Lars E. Øyane Skrevet Februar 27, 2020 Del Skrevet Februar 27, 2020 Eg har i mange år kjempa med å finna opphavet til denne unge mannen som i 1719 kom til Luster som sersjant ved lysterske compagnie. Anders Pederson REFFEM (namnet har seinare vore «fornorska» til REVHEIM), men samtidige kjelder nyttar alle namneformi REFFEM, skal vera fødd kring 1685, og ifølgje ein militærrulle frå Lysterske compagnie var han fødd på Helgeland! Men ein gammal «ekspert» frå Osterøy meinte han måtte vera frå Revheim på Osterøy, utan at eg kan finna noko prov på det! Ein stad får me vita at han vart innskriven som menig soldat i 1710 og frå 1714 var han korporal, men kvar han då tenestegjorde, er ukjent. Han gifte seg i Luster kring 1722 med enkja Bertha Jensdotter, f. Lemvig, fødd på Fuhr i Luster kring 1687, og dei vart gardbrukarar i Hotlen, Sandviki i Luster der Bertha vart gravlagd 25.2.1747. Anders Reffem, vart gravlagd i Luster 5.7.1754. Dei fekk ein son i lag, Peder (1724-1803), som òg nytta ættenamnet REFFEM! Det lever att ei stor etterslekt etter Anders Reffem (inklusive meg sjølv), både i Luster og ikkje minst i Amerika, og det hadde vore skikkeleg kjekt om opphavet til denne sersjanten endeleg kunne finnast! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arkivverket - Kristian Hunskaar Skrevet Februar 27, 2020 Del Skrevet Februar 27, 2020 1 time siden, Lars E. Øyane skrev: Anders Pederson REFFEM (namnet har seinare vore «fornorska» til REVHEIM), men samtidige kjelder nyttar alle namneformi REFFEM, skal vera fødd kring 1685, og ifølgje ein militærrulle frå Lysterske compagnie var han fødd på Helgeland! Men ein gammal «ekspert» frå Osterøy meinte han måtte vera frå Revheim på Osterøy, utan at eg kan finna noko prov på det! En kunne våge å peke på gnr 39 Rev(h)eim i gamle Madla kommune (nå gnr 39 i Stavanger kommune). Jeg kjenner til en familie med opphav fra denne gården som skriver etternavnet Revfem med uttalen Reffem. Madla var i sin tid sokn i Håland prestegjeld, så "et langskudd" kunne være ei sammenblanding av Håland og Helgeland? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Odd Roar Aalborg Skrevet Februar 28, 2020 Del Skrevet Februar 28, 2020 På Osterøy nevner Hausbokas Gjerstadbind i aktuell tid ingen Peder på Revheim som kan være faren, så Anders Pedersen er neppe derfra. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Februar 28, 2020 Forfatter Del Skrevet Februar 28, 2020 Hjarteleg takk til Kristian og Odd Roar for nye innlegg! Eg var vel komen til same konklusjon når det gjeld Osterøy, men eg ser ikkje bort ifrå at Håland og Helgeland KAN vera samanblanda, sjølv om eg i utgongspunktet er noko skeptisk ogso der. Finst det ei bygdebok for Håland/Madla som eventuelt kan underbyggja ein teori om opphav derifrå? Finst det ikkje liknande gardsnamn på Helgelandskysten? Elles ser eg i Digitalarkivet sin namnebase denne garden på Jæren: https://www.digitalarkivet.no/view/109/gc00000000509892 Kvar på Jæren er dette? Det skulle vel ikkje tilfeldigvis vera i Helleland?? Her har me i alle fall ein Per som kan vera far til sersjanten i Luster!! Dette er vel garden i 1816 i Goa skipreide: https://www.digitalarkivet.no/view/98/gt00000000182234 og no ser eg at dette er på Madla!! Men uansett budde det ein Per der i 1668!!! Kva veit me om han? Eg takkar på ny for alle gode tips! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dag Thorsdalen Skrevet Februar 28, 2020 Del Skrevet Februar 28, 2020 Lars, på dette kartet her jeg markert Revheim kirke, som ligger på Revheim-gårdenes grunn: https://www.norgeskart.no/#!?project=seeiendom&layers=1002,1015&zoom=11&lat=6572857.86&lon=-37850.35&markerLat=6572442.386549263&markerLon=-37138.694986979164&panel=searchOptionsPanel&sok=Revheim kirke På den tiden lå gården i Madla (Revheim) sogn i Håland prestegjeld og i Goa skipreide. Det aktuelle bruket lå like sør/sørvest for kirken, og er nå sterkt oppdelt og delvis bebygd. Ja, det fins bygdebøker for Madla, og på side 173-174 i gårds- og ættesoga finner du den Per Persson som du alt har funnet frem til: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017070307051?page=175 Det ser ut som han selv nok var for gammel til å være far til Anders, men jeg leser at han hadde to sønner som også het Per i passende alder. Den ene tok over bruket etter faren, og er omtalt som neste husstand. Den andre giftet seg til et bruk på gården Røyneberg i Sola (som også tilhørte Håland prestegjeld), det var kun en rotur over Hafrsfjord mellom de to gårdene. Han er omtalt på side 372 i gårds- og ættesoga for Sola: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013080706152?page=373 Det nevnes ingen sønn Anders under noen av dem, men her er det i det minst en teoretisk mulighet. Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Februar 28, 2020 Forfatter Del Skrevet Februar 28, 2020 Hjarteleg takk til Dag for siste innlegget! Dette høyrest jo ganske so positivt ut, men det hadde sjølvsagt vore ein stor fordel at Anders hadde vore nemnd som ein son av ein av to Pedrane... Elles skriv Statsarkiver Egil Øvrebø i boki si om soldatane i Bergenhus følgjande under Nordhordlenske 1. reservekompani 1710-1718 på side 178: Anders Pedersen Refuem, utskriven 17.5.1710 og heim med kompaniet 30.9.1719. I registeret har han føyd til Strandvik attom namnet samt «F. på Helgeland» Og i avskrifti som Jon Laberg for om lag 100 år sidan gjorde av besetningi av Lysterske kompani 15.5.1720 står det: Sersjant Anders Pedersen Revem, f. paa Helgeland, 35 aar - soldat 4 1/2, corp. 4 1/2 og sersjant 1 1/2 Like etter er det opplista ein korporal Hans Jacobsen Froen, 26 aar, f. Drøbak, 26 aar og gift! Mange av dei andre «offiserane» hadde opphav frå ulike delar of Sogn... Ganske so «interkommunalt». Men merknadane om Strandvik og «på Helgeland» er påfallande... Eg takkar på ny for alle gode tips! Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Februar 28, 2020 Forfatter Del Skrevet Februar 28, 2020 (endret) So har eg blatt litt lenger ut i avskriftene etter Jon Laberg, og her finn eg Mønsterrulla for Lysterske kompani anno 1730 med følgjande offiserar: Kaptein Petter Henrik Sommerschiel, fødd i Kristiansand, 35 aar, gift 2 born, med «rulleblad», sist ved dette regimet 9 1/2 aar som kaptein Premierløitnant Arne Möchlebust, fødd på Sundmøre, 48 aar, gift 1 barn, med «rulleblad», tent ved dete regiment 30 aar, sist som sekondløitnant 11 aar og premierløitnant 3 aar Capt. des Armes Christian Hansson Schnell, fødd i Bergenhus lehn, 39 aar, med «rulleblad», 13 1/2 aar som capt. des Armes Sergeant Albert Christopher Barclay, fødd i Bergen, 24 aar (alder må vera feil!), gift 1 barn, corporal 5 aar og sergeant 7 aar Sergeant Anders Pederson Reum (Refsem?), f. i Tr.hjems lehn, 44 aar, gift 4 barn «rulleblad» ikkje ført Denne siste rulla seier heilt klart at Anders kom frå Trondhjems lehn, so Helgeland MÅ vera rette fødestaden hans, men kva kan gardsnamnet ha vore? Og kvifor vart han i 1710 teken opp som soldat i Nordhordland? Denne utfordringi børjar sigla opp som ei ganske so stor utfordring, men eg vonar i det lengste på at det sit ein og annan lesar med skarpt minne og som kan klara løysa denne «floka»! Nok ein kjempetakk for alle gode tips! Endret Februar 28, 2020 av Lars E. Øyane Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 (endret) På 28.2.2020 den 19.00, Lars E. Øyane skrev: Hjarteleg takk til Dag for siste innlegget! Dette høyrest jo ganske so positivt ut, men det hadde sjølvsagt vore ein stor fordel at Anders hadde vore nemnd som ein son av ein av to Pedrane... Elles skriv Statsarkiver Egil Øvrebø i boki si om soldatane i Bergenhus følgjande under Nordhordlenske 1. reservekompani 1710-1718 på side 178: Anders Pedersen Refuem, utskriven 17.5.1710 og heim med kompaniet 30.9.1719. I registeret har han føyd til Strandvik attom namnet samt «F. på Helgeland» Og i avskrifti som Jon Laberg for om lag 100 år sidan gjorde av besetningi av Lysterske kompani 15.5.1720 står det: Sersjant Anders Pedersen Revem, f. paa Helgeland, 35 aar - soldat 4 1/2, corp. 4 1/2 og sersjant 1 1/2 Like etter er det opplista ein korporal Hans Jacobsen Froen, 26 aar, f. Drøbak, 26 aar og gift! Mange av dei andre «offiserane» hadde opphav frå ulike delar of Sogn... Ganske so «interkommunalt». Men merknadane om Strandvik og «på Helgeland» er påfallande... Eg takkar på ny for alle gode tips! Lars, Strandvik sokn og skipreide er som kjent i Fusa i Hordaland. Men, Strandvik finst òg i Sola på Nord-Jæren. Der finn du jo òg gardane Reve (Klepp) og Revheim/Revem (Madla) - og soknet Helleland (Helgeland). Så eg trur nok du må attende til Rogaland. Endret Mars 1, 2020 av Terje Hatvik Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Grethe Flood Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 På 27.2.2020 den 22.38, Lars E. Øyane skrev: Han gifte seg i Luster kring 1722 med enkja Bertha Jensdotter, f. Lemvig, fødd på Fuhr i Luster kring 1687, og dei vart gardbrukarar i Hotlen, Sandviki i Luster der Bertha vart gravlagd 25.2.1747. Anders Reffem, vart gravlagd i Luster 5.7.1754. Dei fekk ein son i lag, Peder (1724-1803), som òg nytta ættenamnet REFFEM! På 28.2.2020 den 20.42, Lars E. Øyane skrev: Sergeant Anders Pederson Reum (Refsem?), f. i Tr.hjems lehn, 44 aar, gift 4 barn «rulleblad» ikkje ført Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Grethe Flood Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Militærrulle nr. 520 (1746-1756), Dokumentside, Side 132https://media.digitalarkivet.no/view/51378/132 - 2. Bergenhusiske regiment - Lusterske kompani: Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Militærrulle nr. 520 (1746-1756), Dokumentside, Side 133https://media.digitalarkivet.no/view/51378/133 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111111620133 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Grethe Flood Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 2. Bergenhusiske regiment - Lusterske kompani 1756: Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Militærrulle nr. 520 (1746-1756), Dokumentside, Side 455https://media.digitalarkivet.no/view/51378/455 Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Militærrulle nr. 520 (1746-1756), Dokumentside, Side 457https://media.digitalarkivet.no/view/51378/457 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111111620457 Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Dag Thorsdalen Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 Joda, Terje, jfr. #8, navnet Strandvik fins nok i Sola, men ikke som navnegård. Derimot er det snakk om en parsell av gården Sør-Kolnes (gnr. 13) av adskillig nyere dato med høyt bruksnummer (bnr. 41) og kun 10 øre i matrikkelskyld i matrikkelutkastet av 1950. Eiendommen kan ses her: https://www.norgeskart.no/#!?project=seeiendom&layers=1005,1015&zoom=15&lat=6566454.63&lon=-41008.93&markerLat=6566459.354977105&markerLon=-40853.15950520833&panel=Seeiendom&showSelection=true&sok=Solastrandvegen Navnet Strandvik fins også i Madla i dette matrikkelutkastet, men det dreier seg om to litt store boligtomter av nyere dato. Også de øvrige forekomstene av navnet Strandvik ellers i Rogaland gjelder bolig- eller hytteeiendommer. Konklusjonen må dermed bli at henvisningen til Strandvik i denne saken neppe har noe med Rogaland å gjøre. Dessuten tror jeg at Helleland sogn og prestegjeld i Rogaland er et blindspor. Dette navnet har - så vidt meg bekjent - aldri blitt skrevet Helgeland. Den gamle lokale uttalen er "Hedland". Et spørsmål som vel Terje er nærmere til å svare på enn meg: Fins det noe gårdsnavn i eller i nærheten av Strandvik i Hordaland som på noen måte kan ha blitt til de navneformene som er gjengitt for Anders Pedersson i denne tråden. F.eks. finner jeg i matrikkelutkastet av 1950 gnr. 101 Revne i Strandvik, men er ikke lokalkjent nok til å si noe om hvordan dette navnet historisk har blitt skrevet. Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Arkivverket - Kristian Hunskaar Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 Siden det var jeg som lanserte Rev(h)eim i Madla, synes jeg at jeg må kommentere den siste utviklinga i saken. Lars Øyane baserer seg på publikasjoner og avskrifter, og da blir det fort rom for tvil med hensyn til hva som står i originalkilden og hva som eventuelt er forfatterens tillegg. Slike tillegg kan igjen være opplysninger fra andre originalkilder, eller de kan være forfatterens tolkninger og gjetninger. Når det i en rulle ser ut til å være angitt Trondheims len som fødested, må vi - som Lars selv sier - anta at henvisningen til Helgeland faktisk gjelder Helgeland i Nordland. Dette skal altså være Anders Pedersen Reffems fødested. Så skal Anders altså være utskrevet 1710 fra Nordhordland. Det åpner jo da for at han har dratt sørover i ung alder, enten med sine foreldre, eller - kanskje mer sannsynlig - for å gå i tjeneste. Tilnavnet Reffem kan han da ha ervervet fra en gård eller et sted han har hatt tilknytning til i sin ungdom, og ikke fra sitt fødested. Det forklarer i så fall hvorfor det er vanskelig å finne noe gårds- eller stedsnavn på Helgeland som kan ligge til grunn for Reffem. Egil Øvrebøs henvisning til Strandvik er en opplysning som det er vanskelig å si hva ligger til grunn for. Men vi kan vel da anta at Anders Pedersen på et eller annet tidspunkt har hatt ei tilknytning til Strandvik, men han var neppe født der, og tilnavnet Reffem trenger heller ikke å ha tilknytning til Strandvik. Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 (endret) 10 timer siden, Dag Thorsdalen skrev: Et spørsmål som vel Terje er nærmere til å svare på enn meg: Fins det noe gårdsnavn i eller i nærheten av Strandvik i Hordaland som på noen måte kan ha blitt til de navneformene som er gjengitt for Anders Pedersson i denne tråden. F.eks. finner jeg i matrikkelutkastet av 1950 gnr. 101 Revne i Strandvik, men er ikke lokalkjent nok til å si noe om hvordan dette navnet historisk har blitt skrevet. Takk for opplysningane inn tilhøva på Nord-Jæren Dag. Når det gjeld garden Revna i Strandvik; så har den blitt skrive som både Revne, Reffnne, Refna, Ræfna, Ræmpno, Revnestranden og Rafnastrond og liknande. https://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS172430%4038679=on Eg har tråla meg gjennom band 4 av bygdesoga for Fusa og Strandvik (av O. B. Skaathun, 1967), og eg finn ingen med dette namnet på garden Revna som passer inn. Så merknaden om Strandvik framstår som merkeleg for meg òg. Endret Mars 1, 2020 av Terje Hatvik Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Tandsether Skrevet Mars 1, 2020 Del Skrevet Mars 1, 2020 Til #6 og 7: Her er nevnt Jon Labergs avskrifter fra 1720 og 1730 av militære ruller fra Luster. Er denne avskriften noe som er skannet, og hvor fins den i så fall? Har han skrevet av for andre bygder i Sogn enn Luster? Jeg vet at det fins mange militære ruller fra første halvdel av 1700-tallet fra Sogn som ikke er skannet ennå og som er i statsarkivet i Bergen. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Mars 1, 2020 Forfatter Del Skrevet Mars 1, 2020 Hjarteleg takk til Terje H., Grethe, Dag, Kristian og Terje T. for nye interessante innlegg! Når det gjeld opplysningane mine i innlegg #6 over, har eg dei frå avskriftane til Jon Laberg, men kanskje Grethe kan finna dei originale listene, slik at me sjølv kan lesa kva som verkeleg står der om Anders Pederson, i tilfelle Jon Laberg har skreive av feil...? Nokre kommentarar: Eg la òg merke til at det om Anders Pederson Reffem var oppgjeve i ei militærliste at han hadde fire born. Dette kjem av at kona hans, som før hadde vore gift med gardbrukar Hans Andersson på Rønnei i Luster, ein etterkomar av den «sokalla» HEIBERG-ætti, hadde tre born i første ekteskapet sitt! Elles vil eg gjerne få henta fram namni tii nokre av dei andre soldatane som vart utskrivne tiln teneste i Nordhordlenske 1. reservekompani 10.5.1710 (kjelde Egil Øvrebø): 063. Vellom Olson Kobbeltvedt 064. Olle Olson Aadland 065. Niels Fabianson Tøsse 066. Ole Johnson Frøland 067. Mogens Olson Byrdahl 068. Johannes Johnson Aadland 069. Isach Nilsson Rolsvog 070. Niels Johnson Liie 071. Chris. Størchelson Hegland 072. Hans Mogensson Øyren 073. Niels Olson Sællen 074. Olle Hansson Sand 075. Lars Bentson Vanevigen 076. Lars Halfuorson Liøgtun 077. Anders Pederson Refuem 078. Knud Larssn Hage 079. Niels Pederson Tvedt 080. Erich Nilsson Aasse 081. Hans Andersson Skiørsand 082. Siver Hansson Boge 083. Povel Olson Giervigen 084. John Hansson Eikeland 085. Mathias Hansson Bogge 086. Viglich Michelson Bærland 087. Torchel Olson Schougseide 088. Johannes Monsson Alfver Her «luktar» det Strandvik lang veg, som sikkert òg er bakgrunnen for at Egil Øvrebø har lagt til Strandvik i registeret, men kanskje er det nokon med lokal kunnskap, til dømes Terje Hatvik, som på bakgrunn av rekkefølgja av namni kan finna ei «høveleg plassering» av Anders Pederson? I 1701 finst det INGEN Anders Pederson i nokon del av Sunnhordland eller Nordhordland som høver med alder!! So eg trur, som ein eller anna alt har nemnt, at Anders må vera flytt til Strandvik i ung alder, rimelegvis frå ein eller annan stad på Helgeland, anten for å tena eller i lag med foreldri sine. Det er likevel påfallande at han steig so pass i dei militære gradane og at han gifte seg inn i ei «kjendis»-ætt i Luster, so nokon heilt «vanleg» gardbrukar- eller husmannsson har han neppe vore... Kan far hans ha vore handelsmann e.l.; dei var jo delvis «mobile»... Til Terje T. er det å seia, at eg i si tid, det må ha vore på 1980-talet(?), fekk ut desse kopiane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, men eg trur originalane sidan er komne til Muséet på Kaupanger. Eg trur ikkje desse avskriftene er skanna (eg har fotokopiar...). Eg går eller utifrå at Jon Laberg medviten «plukka ut» dei bygdene som han hadde behov for i samband med skrivingi av bygdebøkene sine på 1920- og 1930-talet. Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi! Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 3, 2020 Del Skrevet Mars 3, 2020 (endret) Kva med denne karen då? Anders Persen, 18 år, 'tienestekarl, dreng' på garden Rafnåen i Alstadhoug, Helgeland fogderi? https://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS176164%4039482=on Endret Mars 3, 2020 av Terje Hatvik Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 3, 2020 Del Skrevet Mars 3, 2020 (endret) På 1.3.2020 den 14.46, Lars E. Øyane skrev: Hjarteleg takk til Terje H., Grethe, Dag, Kristian og Terje T. for nye interessante innlegg! Når det gjeld opplysningane mine i innlegg #6 over, har eg dei frå avskriftane til Jon Laberg, men kanskje Grethe kan finna dei originale listene, slik at me sjølv kan lesa kva som verkeleg står der om Anders Pederson, i tilfelle Jon Laberg har skreive av feil...? Nokre kommentarar: Eg la òg merke til at det om Anders Pederson Reffem var oppgjeve i ei militærliste at han hadde fire born. Dette kjem av at kona hans, som før hadde vore gift med gardbrukar Hans Andersson på Rønnei i Luster, ein etterkomar av den «sokalla» HEIBERG-ætti, hadde tre born i første ekteskapet sitt! Elles vil eg gjerne få henta fram namni tii nokre av dei andre soldatane som vart utskrivne tiln teneste i Nordhordlenske 1. reservekompani 10.5.1710 (kjelde Egil Øvrebø): 063. Vellom Olson Kobbeltvedt 064. Olle Olson Aadland 065. Niels Fabianson Tøsse 066. Ole Johnson Frøland 067. Mogens Olson Byrdahl 068. Johannes Johnson Aadland 069. Isach Nilsson Rolsvog 070. Niels Johnson Liie 071. Chris. Størchelson Hegland 072. Hans Mogensson Øyren 073. Niels Olson Sællen 074. Olle Hansson Sand 075. Lars Bentson Vanevigen 076. Lars Halfuorson Liøgtun 077. Anders Pederson Refuem 078. Knud Larssn Hage 079. Niels Pederson Tvedt 080. Erich Nilsson Aasse 081. Hans Andersson Skiørsand 082. Siver Hansson Boge 083. Povel Olson Giervigen 084. John Hansson Eikeland 085. Mathias Hansson Bogge 086. Viglich Michelson Bærland 087. Torchel Olson Schougseide 088. Johannes Monsson Alfver Her «luktar» det Strandvik lang veg, som sikkert òg er bakgrunnen for at Egil Øvrebø har lagt til Strandvik i registeret, men kanskje er det nokon med lokal kunnskap, til dømes Terje Hatvik, som på bakgrunn av rekkefølgja av namni kan finna ei «høveleg plassering» av Anders Pederson? I 1701 finst det INGEN Anders Pederson i nokon del av Sunnhordland eller Nordhordland som høver med alder!! So eg trur, som ein eller anna alt har nemnt, at Anders må vera flytt til Strandvik i ung alder, rimelegvis frå ein eller annan stad på Helgeland, anten for å tena eller i lag med foreldri sine. Det er likevel påfallande at han steig so pass i dei militære gradane og at han gifte seg inn i ei «kjendis»-ætt i Luster, so nokon heilt «vanleg» gardbrukar- eller husmannsson har han neppe vore... Kan far hans ha vore handelsmann e.l.; dei var jo delvis «mobile»... Til Terje T. er det å seia, at eg i si tid, det må ha vore på 1980-talet(?), fekk ut desse kopiane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, men eg trur originalane sidan er komne til Muséet på Kaupanger. Eg trur ikkje desse avskriftene er skanna (eg har fotokopiar...). Eg går eller utifrå at Jon Laberg medviten «plukka ut» dei bygdene som han hadde behov for i samband med skrivingi av bygdebøkene sine på 1920- og 1930-talet. Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi! Til Lars: I den mannskapslista du no listar opp frå Nordhordlehnske 1. Reservecompagni frå mai 1710, så kjem då # 064 til 070 i frå Samnanger thinglag av Ous skipreide, # 071 til 074 frå Os thinglag av Ous skipreide; # 075 til 079 og 081 til 085 frå Strandvik thinglag i Strandvigs skipreide, og # 080, 086 og 087 kjem i frå Hålandsdalen i Strandvigs skipreide. Det kan elles høva reint realt at Anders Pedersen Refuem etter lista bur på garden Revna/Ræfna, men - han kan no like gjerne ha halde til på éin av gardane mellom Ljotåen og Revna i Strandvik; nemleg då Sævareid, Henanger, Hatletveit, Markhus, Sandal, Eng(j)evik eller Mjånes. Endret Mars 4, 2020 av Terje Hatvik korrektur Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 8, 2020 Del Skrevet Mars 8, 2020 Løftar dette opp og fram. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Mars 8, 2020 Forfatter Del Skrevet Mars 8, 2020 Hjarteleg takk til Terje for fleire nye spennande innlegg om denne kjempeutfordringi! Altso må me kunna gå ut ifrå at Anders Pederson i 1710 har hatt tilhaldet sitt i Strandvik. Eg har sett døme, rett nok nesten 100 år seinare, på rekruttar som i ei mannskapsliste har fått «tildelt» eit gardsnamn etter ein gard i den «roden» han tente i; særleg gjeld dette personar som etter kvart «steig i gradane», og dette namnet vart hengjande på personane som «ættenamn» heile livet! Det er soleis godt mogeleg at Anders verkeleg tente i den «roden» der garden Revna ligg, men at han kom frå ein helt annan stad... Og at han var fødd på Helgelandskysten synest vera ganske so sannsynleg! Fanst det i Strandvik ein handelsstad eller liknande der det var «gjennomtrekk» av folk, d.v.s. folk som flytte til og frå med jamne mellomrom? Eller var der ein offisersgard for militære? Anders KAN jo teoretisk vera flytte til Strandvik som dreng hjå ein eller annan. Me hadde jo nylig eit tilfelle av ein ung danske som kom til Luster på 1720-talet som dreng hjå ein sorenskrivar og som vart ghift og busett i Luster! Me har òg vore borti prestefamiliar som hadde med seg tenestefolk frå heimstaden. Ei ung jente frå Jostedalen reiste med prestefolki til Sjælland på 1730-talet og vart gift og busett der! Ein ung blind gut frå Luster følgde med ein kapellan då han på 1770-talet flytte til Ryfylke... Guten vart der gift og stifta familie! Kanskje du, Terje, kan få «assosiasjonar» om du tenkjer i den retningi? Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne unge soldaten og opphavet hans! Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 8, 2020 Del Skrevet Mars 8, 2020 (endret) Jau, det kan eg nok Lars. For i Engjevik har det no vore både offisersgard, gjestgjeveri (frå 1729), herberge, postopneri og fiskerihamn (sildafiske, notbruk) i Engjevikhavn. http://engevikgaard.no/historie/ Les gjerne då om major, oberst, seinare generalmajor Christian Wilhelm Segelcke (1682 - 1763) frå København som kjøpte garden i 1723 (skøyte i 1724); samme året som han òg kjøpte alle dei fem kyrkjene i Ous prestegjeld. Året etter so selde han då hovudkyrkja i Os og den i Samnanger til soknepresten i Ous, Hr. Niels Ivarsøn Leganger. Endret Mars 9, 2020 av Terje Hatvik Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Mars 8, 2020 Forfatter Del Skrevet Mars 8, 2020 Hjarteleg takk til Terje for eit svært so spennande innlegg! Kanskje ligg løysingi vår i Engjevik, men i so fall må det ha vore FØR Christian Segelcke kom dit. Veit du kven som budde i Engjevik i første tiåret på 1700-talet og kvar vedkommande kom ifrå? Det var mykje samkvem mellom Bergensområdet og heile Helgelandskysten på den tidi, stikkord handel med fisk! Dette kan jo verta skikkeleg spennande, og eg takkar på ny for alle gode tips! Terje Hatvik reagerte på dette 1 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 8, 2020 Del Skrevet Mars 8, 2020 Dette er kan hende avklarende Lars? https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018021529001?page=172 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet Mars 8, 2020 Forfatter Del Skrevet Mars 8, 2020 Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget! Det er berre det at eg ikkje har tilgjenge til denne boki frå Tyskland... So eg er like langt... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Terje Hatvik Skrevet Mars 8, 2020 Del Skrevet Mars 8, 2020 (endret) Å, beklagar so mykje Lars - då skal eg heller prøva å lima inn teksten her, sidene 169 - 176 om Engjevik i denne bygdesoga; nemleg band 4: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018021529001?page=172 Nasjonalbiblioteket Søk i nettbiblioteket:Søk Nasjonalbiblioteket arrow_backTilbake Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik. 4 listsearchfullscreen more_vert 173/713 navigate gate_next Nei, dette var vel heilt mislukka. Og no er det nok forseint. Prøver då heller noko anna i morgon. Eg greier visst ikkje å leggja ut dette innlegget på eit skapeleg vis. - Æsj, eg er visst heilt evneveik 😞 Endret Mars 9, 2020 av Terje Hatvik Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå