Lars E. Øyane Posted July 3, 2018 Share Posted July 3, 2018 (edited) Ivar Moe har i kveld lagt ut eit nytt emne der han etterlyser ein del sjøfolk frå Sogn. Ein av desse, Peder Christenson, KAN høyra til denne huslyden som eg elles veit svært lite om, men som truleg har butt ein eller annan stad i ytre Sogn for so å hamna i Bergen: ~~~~~~~~~~~~~~ Christen Andersson Høyumsvig, frå Hengesteg, var f. kring 1712 og gifte seg 30.10.1735 med Maria Pedersdotter Blanke frå Sva under Høyeim, òg f. kring 1712. Christen og Maria fekk kring 1737 hand om ein husmannsplass i Høyeimsviki, og me trur det var her i Kvasshilleren dei busette seg. Men huslyden vart ikkje buande her lenger enn til kring 1743. Christen og Maria flytte frå Luster kring 1743, ##### (kvar i all verdi vart det av dei? – ytre Sogn eller Bergen??) ##### (dato og stad for dødsfalli deira?) Me kjenner til fem born etter dei: ##### (kan godt ha vore fleire?) a. Kari Christensdotter, døypt i Luster 22.1.1736, ##### (lagnaden hennar?) b. Peder Christenson, døypt i Luster 25.3.1737, ##### (lagnaden hans? – kan han vera identisk med Peder Christenson frå Sogn, fødd kring 1735, innrullert matros 22.1.1772, tente som artillerist 1778 – reiste til Grønland og sidan til Middelhavet, d. 1780 med Herman Sneyder??) c. Britha Christensdotter (1738-1739), f. og d. på Høyeimsviki, vart fem dagar gamal. d. Bertha Christensdotter (1740-1740), f. og d. på Høyeimsviki, vart òg berre fem dagar gamal. e. Britha Christensdotter, døypt 13.5.1741, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ville vorte svært happy om det skulle syna seg vera ein samanhang med soldaten i Bergen, men ville sjølvsagt gleda meg over alle opplysningar som måtte dukka opp om denne huslyden! Kanskje finst det fleire opplysningar om Peder Christenson i Bergen? Kanskje var han gift og hadde born?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited July 3, 2018 by Lars E. Øyane Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted July 3, 2018 Author Share Posted July 3, 2018 Eg har sett litt meir på denne Peder Christenson og kan slå fast, dersom han var gift og vigsli skjedde i Bergen, har me i grunnen berre EITT alternativ: Peder Christensen, ungkarl og underconstabel, med pige Dorthe Kirstine Hansdotter - vigde i Krosskyrkja 24.1.1768 etter lysing 13.12.1767: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000430073 https://media.digitalarkivet.no/view/8681/58 Men når eg skal søkja etter born av dette parfolket, får eg underkonstabelen opp som gift med ei Anna Rasmusdotter i staden: * Rasmus, f. KK, Bergen 29.2.1768: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005882447 * Rasmus, f. KK, Bergen 27.9.1769: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005883915 * Carl, døypt DK, Bergen 2.10.1772: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009191379 * Christian, f. KK, Bergen 9.4.1775: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009161367 I 1772 er Peder vorten «dixelmann», medan han i 1775 er daglønnar, men det er òg siste gongen han er nemnd som barnefar! Kan dette ha ein samanhang med at han vart utsend som matros? Eller kanskje er eg heilt på jordet...? Kanskje nokon ser noko som eg har oversett her? Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted December 15, 2018 Author Share Posted December 15, 2018 Ivar Moe har lagt ut ein ny «link» til Peder Christenson frå Sogn som etter alt å dømma må vera identisk med den Peder som eg etterlyser i dette emnet, og eg vil nytta høvet til å henta fram att denne kjempeutfordringi som ikkje har finne svar sidan saki vart lagt ut i sommar. Eg er framleis svært interessert i å kartleggja denne huslyden og takkar på ny for alle gode tips! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.