Gå til innhold
Arkivverket

Iver Gjertson Opheimshaug/Lie/Ellingset - fødd Hafslo 1832 - sakna rekrutt 1854 - utreist som sjømann kring 1852 - kvar vart det av denne karen? - sjømannsrullar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I 1854 vart ein del «unge mannskap» frå Luster og Hafslo etterlyste i samband med militærteneste - ein av desse var:

 

Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 som son av Gjert Iverson (1799-1868) og Elisabeth Johannesdotter (1797-1885) som frå 1833 var husmannsfolknpå Ellingsete under garden Lie i Hafslo.  Foreldri utvandra til Amerika i 1860, olg einaste broren Johannes (1838-1913) var utvandra alt i 1857.

 

Einaste gongen Iver sidan dukkar opp i kjeldene våre i Hafslo er i 1859 då han fekk flytteattest for å dra til sjøs: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/28

 

Og ser ein nærare på denne flytteattesten, står det at han «afreiste herfra for ca, 7 Aar siden».

 

Han var med andre borte frå Hafslo før han i 1854 vart etterlyst av styresmaktene, men kvar vart det av han?

 

Eg hadde inne eit spørsmål om sjekking av sjømannsrullane for 12 år sidan, sjå gamle arkivforum #37606: https://forum.arkivverket.no/topic/123117-37606-sjømannsrullar-1859/?tab=comments#comment-1005827

men den gongen var dei ikkje tilgjengelege på nettet.

 

Det hadde vore kjempefint om det let seg gjera finna lagnaden til Iver Gjertson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.