Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Josephine Lier/Lire - fødd i Noreg 13.12.1883 - utvandra 1905 til Everett, WA - kven var ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med å identifisera det norske opphavet til denne jenta:

 

Josephine Lier/Lire, fødd i Noreg 13.12.1883, skal ha utvandra i 1905 og døydde i Clark Co., WA 1.5.1966: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:J5ZY-JJQ

 

Her er ho med mann sin i FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYY2-SJHK

 

Her er ho med mann sin i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJP-3QZ

 

Her er ho med mann sin i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RCD-LPT

 

Her er ho med son sin i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-94LY

 

Her er so vigsli til sonen Charles som syner jentenamnet til mori, Josephine Lire: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89WC-C8T6

 

Josephine gifte seg med Arne Christopherson Søvde, fødd i Luster 31.10.1882.  Vigsli fann stad i Duluth, MN 22.4.1907:

 

ST. LOUIS T24-060 04/22/1907 SOVDE, ARENT C

LIER, JOSEPHINE

 

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314904-00385?pid=10831650&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16671&_phstart=successSource

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit kjapt og nyttig svar!

 

Ingen tvil om at du har finne den rette jenta.  Her er ho òg i FT1900 i Aurskog: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0224&kenr=002&bnr=0100&lnr=00

 

Problemet kring opphavet til Josephine er løyst, men huslyden har eit par andre «uklare punkt» som eg gjerne vil leggja fram med von om at nokon kanskje greier å komma fram til ei løysing ogso der...?

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=2378&h=906076594&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=2378

 

Name: Violet Sovde
Gender: Female
Marriage Age: 37
Birth Date: abt 1917
Birth Place: Ellagay, North Carolina, USA
Marriage Date: 22 Aug 1954
Marriage Place: Skagit, Washington, USA
Spouse: Ralph C Wilson

 

 

https://www.findagrave.com/memorial/19260151

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for interessante og utfordrande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har no sete og «plundra» ei heile stund for å «figure out» denne huslyden, og eg har gjort fleire spennande oppdagingar.  Ikkje berre Violet Ammons var gift fire gongar, men Charles vart attgift med June Collins, som i alle fall var gift tre gongar.  Charles vart skild frå dei båe.  Kunne me funne ein obituary for June Welborn alias June Mattern frå Everett, WA 30.12.1987, hadde det vore svært so spennande...  Og sjølvsagt ogso ein obituary for Josephine Sovde...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne «innvikla» huslyden som erstatning for manuskriptet i innlegg #3 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Christopherson Søvde, f. {i Luster} 31.10.1882,

Arent C. Sovde utvandra til Amerika i 1904 og gifte seg i Duluth, Minn. 22.4.1907 med Josephine Johansdotter Lier frå Lier i Aurskog, i Amerika kjend som Josephine Lier.  Ho var dotter av skomakar Johan Johansen frå Drammen og innerstenkja Anna Olsdotter på Lier i Aurskog og f. i Aurskog 13.12.1883.  Ho utvandra til Amerika i 1905.  Arent Sovde var lagerarbeidar («grocery warehouse laborer»), og han og Josephine budde i South Lake Stevens precinct, Snohomish Co., Wis.  Arent d. i Everett, Wash. 6.7.1936, medan Josephine Sovde d. same staden 1.5.1966. 

 

 

##### (death info. given by family in 1983! - social security record says she died Apr. 1966 as res. of La Center, Clark Co., WA - verify?)

 

 

Dei fekk ein son i lag:

a. Charles Adrian Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 24.6.1917, d. i Portland, Ore. 19.3.1970.  Han gifte seg i Sedro Wooley, Wash. 20.3.1945 med Violet Jane Bacus f. Ammons, f. i Buncombe Co., N.C. 26.3.1917.  Ho d. i Seattle, Wash. 7.1.1966.  Violet gifte seg første gongen i Mt. Vernon, Wash. 17.6.1935 med William Kenneth, kjend som Kenneth Bacus, f. i Snohomish Co., Wash. 4.7.1906.  Han var ei tid byggmeistar («carpenter contractor») og budde med Violet i Sedro Wooley, Skagit Co., Wash.  Men dei vart skilde kring 1944, og Kenneth flytte som skogsarbeidar («logger») til California.  Han gifte seg att og d. i Redlands, Cal. 28.5.1996.  Ogso Charles og Violet vart skilde, og Violet gifte seg sidan att to gongar.  Charles Sovde gifte seg att i Everett, Wash. 25.1.1954 med June Rose Welborn, f. Collins, f. i King Co., Wash. 21.11.1921.  Ho d. i Everett, Wash. 30.12.1987.  

 

 

     ##### (she married 1st time Oct. 1938 to Arthur Lloyd Welborn, born Nov. 7, 1918, died Indianapolis, IN Oct. 29, 1981 - they resided in Everett, WA, but apparently divorced about 1953! - she remarried in Humboldt Co., CA June 16, 1961 to Harris D. Mattern - divorced in King Co., WA Jan. 10, 1974! - soc. sec. calls her Mattern - death index has Welborn)

 

 

     Charles var mellom anna sjømann og sidan lastebilførar («sailor and truck driver») og budde mange stadar, men for det meste i og kring Seattle, King Co., Wash.  Han fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Violet, men Violet hadde òg ei dotter frå tredje ekteskapet sitt og ein son frå det siste.  Andre kona June hadde to søner frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
25 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

June R.

     ##### (middle name?)

     Welborn, f. Collins, f. i King Co., Wash. 21.11.1921.  Ho d. i Everett, Wash. 30.12.1987.  

 

Ifølge et slektstre på ancestry skal mellomnavnet være Rose

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/45375151/person/190174669948/facts?_phsrc=vJN2321&_phstart=successSource

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget om June Collins.

 

Om me kan tru på det familie treet som du syner til, veit me no at June heitte Rose og at ho hadde to søner i første ekteskapet sitt.  Eg har gjort desse opprettingane i manuskriptet i innlegg #7.  Den viktigste som no manglar, er soleis dette med dødsfallet til Josephine Sovde...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

(she married 1st time Oct. 1938 to Arthur Lloyd Welborn, born Nov. 7, 1918, died Everett, WA Sep. 29, 1981 - they resided in Everett, WA, but apparently divorced about 1953!

 

Arthur L Welborn  gifter seg på nytt i 1951.

 

https://www.ancestry.com/interactive/2378/45654_B283351-00070?pid=5597157&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=vJN2325&_phstart=successSource

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye kommentarar om Arthur Welborn.  Eg har lagt desse inn i manuskriptet i innlegg #7 over, so langt som eg følgjer desse sidegreinene.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.