Jump to content
Arkivverket

Slektskap Ole Johansen Franck på Kvikne og Ole Oleson Frank i Folldal ?


Recommended Posts

Inger Bekken

Min teori rundt innførslene: Det er beviselig 2 voksne, gifte "Franker" i denne tida: Ole Knudsen Frank og Ole Frank. Den siste liker jeg å tro at var Ole Johansen Frank, sønn av Johan Andreassen og Annichen Swan.  Ungdommen Ole Olsen Frank som dro til Folldal, er registrert som ungdom i åra 1750-1755, SAMTIDIG som de 2 voksne, gifte er registrert.  Hvem som var faren er fortsatt uklart. Jeg tror det var Ole Johansen Frank, men har ingen bevis. 

Link to post
Share on other sites
  • Replies 51
  • Created
  • Last Reply

Top Posters In This Topic

  • Aud Kalland Sterten

    16

  • Inger Bekken

    15

  • Per Nermo

    10

  • Håvard Moe

    5

Top Posters In This Topic

Popular Posts

Per Nermo, du bør lese innleggene og gå inn på lenkene. #17 Ole Knudsen Franck gikk til alters sammen med kona i 1744. Altergang var påbudt den gang, slik at kommunikantlistene fremstår nes

Det Nordenfjeldske bergamts arkiv gjekk med i ein brann i november 1798. Dette har resultert i ein utfordrande kjeldesituasjon for mange bergverk i midt-Norge, inkludert m.a. Kvikne, Meldal og Selbu.

#37 og #39: Som medforfatter av boka Bergmannsslekten TAX kan jeg opplyse om at mannskapslista over de 97 arbeiderne ved Kvikne kobberverk 13.06.1724 skulle brukes til reduksjon av arbeidsstokken ved

Posted Images

Håvard Moe
14 timer siden, Per Nermo skrev:

Ingen dokumentasjon, kun annenhånds informasjon om at hun (i likhet med Andreas, Johan, Kari og Arne (kanskje også 'Barbro Kierstine' ?)) skal ha vært barn av brukeren på 'Svanpladsen', Johan Andreassen Swan (død 1673/1689 ?), g.m. Kari Arnesdatter (død 1665). 

 

(Nevnte Barbro Kierstine skal ha vært g.m. en Petter Frantzen Franck (død 1708), garmaker ved Svorkmo og Grutseter gruver, Løkken (med bl.a. en datter Babro), og Annichen altså med Johan Andreassen Franck på Flatmo (1670), senere Slette, Innset (1706), som var brorsønn av Petter) (Johan og Annichen hadde sønnen Ole Johansen Franck)). 

 

Kor er denne andrehands informasjonen frå? Dei enaste kjeldene eg har funne som omtaler desse fyrste generasjonane på Kvikne/Innset er sekundærkjelder som Ragnvald Støren sitt manus om Kvikneverket (og andre manus), samt bygdebøkene for Innset og Kvikne (som nok bygger mykje på Støren for dette). Eg har ikkje sett Annichen eller Barbro Kierstine nemnt i denne familien.

 

Innsetboka (b. 2, s. 261) nemner Johan Andreasson (Swanner) f. 1623, gm. Kari Arnesdotter og fire born på Svanplassen:

1) Andreas, til Myren i Orkdal.

2) Arne, f. 1653, tok over Svanplassen. 

3) Johan, visstnok til Meldal.

4) Kari

 

I same bok er nemnt Frantz Franck på Flatmo Nordre (s. 466ff), der han var gm. Barbro og det er nemnt tre sønner:

1) Andreas, tok over Flatmo Nordre og som garmakar og seinare hyttemester

2) Petter, postbonde på Tallerås i Orkdal og garmakar på Svorkmo. Sitat "Han var gift utan at vi får vite konens navn"

3) Gudbrand som skal ha rest til Eidsvoll Verk. 

 

Andreas Frank på Flatmo Nordre vart så gift med ei Annichen Johansdotter (s. 468). Det er ikkje nemnt kven foreldra hennar var. 

 

I Kvikneboka under Frankstøa (b. 2, s. 62) er òg nemnt Franck-folket. Her er gitt den same familien som i Innsetboka over, med Johan Andreasson gm. Annichen Johansdotter. Heller ikkje her er hennar foreldre nemnt.

 

Kvikneboka (b. 2, s. 432, i delen basert på Størens manus) nemner Barbro Kierstine som kona til garmarkar Petter Franck på Svorkmo og at ho skal ha blitt 103 år. Ellers er dei fyrste Franck-folka oppgitt som over, med unnatak av at denne Gudbrand ikkje er nemnt. Eg har ein mistanke om at denne Gudbrand er ein konstruksjon basert på etternamnet, og har ikkje funne noko kjeldemateriale som nemner denne karen eller korleis sambandet skal vere.

 

Kva veit vi så om Barbro Kjerstine? Ho er gravlagt i Meldal i 1740, 103 år gamal ("Barbro Kierstina Francke, 103 aar.") Dersom denne alderen stemmer skal ho altså vere født kring 1637. Aldersmessig er ikkje dette så gale for å vere gift med Petter Francke på Svorkmo, f. c. 1631, men det er eit problem: I etterslekta etter Petter Francke finn vi eit særegent kvinnenamn som går att i etterslekta: Frantsvis. Den no avdøde slektsgranskaren Leif Skjerve, som var aktiv her og på det gamle brukerforumet i mange år, påviste at dette namnet stammer frå Frantzisse Klestdotter som var gift med kolbrennar Frantz Jagow på Kvikne. Samtlege namneberarar han har identifisert i regionen ser ut til å stamme frå henne. For at dette skal gå opp kronologisk må Petter Francke på Svorkmo ha vore gift med ei dotter av Franz Jagow og Frantzisse. Eg har ikkje sett nokre kjelder som nemner namn på kona til Petter Francke, og eg mistenkjer at denne konstruksjonen med Barbro Kjerstine er eit forsøk på å plassere henne. 

 

Ein anna konstruksjon med same hensikt er å plassere Barbro Kjerstine som kona til Johan Johansson smelter på Grutsæter smeltehytte. Johan Smelter er på same alder (f. c. 1629) og enkja hans heitte Barbro. Problemet her er at Johan smelter levde eit langt liv og hadde mange born. Alderesmessig stemmer dette bra med at dei eldste borna er født på 1660-talet, men vi får litt problem når dei yngste er født kring 1690. Ho villa da vere over 55 år gamal. Den så langt beste forklaringa her er vel at Johan smelter var gift fleire gonger, og at den siste kona heitte Barbro.

 

Til sist har eg sett forsøk på å plassere henne som Frantz Francke på Kvikne si kone, som nemnt over heiite ho Barbro, og dermed mor til Andreas og Petter (og ev. Gudbrand). Problemet her er at det ikkje i det heile tatt går opp kronologisk, da Barbro Kjerstine ville vere yngre enn dei påståtte sønane Andreas og Petter! 

 

Da passer det bedre om ho var ei dotter av Frantz Francke og syster av Andreas og Petter. Dette er i alle fall mitt forslag for å plassere henne, men dette blir òg berre gjetning.

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.


×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.