdotter Wichers Drevdal, dotter av Johanne og skomakarmeistar Carl Lauritz Knutson Wichers i Bergen (1821-    ),

 

     ##### (Carl Lauritz Wichers budde framleis i Bergen i 1862, men kvar vart det av han? – Amerika?)

 

     var f. i Bergen 17.9.1839 og flytte i 1863 med mor si til København der ho sidan livnærte seg som trådhandlar.  Ho d. ugift i København

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1925!)

 

b. Anna Eline, kjend som Elina Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 10.1.1842, flytte alt kring 1860 til København og gifte seg Helligaand kyrkje i København 18.9.1863 med Ove Otto Thorvald Olson Trabolt frå København, f. i København 4.8.1835.  Ove var snikkarsvein og sidan snikkar, medan Elina var jordmor.  Dei budde i København, men vart skilde i

 

     ##### (kva år? – mellom 1873 og 1880!?)

 

     Ove d. som «forlatt» snikkar i København 20.3.1899, medan Elina Trabolt i 1891 utvandra med eldste sonen til Brooklyn, N.Y. der ho d. 6.4.1900.  Ove og Elina fekk fem born i lag, men Elina hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Uekte dotter Falstrøm, f. København 13.2.1862

            * Gustav Camelius Trabolt, f. 27.12.1863 – n. 1880/1885

            * Johanne Kirstine Abelone Trabolt, f. 29.4.1866 – n. 1880/1885

            * Elna Camilla Trabolt, f. 26.8.1868

            * Frithjof Ove Otto Trabolt, f. 1871 – n. 1880/1885

            * Carl Ingolf Johannes «Ingolf» Trabolt, f. København 11.7.1873 – n. 1880/1885)

 

c. Udøypt son, f. i Bergen 30.11.1845, d. i Bergen 7.12.1845.

d. Johanne Gunhilde Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 27.4.1847, flytte i 1863 med mor si til København og gifte seg i Garnisonskyrkja i København 27.4.1882 med enkjemannen Frederik Henrik Henrikson Berggren, opphavleg frå Nykøbing i Falsters amt, Danmark og f. der 1.11.1839.  Frederik gifte seg første gongen i Århus 21.9.1869 med Johanne Henriette Johansdotter Agerup frå Århus, f. i Århus 3.7.1849.  Men Johanne d. i Århus alt 16.2.1872.  Frederik Berggren var militærkaptein, og han og Johanne vart buande i København der Frederik d. 21.2.1910.  Johanne Berggren d. som enkje same staden 22.2.1916. 

 

     ##### (eller døydde ho i Frederiksberg, Frederiksberg amt? – båe deler er oppgjeve!)

 

     Henrik fekk to born, som båe var frå andre ekteskapert hans med Johanne Drevdal.

 

     ##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?

            * Kaj, f. København 12.2.1880 – n. 1885 – Argentina eller Holstebro?

            * Martha, f. København 23.7.1881 – n. 1885)

 

e. Peder Frithjof Ellingson Drevdal, sidan kjend som Pierre F. Drevdal, f. i Bergen 18.9.1849, flytte likeins med mor si til København i 1863 og var ei tid handelsagent i København, men flytte sidan til Paris der han 18.8.1894 gifte seg første gongen med Francine Victoire Blanche, f. i Paris 19.7.1860.  Ho d.

 

     ##### (dødsfallet hennar? – før 1916!?)

 

     men vart skild frå Pierre alt i 1896.  Pierre gifte seg att i Paris 14.6.1906 med enkja Clémence Marguérite Lepan, f. Gundhardt, f. i Paris 11.12.1866.  Pierre var maskiningenør, industrileiar og fabrikkeigar i Paris, Frankrike der han d. 26.1.1916.  Clémence Drevdal d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1916!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer fødde av Pierre Drevdal?)

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg vert berre meir og meir imponert over kor grundig denne huslyden no etter kvart er handsama og må på ny få retta ein kjempetakk for framifrå bistand for å få dette til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

Kanskje til Argentina?

image.png.348d2b62ca4bea5526674bccb5172940.png

Aarhuus Stifts-Tidende 9. mars 1909

(http://hdl.handle.net/109.3.1/uuid:9476fc45-0fb9-4e0c-a828-ef58f6ff832f)

 

Det var kanskje rein spekulasjon, for her gifter han seg i Paris, i oktober same år:

image.png.a27ec17a54fdb171ed9f28ba7a0276f6.png

Folkebladet Sydjylland 18. oktober 1909

(http://hdl.handle.net/109.3.1/uuid:05b48e65-e1a9-4330-b1e5-79d16b9e7052)

 

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Clémence Drevdal d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1916!)

 

Ho levde i 1926. Under henne står ein Charles Lepan-Drevdal, same adresse. Er det kanskje ein son frå første ekteskapet hennar med Lepan, eller frå det andre med Drevdal?

image.png.1c904d05e2f4c1cf453949fd95134f6e.png

 

Bulletin municipal officiel de la Ville de Paris - 1926-06-18

(http://gallica.bnf.fr/services/engine/search/sru?operation=searchRetrieve&version=1.2&query=(gallica adj "mme drevdal")&lang=fr&suggest=0)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Richard Johan Natvig skrev:

Charles Lepan-Drevdal, same adresse. Er det kanskje ein son frå første ekteskapet hennar med Lepan, eller frå det andre med Drevdal?

 

Han vart fødd 12. feb. 1900, son av Clemence og hennar første ektemann. Notat ved sida av fødselsregistreringa viser at han blei adoptert av Fritjof Drevdal. Han døydde 1976. Eg har ikkje funne andre born av dette paret (Lepan), heller ikkje av Drevdal i noen av dei to ekteskapa hans. 

Skjermbilde.thumb.JPG.e270c7c493cc82ae9b551d2520b17462.JPG

Oppslag 29 i http://archives.paris.fr/arkotheque/visionneuse/visionneuse.php?arko=YTo2OntzOjQ6ImRhdGUiO3M6MTA6IjIwMTgtMDYtMTkiO3M6MTA6InR5cGVfZm9uZHMiO3M6MTE6ImFya29fc2VyaWVsIjtzOjQ6InJlZjEiO2k6NDtzOjQ6InJlZjIiO2k6MjQ2Njc3O3M6MTY6InZpc2lvbm5ldXNlX2h0bWwiO2I6MTtzOjIxOiJ2aXNpb25uZXVzZV9odG1sX21vZGUiO3M6NDoicHJvZCI7fQ==#uielem_move=-139%2C-874&uielem_rotate=F&uielem_islocked=0&uielem_zoom=202

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for dei siste innleggi om den «franske» greini av denne huslyden.  Eg seier meg lei for sein reaksjon, men dei siste dagane har, som du kanskje har fått med deg, vore ganske so hektiske...

 

Elles kan me vel etter dette slå fast at Pierre F. Drevdal i Paris truleg ikkje hadde fleire ervingar enn adoptivsonen Charles Lepan-Drevdal.

 

Frå Frankrike manglar me vel no i grunnen berre:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Francine Victoire Drevdal, f. Blanche, første kona til Pierre?  Kanskje gifte ho seg att, og då vert det vel vanskeleg....(?)

 

* Dato og stad for dødsfallet til Clémence Drevdal, andre kona til Pierre.

 

Her følgjer ein oppdatert kortversjon av manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elling Johannesson {Drevdal}, f. {i Luster} 8.1.1819,

Elling Drevdal flytte òg til Bergen i ung alder og gifte seg der i Domkyrkja 19.3.1843 med Johanne Jacobine Johannesdotter Erichsen frå Sorø på Sjælland, Danmark.  Ho var dotter av jordbrukar Johannes Erichsen i Sorø, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Marie f. Egeroth frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Sorø, Danmark 25.7.1817, men voks opp hjå pleieforeldre i Sorø.  Elling Drevdal var ei tid politibetjent i Bergen, men fekk 4.4.1843 borgarskap i Bergen som vertshushaldar.  Han og Johanne busette seg snart etter i Hollændergaten i Bergen.  Hausten 1848 kjøpte Elling garden Foss nedre i Hyllestad hjå Johannes Torgerson frå Sandviki (1804-1879), men det ser ikkje ut til at han og Johanne nokon gong flytte dit.  Derimot ser det ut til at det gjekk noko på tverke for Elling; i 1850 gjekk nemleg eigedomen i Bergen på tvangsauksjon, og året etter vart også Foss nedre i Hyllestad seld på auksjon.  Elling livnærte seg sidan som dagarbeidar, og han og Johanne vart buande i Bergen i lag til huset deira gjekk på tvangsauksjon i 1862.  Elling kom sidan på arbeidsanstalten i Bergen der han d. som almisselem (legdelem) 7.1.1872.  Johanne Drevdal flytte i 1863 attende til Danmark og busette seg i København der ho d. 7.12.1899.  Elling og Johanne fekk fire born i lag, men Johanne hadde òg ei dotter frå før:

a. Laura Mathilde Caroline Carlsdotter Wichers Drevdal, dotter av Johanne og skomakarmeistar Carl Lauritz Knutson Wichers i Bergen (1821-    ),

 

     ##### (Carl Lauritz Wichers budde framleis i Bergen i 1862, men kvar vart det av han? – Amerika?)

 

     var f. i Bergen 17.9.1839 og flytte i 1863 med mor si til København der ho sidan livnærte seg som trådhandlar.  Ho d. ugift i København

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1925!)

 

b. Anna Eline, kjend som Elina Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 10.1.1842, flytte alt kring 1860 til København og gifte seg Helligaand kyrkje i København 18.9.1863 med Ove Otto Thorvald Olson Trabolt frå København, f. i København 4.8.1835.  Ove var snikkarsvein og sidan snikkar, medan Elina var jordmor.  Dei budde i København, men vart skilde i

 

     ##### (kva år? – mellom 1873 og 1880!?)

 

     Ove d. som «forlatt» snikkar i København 20.3.1899, medan Elina Trabolt i 1891 utvandra med eldste sonen til Brooklyn, N.Y. der ho d. 6.4.1900.  Ove og Elina fekk fem born i lag, men Elina hadde òg ei dotter frå før.

c. Udøypt son, f. i Bergen 30.11.1845, d. i Bergen 7.12.1845.

d. Johanne Gunhilde Ellingsdotter Drevdal, f. i Bergen 27.4.1847, flytte i 1863 med mor si til København og gifte seg i Garnisonskyrkja i København 27.4.1882 med enkjemannen Frederik Henrik Henrikson Berggren, opphavleg frå Nykøbing i Falsters amt, Danmark og f. der 1.11.1839.  Frederik gifte seg første gongen i Århus 21.9.1869 med Johanne Henriette Johansdotter Agerup frå Århus, f. i Århus 3.7.1849.  Men Johanne d. i Århus alt 16.2.1872.  Frederik Berggren var militærkaptein, og han og Johanne vart buande i København der Frederik d. 21.2.1910.  Johanne Berggren d. som enkje same staden 22.2.1916. 

 

     ##### (eller døydde ho i Frederiksberg, Frederiksberg amt? – båe deler er oppgjeve!)

 

     Henrik fekk to born, som båe var frå andre ekteskapert hans med Johanne Drevdal.

e. Peder Frithjof Ellingson Drevdal, sidan kjend som Pierre F. Drevdal, f. i Bergen 18.9.1849, flytte likeins med mor si til København i 1863 og var ei tid handelsagent i København, men flytte sidan til Paris der han 18.8.1894 gifte seg første gongen med Francine Victoire Blanche, f. i Paris 19.7.1860.  Ho d.

 

     ##### (dødsfallet hennar? – før 1916!?)

 

     men vart skild frå Pierre alt i 1896.  Pierre gifte seg att i Paris 14.6.1906 med enkja Clémence Marguérite Lepan, f. Gundhardt, f. i Paris 11.12.1866.  Pierre var maskiningenør, industrileiar og fabrikkeigar i Paris, Frankrike der han d. 26.1.1916.  Clémence Drevdal d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1926!)

 

      Pierre fekk ingen born frå nokon av ekteskapi sine, men han adopterte ein son som andre kona Clémence hadde frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å skaffa fram so mange gode «internasjonale» opplysningar om denne utfordrande huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.6.2018 den 21.52, Lars Waaltorp skrev:

 

Carl Lauritz Brose er også innflyttet til Hamre som fosterbarn i 1862 (nr. 13): https://media.digitalarkivet.no/view/1910/455

 

 

Det ser ut som et annet fosterbarn, Peter Abraham Michelsen, kom til samme gården som Carl Laurtiz Brose:

https://www.digitalarkivet.no/view/283/hi00000000019184

 

Begge skulle til Rasmus J Eikaas og dette er antakelig Rasmus Jansen på Eikås i 1865, men ingen fosterbarn her:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1254&kenr=014&bnr=0036&lnr=000

 

Peder Alvin skulle til Rasmus Olsen Teigland, men hvis dette er rette Rasmus Olsen, er det ingen forsterbarn hos ham i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1254&kenr=013&bnr=0050&lnr=000

 

Jeg har heller ikke funnet igjen Carl Wickers kone, Mette Andrea Peroline, i f.t. 1865. Jeg har heller ikke vært i stand til å finne de to sønnene konfirmert i Hamre. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye freistnadar på å finna ut av lagnaden til skomakarmeistar Carl Laurits Wichers i Bergen og huslyden hans.  Det er underleg korleis mannen berre «forsvinn» kring 1862, og til tross for grundig sjekk av amerikanske kjelder er det ikkje noko som tyder på at han utvandra heller!

 

Kanskje skal me berre lata dette spørsmålet liggja «for the time being»....  Det er vel forsovidt då òg viktigare for manuskriptet sin del å finna ut av Johanne Jacobine Erichsen's foreldre i Sorø og spørsmåli kring dei ulike dødsfalli i Danmark og Frankrike, sjølv om ogso desse spørsmåli tydeleg kan by på skikkelege utfordringar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Frå Frankrike manglar me vel no i grunnen berre:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Francine Victoire Drevdal, f. Blanche, første kona til Pierre?  Kanskje gifte ho seg att, og då vert det vel vanskeleg....(?)

 

* Dato og stad for dødsfallet til Clémence Drevdal, andre kona til Pierre.

 

I Parismaterialet (http://archives.paris.fr/) må ein bla. Det finst registre, men uansett må ein bla i dei også, dei er ikkje søkbare på person. Dersom ein kjenner adresse eller i alle fall bydel, og innafor kva tiår det ein søker etter skal ha skjedd (fødsel, vigsel, dødsfall), er det høvesvis enkelt å finna fram i Paris-materialet. Dersom anten bydel eller tiår manglar blir det straks meir leiting. Utan noe av dette er det framleis muleg for den verkeleg iherdige, men det blir mange sider å bla gjennom. Og dersom personen ein søker etter har flytta ut av byen ... 

 

Sidan Francine Victoire Blanche skilde seg frå Drevdal i 1896, og skal ha vore død når Drevdal døydde i 1916, har eg gjort eit forsøk i ti-årsregistra 1893-1902, 1903-1912 og 1913-1922, i alle Parisbydelane, utan hell. Ho kan ha skifta namn gjennom ekteskap, eller ho kan ha flytta frå byen. Clémence Lepan/Gundhardt har eg ikkje forsøkt meg på, det blir for omfattande leiting.

 

Det finst ikkje folketellingar for Paris på nettet, ein må oppsøka arkivet i Paris. Den første er uansett ikkje før 1926.

 

Eg har søkt i Bibliothèque Nationale de France sine digitaliserte samling av aviser/bøker/tidsskrift (https://gallica.bnf.fr), det var slik eg fann m.a. fabrikken til Drevdal, men eg trur det er noe begrensa utval av aviser her. Eg veit ikkje om det finst andre tilganger til andre digitaliserte aviser i Frankrike, der ein kanskje kunne finna nekrologar/dødsannonsar til desse to kvinnene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror foreldrene til Johanne Jacobine også er en liten nøtt. Mener å huske at det står avdød jordbruker på faren ved dåpen i Sorø, men jeg har hittil ikke funnet noen avdød Johannes Erichsen i Sorø i passelig tid før Johanne Jacobines dåp i Sorø. Egeroth kan vel også være en skriveform for Ekeroth og kanskje Ekroth. Dette er bare noen små tanker på en fredag ettermiddag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard og Grethe for dei siste innleggi!

 

Etter kva du fortel, Richard, kan eg godt forstå at det vil vera ei gigantisk utfordring å freista finna dødsfalli til dei to damene i Paris.  Sjølv om me vel kan avgrensa søket til visse arrondissements, vil det vera vanskeleg.  Me lyt hugsa at Paris er fleire gongar større enn København i folketal, og sjølv i København er det ofte ikkje so heilt enkelt.

 

Frå mange år attende har eg sjølv litt erfaring med leitingi i l'État Civil i delar av Belgia (Pce de Namur), nettopp etter dødsfall, og det var i ein mindre kommune, der alle dei gamle registeri vart øydelagde i første verdskrigen!  Då var det berre å bla i alle dei manuelle registreringane, side for side, år for år...

 

Eller skjønnar eg òg at Johanne Jacobine Erichsen kan verta ei skikkeleg utfordring.  Hadde me berre greidd å finna vigsli til foreldri?  Eller fødsli til eldre søsken?  Elles bør jo båe foreldri ha levd ved FT1801?

 

Eg må berre leva i voni om at noko vil dukka opp, men som eg alr har sagt; so mange flotte opplysningar er alt komne på plass om denne huslyden at eventuelle tilleggsopplysningar er å sjå på som rein «bonus»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.