Gå til innhold
Arkivverket

Peder Sjurson Ottum (1832-1918) - frå Ottum i Luster til Tromsø eg derifrå til Wisconsin? - kven var svigerforeldri hans og kvar vart det av borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for imponerande forsking!  Du har løyst spørsmålet kring opphavet til Karen Johnsdotter!

 

Soleis sit me no «berre» att med spørsmåli som må løysast på hi sida av «dammen»...  Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Sjurson {Ottum}, f. {Luster} 28.5.1832

Peder Sjurson flytte til Nordland i 1849 og derifrå vidare til Tromsø.  I 1849 heitte det om han at han var middels høg, hadde mørkt hår og brune auge.  Han gifte seg i Tromsø 31.5.1864 med Petrine Randine Christophersdotter frå Tromsø.  Ho var dotter av arbeidar Christopher Zakarias Olson i Tromsø, opphavleg frå Lutnes i Berg, og kona Karen Johnsdotter frå Bratland i Vågå og f. på Finnsæter i Berg 2.7.1844.  Peder var den gongen sjømann, men alt i 1865 utvandra huslyden til Amerika.  Me finn dei att under namni Peter og Trina Ottum.  Peter livnærte seg først som sagbruksarbeidar («sawmill laborer»), og dei budde i Menomonie, Dunn Co., Wis., men dei flytte frå kvarandre

 

##### (year of separation/divorce?)

 

og Peter Ottum flytte då til ein liten farm i Modena township, Buffalo Co., Wis. der han samstundes var handelsmann («grocer»).  Han d. hjå dotter si i Minneapolis, Minn. 25.9.1918.  Trina som tok namnet Autumn, d. i Minneapolis, Minn. 15.7.1926.  Peter og Trina Ottum fekk seks born i lag:

 

##### (både FT1900 og FT1910 seier dei hadde seks born, men berre tre levde, altso levde endå eitt barn som me ikkje enno har identifisert!!)

 

a. Frederick Christian, kjend som Christian Ottum, f. i Dunn Co., Wis. 24.12.1865, d. i Menomonie, Wis. 26.6.1880.

b. Karen

 

     ##### (middle name? - Christine?))

 

     Ottum, kjend som Carrie C. Autumn, f. i

 

     ##### (exact place of her birth? – where in WI?)

 

     Wis. 10.4.1867, d. i Minneapolis, Minn. 29.8.1959.  Carrie gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 4.6.1894 med Arthur Grant Drake, f. i Susquehanna Co., Penn. 4.6.1868.  Han d. i Minneapolis, Minn. 18.12.1926.  Arthur var jarnbaneformann («railroad foreman»), og han og Carrie budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Carrie gifte seg so att i Minneapolis, Minn. 28.5.1938 med enkjemannen Charles Beecher Atteberry, f. i

 

     ##### (exact date and place of his birth? – IL June of 1966!)

 

     Han d. i Minneapolis, Minn. 15.6.1947. 

 

     ##### (had been a farmer in Texas and in Fresno, CA – wife Sarah Annie Benton – had many children!)

 

     Carrie fekk ein son, og han var frå første ekteskapet. 

c. Sivert Johan Ottum, f. i Eau Claire Co., Wis. 6.1.1872, d. i Menomonie, Wis. ?.10.1875.

d. Henry Casper Autumn, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (I suspect he was born in WI!?)

 

     4.5.1876, d. i Portland, Ore. 16.2.1961.  Henry gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.7.1918 med Emma Marie, kjend som Mary E. Gagne, f. i Hennepin Co., Minn. 12.12.1880.  Ho d. i Sylmar, Los Angeles Co., Cal. 22.6.1963.  Henry var teppefabrikkarbeidar («carpet factory worker»), først i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og sidan i Portland, Multnomah Co., Ore.  Han og Mary var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Han d. hjå dotter si i Minneapolis, Minn. 25.9.1918.

 

Mulig du har denne fra før, men legger inn;

 

Minneapolis Tidende, 3. Oct 1918

Minneapolis Tidende, 3. Oct 1918.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Han d. hjå dotter si i Minneapolis, Minn. 25.9.1918

 

Her har man nok stokket godt om på bokstavene 🙄

 

The Minnesota, Death Index, 1908-2002 - Lenke Ancestry
Name:    Epter S Otturn
Death Date:    25 Sep 1918
Death County:    Hennepin
State File Number:    025601
Certificate Number:    025601
Certificate Year:    1918
Record Number:    251002

 

Lenke MHS - http://people.mnhs.org/finder/dci/1918-MN-025601

 

Fra FS

 

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990 - Lenke FS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDSR-N9Y
Name:    Peter S. Otturn
Gender:    Male
Burial Date:    27 Sep 1918
Burial Place:    Nelson, Wis.
Death Date:    25 Sep 1918
Death Place:    Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Age:    87
Birth Date:    1831

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for dei siste spennande og interessante innleggi!

 

Dei var jamen «flinke» til å feilstava namn.  Eg har tinga ein kopi av denne dødsdattesten, og er spent kva som står på originalen som skal vera handskriven!Men det skal ikkje meir til for at dødsattestar vert so å seia «umogelege» å finna att!  Dette har eg erfaring med frå Wisconsin der eg ein gong sat ein heile føremiddag og bladde igjennom alle dødsattestane for to eller tre township i Dane Co., WI i eit spesielt år, sidan eg var overtydd om at vedkommande eg leitte etter, måtte ha døydd der.  Og eg fann han, ein handskriven attest som var fullstendig mistolka i alle register!!  Og eg fann òg eit par andre spennande attestar som eg ikkje leitte etter...

 

Hadde ein berre hatt tid og høve til å gjera slike jobbar med alle som er sakna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne Ottum/Autumn-biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og der har eg alt motteke dødsattesten for Peter S Ottum:

 

Eg tykkjer ikkje denne er noko vanskeleg å lesa, men det kjem vel an på augi som ser...

 

Eg har òg motteke attestane for fleire av slektningane hans, men dei lyt gå separat grunna filstorleiken...

Peter Otturn death.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld motteke nye interessante opplysningar om denne huslyden etter at eg bad ein kjenning i arkivverket hjå ELCA i Chicago, IL om å ta ein kikk etter Peder og Petrine og borni deira.

 

Her er svaret som eg fekk:

 

«There is a Karen Christine Ottum confirmed at the Norwegian Conference congregation (listed under successor congregation Our Savior’s) in Menomonie in 1886, with parents Peder Ottum and Petrine (Olsen) Ottum. Baptismal place is listed as Little Elk Creek, Wis. The age looks like 19. I’ve attached that page (314769-00134). This Norwegian Conference merged with First and Mamre to form Our Savior in 1919.

 

 

I don’t see her in the Froen i Little Elk Creek records, though, nor did I see the Frederick funeral. The other Little Elk Creek congregation was organized in 1874 and absorbed Froen in 1919.

 

 

The confirmation record is connected by Ancestry with a baptism record for Kasper Henrik, born 4 May 1874, baptized 25 December 1874 with parents Peder Ottum and Petrea Ottum f. Olsen. I don’t know if this Olsen family is right, but the sponsors include a Mr. and Mrs. Christoffersen. For some reason, the Ancestry index says this baptism took place in Chicago as well as at Trinity Lutheran in Loyal, Wis., but it turns out that this is the Rev. Samuel Krogness personal record book. He was supposedly at Bethlehem in Chicago through 1874, but may have been moving around by December. I’ve attached the page (314693-00278).»

 

Vedleggi er altfor store til å leggja inn, men det er interessant å sjå at fadrane for Kasper Henrik i 1874 var Chr. og Karen Olson samt Mr. & Mrs. Christoffersen, truleg foreldri hennar samt ein bror med kone...

 

Etter desse funni kan eg leggja fram eit oppdatert manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nokre korreksjonar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #34 under

 

Dei fleste detaljane børjar no å komma «på plass», men kvar eg er verkeleg i «stuss» er opplysningane om at Peder og Petrine skulle ha seks born i alt og at tre av dei levde i 1900 og i 1910.  Kven kan det ha vore???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Egil har vore so venleg å hjelpa meg forminska bileti av dei nemnde kyrkjebokutdragi frå føregåande innlegg, og her følgjer dei:

 

Hjarteleg takk, Egil for hjelpi!

Kasper Henrik birth record.jpg

Karen Christine confirmation record.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her følgjer so dødsattestane frå Minnesota for Petrine «Trina» Autumn og for dei to ektemaklane til Karen Christine «Carrie», Arthur Drake og Charkles Atteberry!

 

Og siste versjon av manuskriptet for denne huslyden, til avløysing av manuskriptet i innlegg #32 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Sjurson {Ottum}, f. {i Luster} 28.5.1832

Peder Sjurson flytte til Nordland i 1849 og derifrå vidare til Tromsø.  I 1849 heitte det om han at han var middels høg, hadde mørkt hår og brune auge.  Han gifte seg i Tromsø 31.5.1864 med Petrine Randine Christophersdotter frå Tromsø.  Ho var dotter av arbeidar Christopher Zakarias Olson i Tromsø, opphavleg frå Lutnes i Berg, og kona Karen Johnsdotter frå Bratland i Vågå og f. på Finnsæter i Berg 2.7.1844.  Peder var den gongen sjømann, men alt i 1865 utvandra huslyden til Amerika.  Me finn dei att under namni Peter og Trina Ottum.  Peter livnærte seg først som sagbruksarbeidar («sawmill laborer»), og dei budde i Menomonie, Dunn Co., Wis., i alle fall til kring 1890, men so flytte Peter til ein liten farm i Modena township, Buffalo Co., Wis. der han samstundes var handelsmann («grocer»).  Han d. hjå dotter si i Minneapolis, Minn. 25.9.1918.  Trina som tok namnet Autumn, flytte i 1890-åri til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 15.7.1926.  Peter og Trina Ottum fekk seks born i lag:

 

##### (både FT1900 og FT1910 seier dei hadde seks born, men berre tre levde, altso levde endå eitt barn som me ikkje enno har identifisert!!)

 

a. Frederick Christian, kjend som Christian Ottum, f. i Dunn Co., Wis. 24.12.1865, d. i Menomonie, Wis. 26.6.1880.

b. Karen Christine, kjend som Carrie C. Autumn, f. i Dunn Co., Wis. 10.4.1867, d. i Minneapolis, Minn. 29.8.1959.  Carrie gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 4.6.1894 med Arthur Grant Drake, f. i Susquehanna Co., Penn. 4.6.1868.  Han d. i Minneapolis, Minn. 18.12.1926.  Arthur var jarnbaneformann («railroad foreman»), og han og Carrie budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Carrie gifte seg so att i Minneapolis, Minn. 28.5.1938 med enkjemannen Charles Beecher Atteberry, f. i Wayne Co., Ill. 26.6.1866.  Han d. i Minneapolis, Minn. 15.6.1947.  Han gifte seg første gongen i Collin Co., Tx. 21.10.1887 med Sarah Annie, kjend som Sallie Benton, f. i McMinn Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .10.1866.  Ho d. i Fresno, Cal. 19.11.1930.  Charles og Sallie farma mellom anna i Collin Co., Tx. og sidan i Mendota township, Fresno Co., Cal., men han og Carrie vart  buande i Minneapolis, Hennepin Co., Min. Der Charles arbeidde som skulevaktmeistar («public school stationary engineer»)   Carrie fekk ein son, og han var frå første ekteskapet, medan Charles hadde åtte born frå første ekteskapet sitt.

c. Sivert Johan Ottum, f. i Eau Claire Co., Wis. 6.1.1872, d. i Menomonie, Wis. ?.10.1875.

d. Kasper Henrik, kjend som Henry C. Autumn, f. i Dunn Co., Wis. 4.5.1874, d. i Portland, Ore. 16.2.1961.  Henry gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.7.1918 med Emma Marie, kjend som Mary E. Gagne, f. i Hennepin Co., Minn. 12.12.1880.  Ho d. i Sylmar, Los Angeles Co., Cal. 22.6.1963.  Henry var teppefabrikkarbeidar («carpet factory worker»), først i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og sidan i Portland, Multnomah Co., Ore.  Han og Mary var barnlause.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Trina Autumn death.jpg

Arthur Drake death.jpg

Charles Atteberry death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.