Gå til innhold
Arkivverket

Nils Hansson Raaum - fødd i Luster 1876 - utvandra til Amerika i 1892 og forsvinn der borte! - er det mogeleg å finna han att? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne unge mannen frå Luster freista eg spora opp i Amerika alt på 1980-talet, men fann ingen spor etter han!

 

Når eg no tek opp att leitingi etter Nils, er eg forundra over at me sjølv med «moderne» kjelder likevel ikkje lukkast i å finna spor etter han:

 

** Nils Hansson Raaum/Sandvik, fødd i Luster 30.10.1876 som son av Hans Henrikson Sandvik og Synneva Larsdotter Raaum, utvandra til Amerika i 1892

 

Eg kan leggja til at Nils hadde ein yngre halvbror, Lars Hermundson Sandvik (1885-1967) som i 1905 utvandra til Amerika med reisemål North Dakota.  Han busette seg på ein farm i Bottineau Co., ND!  Lars var næraste slekt for Nils i Amerika, bortsett ifrå at faren Hans Henrikson Sandvik «stakk av» til Amerika i 1877 og farma i mange år i South Dakota før han flytte til Canada kort etter hundreårsskiftet!

 

Det hadde vore kjempeflott om me greidde å finna att lagnaden til Nils i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld jobba litt med slekti til Lars Hermundson Sandvik, halvbror til Nils Hansson, og eg har mellom anna finne ut følgjande:

 

Lars Hermundson Sandvik, fødd i Luster 20.3.1885, gifte seg kring 1915/1916 i North Dakota med Signe Magdalena «Sina» Nelson frå Inderøy.  Lars var snikkar, og dei budde levetidi ut i Bottineau, Bottineau Co., ND der Lars døydde 10.1.1967.

 

Lars og Sina var barnlause, og då er det desto meir interessant å følgja opp Lars med til dømes ein OBITUARY.  Let det seg gjera å finna noko slikt?  Kan henda vart Nils avliden før 1967, MEN kanskje vert det nemnt brorsøner og/eller brordøtrer?

 

Eit anna alternativ er å sjekka om det finst eit skifte etter Lars i Bottineau Co., ND, men dette kan ta litt tid...

 

Eg vil tru at dei to halvbrørne har hatt kontakt med kvarandre i Amerika og eg takkar på ny for alle gode tips som kan bringa ei løysing på denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var vel bomskudd,tror jeg.

Han står som Nels E. Sandvik 1877-1946,på Find a grave.

Ser at kona Mattie/Matia ligger på samme kirkegård.

 

https://old.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=sandvik&GSiman=1&GScid=88586&GRid=169945071&

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

og då er det desto meir interessant å følgja opp Lars med til dømes ein OBITUARY.  Let det seg gjera å finna noko slikt?

 

Ikke funnet noe OBIT for Lars.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Egil for dei siste innleggi i dette emnet.

 

Eg meiner eg alt har sett på «kandidaten» i La Crosse, WI og fann ut at han diverre ikkje kunne høva på mannen me leiter etter, diverre.

 

Elles veit eg at obituaries frå North Dakota ofte er vanskelege å finna online.  Eg har skrive til ein kjenning i Grand Forks, ND som kanskje kan hjelpa oss vidare.  Elles vil eg ta kontakt med Bottineau Co., ND for å sjekka om det finst eit skifte...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å freista løysa denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #7:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som eg tok opp til debatt for eit par år sidan.

 

Undersøkjingane mine i North Dakota kring Lars Hermundson Sandvik har vore utan resultat, so eg er like langt med omsyn til lagnaden til Nils Hansson i Amerika!

 

MEN, «det er von i eit hangande snøre», og eg vonar framleis at det skal vera mogeleg å spora opp Nels Hansson i Amerika!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har kanskje sett grenseskryssing dokumentet til Lars.

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1075/images/m1464_29-0018?treeid=&personid=&hintid=&queryId=d3696a78a4924b2f5df47c48489f7d98&usePUB=true&_phsrc=PzO182&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.109816837.1687174685.1611523159-1047996791.1605192313&pId=55594

 

Der står det at reisen var betalt av bror og han reiste til bror i Bottineau, uten jeg kan finne denne broren nevnt i noen kilder.

 

image.png.c629f5572a0bc56c483963939b234d4d.png

 

Men har ikke Bottineau gode county books, uten jeg har tilgang på disse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Oddgeir for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Den broren, eller rettare halvbroren, som det her vert referert til, var ein halvbror på farssida, Martinus Sandvik (1879-1955), som òg ei tid budde i Bottineau Co., ND.  Denne Martinus har òg ei noko «uklar» lagnad, som kjem fram i dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/223472-oscar-emanuel-fremberg-fødd-i-noreg-292-eller-131876-gift-kring-1901-med-marie-olsdotter-peterson-fødd-i-nreg-1875-eller-1877-kven-var-desse-folki/?tab=comments#comment-1892292

og her er eit manuskript for huslyden hans, der eg sjølvsagt òg er interessert i fleire detaljar...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martinus Hermundson Sandvik, f. {i Luster} 29.8.1879 og tente i 1900 på Tørvi i Hafslo.

Martin Sandvik utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg første gongen

 

##### (date and place of his 1st marriage? – fall of 1909 – Bottineau Co., ND?)

 

 med Ruth

 

##### (full name?)

 

##### (date and place of her birth? – Iowa about 1892/1893 – parents born IA and WI!)

 

Dei farma nær Bottineau, Bottineau Co., N.D., men vart skilde

 

##### (details? – lived separated in 1915 – no children mentioned!)

 

##### (what became of Ruth?)

 

Martin gifte seg so att i Harlowton, Mont. 26.5.1919 med Maria Olsdotter, opphavleg frå Flaen i Hurdal, då kjend som Marie Fremberg.  Ho var dotter av husmann Ole Pederson på Skjelstad under Flaen, opphavleg frå Bækken under Steig i Sør-Fron, og kona Marit Eriksdotter frå Mohaugen under Storbækmoen nedre i Sollia og f. på Bækken i Sollia 19.3.1875.  Ho gifte seg første gongen på Eidsvoll 21.3.1897 med Oscar Emil Otteson Fremberg frå Kløfta i Ullensaker.  Han var son av snikkar Otto Larsson Fremberg på Gyltesø i Sande og jenta Josephine Emilie Josephsdotter Kortsen frå Christiania og f. på Høyåsen i Øyestad 1.3.1876.  Oscar Fremberg var ei tid murar i Christiania, men i 1901 utvandra han og Marie til Amerika.  Etter ei kort tid i Minnesota tok dei i 1903 «homestead» nær Assiniboia, Langenberg, Sask. der dei budde til dei i 1915 flytte til Fergus Co., Mont.  Oscar og Marie vart skilde kring 1918, men det ser ut til at dei sidan kom i lag att og i 1929 flytte dei til Seattle, King Co., Wash. der Marie d. 28.10.1934.  Oscar Fremberg d. same staden 12.4.1965.  Medan Martin og Marie var i lag, budde dei i Lewistown, Fergus Co., Mont. der Martin livnærte seg som spannkøyrar («teamster») og budde med Marie i Lewistown, Fergus Co., Mont., men alt på 1920-talet flytte Martin til Butte, Silver Bow Co., Mont. der han ei tid var gruvearbeidar («copper miner»).  Martin Sandvik flytte sidan til Helena, Lewis & Clark Co.,  Mont. der han d. 17.11.1955.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men første kona Marie hadde minst fem born frå første ekteskapet sitt.

 

##### (death certificate says miner and ranch laborer – marital status unknown!)

 

##### (children??? – Frembergs had two sons in Norway who died and at least three daughters in America:

       * Eva Fremberg, born MN 1902

       * Mable Fremberg, born SK 1905 – listed 1920!

       * Olga Fremberg, born SK 1912 – listed 1920)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men diverre står lagnaden til Nels Hanson òpen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera desse biografiane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ruth giftet seg vel på nytt like etter hun kom tilbake fra besøk til sine foreldre i 1918.

 

Name: Ruth Blackeberg
Age: 25
Gender: Female
Birth Year: abt 1893
Marriage Type: Marriage
Marriage Date: 29 Jul 1918
Marriage Place: Chicago, Cook, Illinois
Spouse Name: Ray C. Benton
Spouse Age: 27
Spouse Gender: Male
FHL Film Number: 1030678

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er hun med sine foreldre i 1900:

Name: Ruth Brokeberg
[Ruth Backeberg] 
Age: 8
Birth Date: Mar 1892
Birthplace: Iowa, USA
Home in 1900: Westbrook, Cottonwood, Minnesota
House Number: 1
Sheet Number: 6
Number of Dwelling in Order of Visitation: 112
Family Number: 112
Race: White
Gender: Female
Relation to Head of House: Daughter
Marital status: Single
Father's Name: Charles G Brokeberg
Father's Birthplace: Iowa, USA
Mother's Name: Nina Brokeberg
Mother's Birthplace: Wisconsin, USA
Neighbors: View others on page
Household Members:
Name Age
Charles G Brokeberg 30
Nina Brokeberg 27
Ruth Brokeberg 8
Esther Brokeberg 6
Delia Brokeberg 1
Celia Backeberg 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ruth  døde i  1964.

 

https://www.findagrave.com/memorial/105473686/ruth-benton

 

Der finner du også lenker til hennes foreldre.

 

Name: Ruth Benton
Birth Date: 1893
Birth Place: Iowa, United States of America
Death Date: 12 Nov 1964
Death Place: Marinette County, Wisconsin, United States of America
Cemetery: Pine Hill Cemetery
Burial or Cremation Place: Middle Inlet, Marinette County, Wisconsin, United States of America
Has Bio?: Y
Father: Charles George Backeberg
Mother: Wilhelmina Backeberg
Spouse:

Ray C. Benton 19

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ruth var hose sine foreldre i 1930:

Name: Ruth Berttow [Ruth Bentton] [Ruth Benton (Mrs. Ray)]
Birth Year: abt 1893
Gender: Female
Race: White
Age in 1930: 37
Birthplace: Iowa
Marital Status: Married
Relation to Head of House: Daughter
Home in 1930: Pickering, Bottineau, North Dakota, USA
Map of Home: Pickering, Bottineau, North Dakota
Dwelling Number: 28
Family Number: 28
Age at First Marriage: 17
Attended School: No
Able to Read and Write: Yes
Father's Birthplace: Iowa
Mother's Birthplace: Wisconsin
Able to Speak English: Yes
Household Members Age Relationship
Charley Backeberg 60 Head
Mina Backeberg 57 Wife
Ruth Berttow 37 Daughter
Maxine Berttow 4 Niece
Walter House 21 Lodger
Earl Lasher 21 Lodger
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ruth med mann i 1940:

Name: Ruth Benton
Age: 46
Estimated Birth Year: abt 1894
Gender: Female
Race: White
Birthplace: Iowa
Marital Status: Married
Relation to Head of House: Wife
Home in 1940: Middle Inlet, Marinette, Wisconsin
Map of Home in 1940: Middle Inlet, Marinette, Wisconsin
Inferred Residence in 1935: Middle Inlet, Marinette, Wisconsin
Residence in 1935: Middle Inlet
Sheet Number: 2A
Attended School or College: No
Highest Grade Completed: Elementary school, 6th grade
Weeks Worked in 1939: 0
Income: 0
Income Other Sources: No
Neighbors: View others on page
Household Members Age Relationship
Ray Benton 49 Head
Ruth Benton 46 Wife
Maxine Benton 14 Daughter
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #18:

 

Hjarteleg takk til Oddgeir for mange spennande innlegg om Martin Sandvik og første kona hans!

 

Desse nye opplysningane saman med ymse ekstra funn som eg har gjort på ancestry.com, gjer no at manuskriptet for Martin er 100% komplett og lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martinus Hermundson Sandvik, var f. i Luster 29.8.1879 og tente i 1900 på Tørvi i Hafslo.

Martin Sandvik utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg første gongen i Deloraine, Man. 30.7.1909 med Ruth Backeberg, f. i Plymouth Co., Ia. 26.3.1892.  Martin og Ruth farma nær Antler, Bottineau Co., N.D., men vart skilde kring 1915.  Ruth gifte seg 29.7.1918 att i Chicago, Ill. med Ray C. Benton, f. i Essex Co., N.J. 1.8.1890.  Ray og Ruth flytte til ein farm i Middle Inlet township, Marinette Co., Wis. der Roy d. 24.1.1964.  Ruth Benton d. i Marinette, Wis. 12.11.1964.  Martin gifte seg att i Harlowton, Mont. 26.5.1919 med Maria Olsdotter, opphavleg frå Flaen i Hurdal, då kjend som Marie Fremberg.  Ho var dotter av husmann Ole Pederson på Skjelstad under Flaen, opphavleg frå Bækken under Steig i Sør-Fron, og kona Marit Eriksdotter frå Mohaugen under Storbækmoen nedre i Sollia og f. på Bækken i Sollia 19.3.1875.  Ho gifte seg første gongen på Eidsvoll 21.3.1897 med Oscar Emil Otteson Fremberg frå Kløfta i Ullensaker.  Han var son av snikkar Otto Larsson Fremberg på Gyltesø i Sande og jenta Josephine Emilie Josephsdotter Kortsen frå Christiania og f. på Høyåsen i Øyestad 1.3.1876.  Oscar Fremberg var ei tid murar i Christiania, men i 1901 utvandra han og Marie til Amerika.  Etter ei kort tid i Minnesota tok dei i 1903 «homestead» nær Assiniboia, Langenberg, Sask. der dei budde til dei i 1915 flytte til Fergus Co., Mont.  Oscar og Marie vart skilde kring 1918, men det ser ut til at dei sidan kom i lag att og i 1929 flytte dei til Seattle, King Co., Wash. der Marie d. 28.10.1934.  Oscar Fremberg d. same staden 12.4.1965.  Medan Martin og Marie var i lag, budde dei i Lewistown, Fergus Co., Mont. der Martin livnærte seg som spannkøyrar («teamster») og budde med Marie i Lewistown, Fergus Co., Mont., men alt på 1920-talet flytte Martin til Butte, Silver Bow Co., Mont. der han ei tid var gruvearbeidar («copper miner»).  Martin Sandvik flytte sidan til Helena, Lewis & Clark Co.,  Mont. der han d. 17.11.1955.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men første kona Ruth fekk ei dotter i andre ekteskapet sitt, medan andre kona Marie hadde fem born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er kjempenøgd, og saknar no «berre» Nels Hanson og lagnaden hans...  Men han vert det truleg svært vanskeleg å finna...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.