Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Elias Nilsson Bringe (1852-1924) - frå Luster til Nebraska - detaljar om borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein «liten» huslyd med opphav i Luster som hamna i Nebraska, og manuskriptet mitt ser forsovidt bra ut,. men det er nokre detaljar som berre ikkje vil dukka opp i dei kjeldene som eg har freista, ancestry og familysearch.  Kanskje avisarkiv kan supplera med meir?  Eller kanskje nokon har andre idéar?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no oppdatert i innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for interessante innlegg om denne huslyden!

 

Då er fleire detaljar komne «på plass», og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Elias Nilsson {Bringe}, f. {i Luster} 23.9.1852,

Elias N. Bringe utvandra til Amerika med faren og stemori i 1867 og flytte etter nokre år i Vernon Co., Wis. vidare til Nebraska.  Han gifte seg i Dakota Co., Neb. 3.4.1879 med Rachel Olena Christopherson, dotter av husmannssonen Peder Christopherson frå Utladalen under Fortun (1835‑1905), f. i Dane Co., Wis. 19.5.1859.  Elias og Rachel farma først ei tid i Omadi precinct, Dakota Co., Nebr., men flytte sidan til ein farm i Cleveland precinct, Cuming Co., Neb.  Dei dreiv òg ei tid ei møbelforretning («furniture store owners and operators») i Bancroft, Cuming Co., Neb. der Rachel d. 29.1.1917.  Elias Bringe d. i Omaha, Neb. 7.4.1924.  Dei fekk tre born i lag:

a. Udøypt dotter Bringe, f. i Cuming Co., Neb.

 

     ##### (date of her birth?)

 

     d, i Cuming Co., Neb. 13.10.1892.

b. Nettie Evelyn, kjend som Evelyn Bringe, f. i Cuming Co., Neb. 11.11.1893, d.

 

     ##### (place of her death?)

 

     23.12.1950.  Ho gifte seg i Bancroft, Neb. 14.1.1914 med Harry John Johnson, f. i Cuming Co., Neb. 16.2.1892.  Han d. i Pender, Neb. 3.11.1974.  Evelyn og Harry Johnson farma frå 1927 i Dawes precinct, Thurston Co., Neb. og fekk tre born i lag.

c. Raymond LeRoy Bringe, f. i Cuming Co., Neb. 5.10.1895, d.

 

     ##### (place of his death?)

 

     8.6.1949.  Han gifte seg første gongen i Sioux City, Ia. 7.11.1923 med Edna Helena Nielsen, f. i Douglas Co., Neb. 25.8.1898.  Ho d. i Omaha, Neb. 12.5.1928, og Raymond gifte seg att i Glenwood, Ia. 17.5.1929 med Ellen Margaret Christensen, f. i Douglas Co., Neb.

 

     ##### (1908)

 

     Raymond dreiv gravferdsbyrå («undertaker») og budde i Omaha, Douglas Co., Neb.  Han fekk i alt fire born, to frå kvart av ekteskapi.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.