Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Christopher Kjøstelson (1719-1785) - frå Luster til Lom og so til Jostedalen - hadde han familie i Lom? - ei kjempeutfordring!


Recommended Posts

Kyrkjeboki for Jostedalen inneheld for 16.1.1785 denne teksten:

 

«D. 16de blev jordet En gammel svag omfarende Stakkar som hiemmehørdte til Loms Præstegield men var fød i Lysters gield nafnlig Christopher Kystelsen 65 Aar»

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11519/40

 

Denne namnekombinasjon er svært uvanleg, men faktisk dukkar det opp ein slik person i Lom som brudgom 22.10.1776:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185284

 

Denne Christopher Kjøstelson Galde er enkjemann, medan bruri Marit Jacobsdotter Galde er enkje.

 

Eg har tross leiting ikkje greidd å finna noko meir av opplysningar om denne personen, so no spør eg Brukarforum:

 

** Er det mogeleg å finna ut lite vetta om livet til Christopher?

 

** Kven var første kona hans?

 

** Kven var Marit Jacobsdotter?

 

** Hadde han elles slekt i Lom?

 

Eg reknar forresten med at Christopher må ha vore ein «uekte» son av gardbrukar Kjøstel Pederson på Berge i Luster (1696-1741), for han er ikkje i nemnd i skiftet etter Kjøstel i 1741.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

????

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183782

 

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 2 (1749-1801), Trolovede 1754-1756, Side 448-449
https://media.digitalarkivet.no/view/9241/194

Endret av Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg såg ikkje dette tilsynelatande første ekteskapet til Christopher Kjøstelson med Brit Pedersdotter i 1755, då eg søkte etter mannen i aftes, men eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det må vera «vår» mann!

 

Men diverre ser eg ingen barnefødsler i Lom etter 1755 der Christopher Kjøstelson er nemnd som far, korkje i Lom eller i andre delar av Gudbrandsdalen (kjelde FamilySearch), so kan henda var ekteskapet med Brit barnlaust?

 

No er eg svært spent på kva bygdebøkene for Lom har å seia om denne huslyden.  Eg vil tru dei må vera nemnde under Galde...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja biografien til Christopher Kjøstelson!

Kan dette være skiftet etter faren til Marit Jacobsdatter Galde?

Hedmark, Oppland fylke, Nord-Gudbrandsdal, Gudbrandsdal, Mellom-Gudbrandsdal, Skiftekort (1658-1900), Skifteprotokollside, Side 3533
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk11216091903533.jpg 
 

Jon Koldens Bygdabok for Lom, band 4, nemner Marit under sygard Galde side 228 , som eldste dotter til Jakob Jonsson og Marit Johannesdatter, f. ca. 1728, d. 1769.
C'est tout! 🙂

Endret av Gunnar Sigdestad

Marit Jacobsdotter Galde nevnt i 2 innlegg ovanfor døyr i 1769 iflg. bygdaboka for Lom, så det kan ikkje vera ho som giftar seg i 1776. 

  • Takk 1
31 minutter siden, Kåre Tofte skrev:

Marit Jacobsdotter Galde nevnt i 2 innlegg ovanfor døyr i 1769 iflg. bygdaboka for Lom, så det kan ikkje vera ho som giftar seg i 1776. 


Har just sjekka kyrkjeboka. Ho er nemnd utan gardsnamn og var 42 år gammal.

  • Liker 1
  • Takk 1

Hjarteleg takk til Grethe, Gunnar og Kåre for nye spennande innlegg!

 

Marit Jacobsdotter ser ut til å vera ei utfordring i seg sjølv.  Eg må tilstå eg stiller meg heller tvilande til at Marit Jacobsdotter Galde døydde i 1769, men problemet er at det var fleire Marit Jacobsdøttrer om lag på same alder.

 

I dødsfallslista for Lom 1801-1815 er det tre personar i same alder; i tillegg til ho som Grethe nemner i innlegg #9 finn me òg desse:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000499276

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000499315

 

Men i FT1801 har tydeleg ei eller fleire «kandidatar» som er kalla for Mari Jacobsdotter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara lagnaden til Christopher Kjøstelson og huslyden hans!

Eg tok kontakt med Arnfinn Kjelland om denne utfordringi, og han fortel mellom anna at:

 

* Marit Jacobsdotter gifte seg første gongen i 1756 med Anders Olson frå Akerjordet, og dei busette seg i 1760-åri som plassfolk på Galdvollen-Galdsanden under Veslhaugen (det som sidan vart gnr. 128 bnr. 8), der Anders døydde i 1774.  Dei fekk i alle fall fem born, og den yngste, Marit fødd 1770, busette seg på Lunna (gnr. 107, bnr. 3) der Marit Jacobsdotter døydde i 1807.

 

** Dette må vera vigsli til Anders Olson og Marit Jacobsdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183798

 

** Dette må vera gravferdi til Anders Olson: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676802

 

** Og gravferdi til Marit Jacobsdotter, som Grethe nemnde i innlegg #9: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000498781

 

* Om første ekteskapet til Christopher seier Arnfinn at bustaden deira var ukjend, men at Brit døydde i 1767.  Han seier ikkje noko om born...

 

** Dette må då vera gravferdi til Brit: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676346

 

Etter dette er det vel ikkje stort meir å seia om Christopher Kjøstelson og lagnaden hans, men om nokon skulle komma over detaljar som bygdeboki eller eg har oversett, tek eg i mot med òpne armar!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1

Kristoffer er nemnt ein gong i Bygdabok for Lom, i bd. 4, side 278, under første familien på plassen Veslhaugen på Galdvollen eller Galdsanden, ein sameigeskog under Galde-gardane. Veslhaugen låg under Uppigard Galde, og ein Kristoffer Tjøstolvsson gifta seg i 1776 med enkja der, Marit Jakobsdotter f. ca. 1725, d. 1807. Han hadde da vore gift sidan 1756 med ei Brit Persdotter som døydde i 1767 med oppgjeven alder som tilsvara at ho var født kring 1724. Det er alt som vart funne ut om Kristoffer i samband med bygdebokarbeidet i lom.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.