Gå til innhold
Arkivverket

Hans Olson Sandvik (1856) frå Luster og Andrea Berentine Einum (1869) frå Vardø - gifte kring 1895, men kvar? - budde kvar? - til Amerika i 1907! - eit underleg parfolk!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg òg har slite med i mange år, utan nemneverdig resultat!

 

Slekti fortel at denne Hans Sandvik reiste til Nord-Noreg og gifte seg der med Andrea Einum frå Vardø.  So utvandra dei til Amerika og dreiv mellom anna eit hotell der borte til dei i 1934 flytte attende til Bergen.  Hans døydde i Bergen i 1938, og Andrea kom til sist atende tul Vardø og døydde der i 1951.

 

No har eg finne nokre detaljar gjennom «moderne» kjelder, men ikkje noko om at dei budde nordpå, og heller ikkje at dei dreiv hotell i Amerika.

 

Manuskriptet mitt ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856,

Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli deira? – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!)

 

med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911).  Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Vardø 12.11.1869.  Hans var Steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik

 

##### (budde i alle fall der frå 1900 til 1907! - kva med 1890-talet?)

 

men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907.  Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. 

 

##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!)

 

men i 1934 kom dei attende til Noreg.  Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar.  Han d. i Bergen 6.7.1939.  Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Mellom dei opplysningane som eg no har oppdaga hjå FamilySearch er desse:

 

* Ankomsten til Andrea Sandvik i Amerika i 1907: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D9-CT4T

 

* Parfolket i FT1910 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-VWQ

 

* Parfolket i FT1920 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-HWT

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut av denne «jungelen», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nettopp teke ei ny «økt» med Hans Olson Sandvik, og eg fann eit par interessante opplysningar hjå Digitalarkivet:

 

* Hans Olson Sandvik som reisande sjømann i Tromsø 1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053306006023

 

* Hans Olson Sandvik som steinarbeidar og utvandrar frå NARVIK 1906: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000169692

 

* Og endeleg parfolket i FT1900 på Ankenes i Narvik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037534004026

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 med desse opplysningane og takkar på ny for alle gode tips til løysing av dei utfordringane som står att!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste1891.aspx?knr=2002&kenr=004&bnr=0004&lnr=

 

SØKING I FOLKETELLINGEN 1891

 

  • Kommune: Vardø
  • Kommunenummer: 2002
  • Gatenavn: Chistian fjerdes Gade
  • Gatenr: Matr. 316
  • Gårdeier:

Antall personer registrert på bostedet: 10


Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
Andreas Arntsen Einum Selv Hovedperson g Fisker 1837 Håvåg Søndre Størens Præstegj. Trondhjem    
Marie Magdalene Einum Hustru g   1844 Talvig sogn Finsk (Kvænsk)  
Arnt Johan Andersen Søn ug Fisker 1868 Vardø By Blandet %Norsk, Finsk%  
Andrea Bernthine Andersen Datter ug Hj. Dtr. %Tjenestepige% 1869 Vardø By Blandet %Norsk, Finsk%  
Marianne Andersen Datter ug Hj. Dtr. 1875 Vardø By Blandet %Norsk, Finsk%  
Marthin Joh. Andersen Søn     1878 Vardø By Blandet %Norsk, Finsk%  
Vilhelmine Oline Andersen Datter     1887 Vardø By Blandet %Norsk, Finsk%  
Paul Chr. Jacobsen Selv Hovedperson g Fisker 1864 Tromsø %Tromsøsundet% Sogn    
Karoline Johanna Jacobsen Hustru g   1865 Bø Prestegjeld, Vesteraalen    
Clarise Paulsen Datter     001190 Vardø By
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #10:

 

Ein svært forseinka, men like hjarteleg takk til Åsbjørg og Grete for spennnde innlegg frå 2018!  Desse innleggi må ha gått meg «hus forbi» den gongenb, og kan berre seia meg lei for det!

 

Eg poppdagar no at fleire av dei manglande detaljane om denne huslyden framleis står òpne.  Det gjeld i første rekkje:

 

* Vigsli til Hans Olson Sandvik and Andrea Bertine som ifølgje utvandringsattesten til Andrine til Amerika i 1907 skal ha finne stad i 1896.  I 1910 står det at dei hadde vore gifte i 15 år!  Men kvar i all verdi gifte dei seg?  Kanskje borgarleg?

 

* Opphavi til foreldri hennar?  FT1891 seier noko om Håvåg i Søndre Støren for han og Talvik for ho, som var av finsk/kvænsk opphav...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli deira? – 1896! – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!)

 

med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø

 

De giftet seg borgerlig 28.9.1896. De står oppført blant viede dissentere i Vardø bysokn:

 

SATØ, Vardø sokneprestkontor, H/Ha/L0010kirke: Ministerialbok nr. 10, 1895-1907, s. 256
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060505040544

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #12:

 

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og nyttig innlegg!  Det var kjekt å få denne vigsli på plass.

 

Eg har elles i dag vore på leiting etter opphavi til dei to foreldri hennar, Anders Arntson Einum og Maria Magdalena Isaksdotter Clemo, og fann vigsli deira i Vardø i 1867: https://media.digitalarkivet.no/view/227/136

 

Ho er oppgjevi fødd i Kåfjord, medan han er fødd i Støren, men eg finn ikkje nokon av dei to fødslene!!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #10:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856,

Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg borgarleg i Vardø 28.9.1896 med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911).  Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Håvåg, Søndre Støren!?)

 

og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå Kåfjord og f. i Vardø 12.11.1869.  Hans var steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik, men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907.  Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. 

 

##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!)

 

men i 1934 kom dei attende til Noreg.  Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar.  Han d. i Bergen 6.7.1939.  Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.