Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Elen Larsdotter Hærum (1864-1956) - til Texas i 1877 - gift før 1904 med William Dodson (1869-1943) og flytt til San Diego, CA - kan denne vigsli deira finnast?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Elen Larsdotter Hærum, ei av dei yngre søstrene i Hærum-ætti som utvandra frå Luster til Fort Worth, TX, har sett fleire grå hår i hovudet hjå meg.  Eg har leitt og leitt, men finn ikkje denne vigsli hennar med William Dodson.  Kanskje er eitt eller fleire namn feilskrivne?

 

William var framleis ugift i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DR5B-FB

 

Ellen kan eg ikkje finna nokon stad i 1900!

 

Eg har òg vanskar med nokre detaljar når det gjeld svigerdotteri deira i California, som eg trur kan løysast gjennom obituaries...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Elen Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 12.3.1864,

Ellen Harum utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? - Texas about 1900?)

 

med William Burts Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 7.7.1869.  William Dodson var medeigar i eit større tømmerkompani («partner of a lumber business»), og han og Ellen budde ei tid i Fort Worth, Tarrant Co., Tx.  Kring 1920 flytte dei so til Albuquerque, N.Mex., og derifrå kring 1938 til San Diego, San Diego Co., Cal. der William d. 12.9.1942.  Ellen Dodson d. som enkje i Chula Vista, Cal. 11.12.1956.  Dei fekk ein son i lag:

a. William Raymond Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 21.6.1904, d. i Los Angeles, Cal. 10.9.1932.  William Dodson, Jr. gifte seg i Yuma, Az. 23.3.1928 med Una Mae, kjend som Mae Webb, f. i Washington Co., Ky. 25.4.1907.  Ho d. i San Bernardino, Cal. 11.2.1980.  William var lækjar («Medical Doctor»), og han og Mae budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Mae gifte seg att i Orange Co., Cal. 14.2.1933 med Walter Kay Armstrong, f. i Orange Co., Cal. 2.2.1906.  Han d. i San Mateo, Cal. 15.3.1960.  Walter var arbeidar og musikar («laborer and musician»), og han og Mae budde i Anaheim, Orange Co., Cal., men vart skilde alt kring 1934.  Mae flytte då til San Diego, Cal. og gifte seg tredje gongen

 

     ##### (date and place of her 3rd marriage? - prior to 1938!)

 

     med Frederick William Dorman, f. i Los Angeles Co., Cal. 27.9.1908.  Han d. i San Bernardino, Cal.

 

     ##### (place of death to be verified? - obituary in San Bernardino, CA Feb. 14, 1980!)

 

     6.2.1980.  Frederick var

 

     ##### (occupation?)

 

     og han og Mae budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og sidan i San Bernardino, San Bernardino Co., Cal.  Mae fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med William Dodson.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen

Frederick Dorman var Assistant Farm Advisor i 1940. Hva er en fornuftig norsk oversettelse av dette yrket?

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2442&h=70281097&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=thn338&_phstart=successSource

 

Name: Frederick Dorman
Age: 31
Estimated birth year: abt 1909
Gender: Male
Race: White
Birthplace: California
Marital status: Married
Relation to Head of House: Head
Home in 1940: El Cajon, San Diego, California
Map of Home in 1940:   View Map
Farm: No
Inferred Residence in 1935: San Diego, San Diego, California
Residence in 1935: San Diego, San Diego, California
Resident on farm in 1935: No
Sheet Number: 16B
Number of Household in Order of Visitation: 426
Occupation: Asst Farm Aduisor
House Owned or Rented: Owned
Value of Home or Monthly Rental if Rented: 6000
Attended School or College: No
Highest Grade Completed: College, 4th year
Hours Worked Week Prior to Census: 48
Class of Worker: Wage or salary worker in Government work
Weeks Worked in 1939: 52
Income: 2600
Income Other Sources: No
Neighbors: View others on page
Household Members:
Name Age
Frederick Dorman 31
Mae Dorman 32
Rae Jeanne Dodson 7

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Frank Marton for nytt innlegg!

 

Eg observerte òg denne yrkestitelen for Frederick Dorman i 1940, men tenkte kanskje det var eit «ungdomsyrke» som kanskje ville utvikla seg til noko anna med åri.  Men eg har no sjekka city directories for San Diego, CA, og eg ser Fred W. Dorman kjem att med det same yrket heilt fram til 1950.  Då vert mannen borte, so kanskje det var på den tidi dei flytte til San Bernardino, CA?

 

Uansett, eg støtter opp om spørsmålet ditt om kva ein «assistant farm advisor» eigentleg gjorde yrkesmessig?  Landbruksrådgjevar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik
Posted (edited)

Rådgjevande agronom? Eller rett og slett ein agronom?

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje og Grethe for dei siste innleggi!

 

Agronom høyrest bra ut, men når eg les definisjonane til Grethe, trur eg faktisk eg vil halda meg til landbruksrådgjavar.  Han var jo «government employee»...

 

No fann eg forresten ein obituary etter Fred Dorman frå 1980.  Her kjem det fram at han hadde vore ein «agriculturalist» dei siste 36 years.  Kanskje andre omsetjingar då kunne vera aktuelle?

 

https://www.newspapers.com/image/63282761/?terms=Dorman

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik
Posted (edited)

Ein "agricultualrist" er vel ein som er fagleg utdanna- og skikka til å driva med utvikling av jordbruket, med andre ord ein agronom, men kan hende då på eit noko høgare akademisk nivå (landbruksteknikar/fylkesagronom)?

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Terje for nye gode innlegg!

 

Eg er nok framleis lite vetta usikker på dette med yrket hans Fred Dorman, men let det førebels stå uendra...

 

Med vigsli frå San Diego, CA frå 1937, er den detaljen «på plass», og einaste utfordringi som no står att å finna svar å, er vigsli til Ellen Harum med William Burts Dodson.  Den har nok finne stad i Texas, men korleis kan namni ha vore skrivne...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Elen Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 12.3.1864,

Ellen Harum utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? - Texas after 1900?)

 

med William Burts Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 7.7.1869.  William Dodson var medeigar i eit større tømmerkompani («partner of a lumber business»), og han og Ellen budde ei tid i Fort Worth, Tarrant Co., Tx.  Kring 1920 flytte dei so til Albuquerque, N.Mex., og derifrå kring 1938 til San Diego, San Diego Co., Cal. der William d. 12.9.1942.  Ellen Dodson d. som enkje i Chula Vista, Cal. 11.12.1956.  Dei fekk ein son i lag:

a. William Raymond Dodson, f. i Tarrant Co., Tx. 21.6.1904, d. i Los Angeles, Cal. 10.9.1932.  William Dodson, Jr. gifte seg i Yuma, Az. 23.3.1928 med Una Mae, kjend som Mae Webb, f. i Washington Co., Ky. 25.4.1907.  Ho d. i San Bernardino, Cal. 11.2.1980.  William var lækjar («Medical Doctor»), og han og Mae budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Mae gifte seg att i Orange Co., Cal. 14.2.1933 med Walter Kay Armstrong, f. i Orange Co., Cal. 2.2.1906.  Han d. i San Mateo, Cal. 15.3.1960.  Walter var arbeidar og musikar («laborer and musician»), og han og Mae budde i Anaheim, Orange Co., Cal., men vart skilde alt kring 1934.  Mae flytte då til San Diego, Cal. og gifte seg der tredje gongen 18.12.1937 med Frederick William Dorman, f. i Los Angeles Co., Cal. 27.9.1908.  Han d. i San Bernardino, Cal. 6.2.1980.  Frederick var landbruksrådgjevar («agriculturalist»), og han og Mae budde i San Diego, San Diego Co., Cal. og frå 1954 i San Bernardino, San Bernardino Co., Cal.  Mae fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med William Dodson.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.