Jump to content
Arkivverket

Ingebrigt Olai Steen (1845-1899) - modellsnikkar i Bergen med kone frå Hafslo og seks born - kvar vart det av sønene Oluf Johan og Bernt August?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Hei, veldig artig artikkel siden August Steen er min oldefar, Haakon Steen min farfar. Mye her jeg har funnet ut selv, men også mye nytt. Virkelig godt jobbet.

 

Men er nysgjerrig på hvordan interessen ble vekket for akkurat denne familien. Mvh Frode Steen.

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Frode for eit interessant og spennande innlegg!

 

Eg har i mange år arbeidd med å skriva Gards- og Ættesoge for Luster kommune i Sogn, og huslyden Steen kjem inn i arbeidet mitt som ein «naturleg del» av folket.  Dels budde dei i Hafslo i fleire år, og dels var Jensine av Hafslo-ætt.  Du har mange forfedre herifrå!

 

Spesielt interessant er det at du ættar ned frå August Steen, og då er eg sjølvsagt svært nysgjerrig på om du har svar på nokre av dei «gåtene» eg framleis slit med å finna ei løysing på når det gjeld andre ekteskapet hans i England og opplysningar om andre kona Grace?

 

Siste versjon av manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Olai Olson Steen, opphavleg frå Bergen, var son av dagarbeidar Ole Ingebrigt Ingebrigtsen i Bergen, opphavleg frå Stenegard i Fana, og kona Oline Bertine Berentsen frå Bergen og f. i Bergen 14.7.1845.  Han gifte seg i Bergen 15.9.1867 med Caroline Jensine, kjend som Jensine Jensdotter, opphavleg òg frå Bergen, men sjå Moen under Hillestad.  Ho var f. i Bergen 28.8.1835,

Ingebrigt var snikkarsvein, og han og Jensine budde først i Bergen og sidan i Solheimsviken ved Bergen fram til 1874.

Men i 1874 flytte Ingebrigt og Jensine til Hafslo, og dei busette seg same året i Dalane som innerstfolk.  Ingebrigt var snikkar, men parfolket vart ikkje buande i Dalane lenger enn til kring 1877.

Kring 1877 flytte Ingebrigt og Jensine Steen attende til Bergen der dei då busette seg på Nygård, sidan i Nygårdsgaten.  Ingebrigt heldt fram som modellsnikkar og d. i Bergen 31.12.1899.  Jensine Steen d. same staden 22.2.1909.  Dei fekk seks born i lag:

a. Olaf Johan Ingebrigtson Steen, f. i Bergen 10.10.1867, f. som formar i Christiania 27.10.1913.  Han gifte seg borgarles i Christiania 12.12.1891 med Inga Lovise Olsdotter Pedersen, f. på Kjærstad i Vestby 4.2.1868.  Ho d. på eit sjukehus i Christiania 3.11.1923.  Olaf var formar og støyperiarbeidar, medan Inga livnærte seg som hushaldar.  Dei budde i Christiania, men flytte frå kvarandre

 

     ##### (kva år? - før 1905! - finn dei ikkje i 1900!)

 

b. Jens Bernhard Ingebrigtson Steen, f. i Bergen 16.3.1870, d. i Bergen 1.7.1873.

c. Oline Bertine, kjend som Line Ingebrigtsdotter Steen, f. i Bergen 20.4.1872, d. som enkje i Bergen 18.11.1923.  Line gifte seg i Bergen 15.3.1893 med Martin Eriksen frå Fredrikshald (Halden), f. i Fredrikshald 11.5.1868.  Han d. i Bergen 4.12.1895.  Martin var dampskipsmaskinist, medan Line livnærte seg som strykerske.  Dei budde i Bergen og fekk ei dotter i lag.

d. Jensine Bernhardine, kjend som Sine Ingebrigtsdotter Steen, f. i Bergen 7.9.1874, d. i Bergen 22.3.1964.  Sine gifte seg i Bergen 11.2.1906 med Helmer Konrad Jentoft Nilsson frå Gardløs i Kvæfjord, i Bergen kjend som Helmer Konrad Jentoft Nilsen.  Han var f. i Kvæfjord 24.3.1878, men flytte til Bergen i 1898 og d. der 22.7.1962.  Helmer var tilskjærar og sidan skomakar i Bergen der han og Sine vart buande levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

e. Bernt August, kjend som August Ingebrigtson Steen, tvilling, f. i Bergen 28.1.1878, d. ved eit ulukkeshende i Hull, Yorkshire, England 14.1.1938.  August gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 7.2.1903 med Mina Nikoline Madsdotter Olsen frå Solheimsviken, f. i Årstad 4.10.1877.  Ho budde i Bergen levetidi ut og d. der 2.7.1957, men vart skild frå August etter eit kortvarig ekteskap kring 1912.  August gifte seg att i South Shields, Durham Co., England

 

     ##### (nøyaktig vigselsdato? - 4. kvartal!)

 

     1917 med Grace Baty, f. i Whickham, Durham Co., England 19.1.1885.  Ho d. i South Shields, Durham Co., England

 

     ##### (nøyaktig dødsdato? - 4. kvartal!)

 

     1961.  August var modellsnikkar og budde i Bergen med første kona Mina, men flytte kring 1915 til South Shields, England der han sidan budde med andre kona Grace levetidi ut.  August fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet med Mina.

f. Anne Katrine Ingebrigtsdotter Steen, likeins tvilling og f. i Bergen 28.1.1878, d. på gamleheimen på Øvsttun i Fana 1.4.1968.  Anne gifte seg i Bergen 14.10.1906 med Peder Andreas Iverson frå Straume i Bø i Vesterålen, i Bergen kjend som Peder Andreas Strømme.  Han var f. i Bø 19.9.1882 og d. på Grimen i Fana 10.7.1967.  Peder Strømme var stuert, og han og Anne budde først nokre år i Bergen, men flytte kring 1911 til Grimen i Fana.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for kvar einaste vesle detalj du kan bidra med!

Link to comment
Share on other sites

13 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei budde i Christiania, men flytte frå kvarandre

     ##### (kva år? - før 1905! - finn dei ikkje i 1900!)

 

I adresseboka for Kristiania 1899 står former Olaf Steen oppført med adresse Åkebergveien 34:

https://media.digitalarkivet.no/view/49233/602

 

I adresseboka for Kristiania 1900 står former Oluf Steen oppført med adresse Håkons gate 22:

https://media.digitalarkivet.no/view/49234/709

 

Men jeg kan ikke se at han en innført på noen av disse adressene i den kommunale folketellingen 31.12.1899 for Kristiania. 

https://media.digitalarkivet.no/view/70811/16728

https://media.digitalarkivet.no/view/70811/5657

 

Jeg finner ingen former Olaf/Oluf Steen i adresseboka for Kristiania 1902 (1901 er ikke skannet). Bare en kadett Olaf Steen:

https://media.digitalarkivet.no/view/49236/742

 

Men jeg ser han dukker opp i folketellingen 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392247781

 

Dumt at adressebøkene for årene 1907-1910 ikke er skannet. 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.