Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christopher Thomasson Berge (1807-1894) - husmann i Utladalen mellom Luster og Årdal - hadde tre søner som utvandra til Amerika - men er det mogeleg å finna fleire opplysningar om desse og barneborni til Christopher? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I aftes tok eg opp i eige tema spørsmål om lagnaden til Johannes Christopherson, den «potensielle» borgarkrigssoldaten frå Luster.  I kveld vil eg gjerne få ta med heile denne huslyden, som sidan tidleg på 1980-talet har vore ei hard nøtt å «knekka».

 

Huslyden flytte kring 1864 frå Dane Co., WI til Dakota Co., NE, og det har vore umogeleg so langt å finna kyrkjebøker som nemner barnedåpane og gravferdene frå dette området av Nebraska.  Eg sendte eit spørsmål om dette til ELCA og fekk følgjande svar:

 

«There was a short-lived attempt at a Norwegian Lutheran Church in Home from 1878-1879, but nothing else. The only one earlier than that in Dakota Co. was Emmanuel, an English Lutheran congregation organized in 1860 in Dakota City and dissolved in 1956. I don't know of any records, but they may be with the Nebraska Synod. An 1872 English Lutheran congregation called Salem was organized three miles west of Dakota City in 1872 and is still active. They would have their records. Perhaps they ended up with Emmanuel's as well. The next earliest was in Homer with St. Paul's, an 1886 English Lutheran congregation.»

 

Dette settlementet ligg ikkje langt frå Missouri-elvi og IOWA, og eg ser ikkje bort ifrå at dei kan ha døypt borni sine i ei kyrkje der, med mindre dei hadde ein reisande prest i nabolaget...

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Thomasson Berge, frå Berge i Fortun (bnr. 3), vart døypt 3.5.1807 og gifte seg 2.12.1832 med Rannei Samuelsdotter frå Yttrishaugen under Yttri, døypt 18.1.1807.  Ho d. som husmannskone i Utladalen 17.3.1848.  Christopher og Rannei tok kring 1837 over som plassfolk i Utladalen, og Christopher dreiv plassen fram til 1861, den siste tidi i lag med sonen Thomas (sjå under).  Då vart plassen nedlagd.

Christopher Berge utvandra til Amerika i 1861 og budde truleg eit år eller so i Dane Co., Wis.

Men alt i 1864 er Christopher attkomen til Luster, og han budde vel helst i Kristafførholen under Berge der han d. som innerst 7.1.1894.  Christopher og Rannei fekk tre søner i lag:

 1. Thomas Christopherson Berge (1832‑1878), var ei tid husmann her i Utladalen i lag med far sin (sjå under).

 2. Peder Christopherson Berge, f. 18.11.1835,

Peter Christopherson utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 20.8.1858 med Christina Thomasdotter frå Optun, i Amerika kjend som Christine Opthun.  Ho var f. i 22.4.1835 og utvandra til Amerika i 1857.  Peter og Christine budde nokre år i Springdale township, Dane Co., Wis., men kring 1864 flytte dei til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Christine d. 30.6.1882.  Peter Christopherson d. i Cuming, Neb. 27.10.1905.  Dei fekk i alt elleve born, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller data.

 

##### (info on infant child?)

 

Dei andre ti borni (somme av dei nytta Christopher som ættenamn) var:

a. Rachel Olena Christopherson (1859-1917), vart gift med gardbrukarsonen Elias Nilsson frå Bringe i Luster (1852‑1924) (s.d.).

b. Susanna, kjend som Susie Christopher, f. i Dane Co., Wis. 20.8.1860, d. i Cherokee, la. 22.7.1934.  Ho var hushaldar («housekeeper») og budde lenge i Sioux City, Woodbury Co., Ia., men vart sjuk og flytte i 1908 inn på sjukeheimen i Cherokee, la.  Ho var ugift.

c. Anna Christine Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1861, d.

 

     ##### (date and place of her death? - prior to 1865!)

 

d. Thomas Christopher, f. i Dane Co., Wis. 3.8.1863, d. i Homer, Neb. 21.12.1931.  Han gifte seg i Woodbury Co., Ia. 13.7.1898 med Abigail Alice, kjend som Abbie Davis, f. i Dakota Co., Neb. 7.7.1870.  Ho d. i Sioux City, la. 26.8.1953.  Thomas dreiv seltyforretning («harness store owner and operator») og var frå 1915 busett i Homer, Dakota Co., Neb.  Han og Abbie fekk fem born i lag.

e. Anna Christine, kjend som Annie Christopher, f. i Dakota Co.. Neb.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1865, d. i Jamestown, N.D. 18.1.1947.  Christine gifte seg i Bancroft, Neb. 21.12.1902 med Charles Atkinson, f. i Apple River, Cumberland district, N.S. 3.5.1858.  Han d. i Pembina, N.D. 1.11.1929.  Charles og Christine farma nær Pembina, Pembina Co., N.D., men budde i sjølve Pembina, N.D. der Charles òg tenestegjorde som politimann («city marshall»).  Dei var barnlause.

f. Christian Aaron Christopher, f. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     1869, d. i Emerson, Neb. 11.2.1914.  Han gifte seg i Sioux City, Ia. 13.12.1904 med Goldeen Irene, kjend som Goldie Patterson, f. i Harrison Co., la. 21.3.1884.  Ho d. i Sheridan, Wyo. 13.4.1951.  Christian var møllearbeidar («grain elevator laborer»), og han og Goldie budde ei tid i Emerson, Thurston Co., Neb., men flytte sidan til Homer, Dakota Co., Neb. der Christian var politimann («town marshall»).  Goldie gifte seg att i Ft. Morgan, Colo. 29.1.1929 med enkjemannen Arther Ellis Myers, f. i Cuming Co., Neb. 5.2.1881.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? - after 1940!)

 

     Arther Myers var farmarbeidar og sidan dyrlækjar («farm laborer and later a veterinarian»).  Han og Goldie budde i Akron, Washington Co., Colo., men Goldie flytte sist på 1930-talet til Sheridan, Sheridan Co., Wyo.  Ho fekk to døtrer, båe frå første ekteskapet med Christian Christopher, medan Arther Myers òg hadde to born frå første ekteskapet sitt.

g. Sophia May

 

     ##### (should middle name be Bessie?)

 

     Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 20.1.1871, d. i Lemmon, S.D. 3.3.1918.  Sophie gifte seg i Wayne, Neb. 8.1.1891 med Edgar Alphonso Shippy, f.

 

     ##### (exact date and place of his birth? - Ontario or Lansing, MI?)

 

     .11.1863.  Han d. i Eagle Butte, S.D. 21.11.1946.  Edgar og Sophie farma ei tid i Jefferson township, Fayette Co., la., men flytte kring 1908 til ein farm i Precinct 10, Cedar Co., Neb. og få år etter vidare til ein farm i Lantry township, Dewey Co., S.D. 

 

     ##### (later destiny? - he in 1930 farm laborer in Bison township, Perkins Co., SD)

 

     ##### (number of sons and daughters? - at least nine! - 1910 census says 7 children all alive!)

 

h. Inger Marie, kjend som Mary Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 19.12.1872, d. i Jamestown, N.D. 21.12.1942.  Mary tente ei tid hjå søsteri Sophie i Fayette Co., Ia. og sidan hjå søsteri Christine i Pembina Co., N.D.  Ho var ugift.

i. Nellie

 

     ##### (middle name?)

 

     Christopher, f. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her birth? - 1875?)

 

     d. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her death? - after 1885 - young age!)

 

j. Bertha Christine Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 22.4.1877, d. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her death? - between 1880 and 1885? - young age!)

 

 3. Johannes Christopherson Berge, f. 23.7.1838,

John Christopherson utvandra til Amerika i 1857, truleg òg til Dane Co., Wis.,

 

##### (destiny? - Civil War soldier??)

 

Thomas Christopherson Berge, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 27.10.1832 og gifte seg 3.7.1854 med Martha Tollefsdotter frå Ekrene under Yttri, f. 14.5.1826.  Thomas hadde plassen i Utladalen i lag med far sin i fleire år, men vert helst kalla for innerst.

Thomas og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1859, og etter eit par år i Springdale township, Dane Co., Wis., flytte ogso dei, liksom Peder og kona hans, kring 1864 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Martha d.

 

##### (date of her death? - prior to 1870! - FT1870 syner Thomas og borni hans med ættenamnet GUSTAVUS!)

 

Thomas Christopherson d. same staden 9.11.1878.  Dei fekk fem born i lag:

a. Christopher, kjend som Chris T. Christopherson (1854‑1900), utvandra med foreldri i 1859 og vart der borte gift med husmannsdotteri Martha Olsdotter frå Øyane under Øvrebø i Luster (1865‑1938) (s.d.).

b. Johanna T. Christopherson, f. i Luster 13.8.1856, utvandra likeins med foreldri i 1859, men skal vera d. under overfarten og vart gravlagd i Atlanterhavet.

 

     ##### (stadfesting av dette?)

 

c. Ingrid, kjend som Inger Christopherson, f. i Luster 17.2.1859, utvandra òg med foreldri i 1859 og d. i Cherokee, Ia. 4.10.1933.  Inger gifte seg i Covington, Neb. 12.4.1883 med Myron Jasper Sutton, f. i Boone Co., la. 7.3.1857.  Han d. i Sioux City, la. 11.5.1927.  Myron og Inger farma ei tid i Omadi precinct, Dakota Co., Neb., men flytte kring 1896 til Sioux City, Ia. og kort etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Grange township, Woodbury Co., Ia.  Kring 1913 flytte dei so på ny til Sioux City, Woodbury Co., Ia. der Myron livnærte seg som bilmekanikar («auto mechanic»).  Dei fekk åtte born i lag.

d. Tollak, kjend som Todd Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 13.9.1861, d. i South Sioux City, Neb. 5.8.1934.  Han gifte seg i Dakota Co., Neb. 1.1.1884 med Mary Alice Pilgrim, f. i Dakota Co., Neb. 11.8.1867.  Ho d. i Chicago, Ill. 5.4.1967, knapt 100 år gamal.  Todd var apotekar («drugstore owner and operator»), og han og Mary budde i Crofton, Knox Co., Neb.  Dei fekk ti born i lag.

e. Johanna T. Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 12.5.1863,

 

     ##### (lived 1880 with brother Chris in Omadi township, Dakota Co., Neb. - later destiny?

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg tek med stor takksemd imot alle supplerande detaljar om denne huslyden og vonar nokon kan hjelpa meg på veg...

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Det har i dag synt seg at eg hadde delvis rett med omsyn til kva kyrkje denne huslyden nytta for å døypa borni sine.  I First/Trinity Lutheran church i Sioux City, Woodbury Co., IA fann eg to av dåpane til Peder Christopher(son) og kona Christine, nemlig Mary (Inger Marie) og Bertha (Bertha Christine).  Og dessutan vart Thomas Christopherson gravlagd frå denne kyrkja i 1878, so dei nytta nok ikkje dei engelske kyrkjene i området...

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande dei nye opplysningane og vonar no at kanskje nokon greier løysa nokre av dei andre «flokene».

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

enkjemannen Arther Ellis Myers, f. i Cuming Co., Neb. 5.2.1881.  Han d.

     ##### (date and place of his death? - after 1940!)

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KZK6-89T

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-L1QB-Z1K?cc=1968530&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AKZK6-89T

Name: Arthur Ellis Myers
Event Type: Draft Registration
Event Date: 1917-1918
Event Place: Washington, Colorado, United States
Event Place: United States, Colorado, Washington County
Gender: Male
Birth Date: 5 Feb 1881
Birthplace: , , United States
Citizenship Place: United States
 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKC4-HHVC

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9B1-993G-F?cc=1861144&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQKC4-HHVC

Name: Arthur Ellis Myers
Event Type: Draft Registration
Event Date: 27 Apr 1942
Event Place: Akron, Washington, Colorado, United States
Age: 61
Race: White
Complexion: Ruddy
Employer: None
Birth Date: 05 Feb 1881
Birthplace: Bancroft, Nebraska
Relative's Name: Ralph Butler
Eye Color: Blue
Hair Color: Brown
Height: 5 11
Weight: 180

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Thomas og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1859, og etter eit par år i Springdale township, Dane Co., Wis., flytte ogso dei, liksom Peder og kona hans, kring 1864 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Martha d.

##### (date of her death? - prior to 1870! - FT1870 syner Thomas og borni hans med ættenamnet GUSTAVUS!)

 

Name: Thomas Gustavus
Event Type: Census
Event Date: 1870
Event Place: Omadi Township, Dakota, Nebraska, United States
Event Place: Omadi, Dakota, Nebraska, United States
Gender: Male
Age: 35
Race: White
Birth Year (Estimated): 1835
Birthplace: Norway
Page Number: 24

Household Role Sex Age Birthplace
Thomas Gustavus   M 35 Norway
Gustave Gustavus   M 15 Norway
Ida Gustavus   F 10 Norway
Rowland Gustavus   M 8 Wisconsin
Johanah Gustavus   F 6 Wisconsin

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MHDS-JL5

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6P93-NWD?cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMHDS-JL5

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Jeg er ikke sikker på om dette er rett Johanna, men legger det inn likevel. Fødselsår stemmer ikke med din Johanna, og denne er født i Nebraska.

 

 

Johanna Christopherson

 in the Iowa, Marriage Records, 1880-1940

 

Johanna Christopherson
Gender: Female
Race: American
Age: 24
Birth Year: abt 1866
Birth Place: Dakota Co. Nebr
Marriage Date: 24 Jul 1890
Marriage Place: Woodbury, Iowa, USA
Father: Thomas Christopherson
Mother: Martha Thompson
Spouse: John Erhardt

 

Edited by Randi Elisabeth Haugros

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Randi Elisabeth for kjempeflotte innlegg!  Oppdagingi til Randi Elisabeth av denne vigsli er ikkje noko anna enn ein skikkeleg «blink»!  Ingen tvil om at dette er «vår» Johanna.  Ho var rett nok fødd i Dane Co.,WI. men kom eitt år gamal til Dakota Co., NE og voks opp der!  Namni til foreldri stemmer òg!  Eg er imponert!

 

Arthur Myers, som i ymse kjelder òg er kalla for Arther Myers, levde altso i Akron, NE i 1942, men dødsfallet hans er tydeleg vanskeleg å komma på spor etter!?

 

Eg har spekulert litt på følgjande:  Kan det tenkjast at dei yngste borni til Peder Christopherson, Nellie og Bertha, sjølv om dei døydde i ung alder, òg kan ha vore GIFTE?  Kanskje Randi Elisabeth (eller andre) kan gjera liknande «blinkskòt» for desse jentene?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Thomasson Berge, frå Berge i Fortun (bnr. 3), vart døypt 3.5.1807 og gifte seg 2.12.1832 med Rannei Samuelsdotter frå Yttrishaugen under Yttri, døypt 18.1.1807.  Ho d. som husmannskone i Utladalen 17.3.1848.  Christopher og Rannei tok kring 1837 over som plassfolk i Utladalen, og Christopher dreiv plassen fram til 1861, den siste tidi i lag med sonen Thomas (sjå under).  Då vart plassen nedlagd.

Christopher Berge utvandra til Amerika i 1861 og budde truleg eit år eller so i Dane Co., Wis.

Men alt i 1864 er Christopher attkomen til Luster, og han budde vel helst i Kristafførholen under Berge der han d. som innerst 7.1.1894.  Christopher og Rannei fekk tre søner i lag:

 1. Thomas Christopherson Berge (1832‑1878), var ei tid husmann her i Utladalen i lag med far sin (sjå under).

 2. Peder Christopherson Berge, f. 18.11.1835,

Peter Christopherson utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Dane Co., Wis. 20.8.1858 med Christina Thomasdotter frå Optun, i Amerika kjend som Christine Opthun.  Ho var f. i 22.4.1835 og utvandra til Amerika i 1857.  Peter og Christine budde nokre år i Springdale township, Dane Co., Wis., men kring 1864 flytte dei til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Christine d. 30.6.1882.  Peter Christopherson d. i Cuming, Neb. 27.10.1905.  Dei fekk i alt elleve born, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller data.

 

##### (info on infant child?)

 

Dei andre ti borni (somme av dei nytta Christopher som ættenamn) var:

a. Rachel Olena Christopherson (1859-1917), vart gift med gardbrukarsonen Elias Nilsson frå Bringe i Luster (1852‑1924) (s.d.).

b. Susanna, kjend som Susie Christopher, f. i Dane Co., Wis. 20.8.1860, d. i Cherokee, la. 22.7.1934.  Ho var hushaldar («housekeeper») og budde lenge i Sioux City, Woodbury Co., Ia., men vart sjuk og flytte i 1908 inn på sjukeheimen i Cherokee, la.  Ho var ugift.

c. Anna Christine Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1861, d.

 

     ##### (date and place of her death? - prior to 1865!)

 

d. Thomas Christopher, f. i Dane Co., Wis. 3.8.1863, d. i Homer, Neb. 21.12.1931.  Han gifte seg i Woodbury Co., Ia. 13.7.1898 med Abigail Alice, kjend som Abbie Davis, f. i Dakota Co., Neb. 7.7.1870.  Ho d. i Sioux City, la. 26.8.1953.  Thomas dreiv seltyforretning («harness store owner and operator») og var frå 1915 busett i Homer, Dakota Co., Neb.  Han og Abbie fekk fem born i lag.

e. Anna Christine, kjend som Annie Christopher, f. i Dakota Co.. Neb.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1865, d. i Jamestown, N.D. 18.1.1947.  Christine gifte seg i Bancroft, Neb. 21.12.1902 med Charles Atkinson, f. i Apple River, Cumberland district, N.S. 3.5.1858.  Han d. i Pembina, N.D. 1.11.1929.  Charles og Christine farma nær Pembina, Pembina Co., N.D., men budde i sjølve Pembina, N.D. der Charles òg tenestegjorde som politimann («city marshall»).  Dei var barnlause.

f. Christian Aaron Christopher, f. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     1869, d. i Emerson, Neb. 11.2.1914.  Han gifte seg i Sioux City, Ia. 13.12.1904 med Goldeen Irene, kjend som Goldie Patterson, f. i Harrison Co., la. 21.3.1884.  Ho d. i Sheridan, Wyo. 13.4.1951.  Christian var møllearbeidar («grain elevator laborer»), og han og Goldie budde ei tid i Emerson, Thurston Co., Neb., men flytte sidan til Homer, Dakota Co., Neb. der Christian var politimann («town marshall»).  Goldie gifte seg att i Ft. Morgan, Colo. 29.1.1929 med enkjemannen Arther Ellis Myers, f. i Cuming Co., Neb. 5.2.1881.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? - after 1942!)

 

     Arther Myers var farmarbeidar og sidan dyrlækjar («farm laborer and later a veterinarian»).  Han og Goldie budde i Akron, Washington Co., Colo., men Goldie flytte sist på 1930-talet til Sheridan, Sheridan Co., Wyo.  Ho fekk to døtrer, båe frå første ekteskapet med Christian Christopher, medan Arther Myers òg hadde to born frå første ekteskapet sitt.

g. Sophia May

 

     ##### (should middle name be Bessie?)

 

     Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 20.1.1871, d. i Lemmon, S.D. 3.3.1918.  Sophie gifte seg i Wayne, Neb. 8.1.1891 med Edgar Alphonso Shippy, f.

 

     ##### (exact date and place of his birth? - Ontario or Lansing, MI?)

 

     .11.1863.  Han d. i Eagle Butte, S.D. 21.11.1946.  Edgar og Sophie farma ei tid i Jefferson township, Fayette Co., la., men flytte kring 1908 til ein farm i Precinct 10, Cedar Co., Neb. og få år etter vidare til ein farm i Lantry township, Dewey Co., S.D. 

 

     ##### (later destiny? - he in 1930 farm laborer in Bison township, Perkins Co., SD)

 

     ##### (number of sons and daughters? - at least nine! - 1910 census says 7 children all alive!)

 

h. Inger Marie, kjend som Mary Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 19.12.1872, d. i Jamestown, N.D. 21.12.1942.  Mary tente ei tid hjå søsteri Sophie i Fayette Co., Ia. og sidan hjå søsteri Christine i Pembina Co., N.D.  Ho var ugift.

i. Nellie

 

     ##### (middle name?)

 

     Christopher, f. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her birth? - 1875?)

 

     d. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her death? - after 1885 - young age!)

 

j. Bertha Christine Christopher, f. i Dakota Co., Neb. 22.4.1877, d. i Dakota Co., Neb.

 

     ##### (date of her death? - between 1880 and 1885? - young age!)

 

 3. Johannes Christopherson Berge, f. 23.7.1838,

John Christopherson utvandra til Amerika i 1857, truleg òg til Dane Co., Wis.,

 

##### (destiny? - Civil War soldier?? - may have died prior to 1893 without children!?)

 

Thomas Christopherson Berge, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 27.10.1832 og gifte seg 3.7.1854 med Martha Tollefsdotter frå Ekrene under Yttri, f. 14.5.1826.  Thomas hadde plassen i Utladalen i lag med far sin i fleire år, men vert helst kalla for innerst.

Thomas og Martha Christopherson utvandra til Amerika i 1859, og etter eit par år i Springdale township, Dane Co., Wis., flytte ogso dei, liksom Peder og kona hans, kring 1864 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Neb. der Martha d.

 

##### (date of her death? - prior to 1870!)

 

Thomas Christopherson d. ved eit ulukkeshende same staden 9.11.1878.  Dei fekk fem born i lag:

a. Christopher, kjend som Chris T. Christopherson (1854‑1900), utvandra med foreldri i 1859 og vart der borte gift med husmannsdotteri Martha Olsdotter frå Øyane under Øvrebø i Luster (1865‑1938) (s.d.).

b. Johanna T. Christopherson, f. i Luster 13.8.1856, utvandra likeins med foreldri i 1859, men skal vera d. under overfarten og vart gravlagd i Atlanterhavet.

 

     ##### (stadfesting av dette?)

 

c. Ingrid, kjend som Inger Christopherson, f. i Luster 17.2.1859, utvandra òg med foreldri i 1859 og d. i Cherokee, Ia. 4.10.1933.  Inger gifte seg i Covington, Neb. 12.4.1883 med Myron Jasper Sutton, f. i Boone Co., la. 7.3.1857.  Han d. i Sioux City, la. 11.5.1927.  Myron og Inger farma ei tid i Omadi precinct, Dakota Co., Neb., men flytte kring 1896 til Sioux City, Ia. og kort etter hundreårsskiftet vidare til ein farm i Grange township, Woodbury Co., Ia.  Kring 1913 flytte dei so på ny til Sioux City, Woodbury Co., Ia. der Myron livnærte seg som bilmekanikar («auto mechanic»).  Dei fekk åtte born i lag.

d. Tollak, kjend som Todd Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 13.9.1861, d. i South Sioux City, Neb. 5.8.1934.  Han gifte seg i Dakota Co., Neb. 1.1.1884 med Mary Alice Pilgrim, f. i Dakota Co., Neb. 11.8.1867.  Ho d. i Chicago, Ill. 5.4.1967, knapt 100 år gamal.  Todd var apotekar («drugstore owner and operator»), og han og Mary budde i Crofton, Knox Co., Neb.  Dei fekk ti born i lag.

e. Johanna T. Christopherson, f. i Dane Co., Wis. 12.5.1863, d. i Sioux City, Ia. 21.7.1903.  Ho gifte seg i Sioux City, Ia. 24.7.1890 med John Erhardt, f. i Clayton Co., Ia. 9.1.1868.  Han d. i Sioux City, Ia. 4.2.1907.  Som enkjemann gifte han seg 27.6.1906 att i Kingsley, Plymouth Co., Ia. med Mary Brewster

 

     ##### (born Great Edstone, Yorkshire, England 1871 - par: Robert Brewster and Isabel Ann Marell - em. 1888 - she remarried in Sioux City, IA Dec. 2, 1911 to John M. Ross - born SD 1864 - son of Duncan Ross and Jane Menges - commercial traveller - res. Sioux City, IA 1920-1940 - he died 1947 - she died 1958)

 

     John var skulevaktmeistar («schoolhouse janitor») og budde i Sioux City, Woodbury Co., Ia.  Han fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Johanna.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera dette manuskriptet!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.