Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christopher Andersen (Søvde) (1830-1903) - frå Luster til Bergen - ei dotter til Danmark og visstnok ei til Amerika - dessutan ein «bortkomen» son - lagnadane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet.  Ein del av dei «hòli» som fanst den gongen er i dag tetta att, men framleis slit eg med lagnadane til tre av borni, ein son og to døtrer.  Den eine flytte til Danmark, medan hi visstnok fór til Amerika.  No vonar eg at kanskje einkvan i Brukarforum kan hjelpa meg finna ei løysing på desse gåtene?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Andersson {Søvde}, f. {i Luster} 26.4.1830,

Christopher Andersen flytte til Bergen som soldat i 1850-åri og gifte seg der 27.2.­1859 med Anna Eriksdotter frå Tråi under Kvam øvre i Hafslo, f. i Hafslo 24.4.1835.  Christopher vart sidan dagarbeidar og var likeins medeigar i ei jekt.  Han og Anna budde i Telthussmuget i Bergen der Anna d. 2.11.1874.  Christopher Andersen d. som almisselem i Bergen 27.10.1903.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Gurine Edvardine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 30.11.1858, d. i Bergen 31.5.1939.  Gurine gifte seg i Bergen 24.6.1879 med Hagbarth Gustavus Edvardson Steiner.  Han var f. i Bergen 30.7.1858 og d. i Bergen 19.5.1925.  Hagbarth Steiner var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Gurine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

b. Andrea Lovise, kjend som Lovise Christophersdotter Ander­sen, f. i Bergen 22.1.1861,

 

     ##### (flytte til Danmark i 1880-åri - gift og busett der - oppl.?)

 

c. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 20.11.­1862, d. i Bergen 12.3.1865.

d. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 13.2.1865,

 

     ##### (levde i 1881 -lagnaden hans?)

 

e. Wilhelm Kristian Christopherson Andersen, f. i Bergen 12.7.1867, d. i Bergen 27.9.1951.  Wilhelm Andersen gifte seg i Hamre 23.3.1893 med Johanne Oline Hansdotter Hansen frå Flatøy i Meland, Hamre.  Ho var f. i Hamre 3.10.1872 og d. i Bergen 20.4.1957.  Wilhelm Andersen var maskinist, og han og Johanne budde i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

f. Anna Agatha Kristoffine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 26.11.1869,

 

     ##### (utvandra til Amerika i 1896? - lagnaden hennar?)

 

g. Dorthea Berntine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 22.8.1872, d. i Bergen 13.6.1957.  Ho gifte seg hjå byfogden i Bergen 29.10.1896 med Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå

 

     ##### (Hauge i Selje?)

 

     f. i Selje 17.7.1872.  Han d. i Bergen 29.12.1956.  Rasmus Hauge var bakar, og han og Dorthea budde i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - i alt ti?)

 

     born i lag.

h. Anton Christopher Christopherson Andersen, f. i Bergen 24.10.1874, d. i Bergen 10.6.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit utfordrande innlegg!

 

Då kan me slå fast at Andrea Lovise fekk to born i 1881 og 1882 med denne ingeniør Hopstock, og då er det jo eit godt spørsmål om ho kan ha følgt han til Danmark og gift seg der?  Eller har ho kanskje gift seg med einkvan annan person?

 

Eg vonar at dette kan oppklarast, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Dødsfallprotokollen etter Jens Sigfrid Krogh Hopstock (nr. 924) etterlater ingen informasjon om de to barna.....

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 14 (1924-1927), Dødsfallsprotokollside, Side 19
Permanent bilde-ID: sk20090611340428
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611340428
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611340428.jpg
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Dorthea Berntine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 22.8.1872, d. i Bergen 13.6.1957.  Ho gifte seg hjå byfogden i Bergen 29.10.1896 med Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå

 

 

     ##### (Hauge i Selje?)

 

 

     f. i Selje 17.7.1872.  Han d. i Bergen 29.12.1956.  Rasmus Hauge var bakar, og han og Dorthea budde i Bergen.  Dei fekk

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - i alt ti?)

 

 

     born i lag.

 

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=059&bnr=0024&lnr=04

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Bergen
  • Kommunenummer: 1301
  • Gatenavn: Helgesens Gade 1
  • Gatenr:
  • Bydel:
  • Gårdeier:
  • Antall leiligheter: 4

Antall personer registrert på bostedet: 16


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Anders Arnesen hf ug Bagermester 1875 Arendal Ned  
  Martin Monsen fl ug Bagerlerling 1882 Arendal Ned  
  Ingeborg Nistad hm e Strygerske 1836.03.12 Bygstad sogn Søndfj. NB  
  Ingeborg Lovise Nistad d ug Strygerske 1866.05.15 Bergen  
  Marie Nistad d ug Butikjomfru 1868.09.23 Bergen  
  Erik Gabrielsen hf g Fyrbøder 1876 Florø NB  
  Katinka Gabrielsen hm g Husets arbeide 1881 Bergen  
  Anna Aase fl e Strygerske 1855 Bergen  
  Henriette Andersen b e Strygerske 1872 Bergen  
  Mary Jansen fl ug Uden erhverv 1897 Bergen  
tidslinje.gif Rasmus Hauge hf g Bagersvend 1872 Selge Nordfjord NB  
tidslinje.gif Dortea Hauge %Andersen% hm g Huset arbeide 1872 Bergen  
  Dina Tvet tj ug Huset arbeide 1882 Hamre Osterfjorden SB  
  Ingval Hauge s ug Søn 1896 Bergen  
tidslinje.gif Anna Hauge d ug Datter 1898 Bergen  
tidslinje.gif Kitty Hauge d ug Datter 1898.12.13 Bergen  

 

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1280&kenr=007&bnr=11a, b&lnr=00

 

Utsnitt: 

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Årstad
  • Kommunenummer: 1280
  • Navn på bosted: Solheim

Antall personer registrert på bostedet: 28. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
               
               
  Rasmus Hauge hf g Bagersvend 17.06.1872 Selje Norfjord  
  Dortea Hauge hm g Husmor 23.07.1872 Bergen  
  Hanna Hauge d ug Datter 25.05.1898 Bergen  
  Kitti Hauge d ug Datter 13.12.1899 Bergen  
  Nelly Hauge d ug Datter 10.12.1901 Bergen  
  Gerda Hauge d ug Datter 04.04.1907 Bergen  
  Robert Hauge s ug Søn 16.10.1902 Bergen  
  Artur Hauge s ug Søn 11.01.1904 Bergen  
 
Ingvald Kristian, 1897
Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 8 (1904-1910), Dødsfallsprotokollside, Side 124b-125a
https://media.digitalarkivet.no/view/27890/126
 
Anna Olava, 1898
 
Kitty Augusta, 1899
 
Nelly Dorthea, 1901
 
Robert Theodor, 1902
 
Artur Ditlef, 1904
 
Gerda Harriet, 1907
 
Familien i den kommunale folketellingen 1912:
 
Vilhelm Leonard, 1911
Bergen fylke, Johannes i Johannes, Klokkerbok nr. A 2 (1900-1912), Fødte og døpte 1912, Side 280
https://media.digitalarkivet.no/view/7120/281
 
Ingrid Constance, 1911
 
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QG8X-W4YQ

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L94C-HBCD?i=82&cc=2078555

 

Andrea Lovise Andersen

Denmark Church Records, 1484-1941

 

 

Name: Vilhelm Carl Seidenfoden • Edit
Event Type: Marriage
Event Date: 01 Nov 1891
Event Place: Frederiksberg, København, Danmark
Event Place: Frederiksberg, København, Denmark
Gender: Male
Age: 27
Spouse's Name: Andrea Lovise Andersen • Edit
Spouse's Age: 27
Volume: 83
Volume Date Range: 1890 - 1891
Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
4923880 Kaare William  Hauge    0701  1915  0904  1998  0406  1998    R30  24  Takk  Vis  Solheim Bergen

 

297974 Franklin Valdemar  Hauge  2603  1913  0109  1999  3009  1999  U00  15  Hvil i Fred  Vis  Fana Bergen

 

???

4296920 Ingrid  Nordvik  0312  1911  0907  1994  1507  1994  N00  Kjært er minnet - takk for alt  Vis  Fana Bergen

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XBW1-8M9

 

Wilhelm Carl Seidenfaden

Denmark Baptisms, 1618-1923

 

 

Name: Wilhelm Carl Seidenfaden
Gender: Male
Christening Date: 24 Jul 1864
Christening Place: HOJE TAASTRUP,KOBENHAVN,DENMARK
Birth Date: 20 Jun 1864
Father's Name: Ferdinand Seidenfaden
Mother's Name: Karen Jensdr

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Folketelling 1890 DK

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QL6K-GHL4

 

Andrea Louise Andersen Søvde

Denmark Census, 1890

 

 

Name: Andrea Louise Andersen Søvde • Edit
Event Type: Census
Event Date: 1890
Event Place: København, Danmark
Event Place: København, Denmark
Residence Note: Frederiksbergallé
Gender: Female
Age: 27
Marital Status: Single
Birth Year (Estimated): 1863

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Carl August Andersen døde av kolera i Rosario, Argentina

 

Nummer 5267

 

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 8 (1882-1889), Protokollside, Side 230
Permanent bilde-ID: ru10611712300231
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611712300231
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ru10611712300231.jpg
 

 

Bergens Tidende 4. mai 1887

rosario.jpg

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Anne og Grethe for mange nye imponerande innlegg om denne huslyden.  Eg er skikkeleg imponert over kva de finn!

 

Det har vore ein sann fryd å innarbeida dei nye opplysningane i manuskriptet mitt, og det ser ut til at me ikkje manglar stort meir enn desse detaljane:

 

** Dødsfallet til Vilhelm Seidenfaden i København e. 1940?

 

** Nøyaktig dødsdato for Carl August Andersen i Rosario, Argentina?  (burde ikkje dette komma fram i dødsmeldingsregisteret for Bergen? - Eg har blatt attende til årsskiftet 1886/1887, men kan ikkje sjå at han er nemnd!

 

** Lagnaden til Anna Agathe Kristoffine Andersen - truleg utvandra til Amerika?

 

** Og endeleg opphavet til Rasmus Elias Hauge frå Selje? - Eg finn ikkje denne barnedåpen!

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Andersson {Søvde}, f. {i Luster} 26.4.1830,

Christopher Andersen flytte til Bergen som soldat i 1850-åri og gifte seg der 27.2.­1859 med Anna Eriksdotter frå Tråi under Kvam øvre i Hafslo, f. i Hafslo 24.4.1835.  Christopher vart sidan dagarbeidar og var likeins medeigar i ei jekt.  Han og Anna budde i Telthussmuget i Bergen der Anna d. 2.11.1874.  Christopher Andersen d. som almisselem i Bergen 27.10.1903.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Gurine Edvardine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 30.11.1858, d. i Bergen 31.5.1939.  Gurine gifte seg i Bergen 24.6.1879 med Hagbarth Gustavus Edvardson Steiner.  Han var f. i Bergen 30.7.1858 og d. i Bergen 19.5.1925.  Hagbarth Steiner var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Gurine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

b. Andrea Lovise, kjend som Lovise Christophersdotter Ander­sen, f. i Bergen 22.1.1861, flytte på 1880-talet til Danmark og gifte seg på Frederiksberg i København 1.11.1891 med Vilhelm Carl Ferdinandson Seidenfaden, f. i Taastrup, København amt i Danmark 20.6.1864.  Vilhelm var smed og sidan maskinmeistar, og han og Lovise vart buande i København, Danmark levetidi ut.  Lovise d. i København 3.11.1940, medan Vilhelm Seidenfaden d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1940!)

 

     Dei fekk to søner i lag, men Lovise hadde òg to born frå før.

c. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 20.11.­1862, d. i Bergen 12.3.1865.

d. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 13.2.1865, reiste ut som sjømann og d. av kolera i Rosario, Argentina våren 1887, ugift.

 

     ##### (nøyaktig dødsdato?)

 

e. Wilhelm Kristian Christopherson Andersen, f. i Bergen 12.7.1867, d. i Bergen 27.9.1951.  Wilhelm Andersen gifte seg i Hamre 23.3.1893 med Johanne Oline Hansdotter Hansen frå Flatøy i Meland, Hamre.  Ho var f. i Hamre 3.10.1872 og d. i Bergen 20.4.1957.  Wilhelm Andersen var maskinist, og han og Johanne budde i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

f. Anna Agatha Kristoffine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 26.11.1869,

 

     ##### (utvandra til Amerika i 1896? - lagnaden hennar?)

 

g. Dorthea Berntine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 22.8.1872, d. i Bergen 13.6.1957.  Ho gifte seg hjå byfogden i Bergen 29.10.1896 med Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå

 

     ##### (Hauge i Selje? - finn ikkje denne dåpen i Selje!)

 

     f. i Selje 17.7.1872.  Han flytte til Bergen i 1892 og d. i Bergen 29.12.1956.  Rasmus Hauge var bakar, og han og Dorthea budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk elleve born i lag.

h. Anton Christopher Christopherson Andersen, f. i Bergen 24.10.1874, d. i Bergen 10.6.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå

 

 

 

     ##### (Hauge i Selje? - finn ikkje denne dåpen i Selje!)

 

 

 

     f. i Selje 17.7.1872.

 

Nr. 67 - han er født 17.06.1872

Sogn og Fjordane fylke, Selje (Hove), Vågsøy i Selje, Ministerialbok nr. A 12 (1870-1880), Fødte og døpte 1872, Side 18
https://media.digitalarkivet.no/view/6922/19

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye interessante innlegg!

 

Då er dødsfallet til Vilhelm Seidenfaden «på plass», og det er ogso fødselsdatoen til Rasmus Hauge, MEN eg har vanskar med å forstå kvar Rasmus eigentleg kom ifrå?  Kvar har han Hauge-namnet frtå?  Han var fødd på Aarsheim i Selje, og i 1900 bur faren med ny kone på ein plass under Aarsheim: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1441&kenr=002&bnr=0011&lnr=00

Kvar er so Hauge-namnet kome ifrå?  Hadde kanskje Nicolai namnet med seg frå Evanger?

 

Eg finn forresten Rasmus Elias heller ikkje konfirmert i Selje...!

 

Litt av et mysterium dette...

 

Elles manglar me pr. i dag berre det nøyaktige dødsfallet til Carl August og lagnaden til Anna Agatha i Amerika...

 

Hert følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Andersson {Søvde}, f. {i Luster} 26.4.1830,

Christopher Andersen flytte til Bergen som soldat i 1850-åri og gifte seg der 27.2.­1859 med Anna Eriksdotter frå Tråi under Kvam øvre i Hafslo, f. i Hafslo 24.4.1835.  Christopher vart sidan dagarbeidar og var likeins medeigar i ei jekt.  Han og Anna budde i Telthussmuget i Bergen der Anna d. 2.11.1874.  Christopher Andersen d. som almisselem i Bergen 27.10.1903.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Gurine Edvardine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 30.11.1858, d. i Bergen 31.5.1939.  Gurine gifte seg i Bergen 24.6.1879 med Hagbarth Gustavus Edvardson Steiner.  Han var f. i Bergen 30.7.1858 og d. i Bergen 19.5.1925.  Hagbarth Steiner var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Gurine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

b. Andrea Lovise, kjend som Lovise Christophersdotter Ander­sen, f. i Bergen 22.1.1861, flytte på 1880-talet til Danmark og gifte seg på Frederiksberg i København 1.11.1891 med Vilhelm Carl Ferdinandson Seidenfaden, f. i Taastrup, København amt i Danmark 20.6.1864.  Vilhelm var smed og sidan maskinmeistar, og han og Lovise vart buande i København, Danmark levetidi ut.  Lovise d. i København 3.11.1940, medan Vilhelm Seidenfaden d. på Bispebjerg hospitalm i Ålholm sokn 16.3.1947.  Dei fekk to søner i lag, men Lovise hadde òg to born frå før.

c. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 20.11.­1862, d. i Bergen 12.3.1865.

d. Carl August Christopherson Andersen, f. i Bergen 13.2.1865, reiste ut som sjømann og d. av kolera i Rosario, Argentina våren 1887, ugift.

 

     ##### (nøyaktig dødsdato?)

 

e. Wilhelm Kristian Christopherson Andersen, f. i Bergen 12.7.1867, d. i Bergen 27.9.1951.  Wilhelm Andersen gifte seg i Hamre 23.3.1893 med Johanne Oline Hansdotter Hansen frå Flatøy i Meland, Hamre.  Ho var f. i Hamre 3.10.1872 og d. i Bergen 20.4.1957.  Wilhelm Andersen var maskinist, og han og Johanne budde i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

f. Anna Agatha Kristoffine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 26.11.1869,

 

     ##### (utvandra til Amerika i 1896? - lagnaden hennar?)

 

g. Dorthea Berntine Christophersdotter Andersen, f. i Bergen 22.8.1872, d. i Bergen 13.6.1957.  Ho gifte seg hjå byfogden i Bergen 29.10.1896 med Rasmus Elias Nicolaison Hauge frå

 

     ##### (ein plass under Aarsheim i Selje?? - kva for ein plass?)

 

     f. i Selje 17.6.1872.  Han flytte til Bergen i 1892 og d. i Bergen 29.12.1956.  Rasmus Hauge var bakar, og han og Dorthea budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk elleve born i lag.

h. Anton Christopher Christopherson Andersen, f. i Bergen 24.10.1874, d. i Bergen 10.6.1881.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg finn forresten Rasmus Elias heller ikkje konfirmert i Selje...!


Nummer 15

 

 

Sogn og Fjordane fylke, Selje (Hove) i Selje, Ministerialbok nr. B 1 (1881-1890), Konfirmerte 1889, Side 108
Permanent bilde-ID: kb20070115360734
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115360734
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115360734.jpg
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget om Rasmus Hauge.

 

Rasmus er sanneleg ein «pussig skrue», og eg er ikkje i stand til å verta heilt «klok» på opphavet hans, men skriv førebels at han er fødd på Årsheim i Selje...

 

Då er det vel helst viktigare å freista finna att Anna Agatha Kristoffine i Amerika, men det er truleg ei like «hard» nøtt...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.