Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Christopherson Høyum (1819-1900) - til Amerika i 1862 med kone Maria Monsdotter (1819-1894) og åtte born - tre av desse forsvinn for meg i Amerika - kvar kan det ha vorte av dei? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg har slite med i mange år, men som eg aldri har greidd å komma skikkeleg «til bonns» i.  Ei òrsak kan vera dei mange måtane som dette ættenamnet vart skrive på i Amerika...

 

Hans Christopherson Høyum, i Amwrika kjend som Hans C. Hoium, fødd i Luster 30.4.1819, gifte seg i Luster 17.1.1843 med Maria Monsdotter Heltne, fødd i Luster 23.1.1819.  Etter mange år som gardbrukarar på Skildeim i Luster utvandra dei i 1862 og busette seg som farmarar i Pine Island township, Goodhue Co., MN.  Mary døydde i Zumbrota, MN 18.5.1894, medan Hans døydde i Polk Co., MN 2.4.1900.  Dei hadde åtte born i lag:

 

* Christopher Hanson Haium, fødd i Luster 15.3.1848, døydde i Barron Co., WI 29.8.1943 - var gift to gongar og budde mange år i Brookings Co., SD og sidan i Spokane Co., WA.  Ni born.

 

* Hans Hansson Hoium, fødd i Luster 23.1.1850, døydde i Polk Co., MN 15.1.1928 - var gift tre gongar og budde både i Goodhue Co., MN og i Polk Co., MN.  Fire born.

 

* Agatha Hansdotter ?Hoium, fødd i Luster 17.2.1852 - lagnad ukjend!

 

* Ole Hansson Hiam, fødd i Luster 12.6.1854, døydde i Barron Co., WI 8.12.1943 - var gift og budde i Barron Co., WI.  Fem born.

 

* Melchior «?Michael» Hansson ?Hoium, fødd i Luster 23.1.1856 - budde med foreldri i 1880 - seinare lagnad ukjend!

 

* Mons Hansson Haim, fødd i Luster 21.12.1857, døydde i Goodhue Co., MN 26.1.1890 - tok over heimefarmen i Goodhue Co., MN, men var ugift.

 

* Thor Christian «Christian» Hansson ?Hoium, fødd i Luster 30.10.1859 - budde med foreldri i 1880 - seinare lagnad ukjend!

 

* Karen Marie «Marie» Hansdotter Hoium, fødd i Luster 7.1.1862, døydde i Goodhue Co., MN 13.9.1882, ugift.

 

So er den store utfordringi følgjande:  Er det mogeleg å finna ut noko som helst om dei tre sakna borni?  Kanskje finst det obituaries etter foreldri eller nokre av søskeni som han hjelpa oss på veg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Thor Christian «Christian» Hansson ?Hoium, fødd i Luster 30.10.1859 - budde med foreldri i 1880 - seinare lagnad ukjend!

 

I følge ei kilde skal han vær død -  15. jan 1928   Fertile, Polk County, Minnesota, USA men finner ingen dokumentasjon så det må sjekkes nærmere.

 

NB  Her må de ha blandet Thor og broren Hans vil jeg tro.

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
16 minutter siden, Ivar Moe skrev:

 

I følge ei kilde skal han vær død -  15. jan 1928   Fertile, Polk County, Minnesota, USA men finner ingen dokumentasjon så det må sjekkes nærmere.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDQJ-PG9

Hans H. Hoium

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990

 

Name: Hans H. Hoium
Gender: Male
Death Date: 15 Jan 1928
Death Place: Fertile, Polk, Minnesota
Age: 77
Birth Date: 1851
Marital Status: Married
Spouse's Name: Anna Sylvester
Father's Name: Hans Hoium
Mother's Name: Maria

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Sven for dei siste innleggi.

 

Eg oppdaga òg at minst eitt family tree hjå ancestry hadde same dødsdato i 1928 på fleire av søskeni.  Dette veit me ikkje stemmer, so eg unnlot å nemna det i innleiingi til emnet.

 

Eg har forresten sett litt på FT1885 for Pine Island township, Goodhue Co.,, MN,  Huslyden står det som Highram med Hans, Maria og sønene Chris og Mons: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTCZ-5Y

 

I 1895 er alle borte...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.