Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Jacobson i Gunvordalen i Sogndal fødd 1653 - ei ætt med talrike etterkomarar mellom anna i Luster, men kven var dei? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei kjempenøtt som har oppteke meg i mange år, særleg etter at eg oppdaga at eg sjølv ættar frå denne ætti i lag med eit stort tal andre lustringar, og eg tek no opp denne saki med von om at det kan lata seg gjera komma nærare ei løysing!

 

Manntalet frå 1701 for den då einbølte garden Gunvordal i Sogndalsdalen syner denne huslyden:

 

14995 Niels Jacobsen 50 o Gundverdal Sogndals
14996 Olle Nielsen 16 s Gundverdal Sogndals
14997 Elling Nielsen 14 s Gundverdal Sogndals
14998 Jacob Nielsen 10 s Gundverdal Sogndals
14999 Henrich Nielsen 1 s Gundverdal Sogndals

 

Den nye bygdeboki for Sogndal har ingen opplysningar om nokon av desse med unntak av at Nils skal ha vore frå nabogarden Kvam i Sogndalsdalen og bror av den der buande:

 

Knut Jacobson, fødd kring 1661, død i 1744 gift med

Martha Iversdotter, fødd kring 1757, død i 1753

Desse er nemnde med sju born som alle budde i Sogndal.

 

Dei databaseregistrerte kyrkjebøkene for Sogndal syner dei tre yngste borni til Nils Jacobson i Gunvordalen:

 

* Gunnhild Nilsdotter, døypt i Gunvordalen 28.2.1693

 

* Iver Nilsson, døypt i Gunvordalen 25.4.1698

 

* Henrik Nilsson, døypt i Gunvordalen 28.8.1700

 

Kanskje var det eldste sonen Ole Nilsson som 22.3.1805 gifte seg i Sogndal med Anna Johannesdotter Aaberge, men utan gardsnamn på mannen er dette svært usikkert: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28314&merk=28314#ovre

 

Derimot ser eg at ein soldat Henrik Nilsson Hollekve gifte seg i Sogndal 22.6.1727 med enkja Barbro Anfindsdotter Vassli: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28463&merk=28463#ovre

Henrik og Barbro busette seg på Vassli og fekk i alle fall desse borni:

* Ragnhild Henriksdotter, døypt 7.3.1728

* Nils Henrikson, døypt 19.10.1735

dessutan hadde Henrik ei dotter frå før:

* Britha Henriksdotter med mor Kirsti Bottolfsdotter, døypt 28.9.1727 - vart ikkje ho gift i Fresvik eller Feios, mon tru?

Henrik Nilsson Vassli vart gravlagd i Sogndal 23.5.1748: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=28463&merk=28463#ovre

 

Bygdeboki for Sogndal har under Hollekve omtale av denne huslyden:

Iver Nilsson, fødd 1698 i Gunvordalen, død 1767 i Hollekve

gift 1.g. med Magdeli Johnsdotter, fødd 1693 i Gunvordal(!). død 1746 i Hollekve

gift 2.g. med Agatha Ellingsdotter, fødd 1701, død 1754 i Hollekve

gift 3.g. 1755 med Anna Johnsdotter Amble, fødd kring 1710

Boki nemner fem born frå første ekteskapet, mellom anna to døtrer Britha og Agatha - den siste av desse gifte seg til Jørongo på Hafslo.

 

Før eg går vidare innover fjorden, vil eg gjerne få nemna at Gunvordalen, Hollekve, Kvam og Vassli alle er gardar som ligg i same grendi i Sogndalsdalen!

 

So til dei to sønene Elling og Jacob, som flytte innover fjorden:

 

~~~~~~~~~~

 

Elling Nilsson Flattun, opphavleg frå Gunvordalen i Sogndal, var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen og f. i Sogndal kring 1687.  Han vart gravlagd frå Flattun 8.10.1758.  Også Elling Nilsson kom til Flattun ved giftermål.  Kring 1723 gifte han seg nemleg første gongen med Ingeborg Trondsdotter, enkja etter den føregåande brukaren, men då ho var avlidi, gifte Elling seg 16.10.1735 att med Mari Thomasdotter, opphavleg frå Berge i Ståreim, Eid, men då busett i Lærdal.  Korleis ho var komi dit, veit me ikkje.  Ho var dotter av gardbrukar Thomas Johnson på Berge og første kona hans og f. i Eid kring 1670.  Mari vart gravlagd frå Flattun 8.12.1746.  Elling fekk hand om halve Flattun då han kring 1723 gifte seg med enkja på garden.  6.11.1725 fekk han dessutan skøyte på dei 13 1/2 merker smør som stesonen Christopher og stedotteri Rannei hadde arva.  Då Ingeborg Trondsdotter fall ifrå i 1734, vart garden delt på ny; Elling sat då att som den største luteigaren i Flattun med om lag 2 pund smør, og han heldt fram med styringi av heile garden like til 1745.  Då fekk stesonen Torger ta over eine helfti (sjå Flattun, bnr. 1, a), men for å sikra den helfti som var att, for eldste sonen sin, kjøpte han 14.4.1746 hjå stesonen Bjørn og formyndarane til borni sine, i alt 7 7/8 merker smør og 1/2 hud so han åtte nesten heile bruket.  Dette dreiv han so til eldste sonen fekk ta over i 1756.  Elling Flattun fekk fire born, alle frå første ekteskapet:

 1. Torkild Ellingson (1724-1789), fekk ta over denne delen av heimebruket etter faren og stemori.

 2. Nils Ellingson (1728-1758), d. ugift på Flattun.

 3. Britha Ellingsdotter (1730-1764), vart gift med gardbrukar Bjørn Mikkelson i Sandviki (1727-1788).

 4. Ingeborg Ellingsdotter (1734-1772), d. ugift på Tandla.

 

~~~~~~~~~~

 

Jacob Nilsson Opheim, opphavleg frå Gunvordalen i Sogndal, var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen og kona Britha og f. i Sogndal kring 1691.  Han d. som kårmann på Opheim 26.11.1762.  Jacob kom til Opheim som gardbrukar då han i 1711 gifte seg i Hafslo med Britha Olsdotter, enkja etter den føregåande brukaren.  Jacob fekk kring 1711 bygslebrev på dette bruket hjå sokneprest Jens Ørbech.  Han fekk dessutan 15.6.1750 skøyte på eigedomsgodset på Opheim (bnr. 2) hjå prosten Anders Daae, og 18.10.1759 vart han eigar av eigedomsgodset på Opheim (bnr. 4, a) etter skøyte frå løytnant Jacob Lemvig.  Jacob Nilsson sat som leiglending på bnr. 1 til 1754 og som eigar i dei to hine bruki levetidi ut.  Jacob og Britha fekk i alle fall fire born i lag:

 1. Asbjørn Jacobson (1712-1786), hamna som gardbrukar på Opheim (bnr. 4) (s.d.).

 2. Margretha Jacobsdotter (1714-1777) vart gift med gardbrukar Hermund Erikson her på Opheim (bnr. 1) (1714-1790).

 3. Britha Jacobsdotter (1717-1799), vart gift med gardbrukar og enkjemannen Trond Ingebrigtson på Fet (1699-1785).

 4. Ole Jacobson (1721-1779), vart gardbrukar på Sørheim i Luster.

 

~~~~~~~~~~

 

Det kan ikkje herska mykje tvil om at kona i Gunvordalen heitte Britha til førenamn (jmf. oppkallingane av eldste døtrene i alle desse huslydane!), men kven ho var, er det ingen som so langt har kunne fortelja meg.  Og nettopp dette spørsmålet er det som opptek meg mest.

 

Men eg er òg interessert i å finna ut kvar det vart av Ole Nilsson, fødd kring 1685 og Gunnhild Nilsdotter, fødd 1693.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Ole Nilsen f. ca. 1685 er blant mine forfedre, så jeg har en del opplysninger om familien.

 

Det var skifte etter Jens (Jacobsen) Kvam i Sogndal 3.10.1720. https://media.digitalarkivet.no/view/24135/398 Han og kona Brita Bårdsdatter fra Torstad var barnløse. Arvingene var hans søsken:

 

1. Nils Gunvordalen

2. Knut Kvamme

3. Ole Jacobsens barn som arver en brorlodd: Ole Uglum, Nils Stenegiem og avdøde Mari Olsdatter Ylvisåkers barn

 

Det var skifte etter Ole Jacobsen Uglum alt i 1681, og der nevnes hans far Jacob Kvamme. Jacob var bruker på Kvam 1666, 53 år med sønnene Ole 12, Nils 8, Jens 5 og Knut 2 år. Opplysninger fra to skifter gjør at en kan sette opp denne søskenflokken:

 

1. Jacob Olsen Kvam f. ca. 1613, levde 1681

2. Nils Olsen Barsnes f. ca. 1621, skifte 2.10.1669. Gift med Synneve Johannesdatter, tre barn. Barnas farbrødre Jacob Kvam og Lars Hillestad.

3. Lars Olsen Hillestad f. ca. 1621, skifte 24.9.1674. Gift med Ellen Olsdatter. Søsken: Jacob Kvam, Endre Vikum, Jon Olsen Skredder, Kari Olsdatter.

4. Endre Olsen Vikum f. ca. 1626

5. Jon Olsen Skredder nevnt 1674

6. Kari Olsdatter nevnt 1674

 

Brita Gunvordalen var fadder 1694 til Elling Selsengs barn Jens.

 

Birte Iversdatter Hollekve ble begravet 16.12.1732, 76 år 9 mnd 17 dager.

 

Nils Jacobsen Hollekve ble begravet 21.3.1733, 79 år 8 mnd 7 dager.

 

Kan Brita Iversdatter være søster til Marta Iversdatter (1657-1753) som var gift med Knut Jacobsen Kvam, og var de døtre av Iver Selseng f. ca. 1613?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for eit imponerande og overraskande innlegg!

 

Dette tyder jo at me er i slekt, for eg ættar sjølv ned frå Jacob Nilsson på Opheim både gjennom sonen Asbjørn og gjennom dotteri Margretha!

 

Det er ein viss grad av namnelikskap i søskenflokkane til Nils Jacobson og Knut Jacobson, so tanken om at konene deira var søstrer, er ingen urimeleg tanke!  Og Selseng er jo ein gard i same grendi i Sogndalsdalen!

 

Når me samanliknar dei opplysningane som er komne fram gjenom dette emnet, med det som er prenta i den nye bygdeboki for Sogndal, lurer eg på om ikkje litt meir forsking i desse ættene frå 1600-talet og tidleg 1700-talet kunne ha gjeve oss eit meir fullstendig oversyn over desse gamle ættene, men so vidt som eg har forstått, vart ikkje den tidsperioden spesielt prioritert i bygdebokarbeidet i Sogndal...

 

Ein ny kjempetakk til Terje for kjempefine opplysningar.  Kanskje dukkar det opp fleire spennande detaljar om denne huslyden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

I dette skjøtet fra 1735 https://media.digitalarkivet.no/view/12401/70?indexing nevnes Gjest Olsen Årvolds farbror Iver Nilsen Hollekve, hans salige farfar Nils Jacobsen Gundevold (!) og hans far Ole Nilsen Årvold.

 

Ole Nilsen fra Gunvordal (1685-1756) var gift (1) 1705 med enke Anna Johannesdatter Åberge ( -1719), opprinnelig fra Li nedre i Hafslo. Ole gift (2) ca. 1720 med enke Gjertrud Pedersdatter Åberge (1692-1767), opprinnelig fra nedre Eri i Lærdal. Ser ut til at de bodde på Åberge i første ekteskap og på Årvold i andre ekteskap. Jeg stammer fra Ole Nilsen i begge ekteskap.

 

Gunhild Nilsdatter døpt 1693 vet jeg ikke noe om. Har sett i skifteregisteret for Indre Sogn men det er ikke skifte etter noen med dette navnet. Dessverre mangler det noen skifteprotokoller for Indre Sogn, så det er mye slektshistorie som har gått tapt. Ole Nilsen kalte sin eldste datter Gunhild i 1705. Kan det være søstera som er oppkalt og at hun døde ung?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt spennande innlegg med nye «godbitar»!

 

I mellomtidi har eg òg motteke ei direkte melding frå ein annan etterkomar som kjem med to nye detaljar:

 

** Nils Jacobson's far Jacob i Kvam var gift med Mari Olsdotter

 

** Gunnhild Nilsdotter vart gravlagd 10.9.1730.  Ho gifte seg kring 1718 med Østen Monsson, og dei budde på Ølnes i Sogndal.  Som enkjemann gifte han seg 1.11.1731 att med Eli Pedersdotter Grinde.  Ekteskapet med Gunnhild gav som resultat sju born.

 

Kanskje du Terje kan kommentera desse opplysningane?

 

Elles beit eg meg merke i at du skriv: «Ole Nilsen fra Gunvordal (1685-1756) var gift (1) 1705 med enke Anna Johannesdatter Åberge ( -1719), opprinnelig fra Li nedre i Hafslo.»

 

Her er det noko som tydeleg har unngått mi merksemd.  Under Li nedre i Hafslo har eg omskrive følgjande huslyd:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Rasmusson Lie, av usikkert opphav, men kan henda identisk med ein som i 1666 var skaffar og budde på Fet, var f. kring 1641.

Det ser ut som Johannes Rasmusson flytte til Sogndal der han kring 1670 gifte seg første gongen, men kven denne første kona hans kan ha vore, er førebels uvisst.  Dei budde visstnok som gardbrukarar i Kvam i Sogndal der kona må vera d. kring 1697.

Men kring 1698 flytte Johannes attende til Hafslo, og han d. truleg i Li kring 1725.  Her gfte han seg att kring 1699 med Brynhild Hermundsdotter, enkja etter den føregåande brukaren i Li og tok på same tidi over styringi av garden.  Johannes og Brynhild dreiv heile garden fram til 1712 og sidan eine helfti fram til kring 1720, men 18.5.1717 vart det skrive bygslebrev frå futen på denne helfti av garden til Ingebrigt Andersson frå Høgi (1703-    ), ein son av Martha, som då var gardkone på resten av garden i Li (sjå nedanfor), men Ingebrigt kom aldri til å ta over garden (sjå under Høgi).  Johannes og Brynhild fekk ikkje born i lag, men me kjenner til to søner etter Johannes og første kona hans:

 1. Rasmus Johannesson, f. kring 1672,

Rasmus Johannesson flytte i ung alder til Sogndal der han i 1697 kjøpte eit bruk i Kvam.  Han gifte seg truleg i Sogndal kring 1699 med ei Britha Nilsdotter, som me ikkje kjenner opphavet til.  Ho var f. kring 1675.  Rasmus og Britha vart gardbrukarar i Kvam i Sogndal der Britha d. kring 1716.  Rasmus d. same staden kring 1720.  Me kjenner til fire born etter Rasmus og Britha; om dei hadde fleire, so vaks dei i so fall ikkje opp:

a. Johannes Rasmusson, døypt i Sogndal 30.11.1701, vart gravlagd frå Kvam 3.2.1765.  Johannes gifte seg i Sogndal 25.5.1733 med Kirsti Andersdotter frå Dalaker, Kaupanger i Sogndal.  Ho var f. i Sogndal kring 1712 og vart gravlagd frå Kvam 3.8.1777.  Johannes og Kirsti tok over som gardbrukarar på heimebruket hans i Kvam i Sogndal og fekk visstnok fem born i lag.

b. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 7.3.1704, vart gravlagd frå Kvam 21.9.1704.

c. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 31.8.1705, levde visstnok ugift i Kvam i Sogndal, men dødsdatoen hennar er ukjend.

d. Elling Rasmusson (1709-1783), flytte attende til Hafslo, men hamna til sist som gardbrukar på Stokkanes i Luster (s.d.).

 2. Erik Johannesson (1682-1758), vart gardbrukar på Tørvi.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg fann aldri noko skifte som kunne opplysa 0m kven første kona til Johannes Rasmusson var eller om dei hadde fleire born enn dei to sønene (der eg sjølv ættar frå Erik Johannesson Tørvi!), for dersom Anna Johannesdotter, stammori di, kjem frå Li nedre, må ho vera ei dotter av Johannes Rasmusson og denne første kona ukjende hans!?

 

Eg vonar du Terje òg kan kommentera på desse opplysningane og takkar på ny for kjempefin bistand i samband med kartleggjingi av desse ættene!

 

PS: Har du oversyn over borni til Anna Johannesdotter?  Kven var første mann hennar?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Den 4. oktober 1669 var det skifte etter avdøde Marete Olsdatter Kvamme i Sogndal, gift med Jacob Borgersen (1606-1680) https://media.digitalarkivet.no/view/24133/105?indexing Kan det være sammenblanding med dette ekteparet?

 

Gunhild Nilsdatter Ølnes ble begravet 9.10.1730, 38 år og 7 mnd. Hun skulle da være født i mars 1692, som passer bra med at hun ble døpt i februar 1693. Gunhild døde nok i barselseng, for dattera som ble døpt 8.10.1730 fikk navnet Gunhild etter mora. Blant fadderne var Iver Hollekve og Gjertrud Årvold (gift med Ole Nilsen), så Gunhild hørte nok antagelig til i søskenflokken fra Gunvordal.

 

Det ble holdt skifte etter Johannes Li sin kone Brynhild Hermundsdatter 9. mai 1719, hennes eneste barn var Marta Sjursdatter gift med Ole Olsen. https://media.digitalarkivet.no/view/24135/363 Seinere i skiftet står det om Johannes "så begjærer han ikke videre at nyte av hans halve bo enn som en ringe del derav, så vidt han kan have behov til nødvendighet, men resten at må deles hans barn i mellom, og begjærer han ikke videre av hans halve bo". Blir så endelig til deling mellom arvingene som er 3 sønner og 1 datter. Eldste sønn Ole Stedje, annen bror Erik Tørvi, tredje bror Rasmus Kvamme, Ole Nilsen Åberges barn tilkommer en søsterlodd.

 

I bygdeboka mangler derfor barna Ole Stedje og Anna på Åberge (tror jeg har nevnt dette før en gang?) Skal sette opp en oversikt over Anna sine to menn og hennes barn, kommer seinere.

 

Vielsen til Ole Johannesen Stedje 2. søndag i advent 1700: https://media.digitalarkivet.no/view/11651/48241/1 Ole var 30 år i 1701 og født i Sogndal, bosatt på Stedje. Kona Kari Pedersdatter f. ca. 1652 bgr. fra Stedje 7.11.1732 var fra Skjellestad i Sogndal. Hun var enke etter Gjest Ellendsen Stedje (1659-1698), en sønn av Kari Lassesdatter fra Kvam nedre i Hafslo.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt spennande innlegg!

 

Avsnittet som du nemner frå skiftet på Li nedre i Hafslo, har eg oversett, men eg stussar litt på den rekkefølgja i barneflokken som der kjem fram: Ole eldst følgd av Erik og Rasmus.  Eg er ganske so sikker på at Erik er yngst, medan Rasmus i 1701 var 29 år:

 

15128 Rasmus Johansen 29 o   Qvamme Sogndals
15129 Erich Larsen 15 t føed i sognet Qvamme Sogndals

 

FT1701 for Li nedre i Hafslo syner at Erik då berre var 19 år:

 

16387 Johans Rasmusen 60 o   Lij Hafsloe
16388 Erich Johansen 19 s   Lij Hafsloe
16389 Hermund Johansen 14 s   Lij Hafsloe

 

Hermund er son av Brynhild Hermundsdotter og første mann hennar, Sjur Iverson Lie.

 

Alderen til Anna er ikkje so lett å gissa...

 

Her følgjer ei oppdatering av manuskriptet for garden Li nedre i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Rasmusson Lie, av usikkert opphav, men kan henda identisk med ein som i 1666 var skaffar og budde på Fet, var f. kring 1641 og gifte seg første gongen

 

     ##### (første vigsli hans? - kring 1670?)

 

     med

 

     ##### (kven var første kona hans? - oppl. om ho? - Mildred Olsdotter??)

 

Johannes Rasmusson flytte med første kona si til Sogndal, og dei skal ha vore gardbrukarar i Kvam

 

##### (sjekka at dette stemmer?)

 

der første kona d. kring 1697.

Johannes flytte kring kring 1698 attende til Hafslo, og han d. truleg som kårmann i Li kring 1725.  Her gifte han seg kring 1699 att med Brynhild Hermundsdotter, enkja etter den føregåande brukaren i Li og tok på same tidi over styringi av garden.  Johannes og Brynhild dreiv heile garden fram til 1712 og sidan eine helfti fram til kring 1720, men 18.5.1717 vart det skrive bygslebrev frå futen på denne helfti av garden til Ingebrigt Andersson frå Høgi (1703-    ), ein son av Martha, som då var gardkone på resten av garden i Li (sjå nedanfor), men Ingebrigt kom aldri til å ta over garden (sjå under Høgi).  Johannes og Brynhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde fire born frå første ekteskapet sitt:

 1. Ole Johannesson, f. i Sogndal kring 1671,

Ole Johannesson flytte nok heller ikkje til Hafslo, men gifte seg i Sogndal 5.12.1700 med enkja Kari Pedersdotter, opphavleg frå Skjeldestad.  Ho var dotter av

 

##### (kven var foreldri hennar? - opphavi deira?)

 

og f. i Sogndal kring 1652.  Ho gifte seg første gongen i Sogndal kring 1681 med Gjest Ellendson frå Stedje (1655-1698), ein son av gardbrukardotteri Kari Lassesdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1635-1706).  Kari og Gjest var gardbrukarar på Stedje, og bruket deira var det Ole tok over då han i 1700 gifte seg dit, og han dreiv bruket til kring 1728.  Kari Pedersdotter vart gravlagd frå Stedje 7.11.1732, medan Ole Johannesson truleg d. på Stedje kring 1745. 

 

#####  (kan det høva at han døydde på den tidi?)

 

Ole og Kari fekk ikkje born i lag, men Martha hadde minst fem born frå første ekteskapet sitt, mellom anna desse to:

a. Ellend Gjestson (1683-1716), vart gardbrukar i Li nedre i Hafslo.

b. Britha Gjestsdotter (1685-1754), vart gift med gardbrukar Erik Johannesson på Tørvi i Hafslo (1682-1758), ein bror av stefar hennar.

 2. Rasmus Johannesson, f. i Sogndal kring 1673,

Rasmus Johannesson flytte nok aldri til Hafslo, men kjøpte i 1697 eit bruk i Kvam, truleg heimebruket hans.  Han gifte seg visstnok i Sogndal kring 1699 med Britha Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

f. kring 1675.  Rasmus og Britha vart buande som gardbrukarar i Kvam i Sogndal der Britha d. kring 1716.  Rasmus d. same staden kring 1720.  Me kjenner til fire born etter Rasmus og Britha; om dei hadde fleire, so vaks dei i so fall ikkje opp:

a. Johannes Rasmusson, døypt i Sogndal 30.11.1701, vart gravlagd frå Kvam 3.2.1765.  Johannes gifte seg i Sogndal 25.5.1733 med Kirsti Andersdotter frå Dalaker, Kaupanger i Sogndal.  Ho var f. i Sogndal kring 1712 og vart gravlagd frå Kvam 3.8.1777.  Johannes og Kirsti tok over som gardbrukarar på heimebruket hans i Kvam i Sogndal og fekk visstnok fem born i lag.

b. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 7.3.1704, vart gravlagd frå Kvam 21.9.1704.

c. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 31.8.1705, levde visstnok ugift i Kvam i Sogndal, men dødsdatoen hennar er ukjend.

d. Elling Rasmusson (1709-1783), flytte attende til Hafslo, men hamna til sist som gardbrukar på Stokkanes i Luster (s.d.).

 3. Anna Johannesdotter, f. i Sogndal kring 1675,

Anna Johannesdotter gifte seg første gongen i Sogndal kring 1693 med Gjest Olson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

f. i Sogndal kring 1669.  Anna og Gjest slo seg ned som gardbrukarar på Åberge i Sogndal, og derifrå vart Gjest gravlagd 11.4.1704.  Anna gifte seg so 22.3.1705 att i Sogndal med Ole Nilsson frå Gunvordalen.  Han var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen, opphavleg frå Kvam i Sogndalsdalen, og kona Britha Iversdotter frå Selseng og f. i Sogndal kring 1685.  Ole tok over som gardbrukar på Åberge der Anna d. kring 1719.

 

##### (Ole attgift - flytte til Årvoll)

 

Anna fekk i alt åtte born, fem frå første ekteskapet og tre frå det andre:

a. Martha Gjestsdotter, døypt i Sogndal 6.8.1694, vart gravlagd frå Åberge 2.7.1729.  Han gifte seg

 

     ##### (vigselsåret?)

 

     med Peder Ellingson frå Selseng, f. i Sogndal kring 1691.  Han d. på Åberge kring 1742.  Peder og Martha var gardbrukarar på Åberge i Sogndal, og Peder var òg lensmann i bygdi.  Dei fekk fire born i lag.

b. Ole Gjestson, f. i Sogndal kring 1697,

 

     ##### (lagnad?)

 

c. Mildrid Gjestsdotter, døypt i Sogndal 15.10.1699, vart gravlagd i Sogndal 25.3.1701.

d. Mildrid Gjestsdotter, døypt i Sogndal 9.4.1702,

 

     ##### (lagnad?)

 

e. Oselda Gjestsdotter, døypt i Sogndal 9.11.1704, vart gravlagd i Sogndal 14.12.1704.

f. Gunnhild Olsdotter, døypt i Sogndal 20.12.1705,

 

     ##### (lagnad?)

 

g. Gjest Olson, døypt i Sogndal 6.12.1708,

 

     ##### (lagnad?)

 

h. Johannes Olson, døypt i Sogndal 20.2.1711,

 

     ##### (lagnad?)

 

 4. Erik Johannesson (1682-1758), vart gardbrukar på Tørvi.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg forstod det slik at du Terje kan supplera fleire opplysningar om borni til Anna Johannesdotter, so eg vil avventa og sjå kva du kan fortelja om dei...

 

Etter namni på barneborni lurer eg på om kanskje første kona til Johannes Rasmusson kan ha heitt Mildred Olsdotter??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Her er det jeg har samlet om familien.

 

Anna Johannesdatter d. på Åberge, skifte 28.2.1719

 

Gift (1) med Gjest Olsen Åberge f. ca. 1665 (36 år 1701), bgr. fra Åberge 11.4.1704, 34 år 23 uker. Barn:

 

a. Marta døpt 6.8.1694, bgr. fra Åberge 2.7.1729. Gift med lensmann Petter (han skrives alltid Peter eller Petter, ikke Peder) Ellingsen fra Selseng døpt 3.2.1691, skifte 13.4.1742. Petter var bruker på Åberge. Han og Marta hadde 4 barn. Petter ble attgift med Brita Pedersdatter og hadde 4 barn med henne.

 

b. Ole f. ca. 1697, bgr. 18.5.1704 uten bosted, 8 1/2 år. Ole i hvert fall død før 1719.

 

c. Mildrid døpt 15.10.1699, bgr. 25.3.1701

 

d. Mildrid døpt 9.4.1702, død før 1719

 

e. Osele døpt 9.11.1704, bgr. 14.12.1704, 8 dager gammel

 

Anna Johannesdatter gift (2) 22.3.1705 med Ole Nilsen Gunvordal f. ca. 1685 bgr. fra Årvold 27.2.1756. De var brukere på Åberge og hadde 5 barn:

 

a. Gunhild døpt 20.12.1705 bgr. fra Stedje 30.5.1788. Gift 7.3.1728 med Peder Gjestsen Stedje f. ca. 1688 bgr. fra Stedje 27.4.1772. De var brukere på Stedje og hadde etter bygdeboka 8 barn.

 

b. Gjest døpt 6.12.1708 bgr. fra Gorvin 21.1.1793. Gift 23.10.1735 med Synneva Knutsdatter Gorvin f. ca. 1715 bgr. fra Gorvin 1.2.1796. De var brukere på Gorvin og hadde etter bygdeboka 10 barn.

 

c. Johannes døpt 20.2.1711, bosatt Hillestad i Hafslo der det var skifte etter ham som enkemann og barnløs 13.1.1786.

 

d. Ole, bosatt Kjos 1743, død før 1786 og hadde da 3 barn.

 

e. Brita, ugift 1743 men var enke 1786 (hvem kan hun ha vært gift med?)

 

Ole Nilsen giftet seg igjen omkring 1720 med enke Gjertrud Pedersdatter Åberge (ca. 1692-1767), opprinnelig fra nedre Eri i Lærdal. Gjertrud var enke etter Ingebrikt Larsen Åberge (skifte 1719), hans far Lars Hermundsen Åberge var fra Alme i Hafslo ! Ole og Gjertrud var brukere på Årvold der Ole nevnes fra 1721.

 

Hvem var Johannes Rasmussen og hans første kone? I lista for leiermål i Bergens stift fra 1660-åra er nevnt en Johannes Rasmussen "Synnesund" i Hafslo 1667, men det må være han det er skifte etter Ugulen i 1674 med bror Anders Sønnesyn.

 

I en "markegang" mellom Ølnes og Brudevold i Sogndal 30.6.1702 vitnet Johannes Li 58 år gammel at han bodde på Ølnes i 31 år og det var 4 år siden han kom fra jorden. Han var altså bosatt Ølnes ca. 1667-1698. I skiftet etter Ole Eriksen Ølnes 1669 gift med Gjertrud Torgersdatter står det at barnas fars søsters mann var Johannes Ølnes. Og i skiftet etter Ragnhild Eriksdatter Årøy 1669 gift med Amund Årøy nevnes barnas mors søsters menn Torkel Lerum og Johannes Ølnes. Johannes Ølnes, seinere på Li, må derfor ha vært gift første gang med ei Eriksdatter, søster til Ole Ølnes og Ragnhild Årøy, og Torkel Lerum var gift med ei anna søster. Johannes hadde jo også en sønn Erik, etter en morfar. Kanskje denne første kona het Mildrid siden både Anna og Rasmus hadde barn med dette litt sjeldne navnet? Og kanskje var hun ei datter av Erik (Ellingsen) Stenehjem f. ca. 1602 som i 1646 overtok Ølnes og var bruker der 1666 (det siste er bare gjetting).

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jarleif Nordheim

Her var det interessante opplysninger for en med røtter fra Jakob Kvam "i Dalen"!

Jeg gjorde notater om denne slekta for noen år siden, men da med utgangspunkt i heftene "Heimbygdi Vår" av Vilhelm Flugheim - og han vår ikke av de beste til å angi kilder.

 

Min oppsummering den gang var dette:

Jakob Kvam i Dalen ca 1613-d.e.1681

Barn:

1.     Nils Kvam Gunvordal 1653-1733

2.     Jens Kvam (fremste) d 1720

3.     Knut Kvam (heimsta) 1657-1744

4.     Ola Uggla  d 1681

5.     Mari til Ylvisåkr df 1720

Og her er jeg etterkommer etter både Knut og Ola.

Men er det kilder som bekrefter alle disse, og årstallene Flugheim oppgir?

 

Vh Jarleif Nordheim

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje og Jarleif for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld kjeldene som Jarleif etterlyser, reknar eg med det ikkje finst noko særleg anna enn skifte og FT1701 samt kyrkjebøkene der desse finst.

 

No då borni etter Ole Nilsson og Anna Johannesdotter kjem for ein dag, dreg eg sjølvsagt kjensel på eit par av dei:

 

* Johannes Olson Hillestad - med utdrag frå manuskriptet for gnr. 155, Hillestad:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Olson Hillestad, frå Årvoll i Sogndal, var son av gardbrukar Ole Nilsson på Årvoll, opphavleg frå Gunvordalen, og første kona Anna Johannesdotter, og vart døypt i Sogndal 20.2.1711.  Han vart gravlagd frå Hillestad 12.11.1785.  Johannes kom til Hillestad då han 25.10.1741 gifte seg med Ragnhild Olsdotter, enkja etter dei to føregåande brukarane, og tok over styringi av bruket på same tidi.  Ved skiftet etter Arne slutta 17.4.1741 vart han og steborni kvar eigar av 3/8 hud og 3/8 mæle korn.  Johannes fekk 29.5.1742 bygslebrev på resten av garden hjå Christopher Munthe og Christopher Lemvig, men sidan kjøpte han opp resten av bruket og vart sjølveigar på eigedomsgodset; han fekk 6.6.1760 skøyte på ein part i garden hjå Dominicus Ørbech, og 19.2.1770 fekk han skøyte på resten hjå kapellan Jens Christopherson Munthe.  Johannes og Ragnhild dreiv bruket fram til 1777, men vart buande her levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

* Ole Olson Kjos - med utdrag frå manuskriptet for gnr. 156 Kjos:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson Kjos, frå Årvoll i Sogndal, var son av gardbrukar Ole Nilsson på Årvoll, opphavleg frå Gunvordalen, og første kona Anna Johannesdotter av ukjent opphav og f. i Sogndal kring 1713.  Han vart gravlagd frå Kjos 26.2.1783.  Ole kom til Kjos då han 24.6.1734 gifte seg første gongen med Ingeborg Jørgensdotter, enkja etter den føregåande brukaren på garden.  Då ho var borte, gifte Ole seg 13.6.1763 att med Anna Iversdotter frå Hillestad.  Ho vart døypt 29.5.1746 og vart gravlagd frå Resaland 15.1.1809.  Ho vart som enkje attgift med gardbrukar Johannes Hermundson på Resaland (1755-1820).  Ole fekk 29.10.1734 bygslebrev på garden hjå sokneprest Munthe.  Ved skiftebrev etter Ingeborg Jørgensdotter av 6.6.1762, fekk enkjemannen utlagd 2 pund og 6 merker smør og ¾ hud i øvre Jørongo.  Han dreiv elles garden levetidi ut og fekk i alt tretten born, to frå første ekteskapet og elleve frå det andre:

 1. Peder Olson (1737-1804), vart gardbrukar på Hillestad.

 2. Nils Olson (1742-1812), vart gardbrukar på Sterri.

 3. Ingeborg Olsdotter (1764-1849), vart gift første gongen med gardbrukar Erik Pederson på Sviggo (1750-1800) og sidan attgift med gardbrukar og enkjemann Ingebrigt Torkildson på La i Joranger sokn (1761-1846).

 4. Anna Olsdotter (1767-1767).

 5. Anna Olsdotter (1767-1768).

 6. Iver Olson (1769-1769).

 7. Ole Olson (1771-1771).

 8. Iver Olson (1772-1772).

 9. Anna Olsdotter (1773-1773).

10. Ole Olson (1774-1774), tvilling.

11. Iver Olson (1774-1774), likeins tvilling.

12. Ole Olson (1776-1781).

13. Synneva Olsdotter (1780-1781).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

So kjem du Terje inn på eit svært spennande namn, Britha Olsdotter.  Dersom denne Britha flytte til Hafslo, har eg ein god «kandidat» i denne husmannskona på plassen Løken under gnr. 137, Kvam nedre, men eg kan ikkje prova at det verkeleg var ho:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Erikson Løchen, ein tremenning av gardbrukar Iver Larsson i Sandviki i Luster (1727-1785), men sjølv av usikkert opphav, var f. kring 1703 og vart gravlagd i Hafslo, truleg frå Løken, 27.4.1775.  Ingebrigt var soldat i Lysterske kompani i mange år og stod i legd nr. 21, som mellom anna omfatta Tørvi.  Han gifte seg første gongen i Luster 30.10.1739 med ei Martha Pedersdotter, som me ikkje veit noko meir om.  Ho var truleg f. kring 1700, men må vera avlidi kring 1743, for 20.12.1744 gifte Ingebrigt seg att i Luster 20.12.1744 med ei Britha Olsdotter, likeins av ukjent opphav.  Ho var f. kring 1716 og vart gravlagd som legdelem i Hafslo 30.1.1800.  Ingebrigt var ei tid husmann ein eller annan stad i Gaupne, men flytte truleg alt kring 1747 til Hafslo og tok nok over plassen på Løken, som Jørgen hadde hatt.  Ingebrigt vart buande på plassen levetidi ut, men hadde tydeleg vanskar med å greia seg.  Han er rekna som fattig i 1762, men fekk løn som bygdevektar frå 1760 til 1772.  Britha flytte nok herifrå då ho vart enkje, og frå 1785 var ho på legd, mellom anna i Kalhagen.  Me kjenner til fire born etter Ingebrigt, som alle truleg var frå andre ekteskapet:

 1. Erik Ingebrigtson, døypt i Luster 3.4.1746, vart konfirmert i Hafslo i 1762.

Erik Ingebrigtson ser ut til å vera faren frå Hafslo i ung alder, men lagnaden hans er ukjend.

 2. Sara Ingebrigtsdotter, f. kring 1749, levde på Hafslo i 1762.

Sara Ingebrigtsdotter ser ut til å vera flytt frå Hafslo før ho kom i konfirmasjonsalder, men lagnaden hennar er likeins ukjend.

 3. Martha Ingebrigtsdotter (1753-1826), vart gift med husmann Knut Larsson på Klopphaug under Tang (1758-1829).

 4. Ole Ingebrigtson, døypt i Hafslo 7.6.1761,

Ole Ingebrigtsen flytte i ung alder til Bergen der han 19.9.1784 gifte seg i Krosskyrkja med ei Karen Monsdotter av ukjent opphav.  Ho var f. kring 1742.  Ole var matros, og han og Karen budde fleire stader på Nordnes i Bergen, og Ole vart visstnok gravlagd i Bergen 10.5.1809.  Dødsfallet hennar Karen Monsdotter er ukjent.  Dei fekk ein son i lag:

a. Ingebrigt Olsen, f. i Bergen 4.4.1786, d. i Bergen 18.4.1786.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kva meiner du, Terje, kan dette vera «vår» Britha?  Kanskje dukkar borni Erik og Sara opp i Sogndal?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Her kommer flere opplysninger.

 

Kari Pedersdatter Skjellestad var datter av Peder Torbjørnsen Skjellestad og den ukjente kona hans (som det var skifte etter 1689, bare kalt sl. Peder Skjellestads enke, dattera Kari da gift med Gjest Åberge). Peder var antagelig en sønn av Torbjørn Jensen Fardal og kona Kari. I 1686 ble avdøde Peder Skjellestads barn og arvinger stevnet angående 1 hud i Vangsnes som Peder hadde arvet. I følge skattematrikkelen 1647 eide Karen Fardal gods i Vangsnes.

 

Brita Nilsdatter gift med Rasmus Johannesen Kvam: Brita var datter av Nils Kolbeinsen Kjørnes (1654- ) og Gjertrud Iversdatter Selseng (1652-1733).

- I skiftet etter Elling Årøy 1745 står det at han var formynder for Mildrid Rasmusdatter Kvams arv etter faren 1720 og etter morfaren Nils Kjørnes.

- Tingbok 6.6.1708: Nils Kjørnes møtte på sin værfar Iver Selsengs vegne og sa han ikke selv kunne møte ... (Iver var da omkring 95 år)

- Vet ikke om Nils Kjørnes var gift flere ganger, eller om Gjertrud var mor til Brita. Gjertrud Kjørnes er fadder fra 1693. Hverken Kolbein Nilsen Kjørnes eller søstera Brita Kvam hadde døtre som het Gjertrud, men det hadde søstera Marta gift med Lars Tang i Hafslo. Ei anna søster var kanskje Guri Nilsdatter gift 1710 med Elling Johannesen Årøy, de hadde ei datter Gjertrud.

 

Mildrid Rasmusdatter Kvam døpt 1705. Nevnt som blind i skiftet etter mora 1716. Levde 1745 da det var skifte etter vergen Elling Årøy, også da sagt at hun var blind og ikke kunne arbeide for å fortjene sin føde. Mildrid Rasmusdatter Kvam var altergjest i 1750, men finner henne ikke død i databasen over begravede i Sogn 1669-1920.

 

Gjest Olsen Åberge tror jeg var sønn av Ole Jacobsen Åberge og kona Osele Gjestsdatter fra Foss.

- Gjest hadde ei datter med et sjeldne navnet Os(e)le/Oselda.

- Osele Gjestsdatter (uten bosted) f. ca.1628 og Gjest Olsen Åberge ble begravet samme dag i 1704.

- I skiftet etter Mikkel Åberge i Sogndal 1673 sies det at enka Karen Jacobsdatter var søster til Ole Jacobsen Åberge. Karen ble attgift med Johannes Ingebriktsen Skagen fra Luster.

- Brukerne på Åberge ble i 1681 stevnet for uenighet og skjellsord dem imellom. Her blir det sagt at Ole Åberge og Karen Åberge var søsken, Ole Åberge var gift med Osele Gjestsdatter, og Osele var søster til Elling Stedje (som også var bror til Botolv Åberge).

 

Brita Olsdatter. Det står ikke noe i skiftet på Hillestad 1786 hvem hun hadde vært gift med, eller hvor hun bodde. Hennes verge var Rasmus Andersen Vatlestad i Sogndal som møtte på skiftet. Dette er Rasmus Andersen Skjellestad gift 1780 med Anna Olsdatter Vaslien og bosatt Vatlestad 1781-1783 da barna ble født. Anna var datter av Ole Ingebriktsen og Brita Olsdatter Vassli. Ser jeg i databasen over begravede i Sogn og velger Brita Olsdatter i Sogndal etter 1786 finner jeg bare ei som passer, hun dør på Vassli 1793, 75 år. Tror derfor at Rasmus Vatlestad var svigersønnen til Brita og det var derfor han møtte for henne på skiftet, selv om det ikke er nevnt slektskap.

 

Ole Ingebriktsen Vassli f. ca. 1718 bgr. 22.7.1764. Gift omkring 1745 med Brita Olsdatter, antagelig fra Årvold f. ca. 1718 bgr. som enke fra Vassli 20.1.1793. Barn: Arnfinn 1745, Ole 1748, Anna 1751. Fadder til Ole 1748 var Anna Olsdatter Rutle, halvsøster til Brita. Fadder til Anna 1751 var Gjertrud Årvold, stemor til Brita.

 

Og til slutt: Ei Mildred Ølnes er fadder 1690 til Ole Ølnes si datter Søneve. Det var trolig kona til Johannes Ølnes, seinere på Li nedre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjerteleg takk til Terje for eit nytt spennande og utfordrande innlegg!  Eg kan sjå at du har studert denne huslyden til siste detalj, og eg er imponert over kva du har greidd å finna.

 

* Eg er overtydd om at Britha Olsdotter i Vassli må ha vore den søsteri av Johannes Olson Hillestad som var nemnd i skiftet frå 1786.

 

* Og eg ser klart at Ølnes var bustaden som Johannes Rasmusson hadde i Sogndal!

 

* Første kona til Johannes Rasmusson, busett på Ølnes, må etter dette ha heitt Mildrid Eriksdotter - kan det vera nokon tvil om det?

 

Kanskje har eg trekt nokre vel kjappe slutningar, men eg kjenner meg ganske so trygg på at dette oppdaterte manuskriptet for huslyden til Johannes Rasmusson skal vera ganske so bra?

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Rasmusson Lie, av usikkert opphav, men kan henda identisk med ein som i 1666 var skaffar og budde på Fet, var f. kring 1641 og gifte seg første gongen, truleg i Sogndal, kring 1668 med Mildrid Eriksdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? - bror Ole Erikson Ølnes d. 1669 - søster Ragnhild Eriksdotter d. 1669 - gift med Aamund Aarøen - var far deira gardbrukar Erik Ellingson på Ølnes, f. kring 1602 på Stenehjem, gardbrukar Ølnes frå 1646?)

 

Johannes Rasmusson flytte kring 1667 til Sogndal, og han og Mildred var gardbrukarar på Ølnes der Mildred truleg d. kring 1697.

Johannes flytte kring kring 1698 attende til Hafslo, og han d. truleg som kårmann i Li kring 1725.  Her gifte han seg kring 1699 att med Brynhild Hermundsdotter, enkja etter den føregåande brukaren i Li og tok på same tidi over styringi av garden.  Johannes og Brynhild dreiv heile garden fram til 1712 og sidan eine helfti fram til kring 1720, men 18.5.1717 vart det skrive bygslebrev frå futen på denne helfti av garden til Ingebrigt Andersson frå Høgi (1703-    ), ein son av Martha, som då var gardkone på resten av garden i Li (sjå nedanfor), men Ingebrigt kom aldri til å ta over garden (sjå under Høgi).  Johannes og Brynhild fekk ikkje born i lag, men Johannes hadde fire born frå første ekteskapet sitt:

 1. Ole Johannesson, f. i Sogndal kring 1671,

Ole Johannesson flytte nok heller ikkje til Hafslo, men gifte seg i Sogndal 5.12.1700 med enkja Kari Pedersdotter, opphavleg frå Skjeldestad.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Torbjørnson på Skjeldestad, truleg frå Fardal, og kona

 

##### (kven var ho?)

 

og f. i Sogndal kring 1652.  Ho gifte seg første gongen i Sogndal kring 1681 med Gjest Ellendson frå Stedje (1655-1698), ein son av gardbrukardotteri Kari Lassesdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1635-1706).  Kari og Gjest var gardbrukarar på Stedje, og bruket deira var det Ole tok over då han i 1700 gifte seg dit, og han dreiv bruket til kring 1728.  Kari Pedersdotter vart gravlagd frå Stedje 7.11.1732, medan Ole Johannesson truleg d. på Stedje kring 1745. 

 

#####  (kan det høva at han døydde på den tidi?)

 

Ole og Kari fekk ikkje born i lag, men Martha hadde minst fem born frå første ekteskapet sitt, mellom anna desse to:

a. Ellend Gjestson (1683-1716), vart gardbrukar i Li nedre i Hafslo.

b. Britha Gjestsdotter (1685-1754), vart gift med gardbrukar Erik Johannesson på Tørvi i Hafslo (1682-1758), ein bror av stefar hennar.

 2. Rasmus Johannesson, f. i Sogndal kring 1673,

Rasmus Johannesson flytte nok aldri til Hafslo, men kjøpte i 1697 eit bruk i Kvam, truleg heimebruket hans.  Han gifte seg visstnok i Sogndal kring 1699 med Britha Nilsdotter frå Kjørnes.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Colbenson på Kjørnes, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Gjertrud Iversdotter frå Selseng og f. i Sogndal kring 1675.  Rasmus og Britha vart buande som gardbrukarar i Kvam i Sogndal der Britha d. kring 1716.  Rasmus d. same staden kring 1720.  Me kjenner til fire born etter Rasmus og Britha; om dei hadde fleire, so vaks dei i so fall ikkje opp:

a. Johannes Rasmusson, døypt i Sogndal 30.11.1701, vart gravlagd frå Kvam 3.2.1765.  Johannes gifte seg i Sogndal 25.5.1733 med Kirsti Andersdotter frå Dalaker, Kaupanger i Sogndal.  Ho var f. i Sogndal kring 1712 og vart gravlagd frå Kvam 3.8.1777.  Johannes og Kirsti tok over som gardbrukarar på heimebruket hans i Kvam i Sogndal og fekk visstnok fem born i lag.

b. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 7.3.1704, vart gravlagd frå Kvam 21.9.1704.

c. Mildrid Rasmusdotter, døypt i Sogndal 31.8.1705, levde visstnok ugift i Kvam i Sogndal, men dødsdatoen hennar er ukjend.

d. Elling Rasmusson (1709-1783), flytte attende til Hafslo, men hamna til sist som gardbrukar på Stokkanes i Luster (s.d.).

 3. Anna Johannesdotter, f. i Sogndal kring 1675,

Anna Johannesdotter gifte seg første gongen i Sogndal kring 1693 med Gjest Olson frå Åberge i Sogndal.  Han var son av gardbrukar Ole Jacobson på Åberge, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? - frå Åberge??)

 

og kona Oselda Gjestsdotter frå Foss og f. i Sogndal kring 1669.  Anna og Gjest slo seg ned som gardbrukarar på Åberge i Sogndal, og derifrå vart Gjest gravlagd 11.4.1704.  Anna gifte seg so 22.3.1705 att i Sogndal med Ole Nilsson frå Gunvordalen.  Han var son av gardbrukar Nils Jacobson i Gunvordalen, opphavleg frå Kvam i Sogndalsdalen, og kona Britha Iversdotter frå Selseng og f. i Sogndal kring 1685.  Ole tok over som gardbrukar på Åberge der Anna d. kring 1719.

 

##### (Ole attgift - flytte til Årvoll)

 

Anna fekk i alt åtte born, fem frå første ekteskapet og tre frå det andre:

a. Martha Gjestsdotter, døypt i Sogndal 6.8.1694, vart gravlagd frå Åberge 2.7.1729.  Han gifte seg

 

     ##### (vigselsåret?)

 

     med Peter Ellingson frå Selseng, døypt i Sogndal 3.2.1691.  Han d. på Åberge kring 1742.  Peder og Martha var gardbrukarar på Åberge i Sogndal, og Peter var òg lensmann i bygdi.  Dei fekk fire born i lag.

 

     ##### (Peter vart attgift og fekk fire born ogso i andre ekteskapet sitt)

 

b. Ole Gjestson, f. i Sogndal kring 1697, vart visstnok gravlagd i Sogndal 11.4.1704.

c. Mildrid Gjestsdotter, døypt i Sogndal 15.10.1699, vart gravlagd i Sogndal 25.3.1701.

d. Mildrid Gjestsdotter, døypt i Sogndal 9.4.1702,

 

     ##### (lagnad? - d. før 1719!)

 

e. Oselda Gjestsdotter, døypt i Sogndal 9.11.1704, vart gravlagd i Sogndal 14.12.1704.

f. Gunnhild Olsdotter, døypt i Sogndal 20.12.1705, vart gravlagd frå Stedje 30.5.1788.  Ho gifte seg i Sogndal 7.3.1728 med Peder Gjestson frå Stedje, f. i Sogndal kring 1688.  Han vart gravlagd frå Stedje 27.4.1772.  Gunnhild og Peder var gardbrukarar på Stedje i Sogndal og fekk visstnok åtte born i lag.

 

     ##### (sjekka at dette stemmer?)

 

g. Gjest Olson, døypt i Sogndal 6.12.1708, vart gravlagd frå Gurvin i Sogndal 21.1.1793.  Han gifte seg i Sogndal 23.10.1735 med Synneva Knutsdotter frå Gurvin, f. i Sogndal kring 1715.  Ho vart gravlagd frå Gurvin 1.2.1796.  Gjest og Synneva var gardbrukarar på Gurvin i Sogndal og fekk elleve born i lag,

 

     ##### (sjekka at dette stemmer?)

 

     mellom anna desse to:

- Johannes Gjestson (1746-1811), vart gardbrukar på Hillestad i Hafslo (s.d.).

- Gjertrud Gjestsdotter (1756-1813), vart gift med gardbrukar og enkjemann Johannes Nilsson på Hillestad i Hafslo (1751-1803).

h. Johannes Olson (1711-1785), vart gardbrukar på Hillestad i Hafslo (s.d.).

i. Britha Olsdotter, f. i Sogndal kring 1717, vart gravlagd frå Vassli i Sogndal 20.1.1793.  Ho gifte seg i Sogndal kring 1745 med Ole Ingebrigtson frå

 

     ##### (opphavet hans? - frå Vassli?)

 

     f. i Sogndal kring 1719.  Han vart gravlagd frå Vassli 22.7.1764.  Ole og Britha var gardbrukarar på Vassli i Sogndal og fekk tre born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

 4. Erik Johannesson (1682-1758), vart gardbrukar på Tørvi.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.