Lars E. Øyane Posted October 19, 2018 Share Posted October 19, 2018 Dette er ein utfordrande huslyd, som eg i dag er vorten gjort merksam på av Ivar Moe gjennom eit innlegg i eit anna tema! Ætteboki for Kyrkjebø omskriv under garden Tune denne huslyden: Knut Knutson Tune, fødd 1696, avliden 1765, gift med Sigrid Andersdotter frå Stronda(?) Ætteboki påstår at Knut var son av Knut Knutson Tune, d.e. (1675-1699). Denne Knut hadde ei søster Lussi Knutsdotter, som døydde barnlaus på Tune i 1749 og ein bror John Knutson som døydde før 1749, men som let etter seg ei dotter Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen i Luster. Ein annan bror Ole Knutson var òg avliden , men hadde etter seg to døtrer gifte i Gulen! 21.8.1765 https://media.digitalarkivet.no/view/24165/333?indexing= vart det halde skifte på Tune etter Knut Knutson, og her kjem det fram at enkja ikkje visste anna on ætti hans enn at han hadde: * ein erving i Luster * ein erving på Hjertholm i Lavik * ein erving på Henriksbø i Gulen Ved ei oppattaking av skiftet 7.10.1765 kjem det fram følgjande: * Henrik Monson Østgulen og Ingeborg Monsdotter, søsteri hans som sa at mor deira var søskenbarn av avlidne Knut Knutson Tune * Britha Andersdotter gift med Løen ytre Hjertholm som sa at mor hennar òg var søskenbarn av Knut Knutson Tune * Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen sa seg vera søskenbarn av Knut Knutson Tune Gravferdi hans i Vik syner ein alder på 72 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=22414&merk=22414#ovre 17.12.1749 https://media.digitalarkivet.no/view/24162/265?indexing= vart det halde skifte etter huskone Lucie Knutsdotter på Tune og følgjende ervingar er nemnde: * fullbror Ole Knutson * halvbror John Knutson, avliden, men let etter seg dotteri Anna gift og busett i Luster * halvbror Knut Knutson, avliden, men let etter seg sonen Knut Knutson på Tune Det var svært uvanleg at folk på den tidi flytte innover fjorden. Det gjekk helst utover, og eg trur at denne søskenflokken (Knut den eldre og søskeni/halvsøskeni hans) opphavleg var komne frå Luster, men eg er in kveld ikkje i stand til å seia kva gard dei kan vera komne ifrå!? Einaste sikre sporet me har i Luster er Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen, og dette parfolket finn me att under garden Hærum på plassen Hærishaug: ~~~~~~~~~~~ Ole Sjurson Hærishaug, som me diverre ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1722 og vart konfirmert her i Luster i 1743. Han vart gravlagd frå Hærishaugen 22.4.1769. Han gifte seg 18.11.1745 med ei Anna Johnsdotter, men heller ikkje opphavet hennar er no kjent. Ho var truleg f. kring 1720 og vart visstnok gravlagd som legdelem 15.3.1781. Ole og Anna budde først nokre år på Rappatun under Høyeim, men dei ser ut til å vera flytte hit til Hærishaugen kring 1755. Ole hadde plassen so lenge som han levde, og det varte nok ikkje lenge før enkja kom på legd; ho flytte i alle fall snart ifrå plassen. Ole og Anna i Hærishaugen fekk ein son: 1. Sjur Olson (1746‑1790), vart strandsitjar i Årstu under Dale. ~~~~~~~~~~~~ Ser me på dei andre ervingane frå 1765, so kan eg ikkje finna spor etter Henrik Monson på Austgulen i Gulen. Brekke-boki har eg ikkje, men ekstraskatten 1762 for ytre Hjertholm i Brekke syner Løen med kone: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/314 Løen er forresten eit svært uvanleg namn som eg ifrå Sogn berre kjenner frå Årdal! No vonar eg at nokon kan hjelpa meg identifisera desse ervingane etter Lussi og Knut på Tune i Kyrkjebø og takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Ivar Moe 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.