Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Daniel Anderson (1847-1917) frå Luster - til Amerika 1867 - gift med Amanda Cedergren (1861-1930) - Kansas-Oklahoma-Washington - eg finn ikkje vigsli deira!

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Posted (edited)

Etter stor success med dei to Cedergren-søstrene frå Högsby i Sverige vil eg no gjerne ta opp til drøfting lagnaden til Amanda Cedergren og mann hennar frå Luster, Daniel Andersson frå plassen Ytreland under Hærum.

 

Eg meiner eg har leitt «høgt og lågt», men eg finn berre ikkje ut av vigsli deira, som må ha finne stadf i eller nær Kansas kring 1880.  Heller ikkje finn eg vigsli til sonen Thomas, som etter «tradisjonen» skal ha gift seg i Seattle, WA kring 1916 med Emma Jorgine Hovig frå Mankato, MN, men med røter frå Askvoll i Sunnfjord.  Ogso lagnaden til eine svigerdotteri er eit «mysterium»...

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare gjennom avisoppslag eller liknande?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Daniel Andersson {Hærum}, f. {i Luster} 3.1.1847,

Daniel Anderson utvandra til Amerika i 1867, og etter ei tid i Wisconsin

 

 

##### (to be verified? - kvar er han i 1870 og 1880?? - utvandra i lag med broren Anders, f. 15.1.1850 - kanskje budde dei i lag i 1870?)

 

 

flytte han til Russell Co., Ks.  Han gifte seg

 

 

##### (date and place of his marriage? - Kansas about 1880!?)

 

 

med Amanda Christine Cedergren frå Oskarshamn i Kalmar län i Sverige, kjend som Amanda Cedergren, ei søster av Selma som gifte seg med den yngre broren hans, Hans, kjend som Henry Anderson (sjå under).  Dei var båe døtrer av landhandlar og seinare ølbryggjar Eric Carlsson Cedergren i Oskarshamn, opphavleg frå Granbäcken i Mörlunda, Kalmar län, og kona Anna Sophia, kjend som Sophia Petersdotter frå Brunnsmåla i Högsby, Kalmar län.  Amanda var f. på Sandslätt i Högsby, Kalmar län i Sverige 7.7.1861, men utvandra til Amerika i 1877.  Daniel og Amanda farma først i Fairfield township, Russell Co., Ks., men flytte kring 1896 til ein farm i Cross township, Kay Co., Okla. og derifrå kring 1899 til ein farm i Dog Fish Bay precinct, Kitsap Co., Wash.  Noko seinare finn me Daniel att som maskinmeistar og snikkar («grading contractor and carpenter») i Seattle, King Co., Wash. der han d. 4.11.1917.  Amanda Anderson d. i Edmonds, Wash. 23.2.1930.  Dei fekk fem born i lag:

a. Andrew Norman Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.12.1881, d. i Seattle, Wash. 14.5.1927.  Andrew gifte seg i San Francisco, Cal. 23.9.1913 med Elisabeth Viola Olga Clara, kjend som Elsie V. Sellmer, f. i Milwaukee Co., Wis. 5.10.1894.  Ho d.

 

 

     ##### (date and place of her death? - still lived 1945 at Bellingham, WA - ?Elisabet Anderson of Phoenix, AZ - died July 1971 - SS from WA!)

 

 

     Andrew var aksjeseljar («stock promotor»), og han og Elsie budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte kring 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. og kring 1924 vidare til Bellingham, Whatcomb Co., Wash. der Andrew var seljar («salesman»).  Som enkje livnærte Elsie seg som restaurantstyrar og fotograf («restaurant manager and photographer»).  Dei fekk tre born i lag.

b. Eric Richard Anderson, f. i Russell Co., Ks. 29.12.1882, d. i Vancouer, Wash. 15.3.1975.  Eric gifte seg i Portland, Ore. 22.6.1910 med Josephine Lucke, f. i Multnomah Co., Ore. 9.9.1889.  Ho d. som Josephine Kistler i Vancouver, Wash. 12.7.1967.  Erik var leiar for eit oljeselskap, og han og Josephine budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1921 til Vancouver, Clark Co., Wash. der Eric livnærte seg som aksjemeklar («stock broker»).  Dei vart skilde i 1939, men Josephine gifte seg sidan att tre gongar.  Eric og Josephine fekk fire born i lag.

c. Thomas Edward Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.9.1884, d. i Seattle, Wash. 28.2.1975.  Thomas gifte seg i Seattle, Wash. 16.8.1915 med Emma Jorgina, kjend som Peggy Hovig, f. i Blue Earth Co., Minn. 11.8.1887.  Ho d. i Seattle, Wash. 23.11.1982.  Thomas var ei tid bokhaldar («bookkeeper») i Portland, Multnomah Co., Ore., men han og Peggy flytte i 1920-åri til Edmonds, Snohomish Co., Wash. der Thomas var tømmeragent («timber salesman») og først på 1930-talet til Seattle, King Co., Wash. der Thomas var eigedomsseljar («realestate salesman»).  Han og Peggy fekk ein son i lag.

d. Sophia Thora Anderson, f. i Russell Co., Ks. 22.1.1886, d. i Edmonds, Wash. 20.7.1961.  Sophia Anderson gifte seg i Seattle, Wash. 21.6.1905 med Albert Edward Maxwell.  Han var f. i Yankton Co., S.D. 22.10.1883 og d. i Edmonds, Wash. 10.6.1979.  Albert Maxwell var bankfunksjonær («bank clerk»), og han og Sophia budde først i Seattle, King Co., Wash., men flytte i 1921 til Edmonds, Snohomish Co., Wash.  Dei fekk tre born i lag.

e. Julius Daniel, kjend som Andy Anderson, f. i Kay Co., Okla. 2.4.1897, d. i Lincoln City, Ore. 25.9.1985.  Han gifte seg i Portland, Ore. 31.12.1920 med Neva Alta Thomas, f. i La Crosse Co., Wis. 30.7.1900.  Ho d. i Woodburn, Ore. 16.7.1993.  Julius Anderson var bilmekanikar («auto mechanic»), medan Neva var korrekturlesar («proof reader»).  Dei budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men flytte i 1940 til Lincoln City, Lincoln Co., Ore.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
57 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Thomas Edward Anderson, f. i Russell Co., Ks. 14.9.1884, d. i Seattle, Wash. 28.2.1975.  Thomas gifte seg i Seattle, Wash.

 

     ##### (date of his marriage? - 1930 census suggests 1915 - no rec. found in WA! - Emma Hovig in Seattle city directories 1916 and 1917! - Thomas E. in 1917 with parents - 1918 a new address, but single - married by Sep. of 1918!?)

 

Finner en "marriage license application affidavit" mellom T Anderson og Jorgina Hovig 7.8.1915 i Kitsap Co., Washington (men det er kanskje ikke selve vielsen?):  https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/5E11E68E509AD61F434DD0E942B7F1B3

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for kjempeflotte innlegg!  Denne vigsli kunne eg berre ikkje finna, men her ser me kor viktig det kan vera at fleire par auge ser på ei sak!

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande og vonar no på at dei andre utfordringane òg kan finna ei løysing...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
1 time siden, Lars Waaltorp skrev:

Vielse 16.8.1915 i King Co., Washington:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKNY-5SYL

 

 

 

King County Marriage Records, 1855-Present - T Anderson - Jorgina Hovig

Record Series: Marriage Records
Collection: King County Marriage Records, 1855-Present
County: King
 
Reference Number: kingcoarchmc52328
Groom's Name: T Anderson
Bride's Name: Jorgina Hovig
Marriage Date: 8-16-1915
Recording Date:  
Notes:  
Source: https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/292FF15BD67F051C52D5B30139BC44DB
Do you have comments, questions, or transcription errors?

https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/292FF15BD67F051C52D5B30139BC44DB

 

----

 

Kitsap County Auditor, Marriage License Application Affidavits, 1905-1986 - T Anderson - Jorgina Hovig

 
Reference Number: ce319-2-30-v5-00133
Groom's Name: T Anderson
Bride's Name: Jorgina Hovig
Recording Date: 08/07/1915
Marriage Date:  
Notes:  
Source: https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/5E11E68E509AD61F434DD0E942B7F1B3
Do you have comments, questions, or transcription errors?

https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/5E11E68E509AD61F434DD0E942B7F1B3

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for ei presisering av opplysningane som Lars W. presenterte over.

 

Eg har vore på meir leiting etter opplysningar om denne huslyden, og eg gjorde nettopp ei svært so spennande oppdaging:

 

Daniel «D» so vel som brørne Anders «Andrew», Christopher «K» og Hans «H» dukkar opp som miners i Lake Co., CO i 1880:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-3N9H

 

Eg kom på sporet etter dette då eg fann ein obituary etter Christopher frå 1933 som fortalte at han hadde vore gullgravar i Colorado før han i 1887 gifte seg i Russell Co., KS.

 

Ingen av dei var i Colorado i 1870, so kvar Daniel og Anders kan ha vore då, veit eg framleis ikkje.  Dei to andre utvandra ikkje før i 1873.

 

Men i og med at Daniel framleis var ugift i juni 1880, hadde han ikkje so lange stundi på å verta kjend med Amanda Cedergren og gifta seg med ho!?

 

Kanskje ein obituary kan finnast for Daniel i 1917?  Den kunne fortelja oss noko om tidi hans i Colorado!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.