Gå til innhold
Arkivverket

Nils Larsson Jørandrud frå Uvdal (1861-1946) gift i Amerika med Anna Thomasdotter Havellen frå Luster (1872-1962) - ei norsk/amerikansk/canadisk huslyd med mange manglande detaljar - ein svensk svigerson - ei utfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det er berre heilt utruleg, Sven, kva du har greidd å samla av opplysningar om denne huslyden.  Eg er meir enn imponert!  Du har greidd å fylla nesten alle «hòli», og det ser ut til at du òg har finne ut korleis du kan henta fram dødsattestar frå British Columbia!?  Det hadde vore av stor nytte å vita for andre ætter i BC!

 

Eg har fryda meg over oppdateringi av manuskriptet, men oppdaga eit avvik på vigsesdatoen til Agna Larson og Norman McLeod.  Eg trur datoen min kom frå eit online family-tree, medan datoen frå obituarien hennar er ein annan...

 

Eg stussar òg litt på yrkestittelen til Ed Sproule.  Han var vel ikkje eigentleg byggmeister i «vanleg» forstand, men meir ein anleggsentreprenør  Korleis ville du tolka det utifrå den lange obituarien hans?

 

Det ser forresten ut til at Susena må ha hatt ein son før ho gifte seg med Ed Sproule, sidan ein av dei overlevande gutane er kalla «stepson»!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 28.3.1872,

Anna Havellen utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg i Pollock, S.D. 14.9.1894 med Nils Larsson frå Jørandrud i Uvdal, i Amerika kjend som Nels Larson.  Han var son av gardbrukar Lars Nilsson på Jørandrud, opphavleg frå Nørstebø, og kona Ragnhild Wilhelmsdotter frå Jørandrud og f. i Uvdal 29.7.1861.  Han utvandra til Amerika med mori og dei fleste søskeni i 1878.  Nels og Anna farma ei tid i LaGrace township nær Pollock, Campbell Co., S.D., men flytte i 1916 til Donalda, Alta. og tok «homestead» der.  I 1945 trekte dei seg attende og flytte til Coquitlam, B.C. der Nels d. 9.3.1946.  Anna Larson d. i North Surrey, B.C. 5.4.1962.  Dei fekk ni born i lag:

a. Luther Larson, f. i Campbell Co., S.D. 26.4.1895, var farmarbeidar («farm laborer»), men d. ugift i Donalda, Alta.

 

     ##### (exact date of Luther’s death?)

 

     1918.

b. Rebecca Larson, f. i Campbell Co., S.D. 27.12.1896, d. i Tehama Co., Cal. 5.5.1929.  Ho gifte seg i Donalda, Alta. 1.7.1917 med Lide Mason Barber.  Han var f. i Cowley Co., Ks. 8.9.1893 og d.

 

     ##### (place of Lide’s death? – Tehama? – Tehama Co., Cal.!!)

 

     18.3.1977.  Lide og Rebecca budde først nær Donalda, Alta. og sidan i kortare periodar i Silverton, Marion Co., Ore. og i White Rock, B.C. til dei i 1927 flytte til foreldri hans på farmen deira i Los Molinos, Red Bluff precinct, Tehama Co., Cal.  Dei fekk tre born i lag.

c. Tony Larson, f. i Campbell Co., S.D. 15.2.1899, d. i Campbell Co., S.D.

 

     ##### (date of his death? – after 1900/prior to 1903!)

 

d. Carl Larson, f. i Campbell Co., S.D. 27.6.1901, d. i Camrose, Alta. 2.10.1960.  Han gifte seg i Edmonton, Alta. 29.6.1925 med Ruby Phoebe Welch.  Ho var f. i Ferery Point, Alta. 7.10.1907 og d. i Grand Prairie, Alta.

 

     ##### (exact datre of her desath?)

 

     2005.  Carl og Ruby farma nær Donalda, Alta. og fekk sju born i lag.

e. Tony Larson, f. i Campbell Co., S.D. 13.9.1903, d. i Prince George, B.C. 3.3.1987.  Tony gifte seg i Stettler, Alta,

 

     ##### (exact date of Tony’s marriage?)

 

     med Cora Mathilda Lien.  Ho var f. i Ferry Point, Alta. 10.7.1905 og d. i Prince George, B.C. 14.7.1987.  Tony var skogsarbeidar («lumber man»), og han og Cora budde i Prince George, B.C.  Dei fekk sju born i lag.

f. May Larson, f. i Campbell Co., S.D. 24.2.1906, d. i Kelowna, B.C. 9.9.1997.  May gifte seg

 

     ##### (date and place of May’s marriage?)

 

     med Gottfrid Olofson Norman frå Länstersjön i Haverö, Västernorrlands län i Sverige, i Amerikas kjend som Gottfrid Norman.  Han var son av paktar Olof Olofsson Norman på Länstersjön i Haverö og kona Maria Johansdotter Hernstedt, òg frå Haverö og f. i Haverö, Västernorrlands län i Sverige 13.7.1897.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1903 og d. i Essondale, B.C. 14.4.1969.  Gottfrid var sagbruksar­beidar («sawmill worker»), medan May var hjelepleiar («nurses aid»).  Dei budde i Port Coquitlam, B.C. og fekk tre born i lag.

g. Nelvin Larson, f. i Campbell Co., S.D. 30.11.1908, d. i Kelowna, B.C. 8.3.1976.  Han gifte seg i Rimbey, Alta. 18.5.1933 med Ethel Mellissa Bowmen McKeon, f. Hannah, f. i Madoc, Ont. 19.11.1907.  Ho d. i Kelowna, B.C. 25.1.1997.  Nelvin var mekanikar («mechanic»), og han og Ethel budde i Elk Point, Alta., men flytte sidan til Kelowna, B.C.  Dei fekk tretten born i lag, men Ethel hadde dessutan ein son frå første ekteskapet sitt og to born frå det andre.

                  h. Agna Larson, f. i Campbell Co., S.D. 12.9.1911, d. i Red Deer, Alta. 7.2.1997.  Ho gifte seg i Edmonton, Alta. 29.6.1937

 

 

     ##### (check the date? - obituary says June 9, 1936!)

 

     med Norman

 

     ##### (Norman’s middle name?)

 

     McLeod.  Han var f. i Athabasca, Alta. 7.6.1908 og d. i Sylvan Lake, Alta. 12.7.1983.  Norman McLeod var bokhaldar («accountant»), og han og Agna budde først i Dutchess, Alta. og frå 1959 i Sylvan Lake, Alta.  Dei fekk tre søner i lag.

i. Susena Kristina Larson, f. i Campbell Co., S.D. 19.9.1915, d. i Terrace, B.C. 1.12.1996.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med Edward Percy, kjend som Ed Sproule.  Han var f. i Lamerton, Alta. 11.9.1910 og d. i Terrace, B.C. 4.4.1999.  Ed var byggmeister («buil­ding contractor»), og han og Susena budde mellom anna i North Surrey, B.C., men flytte 1963 til Terrace, B.C.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (did Susena have a son before she married Ed?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det hadde vore av stor nytte å vita for andre ætter i BC!

Det var Egil Johannessen som satte meg på sporet av denne kilden i en annen tråd om Britha Pedersdotter Krogen...

 

Her er søkesiden: http://search-collections.royalbcmuseum.bc.ca/Genealogy

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.