Jump to content
Arkivverket

Erik Pederson - fødd i Luster 1816 - først til Øksnes og sidan til Dverberg - kva lagnad fekk denne huslyden?-


Lars E. Øyane

Recommended Posts

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

   * Alfred Karl Nilsen, f. Dverberg 6.7.1879

 

Han ble konfirmert i 1894:

Nordland fylke, Sortland i Sortland, Ministerialbok nr. 895A07 (1894-1914), Konfirmerte 1894, Side 98
https://media.digitalarkivet.no/view/3138/101

 

Her dukker vel Alfred opp i Namsos i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037470001555

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste innleggi!

 

Eg har i går på ny hatt kontakt med Johan Borgos og Kenneth Bratland (bygdebokskrvar Åsane) om denne ætti, og eg kan no presentera den siste versjonen av dette manuskripet der alle dei attståande «hovudutfordringane» kjem fram:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Pederson {Dahle}, døypt {i Luster} 6.6.1816,

I 1833 flytte Erik Pederson til Leknessund i Askvoll, og året etter kom han for å tena på Tangenes i Gulen.  Men det gjekk ikkje lang tid før han dro vidare til Nordland.  Han gifte seg i Øksnes 8.11.1846 med Kari, kjend som Karen Nilsdotter frå Øksdal på Vangsnes, Balestrand.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Hermundson på Øksdal, opphavleg frå Bø i Vik, og kona Britha Baardsdotter frå Øksdal og vart døypt på Leikanger 9.10.1814.  Erik og Karen budde nokre år i Øksnes, for det meste på Strangelvåg, men i 1862 flytte huslyden til Dverberg.  I 1865 var Erik husmann og fiskar, og huslyden budde på Gavelen i Dverberg, men dei flytte sidan til garden Buksnes i Dverberg og budde der alt i 1875 som kårfolk hjå sonen Peder,  Karen d. som kårkone på Buksnes 22.7.1882, medan Erik d. som kårenkjemann same staden 20.10.1895.  Dei fekk fem born i lag:

a. Nils Erikson, f. i Øksnes 2.10.1845, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Sortland!)

 

     27.8.1932.  Han gifte seg i Dverberg 31.12.1873 med Nikoline Magdalene Johansdotter frå Buksnes i Dverberg, f. i Dverberg 22.4.1847.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Sortland!)

 

     15.9.1934.  Nils var styrmann, sidan skippar, og fiskar, og han og Nikoline var ei tid gardbrukarar på Buksnes i Bjørnskinn, Dverberg, men flytte sist på 1880-talet til Bogen i Sortland der dei var gardbrukarar til dei først på 1900-talet flytte til Elverhøy under Ånstad i Sortland.  Nils livnærte sef sidan som silde- og fiskearbeidar på nabogarden Sortland.  Dei fekk sju born i lag.

b. Peder Bertinus Erikson, f. i Sortland, Øksnes 21.7.1847, d. som fattiglem på Fornes i Bjørnskinn, Dverberg 12.3.1937.  Han gifte seg i Dverberg 27.10.1878 med Hanna Sofie Hansdotter frå Lovika i Dverberg, men f. på Breivik under Igeland i Ibestad 10.7.1857.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     28.9.1940.  Peder var fiskar, og han og Hanna var dessutan gardbrukarar på Samsonsletten, Buksnes i Bjørnskinn, Dverberg.  Dei fekk ti born i lag.

c. Andreas Carolius Erikson, f. i Sortland, Øksnes 22.8.1849, d. som gardbrukar på Buksnes i Kalvskinn, Dverberg 8.10.1898.  Andreas gifte seg i Dverberg 31.12.1884 med Kristine Gjertine Amalie Ottesdotter frå Buksnes i Dverberg, f. i Dverberg 2.6.1865.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – gravlagd som Andreassen 12.8.1947! . Johan Borgos: «døydde utanbygds!»)

 

     1947.  Andreas var skomakar, men han og Kristine vart gardbrukarar på Lundemos, Buksnes i Bjørnskinn, Dverberg og fekk seks born i lag.

d. Inger Anna Eriksdotter, f. i Øksnes 21.4.1851, d. gifte seg i Dverberg 5.8.1877 med Christian Johannesson frå Ågotnes i Fjell.  Han var f. i Fjell 9.6.1850, men flytte til Nordland i 1873.  Christian og Inger var nokre år plassfolk under Buksnesfjord i Bjørnskinn, Dverberg, men utvandra i 1884 til Amerika.  Reisemålet var Mayville, N.D.  Inger d. anten undervegs eller kort etter ankomsten,

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     og Christian gifte seg att

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage? – 1886?)

 

     med Caroline Olsdotter frå Morvik i Åsane, Hamre, i Amerika kjend som Caroline Morvig.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Johnson på Morvikbrekkena, sidan på Kogjerdet, Morvik, opphavleg frå Tretteneset under Dalseide i Bruvik, og kona Kari Olsdotter frå Tyssen på Evanger, Voss og f. på plassen Storbrekkdalen under Mjølkeråen i Åsane, Hamre 21.9.1851, men utvandra til Amerika i 1881.  Christian og Caroline Johnson, sidan kjende under ættenamnet Aagenes, slo seg ned som farmarar i Liberty township, Polk Co., Minn. der Christian d. 25.9.1910.  Caroline Aagenes d. i Fertile, Minn. 22.10.1931.  Christian fekk i alt sju born; av dei var fire frå første ekteskapet med Inger, som òg hadde ei dotter frå før.

e. Berit Marie Eriksdotter, f. i Øksnes 24.6.1855, d. som gardbrukarkone på Buksnes i Dverberg 3.5.1926.  Ho gifte seg i Dverberg 15.9.1878 med Anton Ellingsen Johanson frå Buksnes i Dverberg, f. i Dverberg 6.1.1856.  Han d. som enkjemann på Buksnes 30.4.1932.  Anton og Berit var gardbrukarar på Kjønvollen, Buksnes i Bjørnskinn, Dverberg og fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.