Gå til innhold
Arkivverket

Carl (Andreasson) Pedersen frå Drammen - gift i Madison, WI i 1871 - men kven var han, og kvar vart det av han og kona Kirsti? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei ny kjempeutfordring som eg har brukt mykje til på å freista løysa, men eg står berre «bom fast», kanskje først og fremst fordi eg ikkje greier å identifisera brudgomen!

 

Eg syner til denne vigsli frå Madison, WI som fann stad 4. januar 1871:

 

~~~~~~~~~~

 

Name Carl Pedersen
Event Type Marriage
Event Date 04 Jan 1871
Event Place Madison, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Drammen, Norway Europe
Father's Name Andreas Pedersen
Mother's Name Karen Pedersen
Spouse's Name Kirsti Larsdaughter
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Lars Larsen
Spouse's Mother's Name Sigrid Larsen

 

~~~~~~~~~~

 

Kona Kirsti Larsdotter var fødd i Luster 30.7.1843 og utvandra til Dane Co., WI i 1864.  Foreldri hennar var Lars Larsson (Hotlen) (1810-1849) og kona Siri Knutsdotter (1807-1894).  Mori utvandra som enkje i 1867 til Dane Co., WI, men flytte sidan inn hjå eldste dotteri si i Vernon Co., WI og døydde der.  Dei var i alt fem søsken som voks opp og som alle utvandra til Dane Co., WI.  To av dei flytte etter kvart til Vernon Co., WI, medan to andre busette seg i Columbia Co., WI like nord for Madison, WI.  Berre Kirsti og mann hennar «forsvinn» for oss!

 

Her følgjer eit «formelt» manuskript for Kirsti og Carl:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Larsdotter {Hotlen}, f. {i Luster} 30.7.1843,

Kirsti/Christi Larson utvandra til Amerika i 1864 og gifte seg i Madison, Wis. 4.1.1871 med Carl Andreasson Pedersen frå Drammen, i Amerika kjend som

 

##### (amerikansk namn? – Charles Peterson?)

 

Han var son av

 

##### (vigselsattesten seier Andreas Pederson og Karen)

 

##### (dato og stad for fødsli hans? - vigselsattesten seier Drammen! - ein stad har eg notert «kring 1835», men usikkert kvar det kjem ifrå!)

 

##### (utvandringsåret hans?)

 

##### (lagnaden deira? – yrket hans er oppgjeve til «sailor» ved vigsli!)

 

##### (born??)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dette parfolket!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

35 minutter siden, Berit Knudsen skrev:

Et forslag på grunnlag av foreldrenes navn og området rundt Drammen/Drammen.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000354881

Carl Anton Andreasen 8/4 - 14/8 1853 Svelvig i Hurum  - Andreas Pedersen og Karine Nilsdt.

Men han er veldig ung så jeg vet ikke ?

 

Han døde 1858 https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001054638

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit og Sven for innleggi om Carl og opphavet hans.

 

Eg la òg merke til denne guten som var fødd på Hurum i 1853, men kom til at han på grunn av alderen ikkje var nokon særleg realistisk «kandidat» til «vår» Carl.

 

Kanskje me likevel burde freista å finna att Carl og Kirsti som foreldre til born fødde i Amerika eller i amerikanske folketeljingar?  Eg har alt søkt, men finn ingen som høver!  Men so var det dette med fleire par auge, då...  Kanskje har eg oversett noko...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane på å finna opphavet til Carl samt å oppspora dette parfolket i Amerika etter 1871!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkte eg ville gjera eit lite søk i dei norske kyrkjebøkene i Amerika, og eg fann ein spennande fødsel i Trinity Lutheran i Minneapolis, MN:

 

«Fredrick fød af Forældre Charles Peterson og Hustru Christine den 11te Aug. 1871 blev døbt i Minneapolis 21de July 1872.  Ingen Faddrer»

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314367-00603?pid=981491&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10738%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DDkIw/hs/N1MbVTdiCv0Yzw%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3DPeterson%26gsln_x%3D0%26msbdy%3D1875%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msfng%3DCarl%26msfns%3DPeterson%26msmng%3DKirsti%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D4%26h%3D981491%26recoff%3D%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10738&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Kan dette vera «våre» folk??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å finna att denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #7:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som so langt ikkje har vore mogeleg å finna ei løysing på!

 

Eg har søkt «høgt og lågt», men utan resultat!  Er det eg som er blind, eller...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et langskudd dette

 

Fred Peterson

 in the Minnesota, U.S., Territorial and State Censuses, 1849-1905

Name:Fred Peterson

Age:2

Census Date:1 May 1875

County:Hennepin

Locality:Minneapolis Ward 1

Birth Location:Minnesota

Gender:Male

Estimated Birth Year:abt 1873

Race:White

Father's Birth Location:Nev

Mother's Birth Location:Nev

Line:2

Roll:MNSC_8

 

Foreldre er det?

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=1058&h=4443390&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=2561

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Innlegg #9:

 

Ein forseinka, men like hjerteleg takk til Anton for eit utfordrande innlegg frå 25.12.!

 

Den nemnde Frederick frå FT1875 er ein av dei som eg òg har stussa litt ved.  Båe foreldri hans var fødde i Noreg, men kvar er dei?  Han hadde tydeleg ei søster Emma, fødd kring 1874...  Kan det vera Peter og Kate frå sidan foran som er foreldri, sjølv om ein annan huslyd er skrivne mellom dei?

 

Men no er me jo ikkje heilt sikre på denne Frederick høyrer til huslyden me eiter etter!

 

Dersom namni til foreldri hans Carl stemmer, ser eg i Buskerud og dei næraste fylki berre desse alternativi:

 

* Brevik 1845: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N41R-MMZ

 

* Oslo 1836: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHHN-S9Q

 

* Stokke 1848: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHYP-8JW

 

Kanskje er ein av desse flytte til Drammen og utvandra derifrå?

 

Denne utfordringi er ei av dei verkeleg store eg framleis slit med, og eg ville setja svært stor pris på om det let seg gjera finna ei løysing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.